fredag 30. april 2021

Ranen på Dokka

Perfekt opp ranen på Dokka i dag

Straumsnes og Holmedal

...og Askvoll

...og inn Dalsfjorden


Perfekt morgontur opp ranen på Dokka i dag. Sol frå skyfri himmel. Nordadrag med nokre få plussgrader i lufta. Tørt og fint oppover. Litt snø høgst oppe. Flott utsikt til Dalsfjorden, Holmedal, Straumsnes, og Askvoll...😃 

Etter å ha toppa ut, gjekk så turen vidare nordvest til Kalderasnipa og fjelltrimposten her. Retur via Grønene. Nydeleg! 

Ingen kommentarer: