lørdag 31. juli 2021

Ein liten sauerapport

Dagens selfie

Ytrevågefjellet

Stavestranda nede t.h.

Svanøy

Vestover mot Yndestadhøgeheia t.h.

Krikavatnet og mot Mangevatna.
Skylefjellet midt i bildet

Yndestad, Neset og Størdal

Fin morgontur frå Vågane til Ytrevågefjellet, Toreheia og Yndestadhøgeheia i dag. Retur via Selda og heim. Delvis skya og kjøleg nordavind. Ein heilt annan temperatur enn i det siste. Elles veldig gjengrodd ned Selda og til "Skylefjells-ruta". Her må du vere meir enn lommekjend for å treffe ned frå Yndestadhøgeheia og Solheimsstølen. 

Elles gjekk det sauer spreidd over heile området. Frå sør om Ytrevågefjellet og ved Hjartebuvatnet. Mange nede i Kjennahola mot Stavestrand-sida. Fleire utover på nordsida av Toreheia og vestover. Og ein heil flokk rett vest om Toreheia. Alle såg ut til å ha det heilt fint oppe i fjellet. I låglandet på Oslandsida, og i bakkane aust om Ytrevågefjellet, gjekk det ingen etter det eg kunne sjå. Elles såg eg to personar ovanfor Svartevatnet. Tydlegvis på veg til Skylefjellet. 

God trimtur dette. Kjekt å kunne gå denne ruta etter gamalt.

Video Toreheia 310721 (obs ein del vindstøy)

fredag 30. juli 2021

Juli

Det vart Blomberg-trimmen i dag. Ikkje så mykje å skrive heim om. Har vel vore der nokre og tjue gonger i det siste. Greitt nok det for litt bevegelse. 

Sjølv om juli månad ikkje heilt er over, har eg laga ein ny serie bilder. Ja, akkurat - for juli. Så øverst ligg YouTube fila for den. Plassert i samleserien for andre månader i høgre menyen på bloggen.  

torsdag 29. juli 2021

God Olsok-trim heime

I sørvest ser vi f.v. Fristadfjellet, Kultingane, Jamneheiane og Smørkletten. 
Midt i bildet ligg Atløyna og t.h. Stavenesodden. 

Kjend utsikt til øyriket i Florø


Fin trimtur til Skylefjellet og vidare til Blåfjellet i dag tidleg. Delvis skya, varmt og fint. Stadvis litt vått etter sturteregnet dei par siste dagane. Rolege sauer spreidd over heile området austover mot Toreheiatraktene. 

Møte med Lehmkuhl









Nokre klipp frå album

Det var ei fantastisk oppleving å få vere med Bakkejekta vestover til møtes med Statsraad Lehmkuhl i går kveld. Olaug og eg gjekk på i Holmedal medan Bakkejekta gjekk frå Jensbua klokka 18. Det var også stopp i Bogevika og på Olset. Totalt var vi vel 10 ombord. Vi gjekk så sørvest om Atløyna der vi om eit bèl fekk auge på seglskuta som dukka opp i eit hav av småbåtar. 

Omkrinsa av båtar segla så Lehmkuhl inn Vilnesfjorden til Askvoll. I kveldsol og tidvis pøsande regnvèr. Til trekkspelmusikk frå Siri Helle ombord i Bakkejekta. Lehmkuhl la seg til kai ved gamlekaia for natta. I dag går ferda vidare til Shetland.    

"Once in a lifetime" er eit uttrykk på engelsk som kanskje er dekkande for denne kvelden. Skikkeleg artig var det. Og stemninga "stod i taket". Det spørst om det nokon gong har vore så mange båtar på fjorden på ein gong som denne kvelden. 

Bildeserie Statsraad Lehmkuhl i Askvoll 280721

onsdag 28. juli 2021

Mello

 

Mello selfie

Vi har hatt hunden Mello hjå oss dei siste dagane. På fjerde dagen no. Eg har gått morgontur til Blomberg og heim igjen med han kvar dag. Så i dag måtte vi ta ein selfie.

Mello er ikkje særleg glad i høge toppar. Han likar seg best i låglandet. Her er det mange lukter etter andre hundar, padder og frosk. Men særleg glad i kyr er han ikkje... Då blir han redd. Noko nervøs som han er frå før av. Heime likar han slett ikkje støvsugar og høge lyder. Og når eg tek fram flugepiska trekkjer han raskt i skjul...  Vel, i kveld er det slutt. Då skal han inn igjen i fjorden. Og Olaug og eg tek Bakkejekta for å ynskje Statsraad Lehmkuhl velkomen til kommunen. 

søndag 25. juli 2021

Naken hud...


Peter ved Mangevatna i dag
Toreheia bakerst i midten

Noko disig -
Utsikt austover frå Toreheia i dag

Herleg trimtur til Toreheia igjen i dag føremiddag. Frå dørgotta heime og via Krikavatna til topps. I berre shortsen. Det var skikkeleg varmt i bakkane - og vindstille! Ja, sveitten rann.... Så godt å kjenne at kondisjonen er på veg tilbake! 

I dag var eg egentleg tenkt å gå over Ytrevågefjellet og til Vågane igjen. Det gjorde eg om då Peter ringde og ville møte meg på Skylefjellet. Så då vart det same løypa som hin dagen. Ned ranen i nord og vestover. Og vi nådde Skylefjellet nesten på likt. Saman gjekk vi om Mangevatna og til Yndestad. Ovanfor Svartevatnet traff vi forresten eit par damer som vi slo av ein prat med. Elles kan eg melde at sauene beita fredeleg på heile strekka. 

lørdag 24. juli 2021

Familietur under skoddeloket

Litt familie...


Gym undervegs

ds

Idyllisk ut til Liavika

Tidleg krøkast som god krok skal bli...

Eli Andrea og Sebastian

...og Anna Lovise

Kristine og Rudi med Lene, Vilde og Andreas

Steinkasting

og meir steinkasting

Margunn


Heia heia - I Vågen igjen....

Flott mini-familietur til Liavika i dag. Med liten og stor. Døtrene mine Margunn og Kristine med familie kom frå Førde. Og broder Sigvard og Tone kom med alle sine frå Dale. Diverre letta ikkje skodda, men det gjorde ingenting. Vi hadde det like kjekt for det med god mat og drikke. Det viktigaste var å kunne samlast ute. Noko vi alle var godt nøgde med. 



fredag 23. juli 2021

Varmt

Mangevatna - Toreheia i midten bak


Flott og varm trimtur til Skylefjellet og ut på fjelltrimposten på Blåfjellet i dag tidleg. Før det vart altfor varmt. Kjekt når ein kan gå lettkledd og det er minimalt som tyngjer ein ned. Ingen folk å sjå. Men ei perlerad med sauer gjekk langs Mangevatna. Med berre mobilen med meg vart det dårleg med bilder av følgjet på 14. Dessutan er det alltid greitt å gå utom sauene så dei ikkje spring ut. God trim og altanen neste... God helg! 

onsdag 21. juli 2021

Kjære Toreheia

Nøgde å vere tilbake her....


Del av Krikavatna og Mangevatna - 
Skylefjellet og Blåfjellet i Grimelia t.h.
Alden og Stavenesodden t.v.

Litt skodde og dis i dag...

ds mot aust - Blegja t.v.


Usedvanleg kjekt å ta turen til Toreheia i dag. Frå dørgotta heime og via Krikavatna til topps. ca 1,5 time opp. Eg har jo vore her nokre hundre gonger før då... Men slike turar er det slett ingen sjølvfylgje at ein skal vere i stand til å gjennomføre. Det kan eg skrive under på etter dei to siste månadane. Så eg prisar meg heldig som har nådd eit nytt mål i sommar. Tilbake på Toreheia! 

Litt vått i terrenget, og litt disig ute i havet i dag. Men flott vèr og nesten vindstille. Særleg bilder vart det ikkje. Eg hadde berre med meg den gamle mobilen likevel. 

Returen gjekk eg via fjellkammen i nord og til Skylefjellet. Så den vanlege ruta heim igjen. Folk såg eg ikkje. Men det gjekk ein heil del sauer vest for Toreheia.   

Film Toreheia

tirsdag 20. juli 2021

Tolmod er ein dyd

Frå bildeserien Dalsfjorden inst til ytst 16/7

Om det har vore lite fjellturar i sommar, så har eg helde oppe aktiviteten ved å gå raske turar inn Solsidevegen til Blomberg og heim att. Sikkert over 20 gonger no. Turen tek ein god time. Bra trim i det. Under dagens forutsetnader. Vèret ser no ut til å bli litt meir lageleg framover, så då vil eg prøve meg på lengre turar igjen. Og då er Toreheia, gjerne via Ytrevågefjellet, og Moldura dei naturlege vala. Om eg tek opp igjen toppane på fjelltrimmen veit eg ikkje. Det gjekk ikkje heilt som eg tenkte her i sommar. Men kanskje kan det bli nokre turar på Vardenova i haust. Nokre runder ekstra. Eg får ta det litt etter kvart. Det viktigaste er å syne litt tolmod. Ein ting er iallefall sikkert - hausten er no finaste tida i fjellet - så det er alltid noko å sjå fram til!   

Fekk du forresten med deg stilllbildeserien frå Dalsfjorden 16/7?

Og juni i bilder?

fredag 16. juli 2021

Dalsfjorden - inst til ytst

Eg har redigert nokre bilder der Dalsfjorden er motiv. Frå litt ulike synsvinklar og fjell. Synest eg måtte ha dette lett tilgjengeleg som med mange andre fjell.

Passeleg tempo og god tid

Ein samleserie frå Mangevatna og Krikavatna (ser eg skulle laga ein ny)...

Etter ein tur til Førde i går og test av ny bil, gjekk eg i dag ein morgontur på Skylefjellet igjen. Passeleg tur i min situasjon. Og i passeleg tempo med god tid. Alltid like kjekt å kome til Mangevatna. Også i dag traff eg folk. Kjekt å slå av ein prat. 

mandag 12. juli 2021

10 poeng...

Fjelltrimposten på Blåfjellet i Grimelia

Skylefjellsruta kjem opp aust for Grunnevatnet og føl ranane i venstre bildekant

ds i midten her
Toreheia midt i bildet bak

Mangevatna - Skylefjellet t.v.

I dag gjekk eg Skylefjells-ruta heime i frå til Blåfjellet i Grimelia. Fjelltrimposten eg gjekk mykje på i haust/vinter og vår. Kjekt å kome tilbake hit. Og ikkje minst kjenne at kroppen fungerer betre og betre. Med tida til hjelp kan eg nok strekke utfordringane endå lenger. Eg får trene litt på heimebane først...😃

lørdag 10. juli 2021

I rett retning

Skylefjellet i dag

 
Mangevatna frå aust

Mangvatna frå nordaust

Ved Mangevatna

Til vanleg er det vel ikkje så mykje å skrive heim om at ein har vore på Skylefjellet og ved Mangevatna. Men sett på bakgrunn av den siste månaden, var dette likevel ein bra tur for meg i dag. Kjekt å kome seg opp i høgda igjen og sjå horisonten med hav og øyar. Og ikkje minst sjå Mangevatna igjen. Dette flotte naturområdet på nordsida av Stongfjorden. 

På veg ned igjen traff eg òg bra med folk i dag. Både ein og to passiarar i bakkane. Kjekt at det er mange som set pris på det nydelege nærområdet vi har.  

fredag 9. juli 2021

Mimrestund 2

 

Med Agnar på Straumsnes rundt i fjor

I fjor sommar vart eg med Agnar Åsnes på Straumsnes rundt. Vi var vel oppom dei fleste fjella her. Dette er ein tur eg hugsar godt, sidan eg som totalt ukjend på desse traktar fekk oppleve Dalsfjorden og fjella i Askvoll frå ein heilt ny vinkel. Så i dag mimrar eg litt over denne turen. 

Blogg, foto og video her.

Morgonen starta forresten lenger ute i fjorden då dagsturhytta Vidsyn vart besøkt i høve TiTur Dalsfjorden. Ja, jammen er det fint på sørsida av Dalsfjorden òg.... 

Dagen i dag var som dei førre 14 dagane - ein god times tur inn Solsidevegen i Stongfjorden og heim igjen. På rehabiliteringsruta mi... 

Lindhammaren i dag - 
men i dag var kyrne lenger nede i bakkane....