mandag 30. april 2012

Dampande fjell

 
Perfekt på Moldura i ettermiddag

Etter arbeid og ein time hjå fysioterapeuten stakk eg opp standardruta på Moldura frå nord. Snakk om påskestemning. Varmen formeleg dampa frå dei snøfylte bakkane ovanfor Langedalen. Det var heilt stilt i solsteiken. Men snøen blotna sjølvsagt. Elvane sitla og rann. Å gått opp på føtene utan trugar eller ski hadde nok krevd sin mann. For min del var det perfekt med trugar. Er ikkje så nøye om du går i væte, myr eller reine marka heller då. Det minkar nemlig på han no, snøen. Og bakketoppane er mykje bare etter kvart. 

Elles hadde skodda lagt seg på toppen av øyane ute i havet. Dette er eit godversteikn når vindretningen er frå nord. Det kan såleis bli ein kjempeflott dag i morgon òg. Kanskje blir det Blegja då, hvis armen ikkje er altfor vond. Vi får sjå. Det var iallefall aldeles nydeleg i dag òg...:-)    

Fra Moldura 300412



søndag 29. april 2012

Vårhelg i Bergen

Bergen frå Stoltzen i dag

Takk til alle som sende meg gratulasjonar på dagen min i går. Eg har hatt ei superhelg i Bergen. Storkos og lått med "Evig Ung" på Den Nationale Scene, og god mat og sosialt samver med familien. 

I dag vart det eit race opp den nyopna Stoltzen med påfylgjande vandring i byfjella. Deretter ein rundtur i Mulen og Sandviken. Eit nydeleg parti av Bergen. Som bilda viser har det vore ein fantastisk flott søndag. Sikkert som elles på Vestlandet.

Mulig eg gir meg tid til å skrive meir seinare frå helga. Kvelden kom fort på i kveld, og dagane framover kjem nok fort på òg...:-) 

Fra Bergen_april 2012


fredag 27. april 2012

Litt miljøforandring

Etter å ha køyrd Peter på fotballturnering i hallen i Askvoll hadde eg meg ein kjapp springmarsj på Kultingane. Rimeleg kald nordavind, men sol. Ganske tørt inn dalen og opp bakkane trass i regnet tidlegare på dag.  Fin trimtur!

Grytidleg i morgon blir det Bergens-tur. Sosialisering, teater og uteliv. Bryggen i finvèr er jo maks. Men har med klede til ein tur opp Stoltzen. Greitt med litt miljøforandring. 


God helg!

onsdag 25. april 2012

Early one morning...

Eg begynte seint på jobb i dag. Eg køyrde difor ned til Askvoll og sprang ein tur på Kultingane. Fantastisk vèr og heilt vindstille. Men bilruta var frosen... 

Opp den skuggefylte Askdalen var det òg frost på marka. Sola var ikkje komen her så tidleg på dag. Derimot var det intens fuglesong opp dalen. I dag høyrde eg for første gong raudvengjetrast. Måltrasta har hatt morgonkonsert lenge. Elles høyrde eg bokfink, raudstrupe, gjerdesmett, ringtrast og gransongaren. Lauvsongaren er ikkje komen endå. Heipiplerke, som eg såg fleire av, er det lite læte av.   

Eg skreiv meg inn i boka rett etter kl 7.30. Nydeleg morgonsol på toppen og ikkje ein lyd. Så knipsa eg nokre bilder i det flotte morgonlyset og sprang ned igjen bakkane, gjennom Askdalen og Prestemarka til bilen. Køyrde så heim i dusjen, og fòr til Førde... Perfekt start på dagen...:-) 

Fra Kultingane 250412

Motiv på Kultingane i dag tidleg

tirsdag 24. april 2012

Vårsong i lia


Medan Peter var på fotballtrening sprang eg ein kjapp tur på Kultingane. Regnet var stoppa opp og blå himmel ute i havet teikna bra. Det gjekk heller ikkje så mange minuttane før sola braut gjennom skydekket og det vart retteleg fint. 

Kultingane er ein lett og grei tur med joggesko. Det er god sti heile vegen og lendet tørkar fort opp. Den kjappaste posten i fjelltrimmen i år. 

Elles er Askdalen no full av fuglesong. I dag beit eg meg merke i at gransongaren var komen òg.  Det er ei herleg tid!

mandag 23. april 2012

Fort må det gå...

Linjer på nordsida av Høgefjellet. 
Gjelsvikefjellet t.h.

Eg stakk oppom Høgefjellet i Kvammen på veg heim etter jobb i dag òg. Flott temperatur, stilt, men delvis skya. 

Eg slo av ein prat med Arvid i Rørvika før eg stakk oppover. Og lenger oppe i bakkane helste eg på ei eldre dame som eg tok igjen. Ho skulle på stølen for ei overnatting.  Ho og ein hund.

Dei har på ein måte ei anna tidsrekning desse som er noko eldre enn eg. Eit rolegare liv. Slepp å tenkje så mykje på klokka. Det virkar iallefall slik. Ja, på ein måte misunner eg dei litt. Tanken om å kunne slakke av litt på tempoet i livet verkar behageleg. Ja, kanskje er det ikkje så verst å bli pensjonist? Ta dagane meir som dei kjem?

Ein kvar alder har sin sjarm heiter det visst. Og kanskje rasar vi som er yngre for fort fram for å nå over mest mogeleg på kortast mogeleg tid? Tja, ikkje veit eg. Men slik går no dagane. Krava til effektivitet blir berre større og større. Dette var noko som slo meg undervegs i dag. Sveitten sila og pusten gjekk som ein blåsebelg. I kamp med einerkavar for å komme meg rett opp brattaste bakken utan omvegar. Ja, for det spelte jo inga rolle om eg kom ein time seinare ned igjen i Rørvika enn eg gjorde. Egentleg. Men det ligg liksom i blodet at det skal gå fort. Men kanskje misser ein då nokre detaljar undervegs. Som for eksempel eit godt fotomotiv.... Vel, vel ein dag seier det no stopp uansett...

 Havblikk
heiter forresten eit stykke på LysandeStemningar i dag

Elles var turen heilt fin den. Snøen var blotna i den bratte bakken mot toppen, og eg følte eg var oppe på "no time". Blikkstilt! Sola kom delvis fram igjen òg. Trong ikkje å ta på meg ekstraklede eller skifte noko som helst, men sprang ned igjen i akkurat det same som opp. Blir ikkje så verst å ta denne turen i joggesko og shorts snart. Ja, for då går det nok endå fortare...

Fra Høgefjellet_Kvammen 230412
5 sekund i vassrett stilling...


søndag 22. april 2012

Nøgde familiemedlemmer

Peter på Moldura i dag

Nokre voldsomme sprell vart det ikkje i dag heller. Til det er eg rett og slett for dårleg i høgrearmen min. Det set begrensningar både på motivasjon og lyst. Så det vart standardruta på Moldura. Å sitte heime ein så flott søndag er ikkje noko alternativ. 

Eg tima likevel turen frå nordsida såpass bra at eg traff att Peter og Olaug på toppen ilag med Anne og Velaug. Dei kom opp frå Holmedalssida. Det vart spesielt kjekt for Peter. Han kunne sigle på plastpose ned nordsida til Stafsnes igjen med meg. Eller rettare sagt til Langedalen. Det er berre snø ned der no. Og så fekk damene går for seg...

Forholda oppe på fjellet var fantastiske. Rett og slett. Heilt nede låg det skare. Nærare toppen var det eit fint lag med nysnø opp igjen på skaren. Skaren blotna litt etter kvart, så eg gjekk for det meste med trugar i dag. 

Anne, Olaug og Velaug på Moldura i dag

Eg såg det var gått opp ein person før meg. Med broddar. Sidan det ikkje stod nokon bil nede ved vegen, var eg ganske så sikker på det var Ansgar Bjarne. Det stemde, men vi traff ikkje på kvarandre før Peter og eg kom ned igjen til fjorden. 

Det er lenge sidan Peter har kosa seg slik på ein fjelltur. Bakkane ned igjen på nordsida frå Moldura er som skapte for å renne på ski, ake på akebrett eller sigle på rumpa på plastposar for den del. Det siste nytta Peter i dag. I fleire av bakkane måtte han streke fordi farten vart for stor. Men i somme, der snøen var litt blautare, var det verre med glien (sjekk videoar)...:-) 

Kjempeflott søndag iallefall. Fint at Olaug og Peter var veldig nøgde. Eg kunne som sagt tenkt meg ein lengre tur, men fjella ligg no der. Armen kjem seg vel att med fysio-behandling. Kjedeleg er det iallefall med verken både dag og natt! Men å klage hjelper lite - det forpestar vel berre omgjevnadene...:-)

Fra Moldura 220412

   



lørdag 21. april 2012

Det vart vått...

Eg måtte på eit henteoppdrag etter Peter i Askvoll i dag tidleg sidan han var på overnattingsbesøk hjå ein klassekamerat. Eg starta då såpass tidleg at eg sprang ein kjapp tur opp på trimposten på Kultingane i same slengen. 

Det drog seg til med regn då eg starta. I joggebukse var eg ikkje særleg utrusta for dette. Det vart difor både vått og friskt med vårregn i hår og på føter. Men måltrasta song, temperaturen var bra og speeden min det same, så då var det berre herleg. Litt væte toler ein vestlending...:-) 

Resten av dagen blir det nok Førde-tur og feiring av 32, 2 a 4, 6 og 30 års dag. Det er godt kva ein får gjort unna. Men ein tur innom Sporten skal det vel òg bli tid til. Må sjå litt på utvalet av Inov8 i fjell-joggeskor...!

fredag 20. april 2012

Super ettermiddag på Høgefjellet

Høgefjellet i ettermiddag

Eg snakka med Arvid L. i Rørvika både i dag og hin dagen for å forsikre meg om at det var i orden med parkering og at eg gjekk gjennom tuna der inne for å kome meg på Høgefjellet. I tillegg ringde eg på i eit anna hus, og snakka med ei dame om det same. Som eg skreiv tidlegare, så er det ikkje så kjekt å gå opp i tuna til folk til alle døgnets tider utan at ein har fått helst på og "vist ansikt". Eg likar ikkje å ta meg til rette slik utan vidare. No er det sjølvsagt i heilt spesielle høve ein blir nekte å ta seg fram over annan manns grunn, men det går alltid an å bruke litt sunn fornuft. 
I dag slo eg av ein god prat med Arvid L. på bøen ovanfor husa der han var ute å lufta hunden. Vi har jo helst på fleire gonger før om åra på Nipebua, hytta hans, som ligg under Rørvikenipa på ruta til Blegja.

Det var fantastisk vår i lufta, og ein heilt annan temperatur i dag enn tidlegare. Det synte seg godt igjen oppe i brattaste bakken mot toppen, der snøen no var blotna opp. I ettermiddag gjekk det difor heilt fint å gå opp berre på skorna utan noko under. Men frys det på igjen om natta blir det igjen knallhardt. Så bratt som det er her er det ikkje særleg moro utan broddar eller stegjern då. 
Trass i austavind var det nydeleg på toppen. Rett nok litt disig, men god temperatur. Snøen tina i små sitler etter berga, og sola varma bakkane på sørsida mot Bjørnastigvatnet. 

Etter ei lita stund på toppen tok eg strake vegen ned igjen. For det meste sprang eg til fjorden frå partiet under snøgrensa. Men obs her er steinete mange plassar, og ikkje heilt ufarleg med for stor fart. Du skal time det godt hvis du gir på, elles er det jammen lett å snåve eller vrikke ein ankel.


Fra Høgefjellet_Kvammen 200412

torsdag 19. april 2012

Vår på Moldura

Suverent på Moldura i ettermiddag

Eg gjekk meg ein kjempeflott tur på Moldura igjen i ettermiddag. Sola steikte i bakkane. Og trass i litt vind, var det slett ikkje så ille kaldt som det har vore i det siste. No kan ein vel endeleg begynne å snakke om vår i fjellet òg. 

Frå nordsida ligg det no berre snø frå Langedalen og opp. Trugane var i grunn greie å ha då snøen delvis blotna opp her i frå og opp. Elles låg det eit dislag ute i havet og småskyer hist og pist. Det hadde forresten vore opp folk frå Holmedalssida òg i dag. 

Elles er det vel i grunn ikkje så mykje å rapportere heim om. Jau, forresten, Ansgar Bjarne stod klar med riva då eg kom ned igjen. Hagearbeid høyrer vel våren til òg. Heime overlet eg for det meste slikt til fruen. Rive har eg i grunnen ikkje så mykje bruk for der eg fær...:-)

Foto Moldura 190412

tirsdag 17. april 2012

Høgefjellet i Kvammen

Mektig utsikt frå Høgefjellet til Rørvikenipa og Blegja

Eg tok med meg fjellklede på jobb i dag, og gjekk på Høgefjellet i Kvammen på veg heim igjen. Det er fjelltrimpost på dette fjellet òg i år. Dette er første turen min hit sidan eg gjekk på Blegja i fjor haust og ut her. No når lyset er kome att om kveldane har eg tenkt å gjere det same framover når det passar seg slik. Fint å stoppe på veg heim utan å måtte køyre inn igjen. 

I dag gjekk eg opp frå Løvika for første gong. Dette er lenger enn å gå frå Rørvika. Men frå  Løvika slepp ein å gå gjennom gardstuna i Rørvika. Eg er litt usikker på kor populært det er med parkering og trakk rundt husnovene til folk der. Så kanskje eg vel å gjere det på same måten framover. Elles er det veldig god sti oppover til stølane. 

Utfordringa på turen var å kome seg opp det bratte fjellet på nordsida. På grunn av kulden var snøen knallhard. Og her er det bratt... Eg hadde ikkje med meg stegjern. Dei skulle eg gjerne hatt. Men broddane hadde eg heldigvis med. Utan dei hadde eg ikkje tort meg opp. Wiren som er lagt ut for å halde seg i siste skora opp, var for det meste nedfrosen. Men den øverste biten låg fri. Det var bra. For her låg det fleire litt skumle issvullar på det nakne berget. Opp kom eg meg utan problem, sjølv om eg kunne tenkt meg snøen litt blautare...:-) Bort det småkupperte terrenget til toppen i vest, gjekk det heilt greitt.  

Frå toppen på Høgefjellet er det flott utsikt til havs, og dei kjende øyane utanfor Sunnfjord. I sør ligg Eitrenipa og Fossedalshengenipa med Bjørnastigvatnet framfor førstnemnde. I aust tronar Rørvikenipa, Blegja og pinnaklane på Heilefjellet. Rørvikenipa er fantastisk flott frå denne vinkelen. Som ein slipen diamant. Eit K2 i miniformat... Mot nord ligg Førdefjorden, Vevring, Engebøfjellet og Håsteinen. Med andre ord nydeleg utsikt i alle himmelretningar. 


 Som eit K2 i miniformat tronar Rørvikenipa i aust.
Blegja t.v.
Legg merke til raset midt i bildet...

Eg knipsa som vanleg nokre bilder frå toppen, før eg tok same vegen aust og ned igjen. Det er lettare å kome seg opp enn ned igjen bratte og skarefylte bakkar. Vel, ned igjen kjem ein no alltid då... men helst med alle lemmer intakt. Så eg tok det heilt piano. Kneskjelv er eg ikkje plaga med, men det er greitt å ikkje rushe det heller når forholda er litt tricky... Og ned bakken til under snøen kom eg meg utan problem. Derifrå og til fjorden igjen sprang eg for det meste. 
Kjempetur...! 
Fin utsikt til havs frå Høgefjellet i Kvammen

mandag 16. april 2012

Fjelljogg

Etter å ha skifta til sommardekk på bilen, la eg joggesko på føtene, og sprang på Kultingane i Askvoll. Herlig med lette klede, tørre bakkar og god sti. Det går som ein røyk då...! Ein steinkald nordavind gjorde visst sitt til at eg måtte halde farten oppe òg.  

søndag 15. april 2012

Enno er det vinter - på Moldura iallefall!

På Moldura i dag tidleg

Trass i senebetennelsen i høgre armen kunne eg ikkje akkurat sitte heime i det flotte vèret denne søndagen. Så eg beit det i meg og gjekk på Moldura igjen frå Stafsnes. Verken i armen kjenner eg mindre til når adrenalinet pumpar i kroppen, men kom igjen før.. og etterpå...! Kva som er lurast å gjere må no fuglane vite. Å sitte i sofaen er knappast nokon medisin - for meg iallefall...!

Det var som sagt ein fantastisk morgon. Men bilrutene var beinfrosne. Kuldegrader var det vel ikkje her ved fjorden, for termometeret viste 1 plussgrad både på målaren heime og i bilen. Eg parkerte som vanleg utanfor kvitestripa hjå Angar Bjarne på Stafsnes. 

Dei snøfrie og stadvis våte bakkane, var til å begynne med delvis frosne. Lenger oppe endå meir. Nett som eg hadde tenkt. Fordelen med å komme seg tidleg av garde er nettopp dette. Ikkje minst når du kjem opp i snøen og skaren. Som ofte blotnar lenger ut på dagen slike fine dagar no ut på våren. Kor vidt dei gjorde det i dag er vel likevel tvilsamt. For ein skikkeleg kald nordaust vind heldt gradestokken på berre nokre få raude heile dagen.... Men i dei stille solbakkane fekk nok sola godt tak.     

Eg gjekk opp utom elva. Stien her er no meir synbar. Og merkinga til Ansgar Bjarne var veldig god å ha i den tidlege morgonsola som stod midt i mot. Ja, sjølv om sjølve landskapet vart vansklegare å sjå av desse låge solstrålane, vart merkinga lettare å sjå. Supert. For det er lett å havne ut i ulendt landskap og småskog denne vegen om ikkje du er litt obs. Av erfaring kan eg vel seie det...:-) 

Nett nedom Langedalen traff eg på første snøen og skaren. Ganske grei og hard i dei første bakkane. Men lenger oppe vart snøen "comme cie comme ca" som det heiter på fransk. Eg sakk gjennom ca 10 cm, noko som vart til minst 15 lenger oppe. Eg hadde trugane med meg, men valde likevel å gå på føtene heile vegen opp, men tok dei på ned igjen.

 Det er framleis full vinter på Moldura...

Eitt par ord om vinden. Den vart berre kaldare og sterkare oppe mot toppen. Og her oppe var det iskaldt. Eg gjekk som vanleg tunnkledd og skifta på meg ei turr trøye og nokre ekstra klede. Deretter slo eg frå meg tanken om å gå austover mot Rivedalstraktene. Då hadde eg fått nordausten rett i mot heile vegen. Eg ville heller gå nord igjen og vestover til Størdalsstauren i staden.  Eg kjende den vonde armen banke applauderande...!

Rett vest av Fanafjellet traff eg på Ansgar Bjarne. I same området vi har møtt på kvarandre av og til. Så vi hadde oss ein god prat der i bakken. Akkurat her nede tok vinden noko mindre. Ja, du verda kor flott det var. Sol frå blå himmel, kvite vidder og fjell med nysnø, og panoramautsikt til havs til øyane frå Alden og Flora-bassenget. Fantastisk! 

Eg tok av vestover etterpå. Ein liten snur bortom kanten av fjellet til Størdalen, før eg gjekk ut på Størdalsstauren.

Ein spreking,
Ansgar Bjarne på veg på Moldura i dag...

På Størdalsstauren er det veldig flott utsikt ut heile Stongfjorden. Til nord på Atløyna, Granefjellet, Høgeskolten, Raudøyna, Heggøyna og Smelværet. Til bygda på nordsida av Stongfjorden og ut til Mjåset, Underset og til Stavenesodden. I nord ligg Toreheia og Ytrevågefjellet. I nordaust ser vi mot Osland og Førdefjorden. I aust ser vi opp igjen til Moldura, og i sør Langeberga sør for Størdalen. Nedom føtene mot vest ser vi rett ned på Størdal og til Follevåg. Størdalsstauren er ikkje så veldig høg, berre 532 moh, men har flott utsikt!

Etter å ha ete meg ei appelsin med dette panoramet til utsikt, gjekk eg ned igjen den vestlege ruta til Stafsnes og bilen. Det var nok for i dag. Høgrearmen bar bod om det...


Fra Moldura_Størdalsstauren 150412_1
Sundagsmorgon heime. Klokka er 5.47.




lørdag 14. april 2012

Kjapp Rivedals-tur

Fjellgeiter på tur ved Lisetstølen. Målet er Røyrbotnholten i bakgrunnen.

Etter å ha styrt med forskjellig anna enn fjell i dag, vart det likevel ein rask tur på Røyrbotnholten i Rivedal. Opp ein tur til boka der igjen. 

Flott vèr, men vått og noko kald nordavind på toppen. Elles ein flott liten tur. Eg møtte som vist ein flokk Askvoll-damer på veg opp nede ved demningen. Det var neppe like stilt til topps med dei som då eg gjekk. Alt til si tid får eg seie...:-)

torsdag 12. april 2012

Fin vårkveld i Askvoll

Utsikt mot Atløy og Sauesundet frå Kultingane

Eg tok meg ein rask tur på Kultingane i dag òg. Faktisk ganske så artig å springe ned igjen der i frå. Ganske bratt første delen. Og så fint å springe ned dalen, og til slutt etter vegen langs elva til bilen. 

På dette fjellet treff ein som regel litt andre turgjengarar òg. Som i dag med bl.a. søstrene Haugstad og Connie. Slike damemøter veit eg frå før er ei potensiell katastrofe når ein kjem i høg fart. Distraksjonsfaktoren er stor. Overtrakk og fallprosenten himmelhøg. Men i dag gjekk det heldigvis bra. Eg rakk til og med ned igjen og fekk vaska bilen på Essoen, og kom meg heim att til fruen skulle på øving i hornmusikken. Nesten godt jobba - om eg så skal få skryte litt av meg sjølv...:-) 

onsdag 11. april 2012

Eit par turar

På grunn av ein dårleg høgrearm prøver eg å minimere bruk av pc og mus for tida. Litt fysioterapi gjer nok susen skal du sjå. 

Eg var iallefall oppom Røyrbotnholten både i forgårs, i går og i dag. Dei to første gongene traff eg faktisk Vigdis på motsett kurs. Long time no see...! I ettermiddag stakk eg oppom Kultingane i Askvoll òg på veg heim igjen. Litt vått og grått både i går og i dag. Men usedvanleg kjekt å høyre trekkfuglane synge i Askdalen i kveld. Måltrasta var òg på plass no, i tilegg til syngande ringtrast. Trillande tonar frå raudstrupa og melankolske strofer frå svarttrasta (sysvorta). Raudvengjetrasta dukkar nok opp òg no med sin spesielle song. Herlig! 

tirsdag 10. april 2012

Biletserie


Har samla nokre bilder frå Blegja, sett musikk til og lagt dei ut på YouTube.
Dette som det tredje i serien etter Dokka og Eitrenipa.YouTube kanalen min finn du i linken t.h. Hugs lyd og stor skjerm. Kvaliteten kan òg endrast til HD.

Musikk: Medwyn Goodall, klipp "Healing Surgence" frå "Medicine Woman"



mandag 9. april 2012

To føter og ein arm...

Utsikt mot Straumsnes frå Røyrbotnholten i dag

Trass i intense smerter i høgrearmen pga senebetennelsen kom eg meg likevel på Røyrbotnholten i dag. Lett regn i lufta og litt vind på toppen. Elles ein heilt grei tur frå Rivedal. 

Så mykje blogg blir det ikkje i dag for då seier armen aldeles stopp. Vi får la han kvile i fred...

søndag 8. april 2012

Påskeharar


Påskeharane vart natta over. Og egga kom seg vèl i hamn. I dag tidleg lydde vi den yndigaste song du kan tenkje deg frå reiret i andre høgda. Klokkerein og melodiøs vårsong. Påskemorgon. Oppståa. Tid for vokster og glede.  Den finaste tida i året. Då alt liv vaknar, og nye liv ser dagens lys. 

Takk for nok ein vår! 

Vi tok livet med ro ilag med harane. Men seinare på morgonen då dei reiste til sin eigen heim, vart det ein tur på fjellet i Askvoll med fruen. Ein tur av det sosiale slaget. Iallefall på veg oppover då vi snakka med "hund og hare". Kjekt å slå av nokre ord med Audun F og Ingvar S. igjen. Dei kom kvar for seg. Gunnar fekk eg berre ropt hei og god påske til, han kom ned lenger sør om stien. Høgare oppe trefte vi på Vebjørn og frue. Flott å treffe folk på tur. Men ned igjen sprang eg heile vegen til bilen, då fruen sa eg berre kunne springe. Det eg ikkje visste var at ho ikkje meinte heile vegen, berre ned bakken til dalen... Godt det er vår - det lagar seg då...:-) 

lørdag 7. april 2012

Påskeklipp

Har samla nokre aprilklipp på denne stillfilmen:



Ein tidleg morgon....

Fin utsikt til Askvoll, Lutelandet og Atløy frå Kultingane

Eg var tidleg avgarde i dag og gjekk opp igjen spora på Røyrbotnholten frå i går. Minus 2 grader både i Stongfjorden og i Rivedal. Ei kald trekk ned Rivedalsdalen gjorde at eg måtte speede på. Såpass tidleg var snøen hard og fin å gå i, så eg var faktisk på toppen klokka 08.15. 

Det låg nokre tynne, høge skyer i aust. Ein fin halo ynskte meg velkomen. Med andre ord er det vèrskifte på gong. Eg knipsa nokre bilder, før eg like godt sprang til Rivedal igjen. 

Sidan eg var i rette hjørnet, og i rette området, køyrde eg like godt ned til Askvoll og tok med meg Kultingane i same slengen. Det er ei stund sidan eg har gått Askdalen no. For i fjor gjekk eg berre på Jamneheiane frå austsida og Fisma. Så eg hadde nesten gløymt at dalen jammen er fin å springe. Egentleg. 

Eg var gjerne litt for bombastisk hin dagen då eg skreiv at eg ikkje likte denne dalen. Eg tenkte då på at ein vann lite høgdemeter, og dei mørke grantrea som kransar stien og sperrar all utsikt eit godt stykke. Men eg må innrømme at med gode joggeskor er han fin å springe... Det kan difor bli nokre turar med slikt skoty her framover... Utstyrt med fjellskor og gamasjar som i dag, var i drygaste laget. Nesten som å skyte sporv med kanoner. For her var det tørt, frose og fint heilt til topps. I motsetnad til i Rivedal der det ligg mykje meir snø inn dalen og til fjells.

Eg kom meg fint og greitt til topps, og sprang ned igjen. Svinta bortom Kiwi og kjøpte med meg Bergens Tidende heim igjen. Lørdagsnummeret blir visst ,ikkje distribuert i påska fekk eg SMS om. Flott morgontur...:-)

Fra Røyrbotnholten_Kultingane 070412

fredag 6. april 2012

Fin Langfredag i Rivedal

På Røyrbotnholten i dag...


Jo min santen gjekk eg på fjellet med fruen i dag òg. To dagar på rad i lag er ikkje verst. Så vi køyrde til Rivedal og gjekk opp kraftverksvegen. Her traff vi på ein påskegjest med tilhøyre til Rivedal, der praten vart både lang og morosam. 

Ein sur morgontrekk ned dalen gjorde at både huer og hanskar måtte fram. Lenger oppe forbi demma og inn dalen var det kome ein god del nysnø dei par siste dagane. Med delvis skare på var det ganske tungt å ta seg inn. Vidare oppover var det i grunn på same måten. Å lage spor opp vart difor eit bra pes, men ikkje verre enn at det gjekk heilt fint til topps. 

Morgontrekken var kald her oppe òg, men tid til ei appelsin vart det, før vi snudde ned igjen same vegen. I bakkane mot dalen igjen hadde sola no fått godt tak, Her var det skikkeleg fint og varmt. Så ein liten rast måtte til her òg i sola. 

På veg ned igjen kraftverksvegen var det reine folkevandringa på veg oppover. Ungar og vaksne skulle på tur til stølen inne i dalen. Skikkeleg flott påskedag i Rivedal i dag.   


torsdag 5. april 2012

Ruskut å leggja ut på...

Saman med fruen på Kultingane i dag

Olaug vart med meg på Kultingane i dag. Eg presterte å leggje igjen innerhanskane på toppen der oppe i går, men einkvan hadde visst gjort det einaste fornuftige, å leggje dei ned i boksen. Takk for det, kven dette no enn var....!? Greitt nok at hanskane er eit par hol i, men dei høyrer liksom til Outdoor Research utstyret som eg brukar på nevane... Petimeter...:-)


Det var elles litt sporty av Olaug å bli med klatringa opp frå austsida. Rimeleg bratt nokre parti. Eg har aldri vore nokon stor tilhengjar av Askdalen på motsett side av fjellet. Eg likar best å starte klyvinga så fort som mogeleg. Og så slepp eg mykje køyring ved å gå opp frå Nordeide.

Forholda var elles ganske gufne. Stilt, men snødrev og vått i lendet. Fjorårsgras og lyng var noko glatte i bakkane etter snøfallet. Elles gjekk det greitt både opp og ned. Kjekt å ha ei frue i huset som er i rimeleg bra form...! Men arme armen min... han har nok fått for mykje mus...!

Fra Kultingane 050412
Olaug på veg opp bakkane - før alt vart kvitt på toppen...

onsdag 4. april 2012

Nye stiar

 Kultingane i dag

Eg klarde ikkje å halde meg heilt heime i dag heller trass den dårlege armen. Så det vart ein tur på Kultingane i Askvoll. Første i år. Og første gongen eg har gått opp frå Nordeide. Eg såg eit høveleg skar frå vegen, og det viste seg å vere heilt fint å ta seg opp. Rett nok ganske så bratt og steinete, men raskt og ganske beint på. Det kan no hende eg tek denne ruta nokre gonger. 

Elles gjorde eg tabben med å ikkje ta på meg gamasjane. Eg trakka gjennom snøen og langt ned i ei elv på veg oppover, så eg vart temmeleg våt og kald på venstre foten. Dessutan låg det meir snø i austhellingane mot toppen enn eg trudde. Goretex-gamasjane hadde fint hindra begge deler. Grei tur!

Fra Kultingane 040412

Søreidet

tirsdag 3. april 2012

Med ei vond arm...

På toppen i sør

Jammen hadde eg flaks med vèret i dag òg. Så eg gjekk meg ein ny flott tur på Moldura i dag tidleg. Eg parkerte på Stafsnes på hi sida av vegen for Ansgar Bjarne og slo av nokre ord med han då han steig ut på trappa. Heldig var eg som hadde tid og anledning å gå oppover ein slik flott morgon. 
Så det bar avstad oppover i fotefara frå i går. Hjorten hadde tydlegvis vore ned i låglandet om morgonen før meg, for spora hadde kryssa mitt både her og der. Lenger oppe hadde både rev og rype vore på kryssande kurs av spora mine frå i går. 

Ryper har vore på matsøk ovanfor Stongfjorden 

Det gjekk lett og fint oppover heile vegen på ruta utom. Så tidleg på morgonen var det rett nok ganske så kaldt ovanfor Langedalen og mot toppen. Det var minus 3 heime då eg gjekk, og her oppe var det vel endå nokre fleire blå. Morgontrekken gjorde det ikkje mindre kjølig. Eit lag med vindtett og hue måtte difor fram. Elles gjekk det gnistrande og flott til topps. 
Dei siste dagane har eg vore plaga med ein sene betennelse i høgre handa. Eg avlyste difor den vidare turen austover, då eg hadde ei god kjenning med den vonde armen. Litt fortryteleg returnerte eg difor ned igjen same vegen. Og tilbake var eg ved fjorden før lunsjtid. No får eg sjå i morgon korleis dette ber avgarde med armen... Han er ikkje heilt god. Kanskje best å sleppe tastaturet ei stund... 

Kystvakta låg nede på fjorden i natt

mandag 2. april 2012

Vinter og vår

Etter ei kraftig snøbyge på veg oppover, klårna det opp - ei stund...

Alt mogeleg slags vèr på Moldura i dag. Ei kraftig nordabyge med snø traff meg eit stykke oppe i bakkane frå Stafsnes. Men denne gav seg omlag då eg kom meg over tregrensa. Her var det skikkeleg fint ein periode. Fint var det òg nokre minuttar på toppen, før det igjen kom ei byge midt i fleisen då eg begynte å gå ned igjen. Eg sat og lurte på om eg skulle vente ho ut bak varden, men hoppa like godt i det...:-) Vel nede ved fjorden att skein det igjen opp. Veldig skiftande dette i dag, som i går... Men, men eg fekk no sett sola iallefall...

Fra Moldura 020412



søndag 1. april 2012

Dagens 1.april-spøk

Peter hadde falle i trappa og slått seg...:-))

Ein omgang juling

Botnastølen og Botnastølsvatnet i dag

Etter at eg kom meg ned igjen frå Røyrbotnholten i går, såg eg ei anna skår i fjellet på nordsida ved Svelivatnet som såg brukbar ut til å komme seg opp. Så utstyrt med stegjern tok eg turen opp igjen i dag. Det hadde kome minst 15 cm nysnø ved Botnastølen og vidare oppover. Mange stadar var han fòka seg djupare i løpet av natta. Så det vart litt baksing med å kome seg inn i ytste enden av Svelivatnet. Ikkje nok med det - det var eit skikkeleg rennefòk med kuling i nordabygene. No er sjølvsagt nordsida av Røyrbotnholten særs utsett for denne vindretningen. Drevet og vinden tok så det verkeleg kvein i øyra og stakk i fjeset.

Eg festa på meg stegjerna oppe ved hamrane, og klatra opp skåra eg hadde i tankane. Og utan problem kom eg meg opp. Noko eg ikkje hadde prøvd på ein gong utan jern under føtene. Men på toppen av skåra, nesten oppe på toppen, tok vinden noko infernalsk. Det var som han fillerista kroppen i eit einaste kvitt fòk rundt meg. Eg kom meg likevel vidare inn til sjølve varden, godt utrusta som eg var. Eg sette meg i ly her og filma galskapen rundt meg, før eg snudde vest att over same vegen som eg kom. 

Skåra ned igjen til Svelivatnet gjekk heilt greitt. Og så var det berre å bakse seg vidare nordover langs vatnet, og til Botnastølen igjen. Inn i mellom stakk jammen sola fram òg, før den vart avløyst av eit kvitt inferno med iskald vind. Utrulig skiftande. Siste stykket frå Botnastølen til Oslandsbotnen tok eg like godt å sprang. Herlig! 

Fra Røyrbotnholten 010412

Brua ved Botnastølsvatnet