søndag 27. februar 2022

Furefjellet

Frå Furefjellet har du fantastisk utsikt til Alden og Heggøyna

Den siste toppen vest på Stavenesodden er Furefjellet. Heilt ytst over Staveneset. Her er det fantastisk utsikt ned på Staveneset. I vest finn vi mellom anna Alden, Heggøyna og Smelværet. I nord sjølvsagt Florø og øyane. I aust finn vi att Høgeheia. Og i sør ligg Granesundet med Atløyna t.h. og fjella i Askvoll t.v. Så ser vi rett bort på Eimind og Follevåg også i sør. 

Furefjellet er flott å ta som ein kombinasjonstur i høve Høgeheia. Først går du opp på Høgeheia og så mot sør og vestover. Toppen på Furefjellet ser du heile tida ute i vest. Det er delvis sti utover. Og så går du tilbake aust igjen på nordsida. Du treff på att stien til Holevika rett over granfeltet som du ser frå vest. Fullt mogeleg er det òg å gå frå hyttefeltet i Holevika.  

Under er ein bildeserie frå Furefjellet. 

No har vi vore gjennom alle toppane på Stavenesodden. Her er det berre å velge i mange flotte turmål. Ein kan gå på fleire toppar på same turen. Toreheia er den lengste. Dei andre relativt enkle og greie som familietur med god tida.

 

Bildeseriar av toppane på nordsida av Stongfjorden frå aust til vest:

Ytrevågefjellet

Toreheia

Skylefjellet

Blåfjellet i Grimelia

Høgeheia

Furefjellet

lørdag 26. februar 2022

Blåfjellet i Grimelia

Blide turgåarar på Blåfjellet
f.v. Dag Tore og 3 stk Anita

Eitt av dei finaste og greiaste turmåla i kommunen er Blåfjellet i Grimelia. Nydeleg å gå på heile året. Og ekstra fint til påske. Eit turmål for både liten og stor. Som regel er det lite snø her. Og du treng ikkje ski på føtene. Men om vinteren kan trugar av og til vere ein fordel. 

Sillan og Tone med havutsikt på Blåfjellet i Grimelia

Som nemnt ovanfor så startar turen i Grimelia. Her kan du parkere ved siste huset der det er ei utkøyring og snuplass. Deretter går du opp mot dei gamle kopargruvene. Ein attraksjon i seg sjølv.Vidare opp er det merka med stavar med raud topp. Du kan også gå frå Yndestad og opp den merka "Skylefjellsrute". Så opp til Mangevatna og deretter ut sørsida av vatna. I dette lette og oversiktlege turområdet kan du gå på begge fjella og få deg ei fin runde. Og i aust ligg jo Toreheia og Ytrevågefjellet...😍 

Blåfjellet har nydeleg utsikt til havet og øyane ved Florø. Sjå bildeserie her.

fredag 25. februar 2022

Kald nordakuling

Moldura

Skålefjellet

 

Vardenova

Utsikt mot Rivedal, Leite og Straumsnes frå Vardenova
Rivedalskletten t.h.

Sørvest for Portafjellet og Stordalsfjellet finn vi Vardenova eller Vardeheia som kartet seier. Det er eit markant fjell med ei høgde på 777 moh. som er lett  å hugse. Fjellet ligg i den vestre enden av Stordalen. Lett i augefallande frå mange av dei andre fjella rundt om. 

Lettast tilgjenge har ein frå Rivedal. Her ein går opp vegen frå parkeringsplassen til DNT-løypa frå Stongfjorden. Vidare aust langs denne løypa. Til toppen er det merka med stikker. Ein kan òg gå opp skaret på framsida. Her er det ganske luftig. Om vinteren ikkje å anbefale for folk flest.  Elles kan ein gå frå Osland. Dette er òg ein brattare tur til sommarsbruk. Her er det heller ikkje merka. Som ein dagstur på ski er fjellet flott å gå på frå Nipebu i aust. 

Det er fantastisk flott utsikt frå Vardenova. I alle himmelretningar. Sjå video under. 


 

torsdag 24. februar 2022

Stordalsfjellet

Selfie Stordalsfjellet
Portafjellet t.v.
Toreheia bakerst t.h.

Rett aust for Portafjellet, og i vestenden av Stordalen, finn vi Stordalsfjellet. Her er det flott utsikt austover til Stordalsvatnet og Blegjatraktene. I sør og søraust ser vi mot Heileberget og mot Nipebu. Mot vest ligg så Portafjellet. 

Rutene frå Osland/Botnastølen og Porten til Portafjellet og Stordalsfjellet


Sjølv om Stordalsfjellet ligg litt gøymd er fjellet lett å finne. Anten ved å gå via Osland og Botnastølen og opp til Porten. Så opp skaret ved Portafjellet. Eller du kan gå til øvst i Stordalen og til toppen (sjå markerte linjer). Ein kan også gå frå Rivedal. Eller kome aust frå Skorvemarka. Som ein avstikkar frå DNT-ruta Stongfjorden-Nipebu (sjå vedlagde kart) er det fint mogeleg å gå òg. 

Her ein fotoserie frå Stordalsfjellet. 

 

 


Rute frå Rivedal


onsdag 23. februar 2022

Hekkelfjellet

Utsikt frå Hekkelfjellet 
frå venstre Dokka, Moldura, Fanafjellet, Svarthamrane og Skålefjellet

Sør for Svarthamrane som var omtala i går finn vi Hekkelfjellet. DNT-ruta frå Stongfjorden passerer via Siklabergvatnet og kanten på fjellet i nord. Men lettast tilgjenge har ein via Boge- Kleppenesstølen og Bakkestølen i Holmedal. Ein kan også gå via Hålandsstølen/Tveitstølen på hi sida av dalen. 

Frå Hekkelfjellet har ein fin utsikt til Dokka, Moldura og Fanafjellet i vest. Nemnde Svarthamrane og Skålefjellet i nordvest. I aust ligg Smørskornova

Det er ein flott tur på Hekkelfjellet. Både i seg sjølv, eller som ein kombinasjons-tur til andre fjell i området. Spesielt er ein rundtur via Bakkefjellet, Medheiane, Smørskornova og vest til toppen om Langevatnet flott (sjå kart). Det ligg gps-merking her

 Bildeserie:

 

tirsdag 22. februar 2022

Svarthamrane


Dokka og Moldura sett frå Svarthamrane

Svarthamrane mellom Stongfjorden og Holmedal har utsikt til både Stongfjorden og Dalsfjorden. På toppen rett vest er det faktisk utsikt til Førdefjorden òg. Det er litt spesielt. I farten kan eg ikkje kome på at andre fjell i kommunen har utsikt til tre fjordar samstundes (korriger meg om eg tek feil). 

Fullmåne på Svarthamrane -
vi ser Straumsnes og Holmedal

I nord ser vi elles til Stavenesodden og alle fjelltoppane her. Endå lenger nord til Florø og øyane. I aust ser vi til Blegja og Storehesten. I sør til Holmedalsfjella, Holmedal og Straumsnes. Og i vest ligg Dokka, Moldura og Fanafjellet. 

Moldura

Svarthamrane kan du nå via Hålandsstølen/Tveitstølen og Bakkestølen i Holmedal. Der i frå til Siklebergvatnet| opp og vest til toppen. Du kan òg gå opp frå Stongfjorden via Skålefjellet eller i Mannsskaret. Fjellet er gjerne lite kjent som turmål. Men er flott å gå opp på som ein avstikkar frå den merka ruta til Nipebu frå Stongfjorden. 

Vedlagt ligg bilder frå Svarthamrane (mest vinter).  

 

mandag 21. februar 2022

Jenter i vinden

Snapshot og snapchat ved Rinda i dag.
To usminka og blide damer i vinterfjellet.

Nok ein vinterleg tur på fjelltrimposten på Skylefjelellet. Og som i går var det rennefòk i lufta. Oppe ved toppen blas det godt. Eksponert som dette området er for vind her ute ved havet. Så det var i grunn berre å snu ned att. 

Rennefòk på toppen i dag òg...

Det var regn i lufta på veg oppover. Men på veg ned att lysna det bra opp og sola stakk seg fram. Reint idyllisk i det drivande kvite landskapet. Mangevatna låg i vinterleg dvale. 

Mangevatna i vinterleg dvale

Nede ved Rinda dukka det faktisk opp to damer i vinden òg. Så då fekk eg meg ein kjekk liten prat med to Anita. Dei har eg visst bilder av frå før her oppe òg. Ekte fjellgeiter dette.  

Så var det berre siste stykket ned igjen. Vel vitande om at det går an å tryne før ein veit ordet av det....

Foto Skylefjellet 210222

Ein liten samleserie bilder av Mangevatna/Krikavatna 

søndag 20. februar 2022

Kvamsnipa

Kvamsnipa sett frå Skorvemarka

Tilbake i Skorvemarka og nokre bilder frå Kvamsnipa. Fjellet som kanskje har den aller flottaste utsikta til Markahengenipa, Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Kringlefjellet, Blegja, Synste Stauren, Nordre og Søndre Kringla. Fjella ligg der som perler på ei snor med sine flotte ryggar. Alle på eitt brett!

Elles har Kvamsnipa nydeleg utsikt til gardane i Mandelia og Hatlelia. I aust ligg òg Leknesvatna og i nordaust Gjelsvikefjellet. I nord ser vi ned att til Øyravatnet og Lindelivatnet og til Førdefjorden. I sør mot dei fantastisk blankslipte berga som kjem ned i Norddalen. Og i vest dei kuperte høgdedraga mot Middagsnipa

Frå Kvamsnipa er det nydeleg utsikt til fjella i aust 

I år er Kvamsnipa post på fjelltrimmen til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). Og det er merka sti opp frå hytta som ligg til høgre i bakken ved innerste gardsbruket. Turen opp tek ein god times tid. Alt etter som. Her er ein bildeserie frå fjellet. 

Heftig fòk

Ganske heftig på Skylefjellet i dag

Rolegare forhold ved Svartevatnet

Mangevatna i ny skrud

Eg var opp igjen på fjelltrimposten på Skylefjellet igjen i dag. Det var ganske heftige saker med rennefòk og isande kald kuling i kasta. Men det heldt seg opplett. Ei svak vintersol var framme no og då. Alle spor frå i går var vekke. Så då var det berre å gå i gang med å trakke nye. Men dei fauk jo igjen med det same ..... Slik fortonar vinteren seg ofte her på kysten. Vilt og ekte. Elles greitt trugeføre på halve turen.
 



lørdag 19. februar 2022

Skylefjellet og Mangevatna

Ved Mangevatna

Skylefjellet med Toreheia i bakgrunnen

Fin trugetur til fjelltrimposten på Skylefjellet i dag. Litt nysnø oppe i høgda, så det var greitt å ha trugane med. Sola stakk fram no og då. Vart reint idyllisk på dei drivkvite toppane. 

På veg ned igjen ved Rinda traff eg faktisk andre turfolk og. Først Vincent, Bjørn og Linda. Og etterpå Ansgar Bjarne. Kjekt med litt småprat. I vintertrekken blir det likevel fort kaldt, så praten begrensar seg. Likevel ein kjempefin dag.  

Foto Skylefjellet 190222 


fredag 18. februar 2022

Nipebu - Massbu

Nipebu
Fossedalshengenipa og Eitrenipa i bakgrunnen

I si tid starta ein eit arbeid på ei rute mellom Stongfjorden og breane i aust kalla "Frå Hav til Bre". Og midt i smørauget av flotte turruter og nydelege fjell her vest ligg i dag turlagshytta Nipebu. Oppført på dugnad. Nipebu var tenkt som første overnattingsplass på dette stinettet. Hytta kunne ikkje ha lege betre til.  Diverre stoppa arbeidet med dette stinettet opp inne i Bygstad/Langeland ein plass. Men i dag står den store og fine hytta Nipebu og leige av selet Massbu på Øvre Laukelandstølen igjen frå dette arbeidet. Sjå kart.  

Massbu


Dugnad Brendeheiknappen og til Massbu med Agnar 

Noko nærare presentasjon av Nipebu er vel strengt teke ikkje naudsynt. Mange har besøkt hytta sidan den stod ferdig i 2001. Allereie over 20 år sidan (du verda kor tida flyg). Men hytta er i dag like fin som ho var ny. Og fjella står på same måten som dei alltid har gjort. I dette fabelaktige området. Så her kan du trygt legge fjellturane dine framover. Vel vitande om at hytta står klar både med dyner, brensel og mat. 

Oppe midt i bildet ligg Nipebu
T.v. Løypenett frå Fossedalen og Massbu 
T.h. Frå Skorvemarka

ds

Under ligg ein bildeserie frå hytta. Elles ligg det mykje tilsvarande på YouTube-kanalen min

Løypenett

Frå Massbu til Nipebu

Frå Rivedal til Nipebu

Frå Fossevika til Nipebu

Frå Markavatnet til Nipebu

Frå Stongfjorden til Nipebu

torsdag 17. februar 2022

Blegja

Panorama mot vest - her ser vi mange kjende fjell...

Blegja med sine 1304 moh er høgste fjellet i Askvoll kommune. Fjellet er synbart frå dei fleste andre fjella i Askvoll. Toppen og Heilevangstaurane er elles lette å kjenne igjen frå alle himmelretningar.  

Heilevangsstaurane mot aust


Heilevangsstaurane og Blegja midt i bildet sett frå Rimmane på Holsa.
Vi ser også Atløy, Heileberget og Storehesten t.v og Håsteinen t.h.

Det er fleire ruter til toppen. Felles for alle er at dei er krevjande. Noko detaljert bekriving av rutene vil her føre for langt. Men den mest nytta sommar-ruta er frå Rørvika i nord. Ruta er skissert her. Dette er den klart kortaste vegen til toppen. For meir erfarne fjellfolk kan denne også nyttast vinterstid. 

Det er noko klyving i urane mot toppen på ruta frå Rørvika

Som påsketur på ski er det elles flott å gå frå Solheimsdalen i aust. Eller frå Hjelmeland eller Kårstad i Bygstad. Då går ein nord for Storehesten og føl høgdedraga vestover til Heilevangstaurane og til toppen. Ei fin påskerute er også å gå frå Berge i Bygstad, og opp Marifjell vest om Storehesten, og vidare vest til toppen. Frå sør kan ein også gå frå Hestad. Gjerne meir som ein sommartur. I likskap med å gå frå Dale, via Fossedalen og austover Blåegga, Synste Stauren og til topps. Gjerne med retur ned ruta til Hestad. Her er ein klassikar frå den ruta (inkl. bilder og video).

Frå "påskeruta" til Blegja frå Solheimsdalen
Litlehesten i bakgrunnen
Foto Agnar Åsnes

Som nemnd er kanskje ikkje Blegja noko "familiefjell" å rekne. Det er tungt og krevjande for mange å gå i dei relativt bratte urane. Difor er ikkje dette det første fjellet ein gir seg i kast med utan rimeleg god ballast i sekken. Når det er sagt er det klårt at ingen av dei andre fjella i kommunen kan måle seg med utsikta her oppe. Til sju prestegjeld var det sagt ein gong i tida. Såleis er turen vel verdt utfordringa. Og ikkje minst gjer den seg godt på Instagram og Facebook...😃 

Påskestemning på Blegja

Eg har laga mange bildevideoar og små snuttar frå Blegja. Her er ein eg kom over som berre er med folk. Kanskje i motsetnad til dei andre bildeseriane eg har publisert i det siste. Så her er den..... pluss ein annan! Enjoy!

 

onsdag 16. februar 2022

Ei vandring i gamalt kulturlandskap

Nedre Fossedal - sept 21


ds oktober -19

Øvre Fossedal - sept -21

Eitt av dei viktigaste og mest besøkte turområda i kommunen er Fossedalen. Området vart overført frå Fjaler til Askvoll kommune 1. januar 1990. Framleis er gjerne Fossedalen og fjella ikring mest nytta av dalingar og folk med tilhøyre til gamle Fjaler. 

Dei gamle fjellgardane i Øvre- og Nedre Fossedalen er mykje brukt og haldne veldig godt i hevd. Noko nærare presentasjon tek eg ikkje her. Vi har ei eiga Facebook side kalla Fossedalen - i grøne far der du kan finne mykje informasjon, bilder og videoar både frå gamalt av og fram til i dag.  

"Det er mange vegar til Rom" - så også til Fossedalen. Frå gamalt hadde ein mest samkvem med folk frå Skorvemarka og frå Dale. Om det var vestre eller austre sida av Krokavatnet ein nytta har ein diskutert. Utan at ein har konkludert. Men begge sidene av vatnet er greie å gå. Det er delvis sti å følge. På austsida gode hjortefar. Sjå elles blogginnlegg her. Frå Dale måtte ein ro yil Fossevika. Og så var det vegen opp over Kleivane. Om ein skulle til Øvre rodde ein over Fossedalsvatnet medan det var ope. Eller ein gjekk austsida.

Ruter i Fossedalen
Foto frå Nonsholten

Rutene lang Krokavtnet t.v.

I dag er elles Øvre Fossedalen eit slags knutepunkt på DNT-rutene vest/aust frå Nipebu til Massbu eller omvendt. Frå Dale seier ruta seg sjølv. Etter at Dalsfjordbrua kom, er det no merka sti frå brufestet på Otterstein til Nedre og Øvre Fossedalen. 

Ei vandring gjennom gamalt kulturlandskap i Fossedalen er absolutt å anbefale for heile familien. Her kan ein legge inn eit kjølande bad sommarsdagen. Eller prøve lukka med å fange kjø både i elva, lonane, under fossen og i Fossedalsvatnet.  

Her ein ny film frå Øvre Fossedalen 

Minner frå Fossedalen - 

inkludert litt foto frå Fossedalens Dag

tirsdag 15. februar 2022

Høgeheia

Påskestemning på Høgeheia

Vest for Skylefjellet og vest på Stavenesodden finn vi Høgeheia. Beskrive i ut.no (Klikk deg inn for kart). Dette er for mange eit av dei finaste og greiaste turmåla i kommunen. Lett tilgjengeleg frå Holevika. Det er veldig god og merka sti til toppen. I dag kan vi også lese følgjande:


Som med Skylefjellet i går er Høgeheia eit framifrå familiefjell. Det er også montert 4 feste for hengekøyer så ein kan ovenatte og nyte solnedgangen og kveldshimmelen. Lyset frå havet gjer Høgeheia også til eit veldig flott turmål vinterstid. Og mesteparten av vinteren kan du gå på berre føtene. 

Eit par andre tips er å ta turen frå toppen vestover til Furefjellet. Dette er den vestlegaste toppen. Her er det delvis varda. Men du ser toppen på heile ruta vestover. Eit anna mål er å gå til den nedlagde fjellgarden i Lia og til Liavika.  Deretter aust til Stubseidvågen i Grimelia. Denne ruta er ikkje merka. Men det er lett å finne vegen frå Høgeheia ned til Stavfjorden i nord. Frå Liavika er det god og merka sti til Stubseidvågen. God tur!

Stubseidvågen

mandag 14. februar 2022

Skylefjellet

Ved Skylefjellet

Motiv ved Litlevatnet på ruta til Skylefjellet

Turtips: Tilbake til nordsida av Stongfjorden finn vi eitt av favorittmåla til mange. Skylefjellet med sine 509 moh er eit relativt enkelt fjell å nå. I år post på AHIL sitt fjelltrimprogram. Fjellet har også nyleg vore post på TiTur Dalsfjorden. Det er såleis ganske kjent. Turen er skissert på ut.no og startar ved skilt på høgre side av vegen på Yndestad. Du kan også gå frå Grimelia eller frå Vågane og via Toreheia.

På turen frå Yndestad passerer du austsida av dei flotte Mangevatna. Her oppe opnar heile landskapet seg i alle himmelretningar. I aust ligg Toreheia. Tidlegare nemnd i dette innlegget. I vest ligg Stavenesodden, Alden og havet. Og i nord Florø-landet og Svanøy. Her blogg frå 11/2.

Ruta til Skylefjellet passerer frå venstre til høgre bildekant ved Mangevatna

Toreheia sett frå Skylefjellet

Skylefjellet er eit flott "familiefjell". Og eit godt mål for å kome i betre form. Under nokre foto der vi òg finn fjelltrimfolk.


Skylefjellet 140222

søndag 13. februar 2022

Leknesvatna


Austover langs Leknesvatna.
Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa.


Turtips: Tilbake i Skorvemarka og parkeringsplassen ved Markavatnet, er det ein flott tur å gå til Leknesvatna. Vatna ligg nord for Eitrenipa og Fossedalen (sjå kart). Du går opp kraftvegen til endes og over brua. Til høgre rett nedanfor går stien til Nipebu (står skilt). Men det er ikkje denne du skal følge for å gå til Leknesvatna. 

Du held så berre fram på god sti opp til ein hammar med ein wire du må halde deg i for å kome deg opp. Eit stopp må først til under den vakre Eitrefossen. Elva som renn ut frå vatna deler fossen i to like fossar. Litt lenger oppe renn elva ut frå vatna i små fossefall og over i lagune etter lagune. Her er det nydeleg utsikt vestover til Skjerlia, Mandelia og Hatlelia. Vidare nordvest-over til Florøkanten og øyriket her. Snart dukkar også Fossedalshengenipa og Heileberget opp i sør. Den flotte ryggen og toppen på Eitrenipa kneisar i søraust. Og beint i aust Blegja. 

Eitrefossen

Idyllisk ved lagunane frå Leknesvatna
Eitrenipa i bakgrunnen

Utløpet av Leknesvatna på toppen av Eitrefossen

Vandringa austover langs vatna på god sti er pur glede. I aust deler så vatna seg i ei lita elv. Her er det bru. Og veldig flott å ta seg ein rast. Har du med fiskestong kan du vere heldig å få det ein god middag. Murane etter Leknesstølane kan du elles sjå litt lenger aust (sjå bildeserie under).

Ved vadet på Leknesvatna

Å gå til Leknesvatna er ein fantastisk fin tur. Området er elles inngangsporten til den vakre Eitrenipa. Men er ein flott familietur i seg sjølv.