torsdag 31. desember 2009

Whiteout

Når himmel og land går i eitt! Foto frå toppen på Toreheia i dag. Tredje dagen på rad! Etter at eg hadde vore på arbeid i dag òg, traff eg Anita og Dag Tore på Rinda i stad. Dei hadde vore på Toreheia på ski. Eg gjekk berre på føtene. I spora frå i går og på tirsdag. Det var allereie begynt å snøe då eg gjekk heime i frå. På Rinda, medan vi stod der og prata, la det bra ned. Eg rekna det vel nærast for ei byge, og gjekk vidare etter å ha sagt Godt Nyttår. Vel, byga den rakk. Og det vart berre tjukkare og tjukkare etter som eg steig oppover i lendet. På Krikavatnet var alt kvitt - absolutt alt. Eg hadde aldri visst retningen om det ikkje var for spora frå i går. Som no var nesten snøa vekk. Eg var 5 sekund inne på tanken om å snu. Men det var fortærande tenkte eg. Kjensla av å gå heim utan målet i lomma er som eit tap. Så eg tok til på oppstigninga og bakkane frå vatnet. Heldigvis var det heilt vindstille. Hadde det føyka i tillegg, ville det raskt vorte endå verre. Eg vart no så bestemt at eg sette inn eit ekstra gir oppover. Så det gjekk egentleg ganske greitt opp på toppen. Sjølv om det krevde sin mann...:-) Noko verande plass var det ikkje der oppe. Eg skifta klede på overkroppen, tok eit par, tre bilder og gjekk raskt ned igjen same vegen som eg kom opp. Merkeleg nok skjedde akkurat det same nedover mot vatnet. over vatnet og nesten heilt ned igjen til Svartevatnet, som opp. Fullstendig kvitt alt. Himmel, snø og skodde gjekk i eitt. Eg såg berre eit par, tre meter framfor meg i blindeføret. Det hadde vore heilt håplaust å renne på ski. Og etterkvart vart spora eg hadde sett av på veg opp nesten heilt borte. Det var ikkje heilt nådig det her. Og fleire gonger var eg jammen glad eg hadde reflektstengene mine å gå etter. Bra at dei stod tett!! Halvvegens ned igjen, mellom Krikavatnet og Svartevatnet, fekk eg heldigvis litt meir sikt mot høgdedraga. Så då var det "game over" for spenninga sin del. Resten av vegen ned vart eg difor meir bevisst på at det jammen var tungt å gå i all snøen som var komen ned, i tillegg til den gamle. Men ikkje verre sliten då eg kom heim enn at eg mòka tunet vårt for snø....:-9 Så med desse orda frå turen i dag ynskjer eg alle lesarar av bloggen min eit retteleg GODT NYTTÅR! Det skal nok bil ei råd med eit innlegg eller to i det nye året som kjem òg...

onsdag 30. desember 2009

Reprisen (vart ikkje fullt så god...:-))

Litt snødrev i lufta på Toreheia i kveld Eg gjekk like godt opp igjen på Toreheia i kveld òg. Eg tok med meg trugane, og nytta dei omlag halve vegen frå Rinda og forbi Krikavatnet. Det fungerte heilt fint. Men sakk litt ned i nysnøen. Vèrmessig vart det ikkje så fint som i går. Månen var gløttvis framme, men det vart aldri like lyst. På toppen kom det ei lita snøbyge òg, så fotograferinga eg hadde gledd meg til gav eg katten i. Det kunne ikkje bli noko særleg bilde ut av det likevel, med forseinka lukketid på blendaren, når vèret vart slik. Eg fekk vere nøgd med kva eg fekk til i går kveld. Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Eg måtte ty til hovudlykta, og kom meg flott opp og ned utan problem....

tirsdag 29. desember 2009

Fenomenal måneskinnstur

Med innstilling for stjernehimmel på kameraet og 30 sekund lukketid... Vi ser ut Stongfjorden. Eg fekk meg ein fantastisk måneskinnstur på Toreheia i kveld. Så utruleg vakkert! Til å bli heilt mållaus av. Og det er berre forbokstaven... Perfekt nysnø, kaldt, vindstille og omlag fullmåne. Eg brukte kun hovudlykta litt på toppen og nede i granskogen. Elles skinte månen og gjorde det nesten dagslyst. Skuggen av meg sjølv var nesten som frå sola ein solskinndag. Den tørre nysnøen gjorde sjølvsagt sitt til av det var så eineståande lyst... Ja, det var så vakkert at eg gløymde slitet med å komme meg opp. Slik sett var det greitt å prøve innstilling for nattfotografering og stjernehimmel med 30 sekund lukketid. For eg gav meg god tida i kveld. Ingen grunn til å kave. Det var altfor fint og altfor tungt å gå til det... Eg brukte bra med tid på toppen òg i kveld. Det var heilt vindstilt her òg. Tindrande klårt. Og lysa borte på Svanøya og Florø var så nær at eg følte eg kunne strekke ut handa og ta på dei... Dette må vere finaste kvelden eg har hatt her oppe i år... Ja, utan tvil. Merkeleg nok vart eg ikkje valen på nevane i alle operasjonane med kameraet heller (ok - sikkert fordi det var vindstille...:-)) På veg ned igjen var det nesten som "ånda" kom over meg... Det var sterkt. Spora etter meg sjølv på veg opp lyste i måneskinnet heile vegen ned igjen til Krikavatnet, over vatnet og heilt opp igjen dei neste bakkane til det forsvann i synsranda. Eitt spor. Mitt! I månelyset forsvann det inn i æva... Det var høgtideleg. Meg der åleine... Slike stunder du verkeleg kjenner at du er i live. Så uendeleg godt å vere til. I bakkane ovanfor vatnet la eg meg like godt på ryggen i snøen og fann meg nokre stjerner å kvile auga på. Ikkje rart at eg var noko øsen då eg kom heim igjen òg. Det er berre ein ting å avslutte med i kveld - gakk hen å gjør det samme...:-)

Fra Toreheia 291209

søndag 27. desember 2009

Tredje dagen

Rimeleg tøffe forhold på Toreheia 3.juledag Synd med turen eg hadde planlagt med Agnar i dag tidleg. Vi var tenkt oppom Nipebu ein tur. Og Fossedalshengenipa.Men med all nysnøen og mildvèr med regn i dag tidleg, valde vi å utsette det. Vèret vart litt betre ut på føremiddagen, så eg gjekk opp på Toreheia "her heime". Med all nysnøen som var komen, var det ikkje berre, berre det heller. Fonnene låg djupe. Og mange plassar rakk dei både opp til knærna og låra. Eg prøvde sjølvsagt så godt det lot seg gjere å gå der det var mest avblens. Som på fjellranar og knausar, og der det stakk opp gras og lyng. Men mange gonger måtte eg berre bite det i meg å hoppe ut i fonnene. Det er ganske slitsomt når det i tillegg er bratt oppover... Frå vatnet og opp låg det skodde. I tillegg begynte det å snøe... og blåse. Det vart i det heile teke ganske ufyseleg. Men eg vurderte aldri å snu. Eg var godt utstyrt. På toppen måtte likevel alt fram. Full pakke. Balaclava, briller og finlandshette, og full skift av alt under jakka... Det er jo alltid ei lita utfordring å ta av seg alle klede ovantil når det er kaldt og bles, men det er berre heilt naudsynt. Kroppsvarmen forsvinn fort i sveittevåte klede. Helst burde ein ikkje utskilje sveitte i det heile, men så kaldt er det då ikkje at ein må ta det SÅ med ro heller. Iallefall når ein har med byteklede. Eg valde å gå ned igjen same vegen eg kom opp i dag. Det låg tjukk skodde utover Yndestadfjellet. I tillegg tek vinden endå meir ut att denne vegen. Så eg kom meg fortast mogeleg ned igjen mot Krikavatnet, der det er meir livd. Turen heim igjen her i frå var tung nok den. Om ikkje eg direkte var sliten eg kom ned igjen, så hadde eg iallefall vore på 3.dags tur...:-)

Fra Toreheia 271209

lørdag 26. desember 2009

Vinterglede

Fossedalshengenipa i dag tidleg... P.S. Eg hadde ei jakke til...:-) Eg tok turen opp igjen på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Lett snødrev i lufta, men relativt lite vind. Det var ganske stor skilnad på å gå opp i dag i forhold til julaftan. For no hadde eg spora mine å gå i (men ingen andre hadde gått der, så det var ikkje akkurat oppgått for å seie det slik). Kanskje hadde x-antal kilokaloriar dei par siste dagane sitt å seie òg, for det gjekk ganske lett. Iallefall til det siste bratte fjellet opp, for der var alt blese til igjen. I dag hadde eg òg lagt broddane igjen heime, så det var litt slipptak i tillegg til at snøen var djup somme plassar. Men pytt, det tolte eg fint. Noko vidare å sjå frå Fossedalshengenipa i dag var det ikkje. Den lettkorna snøen i lufta kombinert med litt skodde, gjorde utsikta til alle kantar umogeleg. Så eg skifta berre nokre klede og knipsa eit par bilder, før eg gjekk ned igjen. Og som hin dagen - nede igjen utan noko problem i det heile. Fin juletur dette òg...:-)

Fra Fossedalshengenipa 261209

fredag 25. desember 2009

Før juledagsbesøket

Det lysnar av dag 1.juledag på Toreheia Margunn og Tor Ivar, Sander og Hanna vart att her i natt etter at dei var her til middag i går kveld. Dei to andre jentene mine, Kristine og Ingebjørg med 4 barnebarn til kom her i dag til brunch. Eg nytta meg difor av einaste sjansen eg hadde til å ta meg ein tur på Toreheia før dei andre var oppe. Så eg drog oppover i 07-tida med hovudlykt. Det var ein flott og ganske stille morgon, delvis stjerneklårt. Det viste seg at det hadde vore opp folk på Rinda og til hytta til Skåren sidan eg sist var oppover. Men dei hadde ikkje gått lenger. Eg heldt sjølvsagt fram oppover og forbi Krikavatnet og til topps. På Toreheia var det som vanleg friskt. Som dei fleste veit er austavind og nokre minusgrader ganske friskt i kjakane og på nevane. Spesielt når du i tillegg er våt av sveitte. Vel, dei klærne kom no av i ein fei og på med nytt, tørt. Nokon soloppgang vart det ikkje. Eg var for tidleg opp. Det var akkurat begynt å lysne såpass at eg kunne sløkkje hovudlykta (litt lenger nede) og fekk teke nokre bilder. Som sist gjekk eg vestover Yndestadfjellet. Måtte ha eit juledagsbilde av bygda. Og kom meg fint ned igjen før klokka 10.30. Og då hadde eg endå ein time igjen før nytt innrykk i heimen... Flott morgontur!

Fra Toreheia 251209

torsdag 24. desember 2009

Fossedalsnissen

Fjellnissen på Fossedalshengenipa i dag tidleg... Den tradisjonelle juleturen 24/12 gjekk i dag tidleg til Fossedalshengenipa. Eg gjekk opp frå Skjerlia klokka 08 med hovudlykt. Men vart ganske fort overraska over kor mykje snø det låg bortover til vatnet. Og det vart ikkje mindre etterkvart. Snarare tvert i mot. Det var berre ein ting å gjere - ta det heilt med ro og bruke den tida eg trengde. Og jammen måtte eg stoppe for å puste nokre gode drag av og til. Spesielt i bakkane og ura under Krokavatnet gjekk det tungt (sjekk bilder av snøen)... Godt var det å vere kjend kvar stien går opp ura, for den var komplett nedsnødd og umogeleg å finne for den som var ukjend. Heldivis kjenner eg mange av steinane...:-) Eg kom meg likevel rimeleg friskt til mote opp til Krokavatnet, der dagslyset gjorde at eg kunne sløkkje hovudlykta... Og med lyset går alt så mykje bedre... Sjølv om det var ganske isete lenger oppe i skråhamrane, så kom eg meg ganske greitt opp til den lange og bratte stigninga av berget opp mot toppen... Her var det såpass hardt mange plassar at eg valde å ta på meg broddane. Sjølv om eg neppe hadde segla ned igjen, sparer ein krefter på å sitte nokolunde fast i underlaget i staden for å skli heile tida. Og opp her er det som sagt ganske bratt... Ein annan faktor som gjorde seg gjeldande var vinden. Sidan eg allereie var god og sveitt, vart det fort kaldt. Men eg gjekk heilt til det vindstille partiet heilt oppe under toppen, før eg tok på meg nye, tørre klede. Standardpakken min med Brynje Artic (netting og ull i same trøya), Primaloft dun, vindtett "skjørt" og i dag Goretex jakka frå Arcteryx. God, ledig og varm.... Før eg hoppa ut igjen i vinden og bort på toppen. Planen var å få med meg soloppgangen kl 10. Det heldt akkurat med tida, men diverre låg det eit ganske tjukt skylag i sør som dekka for sola. Eg tok likevel nokre bilder og ein videosnutt, før eg gjekk ned igjen nesten same vegen. Turen til Skjerlia igjen er i grunn ikkje så mykje å skrive om. Eg gjekk nesten konsekvent i spora eg hadde gått opp. For å spare både tid og krefter. Heime venta nemleg Olaug med grauten. Som alltid smakar perfekt etter juleturen. For ikkje å snakke om det som kjem seinare...:-) God jul til alle som les bloggen min. Eg satsar på å halde fram med denne i det nye året òg..!

Fra Fossedalshengenipa 241209

Bilder frå Toreheia 22/12 som ikkje er publiserte:
Toreheia 221209

søndag 20. desember 2009

Rennefòk og isande vindar

Bitande kald vind på Toreheia i dag... Det vart lite turgåing forrige veke. Skuleavslutning og avslutning for kulturskulen tok to kveldar. Så var det ei visdomstann som vart trekt ein ettermiddag som gjorde meg litt i ulage. Og som om ikkje dette var nok fekk eg spysykja natt til laurdag. Den sit no delvis igjen endå... Men eg klarde likevel ikkje å dy meg i dag. Veit ikkje kva som var mest ilt - å ligge som eit anna slakt ute i senga å gaule eller å komme seg opp på fjellet. Eg valde det siste. Vel, kroppen var i ulage. Tappa og svekt. Ute var det kome plenty med snø og snødrevet gjekk til og med ute på tunet. Men eg traska no i veg oppover til Rinda. Snøen låg litt ujamt. Det kan eg vel seie for heile vegen opp på Toreheia. Berghamrar og nakkar var avblesne, så eg prøvde i mest mogeleg grad å halde meg til dei. Men frå der det var avblese, var det sjølvsagt samla seg opp i digre fonner andre stader. Og mange av desse måtte eg òg over. På jamna gjekk snøen til knærna. I motabakkar er dette sjølvsagt tungt. Krikavatnet var frose. Så det gjekk eg beint over. Men her oppe tok vinden og fokket noko alvorleg. Og sjølvsagt midt imot heile resten av stigninga. Brillene var heilt nødvendige i dag, så mykje som det bles og fauk. Eg kom meg sånn nokolunde greitt opp, sjølv om det gjekk mykje lenger tid enn vanleg. Men jammen var det kaldt her oppe. Isande vind. Men eg var berre nøydd å få av meg på overkroppen og få på meg varme og tørre klede. Etter den seansen var nevane gjennomfrosne. Aj, aj kor valne dei var. Så eg greidde berre å få knipsa av eit bilde av meg sjølv på toppen. Arcteryx jakka som var fuktig innveldig av turen opp, vart flattbrød på eit par minuttar der ho låg ved varden medan eg bytta... Så eg kom meg rimeleg kjapt der i frå. Det tok ikkje så mange minuttane før eg fekk varmen igjen i dei gode klede. Og på veg heim dukka sola fram òg ei stund. Og det gjekk fint. Men dette var nok tøffaste turen på Toreheia i år. Noko sympati å få i heimen etter turen var det derimot lite med...
Fra Toreheia 201209

tirsdag 15. desember 2009

Full vinter

Kveldsbilde frå Toreheia 12/10 Det var skikkeleg vinterstemning på Toreheia i kveld. Midt oppe i bakkane ovanfor Krikavatnet starta snøen å pakke seg rundt beina på meg. Og oppe mot toppen låg det ca 15 cm. Vilt og forblåst med fokksnø over berg og hamrar. Som på Nordpolen. Og austavinden reiv godt i kjakane og i føter utan stillongs. Jepp, då var vinteren her. Iallefall oppe i fjellet. Lenger nedover i lendet var det glatt. Mykje is i stien gjorde at det var greiast å gå utanom og i lyngen. Ned igjen var det ikkje heilt farefritt å springe. Vel, eg gjorde det likevel... Og merkeleg nok greidde eg å halde meg på beina i kveld. Med naud og neppe nokre gonger. Men det er no moro òg når du ligg på grensa av å ikkje kunne kontrollere bevegelsane... Dei frosne steinane i elvane er eg likevel obs på - dei er livsfarlege. Spesielt ein plass nedom Rinda, der eg heldt på å fare utfor ein gong før då eg sklei...! Egentleg kjekt at det kom litt snø oppe i fjellet. Det blir så mykje lysare å gå med hovudlykta då. Det er heller ikkje så glatt når snøen legg seg som på barfrosa mark og fjell! Kjekk tur!

søndag 13. desember 2009

Kvardagstur

Motiv på toppen av Mannsskaret. Foto i går. Olaug reiste ned til Askvoll og gjekk på Siktanuten med Anne S. Eg vart heime med Peter, fyrde i ovnen og las gjennom Magasinet frå BT i går. Men i 11-tida, då det var bra lyst ute, var det ok for Peter at eg fekk stikke opp på Toreheia her heime. Han fekk sjokolade og eg fekk gå... (Er det ein slik vinn-vinn situasjon...:-)..?) Eg kom meg fort opp bakkane. Forbi Rinda, Krikavatnet og rett opp, og var på toppen (717 moh) på omlag timen. Etter den fantastiskee turen i går, var det tilbake til kvardagen i dag. Grått og tungt og mildare. Fjellet sov... Og eg tok faktisk ikkje med meg kameraet heller i det dårlege lyset (men nokre MMS for dokumentasjonen sin del må jo til...:-)) Det låg eit tynt lag med nysnø på toppen. Elles var det blygrått i alle himmelretningar...(MMS) Grått og tungt i vèret på Toreheia i dag... Eg gjekk fort ned igjen kanten ovanfor Stongfjorden. Noko isete var det, så eg sprang berre siste stykket heim. Grei trimtur... Men det vart jo eit antiklimaks i forhold til dagen i går...

lørdag 12. desember 2009

Klårt og frost

Første solstrålane for dagen på Fanafjellet Nydeleg på Fanafjellet i dag tidleg Eg har ei snill frue. Ho let meg styre på oppe i fjella som eg vil. Stort sett. Ikkje det. Ho er visst mykje på farten sjølv òg. Med hornmusikken, forbundet, klubb, veninner, jobb og fjell. Ho er driftige soleis. Eg er vel meir einspora. Jobb og fjell, blogg og bilder...:-) Ja, familien òg sjølvsagt. Så i dag tidleg køyrde eg bilen opp i Oslandsbotnen, og Olaug vart med i sin bil. slik at eg kunne sitte på ned igjen til Stafsnes og gå opp der i frå. Det var såvidt det var gålys då eg starta i 8.30 tida. Og dei par første merka oppe i skogen måtte eg stoppe opp litt for å finne. Men snart var det såpass lyst at eg fann fint oppover. Etter all væte i det siste var det frose veldig på. Rimfrost overalt. På marka og lyngen gjorde det ingen ting. Det var meir risky på steinar, hamrar og sva. Der måtte eg vere obs på kvar eg sette føtene. Spesielt når det er mørkt og skymt er dette litt skummelt. Og væta i marka er sjølvsagt òg frosen. Alden t.v og Staveneset t.h. frå oppstigninga til Fanafjellet i dag tidleg Det vart kjempeflott då eg kom opp mot Fanafjellet frå vest. Det lyste rosa over morgonhimmelen i alle himmelretningar. Men spesielt ute i havet vakna dagen til eit rosa slør... Eg nådde opp litt før sola stod opp over Blåfjellet og Blåfjellsåta i Holmedal. Praktfulle desemberfargar og raudleg skin over fjorårslyngen. Det vart ein fantastisk soloppgang. Som sit godt festa i sjela...:-) Soloppgang på Fanafjellet Eg vart fotograferande ei heil stund. Til eg brått kulsa. Var visst gjennomfrosen. Gløymde meg heilt vekk. Jøss, det var godt å få på seg Brynja Artic trøya og Primaloft dun frå Rab! Og ny tørr og vindtett hue. Det var som å skru ovnen på for fullt. Godt med varm og lett Primaloft frå Rab Så luffa eg innover ruta til Siklabergvatna. Nydeleg utsikt til Dalsfjorden og Holmedal i morgonsola. Og i dag var det ikkje eit vindpust heller. Men ruta forbi nede ved vatna, der Hekkelfjellet sperrar for sola, var iskald. Det var som om det var 10 grader kaldare her inne. Sola fekk eg igjen på toppen av bakkane ved Langevatnet. Eg blanda meg noko XL-1 og fekk i meg ein munnfull nøtteblanding der ved utløpet av elva mot Svedalen. Eg lurte på om eg skulle tòre og prøve meg på å gå vatnet. Eg var i høgste grad skeptisk. Etter å ha hoppa litt på isen og den sprakk opp i sprekker, var i grunn ikkje det meir å tenke på... Så eg gjekk rundt austsida og opp sørsida av Smørskornova. Ingen problem i det heile teke. Nydeleg utsikt. Det var rett nok kome litt meir slør framfor sola. Men måtte sjølvsagt ta ein del bilder her inne òg. Utsikt austover mot Blegja og Storehesten og alle dei kjende fjella frå Smørskornova i dag Eg tok så ned nordsida av fjellet til toppen av skaret på sørsida av Svedalen. Har var det unnasols igjen og frose godt på. Så det var berre å ta det heilt piano og komme seg forsvarleg ned. Utan uhell av noko slag, gjekk eg så den vanlege ruta rundt Svelivatnet og ned på Botnastølen og i Oslandsbotnen. Suveren vintertur igjen. Fantastisk soloppgang på Fanafjellet. Aldeles nydeleg! Dei gjer ekstra godt desse desemberturane. Det er nesten så eg ikkje tenkjer på solsnu i det heile teke når eg kan ha slike turar på denne tid av året...

Fra Fanafjellet_Smørskornova 121209

fredag 11. desember 2009

Stjernetur

Like før soloppgang på Smørskornova 29/11 Eg var i grunn tenkt å ta det med ro i ettermiddag. Noko trøtt og sliten etter arbeidsveka. Men det vart endå verre då eg kom heim og opna rekninga på dekka til bilen og diverse anna. Eg måtte avreagere på heile greia, så stunda før eg gjekk i kjellaren og fekk på meg fjellkleda var ikkje lang. Medisinen vart ein super tur opp igjen på Toreheia i kveld òg. Med nokre minusgrader i lufta skein vegetasjonen som av smaragdar. Og det same kan eg vel seie om himmelen. Eit hav av stjerner. No var fukta på steinar og berg òg blitt til iskrystallar. Og det var no so... På berget nedom hytta til Skåren var eg ikkje obs nok, og eg låg langflat ned etter berget med eine foten ut i elva. Trass i ein våt sko, eit kakk i kneet og litt såre handflater, gjekk det heilt fint. Litt action må ein jo rekne med ved slik utagerande livsførsel...:-) Meteorstormen Genimidane, som skal vere aktiv nokre dagar no, såg eg ingen ting til. Men i kveld var det så mykje anna som glitra at det spelte lita rolle. Får ta ein kik ut seinare i kveld. Det er jo optimale forhold med liten måne og mørkt.

torsdag 10. desember 2009

Flott svart kveld

Frå Fossedalshengenipa 6/12. Vi ser Krokavatnet i høgre kant nede og Ålfotbreen i nord oppe. Kjempetur på Toreheia igjen i kveld. Mildt, stilt og fint. Opp og ned til og med utan hue. Det kan eg ikkje hugse sist har skjedd. Det låg rett nok noko skodde på toppen. Og fukta flaksa som englestøv i lyset av hovudlykta. Stilig. Sjølvsagt måtte eg, i joggefart, rett på ræv nedom toppen på noko is som ligg her. Og vart ganske så våt frå livet og ned. Men pytt kva gjorde vel det ein slik fin kveld. Herleg å få bevege seg igjen etter alle kakene i går. Ikkje pga av Dalsfjordbrua som vart vedteken på fylkestinget, men for dagen til Olaug. Dobbel feiring i går med andre ord...:-)

mandag 7. desember 2009

Grå fjelldag

Tunge skyer over Stongfjorden i dag. Bilde frå nedom toppen av Skålefjellet. Yndestad litt til høgre. Sidan det var siste feriedagen min for året i dag, måtte eg berre opp igjen i fjellheimen. Sjølv om dagen var både grå og vindfull. Eg gjekk først opp frå Stafsnes på Fanafjellet. Det var akkurat lyst nok kl 8.30 til å finne oppover der Ansgar Bjarne har merka. Flott rute rett opp frå fjorden til det 722 meter høge fjellet. Eg følte meg i veldig bra slag oppover. Rein nytelse å kjenne at kroppen fungerer i motabakkane. Sidan denne ruta ligg nordvendt til var det nesten vindstille til eg kom opp på snaufjellet. Her oppe tok vinden friskt. Eg var i grunn ikkje tenkt å gå lenger i dag. Iallefall i første omgang. Eg hadde nemleg eit problem med at Olaug ikkje kunne hente meg sidan ho var på møte etter jobb. Så eg måtte ned igjen der bilen stod. Hente Peter på SFO før klokka 16.30. Det var nesten fortærande. Følte meg fit for fight til å gå lenger. Dvs. Smørskornova. Løysinga gav seg egentleg sjølv. Etter Smørskornova kunne eg gå nordatt på Skålefjellet og ned igjen Gjerdedalen. Kjempegreie. Då var det ikkje langt å gå til bilen... Så eg trava innover. Forbi toppen av Mannskaret, der det bles så eg nesten ikkje greidde å fote meg, og inn på Siklabergvatna. Over vadet, opp bakkane og inn til Langevatnet. Her tok eg sørsida av fjellet opp. Heldigvis vart det ikkje så mykje av regn- og snøbyga som kom frå sørvest. Det blir ufyseleg når det i tillegg bles slik. Så eg toppa greitt ut Smørskornova, og tok same vegen ned igjen til Langevatnet. Tok så høgdedraga vest om Svedalen og nord til Skålefjellet. På toppen her kom det ei skikkeleg snøbyge opp frå sør. Så eg krøkte meg i hop bak varden til det verste hadde gitt seg. Deretter tok eg ned den vanlege løypa vi brukte sist når toppen var på fjelltrimmen. Det heldt på å skjere seg skikkeleg ved passering over elva som renn over hamrane lenger nede. Har har eg jo hatt eit par seansar før... I dag vart eg teken på senga av ein tynn isfilm på berga som eg berre trudde var væte. Resultatet var at eg hamna på ræva ned svaberget og held på å sigle utfor eit lite islagt fossefall med stygge steinar stikkande opp. Heldigvis gjekk eg med lause stavar. Dei fòr siglande ned den frosne elva, men eg greidde heldigvis å ta meg for og stoppe. Puhh - den der var ikkje heilt god. Lukka står den kjekke bi? Eller eitt eller anna slikt... Eg trong iallefall eit minutt på å bli kvitt kniven som stod i magen etterpå... Resten av vegen ned til under den store hammaren ved elva, tok eg heilt piano. Men derifrå og ned DNT-løypa sprang eg. Her var det fine forhold til bygds. Jepp, flott tur. Fekk teke meg godt ut. Diverre er det dårleg lys og "grått og trist" oppe i fjellet om dagen. Umogelege fotografiske forhold og blygrå bilder... Hadde no endå sola vist seg... Vel, vel det kjem nye dagar, og vips så er det helg igjen...:-))
Fra Fanafjellet_Smørskornova_Skålefjellet 071209

søndag 6. desember 2009

Vindfull 2. Advent

Eitrenipa og Blegja frå Fossedalshengenipa i dag tidleg... I kasta røska søraust-vinden godt i huset heime i dag tidleg. Og det er jo greitt. Eg veit kva som ventar meg oppe i fjellet her då. Så eg pakka ned både vindtett og ekstra ull-undertøy i sekken, og køyrde i Skjerlia litt etter klokka 8. Fossedalshengenipa next! Isen hadde smelta ein del oppe på svaberga rundt Krokavatnet sidan fredag. Myra nedanfor var framleis delvis frosa, men eg seig gjennom enkelte plassar. Elles gjekk det fort og greitt opp. Vinden derimot tok skikkeleg tak oppe i dei utsette berga mot toppen. Så det kvein! Må vere litt obs på dei kraftige kasta som kjem når det er slike vindtilhøve. Sola stod opp i sør om Fossedalen og Dalsfjorden. Desember-sol er noko spesielt over. Varsam og kald. Og ikkje minst å få oppleve den på fjellet på denne tid er ekstra stas synest eg. Soloppgang frå Fossedalshengenipa i dag tidleg. Kringla t.v og Heileberget t.h. I skaret rett før toppen er det nokre meter som er ganske vindstille. Det er greitt å kle seg om her, før ein går bort på den forblåste toppen. Slik òg i dag. Godt å få på seg skikkeleg tørre, vindtette og varme klede. I dag tok eg til og med fram brillene pga vinden som fekk tårene til å sprette. Røffe forhold og sterke vind på Fossedalshengenipa i dag Som vanleg var det berre å komme seg ned igjen etter å ha knipsa nokre bilder og fått namnet i boka. Det gjekk radig og heilt greitt. Sjølv om det låg noko is igjen på berga oppover, var det i grunn fint å ta seg opp i dag. Sjølvsagt bør ein vere obs og lett på foten. Dei bratte berga mot toppen er omlag snø og isfrie.
Fra Fossedalshengenipa 061209

lørdag 5. desember 2009

"Moonlight Serenade"

Ved Eidsfjorden i dag tidleg kl 7.35 var det månelyst ut i havet... Bildet er teke med 1 minutts lukketid på kompakten...og er vel så klårt ein kan forvente av eit kompaktkamera utan stativ... Friskt på Fanafjellet i dag tidleg klokka halv 10... Eg hadde avtalt med Vigdis om å treffe ho i Rivedal i dag tidleg kl 08, der vi sette igjen ein bil, og deretter køyrde ut igjen til vassverket i Holmedal. Såleis kunne vi gå på Fanafjellet først, og deretter inn på Smørskornova. To fluger i ein smekk. Det var såvidt lyst nok til å gå, då vi gjekk opp vegen frå vassverket og opp på Hålandsstølen. Litt isete i vegen. Eg stod brått og spann utan å komme meg av flekken. Vidare gjekk vi opp og inn Fagredalen. Det var omlag snøfritt. Litt isete enkelte stadar og delvis frose underlag. Midt inne i dalen måtte vi til med hovudplagg, då vinden tok litt meir. Det er flott merka opp Fagredalen med trestenger (John L?). Fint å kunne gå same vegen då det blir fort sti på denne måten. Turen inn og opp stigninga på sjølve Fanafjellet gjekk veldig greitt og fint. Vigdis drog friskt i veg... På toppen av Fanafjellet bles det som vanleg. Rimeleg kjølig. Så etter å ha fått namna i boka, gjekk vi nedom ein hammar og fekk av det sveittevåte tyet i nye, tørre ullklede. Her låg det ei ganske svær snøfonn som liksom skreik til Vigdis om å bli gjort om til engel. Snøenglar skal visst vere både glade og blide. Eit teikn i gleda og optimismens ånd, kan vi vel litt pompøst kalle seansen som utspann seg... Vi var no komne inn i mitt heimland. Så eg førte an i bra fart innover. Forbi toppen av Mannsskaret, austsida av Svarthamrane og over vadet på Siklabergvatna. Det låg meir snø her inne enn på toppane lenger ute. Landskapet ligg meir i skjul for søraust vinden, og var ikkje så avblese. Det vart noko tyngre å ta seg fram. Vi stoppa eit bèl ved utløpet av Langevatnet. Elva her i frå renn ned i Svedalen. Det er ein fin plass å blande seg drikke og finne noko å tygge på her inne. Vi valde å gå opp nordsida av Smørskornova. Dei er greie å ta seg opp både denne og sørsida. Her òg låg det ein del snø og trakke i. Men utan problem av noko slag å komme seg opp. Fargane på skyene både i sør, nord og vest, var flotte. Rosa, mørkeblå og svart. Og alle nyansar inn i mellom. Skikkeleg fin vinterdag, men utan sola i dag òg. Vi tok ned igjen skaret på sørsida av fjellet med peiling mot kraftstasjonen i Rivedal. Her er det noko bratt og ulendt første biten ned. Eg dreiv og fotograferte her opp, så eg vart litt etter Vigdis nedover. Resultata når ein skal skunde seg er ofte ikkje gode. Eg hadde meg difor ein seglas på ræva nokre meter nedover. Men med halvfrose gras som underlag vart det egentleg berre komisk... Vi heldt noko av høgda, og vestsida av dalen ned til sjølve demme i Rivedal. Dermed unngjekk vi myrane i botnen på dalen. Artig var det å komme over ei halvròta bjørk med fleire tjukar, der ein hakkespett hadde hakka hol under ei av dei. Tjuka fungerte som tak (sjå foto)! Holet såg relativt ferskt ut og truleg nytta i år. Kven har sagt at fuglar ikkje er intelligente vesen...? Etter at vi kom ned til parkeringsplassen i Rivedal, høyrde vi ut igjen til Holmedal til Vigdis sin bil. Og tok farvel svoltne som ulvar... Yess, det var ein fin tur. Ca 4 timar. Vinterleg. Ein ting er iallefall sikkert:Det er godt å ha med seg gode byteklede. Dessto viktigare no enn elles i året...
Fra Fanafjellet_Smørskornova 051209

fredag 4. desember 2009

Ein dobbel ein...

Om det er dama nedunder denne karen ser etter eller drøymer om skal vere usagt... men han har iallefall eit steinblikk...:-) Eg hadde nest siste feriedagen min for året i dag. No gjenstår berre mandagen... At eg skulle på fjellet var eg bestemt på. Ikkje akkurat noko bombe. Men kor mykje eg skulle gjere ut av det, var meir uklart. Eg hadde iallefall pakka sekken og smurt meg 6 skiver, så fekk eg sjå. At eg skulle på Fossedalshengenipa var òg greitt. Men derifrå visste eg ikkje. Kanskje ta heile fjellet vestover via Nipebu til Stongfjorden? Det andre alternativet var å gå ned igjen, ta opp igjen frå Oslandsbotnen og ta med Smørskornova og Fanafjellet med retur tilStafsnes. Det tredje alternativet etter Fossedalshengenipa, var å køyre heim igjen, lese Firda på sofaen og gå på Toreheia etterpå. Det ende opp med siste alternativet... Det var fleire grunnar til det. Viktigaste var at det var veldig isete på hamrar og sva. Å gå ein heil dag og vere redd for å tryne, er ikkje det heilt store. Dessutan er det ikkje heilt risikofritt med omsyn til å skade seg. Skli nedetter islagde sva kan jo ende med forferdelse. Åleine er det endå verre. Ein annan grunn til vegvalet var sjølvsagt at det bles. Kaldt. Det meste av snøen var vekke pga vinden som hadde røska godt i fjellsidene. Tredje grunnen var at eg fekk meg eit slag i det dårlege kneet, så det ila som knivar gjennom heile foten. Eg tok rett og slett ikkje sjansen på å gå i 7 timar med det på knallhardt underlag... Vel, vel, det er forskjellige val ein må føreta når ein går mykje i fjellet. Har jo ikkje så mange å diskutere med heller når ein går åleine. Ein må i grunn lære seg til å stole på seg sjølv og eigne val. Greitt soleis - når ein blir van med det! Det gjekk veldig greitt opp til Krokavatnet. Då klokka berre var vel halv 8 gjekk eg med hovudlykt. Nysnø på frose terreng er oftast skummelt. Men sidan det var begynt å mildne, virka det som om snøen på ein måte var begynt "å lime seg fast" i underlaget. Så eg sat faktisk godt på oppover. Men i skråberga rett nedanfor og ovanfor Krokavatnet var det verre. Har var snøen blesen vekk og blottla mykje isete sva. For dei som er litt kjende, veit at berga hallar ganske mykje. Is og hallande svaberg er ikkje heilt greitt, iallefall utan broddar... Så det tok litt tid å komme seg opp. Når det var slik opp her, var eg spent på korleis det var opp dei bratte berga på Fossedalshengenipa. Eg rekna med dei var tørka opp. Det stemte heilt (nesten). Så eg kom meg heilt greitt opp på tørre berga. Sjølvsagt ved å gå utanom der det var frose på. Det bles på toppen. Som vanleg kaldt på denne tid. Eg tok nokre bilder og ein videosnutt før eg gav meg i veg ned igjen same vegen eg kom opp. Absolutt på allerten i forhold til isen. Men det gjekk heilt greitt, utanom episoden då eg strekte i det dårlege leddbandet (trur eg). Som sagt, det gjekk som ein kniv oppetter foten... Så eg køyrde heim igjen. Laga meg kaffi og åt opp turmaten. Fyrte i ovnen og fann dagens Firda og teppet mitt.... Og sovna. Lett forfjamsa vakna eg og fekk i meg ein mandarin og eit glas pepsi. Kneet var bedre, så eg kledde meg igjen og gjekk opp på Toreheia. Heilt pigg og fin. Isen på Krikavatnet var skrudd i hop borte i eine enden av vatnet. Søraust vinden hadde røska det skikkeleg til. Det var minimalt med snø igjen. Berre nokre flekker. Og vinden var ikkje så sterk. Til og med på toppen. I ly av varden tykte eg brått at eg høyre ein lyd. Så ein til. Og der dukka Leif og Torunn F. opp. Vi kvapp vel litt alle tre. Dei kom nemleg opp frå hi sida, frå Osland. Vi vart pratande litt der i vinden. Før det vart for kaldt. Eg valde å gå ned igjen kanten over Stongfjorden. Kjekt å gå i vestleg retning der ein har havutsikt heile vegen. Eg tok det med ro. Fotograferte litt. Men jammen begynte det å mørkne fort. Siste delen sprang eg difor heim igjen. Dvs. nede i granfeltet i Selda såg eg nesten ingen ting. Utruleg kor mørkt det er inne i granskog. Ikkje rart at det ikkje veks noko i den sure jorda.... To fine turar dette. No var det tid for å hente Peter. Turdagen var unnagjort...
Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 041209
Ho låg så behageleg og utfordrande til denne dama...

onsdag 2. desember 2009

Fullmåne-tur

Apropos vinterklede, her Agnar på topplatået på Blegja 18/10. I dag slapp eg heldigvis å sitte i kø ved Heilevang etter arbeid. Det har vorte nokre lange stunder der inne når eg har måtte vente på at dei har kunne sleppe køa forbi. Grunnen er sjølvsagt sikrings-arbeidet i Hundsåna. Etter to kveldar i ro, delvis grunna ovannemnde, var motivasjonen difor ekstra stor på ein kveldstur på Toreheia. Og eg fekk meg ei skikkeleg økt opp. Kneet var bra og overskotet på plass. Som flybensin...:-) Så det gjekk skikkeleg unna opp bakkane. Herlig! Ikkje minst at fullmånen var med som følgje. Han stod midt i synet siste delen opp frå Krikavatnet. Artig. Rett nok bles det skikkeleg oppe på toppen. Så eg måtte huke meg i hop for ikkje å ramle bortetter berga. Og det svei grassat i kjakane! Men det gjorde liksom ikkje noko når månen nesten gjorde landskapet dagslyst... Eg småsprang for det meste heim igjen. Men litt nysnø og is førte til eit par krumspring som truleg hadde gjort seg godt på film... Å springe etter lyset frå hovudlykta er heller ikkje heilt enkelt - med mitt syn iallefall. Det var iallefall ein kjempeflott tur. Som gjorde spesielt godt etter to dagar i ro. Men no har eg snart ekstra lang langhelg, og meldingane ser brukbare ut!

mandag 30. november 2009

Vinterklede

Bilete frå Blegja i haust Etter turane i helga, tok eg det heilt med ro i familiens skjød i kveld. Godt med fyr i omnen og litt ro i heimen.... Og ute fell ei og anna snøfille. Berre så vidt det kvitna over. Antydning til julestemning. Og på onsdag er det fullmåne. Vi får satse på eit par fine kveldsturar med hovudlykt seinare denne veka . Eg fekk spørsmål om kva klede eg brukte i går. Så eg laga ei komplett liste over klede og utstyr med linkar. (Alt dette kan eg absolutt anbefale hvis du er på jakt etter noko.) Devold-trøya vart bytta på Smørskornova med Brynje-trøya. Her vart òg resten av kleda tekne på. Utapå-jakka pakka eg ned igjen halvveges, men resten nytta også siste del av turen. Det er viktig med tørre, lette og varme klede i vinterfjellet. Arcteryx Gore-tex jakke og buksa vart ikkje tekne med i går. Heller ikkje dunjakke frå Mountain Hardwear. Det var tørt og ikkje så (veldig) kaldt i går... Arcteryx Gamma softshell-bukse Janus stillongs Brynje Arctic Zip Polo Devold Expedition trøye Janus Ullboxer Safa Raggsokkar Scarpa Ladakh Norrøna Gamasjar Outdoor Research vottar Outdoor Research Winter Trek Hat Outdoor Research Peruvian Hat Marmot Balaclava Specter Pullover Rab Generator Smock Rab Drillium Jacket Black Diamond karbonstavar Mountain Hardwear dunjakke var ikkje med i sekken i går, men er ein fordel om det blir kaldare.

søndag 29. november 2009

Fantastisk vintertur

Første solstrålene for dagen på Blegja og Storehesten. Foto frå Smørskornova i Rivedal i dag tidleg kl 9.37. Eg vakna som vanleg i 6-tida og kjende etter stoda i venstre kneet. Ikkje så verst. Berre litt stivt. Eg låg 5 minutt og tenkte på alternative turruter. Og fann ut at Smørskornova-Fanafjellet frå Oslandsbotnen skulle bli fint. Stjernene glitra nemleg inn i senga. Så slo det meg at det kunne høve med tida frå det vart gålyst til å komme opp til soloppgangen. Eg stod opp og fekk i meg havregrauten. Det var bekmørkt ute. Det var berre å roe seg heilt ned ei stund. Etter å ha kosa meg med kaffi ei tidleg, stille morgonstund medan dei andre sov, pakka eg sekken, kledde meg og køyrde på Osland. Klokka var akkurat passert 8 då eg kom inn i Botnen. Det var såvidt lyst nok til å gå oppover utan hovudlykt. Minusgradane kjendest kalde. Det var ikkje så mange av dei. Men kombinert med ein frisk austatrekk svei dei godt i kjakane. Eg gjekk berre med ei tynn ulltrøye under den lette Rab Drillium jakka. Og hadde teke på stillongs under softshell buksa. Eg kom meg raskt opp til Botnastølen. Det raude morgonlyset fekk austsida av Skålefjellet til å skine i dei brune haustfargane. Skålefjellet skin i raudt i tidleg morgonlys i dag Botnastølsvatnet glitra av sølv. Bekken frå Porten klukka. Hytta låg med skoddane for. Minne om gamle dagar. Eg gjekk raskt opp skaret til Svelivatna. Stien var delvis frosen. Men ikkje så glatt. Væta som var blitt til is på stein og hamrar måtte eg derimot vere ekstra obs på. Vatna var nesten fylte heilt opp (regulerte). Eg heldt fram sørover vestsida av vatna, og opp i Svelia. Morgonskodda låg trolsk oppe i Vardenova. Nysnø og kaldt såg det ut til. Det var så stilt. Så fredeleg. Ikkje ein lyd frå det lysnande landskapet. Det er som om bagatellar i livet forsvinn slike stunder. Småtteri i den store samanhengen blir ikkje eksisterande... Eg gjekk vidare opp i dalen. Fekk hytta til vèrelaget og Morkstølen i syne. Haustfargane skein. Heldt så opp skaret i sør til oppstigninga på nordsida av Smørskornova. Her kom eg opp i første snøen for dagen. Snøen viska ut fargane. Jamna landskapet. Frå nordsida av Smørskornova ser vi ned i Svedalen. Vèrehytta midt i bildet. Ein bit av Førdefjorden i bakgrunnen. Eg følgde eit hjortetrakk opp på toppen. Så fekk austavinden tak. Det var som is på huda gjennom jakka og den sveittevåte Devold-trøya. Eg måtte berre komme meg fort i skjul og få på meg tørre og varme klede. Frå det flate toppartiet dukka Storehesten opp i aust frå morgonskodda. Eit fantastisk skue! Storehesten stikk opp som ein jakel i aust. Varden på Smørskornova er minimal. Det er nesten ikkje skjul å finne i det heile teke. Men eg hadde ikkje noko val. Kleda måtte av. Det var forfriskande i austatrekkem kan eg vel seie. Eg hadde akkurat fått på meg tre nye lag med klede. Ny ull, Primaloft dun, vindtett "skjørt", ny hue, balaclava og jakke. Likevel følte eg meg lett og ledig. Varmen formeleg seig inn... Då stod sola opp! Perfekt! Akkurat som eg hadde tenkt heime i senga. Sjølv om eg ikkje hadde peiling på kor tid sola stod opp, var det som om naturen sjølv hadde tima det for meg... Soloppgang frå Smørskornova i dag tidleg. Vi ser inn Flekkefjorden. Nesten rett i sør kom den gule, livgjevande kula sakte stigande opp over horisonten. Flekkefjorden låg i skodde. Delvis Dalsfjorden òg. Blåne i blåne i sør. Skoddedottar. Eit lysscenario baud seg fram for dei vidarekomne. Første søndag i advent. Utsyn over vidder, fjell, brune dalar og snø. Snøen ja. Han var rosa i dei første strålane for dagen. Men det var kaldt. Nevane var kjenslelause etter eit par minuttar med kameraet i nevane. Varden er ikkje stor på Smørskornova. Skålefjellet og Svarthamrane i Stongfjorden i bakgrunnen. Snøen skein i rosa farge i dei første strålane for dagen. Eg fann fram dei gode vottane. Men var likevel komen heilt ned og vest igjen til Langevatnet (Holmedal), før eg fekk varmen igjen i nevane. Du kan nesten skrike så vondt som det gjer når følelsen kjem igjen i fingrane. Så blir det varmt. Glovarmt... Hekkelfjellet spegla seg i vatnet då eg passerte. Raudleg i lèten. Vakkert. Romantisk. På nordsida av Hekkelfjellet mot Siklabergvatna gjekk eg ned att i skuggelandet. Det svei i kjakane. Eg blanda meg noko XL1 og fekk i meg noko nøtteblanding. Det gjorde underverk opp bakkane på sørsida av Svarthamrane mot toppen av Mannsskaret. Hekkelfjellet speglar seg i Langevatnet som er delvis frose. Her ute er det utsikt nord igjen til havet, Stongfjorden, Toreheia og mot Osland. Eg såg faktisk at det låg skodde på fjella på nordsida av Stongfjorden. (Eg fekk etterpå vite at Olaug var på Toreheia med Sissel). Og etter oppstigninga i vest mot Fanafjellet seig skodda inn mot meg òg. Det var likevel ikkje mange minuttane det var heilt kvitt, før det letna igjen. Då eg stod der og tok nokre bilder, dukka det opp ein person i vest. Jammen var det ein Stongfjording òg. Ansgar Bjarne i friskt morgondriv! Han skulle oppom Moldura. Vi vart pratande litt om ruter og anna. Det viste seg at han hadde merka ruta han brukar å gå frå Stafsnes. Det var den retningen eg var tenkt å gå ned i dag òg. Han sa at der var det berre han og hjorten som gjekk. Så etter å ha preika litt der i kulden (kulde og sveitte er ein dårleg kombinasjon), tok eg ned på vestsida av Langevatnet (Stongfjorden) og fann løypa hans med ein gong. Og lat meg slå fast: Ansgar Bjarne har gjort ein kjempejobb med å merke ned igjen her. Ansgar Bjarne på Fanafjellet i dag. Enkelte gonger går det troll i ord. Merkelege greier. For då eg kom vest om Langevatnet og litt nord ned i lia, sprang det opp 7 hjortar. Eg veit ikkje kven som kvapp mest, eg eller hjortane, men eg greidde til slutt å rote fram kameraet og festa tre av dei på brikka frå litt avstand. Eg var vel ikkje meir enn omlag 50 meter i frå dei då dei sprang opp. Siste karen som forsvann over kammen var ein flott kronhjort! Flott oppleving! 7 hjortar skvatt opp framfor meg på høgste fjellet. Her tre av dei i full fart på eit dårleg zooma bilde... Eg fann enkelt vegen ned igjen til Stafsnes ved å følgje den gule merkinga og vardane til Ansgar Bjarne. Kjempeflott! Vel nede igjen henta Marie meg på Stafsnes og køyrde meg på Osland etter bilen. Takk Marie... Turen i dag tok ca 5 timar. Inkludert fotografering. Det er ein av dei betre på lenge. Det å oppleve soloppgangen på fjellet er noko relegiøst over. Iallafall no når ho er på sitt lågaste. Vi er så heldige som har ein slik natur rundt oss som vi kan nyte om igjen og om igjen. Ein blendande luksus. Eg er priviligert som har høve til å nyt(t)e deler av livet slik.
Fra Smørskornova_Fanafjellet 291109

lørdag 28. november 2009

O jul med din glede...

Utsikt til havs og mot Svartevatnet frå turen på Toreheia i ettermiddag. Så vart det ein tur til i dag. Standardturen på Toreheia. Vèret vart berre betre ut over dagen. Det låg litt snø og skodde på toppen, men elles ein flott tur opp. Eg hadde mindre klede på meg no enn i stad. Droppa m.a. stilongsen. Den hadde eg jo aldri gått med på Fossedalshengenipa i stad, hvis eg visste eg berre skulle opp dit. Det er veldig mykje lettare å gå utan. Eg tok kanten på fjellet ned igjen. Skiftande lys med snø og haustfargar. Og jammen var sola framme eit par minutt òg. Delvis iallefall... De som ser litt nærmare på eitt av bilda vil sjå ein snøsporv. Det var litt spesielt. Ovanfor Selda traff eg på Torunn F. som var på veg oppover ilag med mannen. Leif gjekk lenger mot nord. Vi stoppa for nokre ord, men dei var vel rimeleg seint ute i høve lyset, så dei måtte berre skunde på... Ja, fin tur opp der i ettermiddag. Det vart eit lite plaster på såret for den amputerte turen i stad. Så får vi sjå kva morgondagen bringer. Det er vel ikkje kvar dag ein med handa på hjartet kan seie at ein har opplevd noko nytt. Iallefall ikkje i dusjen...:-) Men det kan eg trygt seie i dag. For då eg hoppa i dusjen då eg kom heim igjen, sat Olaug på badet og øvde på julesongar på trompeten. Å dusje til hornmusikk og julesongar, har eg aldri gjort før. Det var i grunn ei morsom erfaring...:-))
Fra Toreheia 281109

Opplegget sprakk

Fossedalshengenipa i dag tidleg Etter å ha pakka sekken og gjort meg klar for ein lengre tur i dag tidleg, var skuffelsen enorm då eg kom ut på tunet i ca 6.30 og det silregna! Snakk om å bli slått i hovudet med noko hardt. Meldingane i går var jo bra, men dette var langt frå bra. Eg køyrde likevel opp i Skjerlia og fekk ta det derifrå. Det var sjølvsagt bekmørkt der oppe i 07. tida med regn og litt skodde. Eg bestemte meg der og då for at det ikkje vart nokon tur utover fjellet frå Nipebu, men berre opp på Fossedalshengenipa. Fotoapparatet la eg likegodt igjen i bilen. Kunne ikkje risikere at det vart vått. Dessutan var det mørkt. Det var særs blautt oppover. Bra at eg hadde teke på gamasjane. Elles gjekk det heilt fint og raskt med hovudlykt. Ingen problem. Men midt oppe i dei bratte skråberga mot toppen, var regnet gått over i snø. Herifrå og opp låg det nokre få cm. Medan eg stod der på toppen lysna det såpass at eg såg bort i Eitrenipa og Kringla. For skodda letta litt. Det låg òg snø her borte. Vestover mot Nipebu låg skodda framleis. Så eg var ikkje i tvil om at valet om å gå ned igjen var rett. Langturen vestover fekk venta til vèret laga seg. Turen ned igjen gjekk heilt greitt med eitt unntak. Eg glei på den spikra brua og låg langflat bakover. Ikkje nok med det - var cm frå å stange trynet i endestolpame på rekkverket då eg først rykte hovudet framover. Det skulle blitt eit fint kjevebrot til jul, tenkte eg... Elles traff eg 5 karar med oppakning og gevær nedom Markavatnet. Sikket hjortejegarar. Eller kanskje det var hagle dei bar på. Truleg var det Nipebu som var målet? Fugl er her jo ikkje, så det må bli mager fangst. Dei lurte nok godt på kvar eg kom i frå, sidan det akkurat var lyst og eg var komen ned igjen...:-) Ja, det var den. Men dagen og helga er enno ung. Vi får sjå an vèret litt utover dagen. Om det kan bli nokre fleire sprell..

onsdag 25. november 2009

Tøff mørketur

Utsikt frå Toreheia mot Stavfjorden og Florø 13/11 Det vart ein rimeleg tøff tur på Toreheia i kveld. Allereie heime måtte eg tenne hovudlykta. Det er bekmørkt i 17-tida no. Det starta veldig greitt oppover. Første utfordringa var å komme seg over elva nedom Rinda. Den gjekk skikkeleg stor. Og vatn rann det overalt. Men det var vel omlag oppe ved Krikavatnet det begynte å blåse så vanvittig. Det er jo relativt sjeldan ein ser svære bølgjer med kvite toppar på slike små fjellvatn. Men i kveld skumma det skikkeleg. Og vatnet skvatt langt opp på land! Og så begynte det å snøe. Midt imot. Midt i fleisen. Samtidig som det var ei møye å ta seg opp bakkane i den harde vinden... Og mørkt var det som i grava! Av og til lurer eg sjølv på kva som får ein ut på slike oppdrag... Men eg beit gebisset i hop og kom meg no opp til slutt... Det var godt å komme seg i skjul bak varden nokre minuttar. Det hylte i han av vinden. Som om eg var på Nordpolen. Men eg måtte sjølvsagt berre komme meg der i frå. Eg strama difor opp hetta og jakka, krøkte meg i hop og hoppa ut i det. Det var som å bli slått av ei slegge. Og hendene måtte i bruk ned mellom dei store steinane på toppen. Snøen stakk som knivar i fjeset. Det var berre å komme seg så fort og trygt det gjekk an ned hammaren på vestsida. Vel komen nedom her, sprang eg heile vegen til Krikavatnet igjen delvis med vinden i ryggen. Her i frå og heim striregna det. For det meste midt i mot. Ganske surt. Så eg prøvde å halde farten oppe så godt det let seg gjere heilt ned igjen. Det var jammen ei heftig oppleving dette. 717 moh ved Stavfjorden! Ikkje at det var nokon problem eller risiko i og for seg. Men åleine i mørket er jo slike turar litt interessante...