lørdag 27. april 2024

Nydeleg fjelltrim-tur

Sissel, Velaug, Olaug og underteikna

Tre glade Fjellgeiter

Eg vart med Olaug, Sissel og Velaug på den flotte turen til Smørskornova i Rivedal i dag. Vi gjekk frå vassverket i Holmedal til Bakkestølen, opp Bogejota til Medheiane og aust til toppen. Tidlegare år har eg helst gått frå Rivedal. Men i år er det ruta frå Holmedal som er merka. Det var nydeleg vindstille ver og knall blå himmel. Det låg att litt snø enkelte plassar austover. Men den var hard og fin å gå på. 

Etter ein koseleg matpause på toppen gjekk vi vest att Medheiane, men gjekk sørvest til Bakkefjellet òg. Her er det perfekt utsikt til Holmedal, Dalsfjorden, Straumsnes og Dale. Nydeleg tur i godt selskap. Igjen takk for turen 😄

Foto Smørskornova og Bakkefjellet 270424

onsdag 24. april 2024

Mykje godt arbeid





Eg har utført mykje godt arbeid på heimefronten siste dagane. Skura terrassen med terrasserens og beisa. Vaska og beisa utetrappa samt gelenderet. Og altanen utanfor soverommet sameleis. Godt kva som er gjort til sommaren. Så no kan han kome med litt mildare vèr...😎

Elles føregår trimmen i gamle fabrikken til Helle her i Stongfjorden. Sykkel, vekter og romaskin etc...

søndag 14. april 2024

Spasertur til Eimind

Sandvika i dag

ds

Fin spasertur med Olaug til Eimind og Sandvika frå Askvoll i dag. Ikkje nett kvardagskost! Trur neppe eg har gått denne strekka før. Det vart jo nokre kilometer til slutt. Opplett og litt sol. Men relativt kald nordavind gjennom Granesundet. Elles veldig flott utsikt til Staveneset, Furefjellet (ny TiTur post frå 1.mai) og Høgeheia som ligg på nordsida av Stongfjorden. 

Det er idyllisk på Eimind. Flott utsikt ut i havet. Sandvika som ligg nærare Askvoll sentrum er jo ei skjult lita perle. Kjekk tur! 

mandag 1. april 2024

Topp tur til Toreheia og Yndestadhøgeheia

Ved vadet på Krikavatna

Olaug i fint driv ved toppen

Blid gjeng ved Toreheia

ds

Ved Yndestadhøgeheia - perfekt utsikt mot nord!

Nok ein fantastisk tur her heime. Frå Yndestad via Rinda, Krikavatna og til Toreheia. Retur vestover Yndestadhøgeheia og til Yndestad. Litt vått enkelte parti der det har lege litt snø. Oppe i dalen mot toppen låg det litt snøflekker (sjå foto). 

Veldig kjekt med besøk av broder Sillan igjen. Og flott Sissel vart med òg. Fin pause på toppen med mat og kaffi. God drøs! Vindstille. Heitt og godt i sola. Ja, denne dagen var som rosina i pølsa denne påska. Som vanleg slo 2.påskedag til med supert vèr. Kjempetur 😊

Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 010424

"Jeg velger meg april"

 

 Her er april i bilete