lørdag 25. juli 2020

Majestetiske Storehesten

Super tur på Storehesten i dag

Godt jobba med oppsett av tau til å halde seg i nær toppen....
I vest ser vi mange kjende fjell ved Dalsfjorden
 
Panorama austover

Flott utsikt til Bygstad

Olaug og eit kunstverk med 
...grunn til ettertanke


...ei kjekk påminning ved toppen....😍

Tame sauer på godt fjellbeite.
Heilevangsstaurane i bakgrunnen

Olaug ved Grunnevatnet

Helge Kårstad - her bak Storehesten i dag -
Helge er primus motor for Storehesten opp og løypa til Storehesten.
Vi slo av ein prat i lag. 

Dagsturhytta Skaraly
Litlehesten i bakgrunnen

Olaug hadde booka inn Storehesten (Kvamshesten) for ferien som ho nettopp har starta andre del av. Det rare var at vi i går, og kvar for oss, hadde tenkt oss ut dette fjellet i dag. Å kome oss litt vekk frå heimefjella. For med knall vèrmeldingar, og vèrskifte på gang, måtte vi jo få litt ekstra ut av dagen. Så vi reiste avgarde vèl klokka 7 frå Stongfjorden. Og som eg hadde tenkt, var vi blant dei aller første inne ved parkeringsplassen. Denne er ovanfor bommen i enden av skogsvegen på Kårstad i Bygstad. Her var det berre to andre - eit austlandsk par som var på vitjing med eit anna par på ei hytte i Djupedalen. Vi gjekk litt framfor og bak oppover. På toppen hadde vi oss ein god prat. Dei einaste som var der då.

Elles gjekk turen oppover fantastisk flott. Det var ei stund sidan eg har vore her oppe, så eg lèt meg storleg imponere over god sti, god merking og elles fantastisk arbeid med tilrettelegging av løypa. Slikt ligg det eit enormt dugnadsarbeid bak. 

Utsikta på toppen av Storehesten, eller Kvamshesten om du vil, er jo eineståande. I alle himmelretningar. Mot Bygstad, Bjørvikestranda. Mot Jostedalsbreen i aust, Ålfotbreen i nord. Og sjølvsagt fantastisk å sjå mot Heilevangsstaurane og Blegja, og alle fjella i vest som eg kjenner så godt frå før. Inkludert mot Dalsfjorden og ein bit av Dalsfjordbrua. Kjekt å sjå alt frå ein annan synsstad. 

For ein god del år sidan budde eg eit par år i Bygstad. Mellom anna på Kårstad. Då gjekk eg ein heil del i desse traktene. Vårskiturane var spesielt kjekke. Då gjekk turane også ofte frå Fauske, Hjelmeland og Berge. Men det er no snart ein mannsalder sidan.... 😀 

I dag var det veldig godt å kome tilbake hit. Og så i det nydelege vèret. Noko som heilt sikkert mange av dei vi møtte kan skrive under på - ja det aula med folk og ungar då vi gjekk ned igjen. Vi traff òg folk eg kjenner. Og slo mellom anna av ein prat med Helge Kårstad. Han har lagt ned eit enormt arbeid gjennom mange år her oppe. Elles traff vi mange unge folk med ungar som skulle på dagsturhytta Skaraly. Ja, parkeringsplassen var svart med bilar då vi kom ned igjen. Nede i Vikja vart det sjølvsagt lørdagshandel på O.A.Lunde - inkludert cola og fortent is - sidan vi var i Bygstad. Etter gamalt får eg vel seie... 😎

Kjempetur!

Fotoserie Storehesten (Kvamshesten) 250720



fredag 24. juli 2020

Stille morgonstund

Atløyna (mobilfoto)

Stavenesodden (mobilfoto)



Eg måtte eit ærend til Askvoll i dag tidleg, så då stakk eg oppom Blåfjellet og Eggene sidan eg var her nede. Nydeleg morgonstund. Blikkstille, men eit relativt kjølig drag i lufta. Det er ein fin og grei tur opp på desse toppane. God sti. Og godt merka frå Askvoll. 


onsdag 22. juli 2020

Ei høgtidstund

Flott utsikt austover frå Fanafjellet.
Vi ser m.a. Svartehamrane, Vardenova t.v. og bak Storehesten, N&S Kringla, Laukelandshesten.
T.h. Fløyen, Heileberget og Driveknolten. Hekkelfjellet fremst. 

Stongfjorden
Førdefjorden, Osland, Skålefjellet


Blåfjellet, Blåfjellssåta, Bakkefjellet og Dalsfjorden

Eg fekk ei fantastisk naturoppleving då eg kom opp til Langevatnet (Stongfjorden) i ettermiddag. Dette er på ruta til Fanafjellet, nordaust for Moldura. Rett over ein liten bakketopp heilt nede ved vatnet gjekk eg på eit smålom-par. Kven som kvapp mest av oss skal vere usagt. Men iallefall vart dei så tommelomsk at eg fekk festa dei på kameraet. Mest truleg hadde dei reir like ved, men eg gav meg sjølvsagt ikkje tid til å leite etter det. Fuglar må ikkje forstyrrast i hekketida. Ikkje minst relativt sjeldsynte og vàre fuglar. 





Elles var det vått. Sjølvsagt. Og mykje myr oppover. Som sagt er det no god trening i dette. Eg brukar å seie dette til meg sjølv når det er surklar som mest rundt føtene i oppover bakkane. 


Vått i vått
Blåfjellet, Blåfjellssåta, Bakkefjellet t.h.

Sjølv om det berre er ein liten flik vi ser sørover til Dalsfjordsida frå Fanafjellet, er det fin utsikt i dei andre himmelretningane (sjå foto). Ja, det er faktisk berre her i frå, og ei par plassar eg veit om, der vi ser både Dalsfjorden, Stongfjorden og Førdefjorden frå same staden.  

tirsdag 21. juli 2020

Frå shorts til vottar og våtdrakt

Liavika i dag 

ds
  
Klassisk frå Høgeheia

Koseleg hytte i Holevika

Vågen i Grimelia
Etter trilletur i dag tidleg, inkludert sturtebyge og tak over hovudet ved grendahuset, var eg i ettermiddag berre tenkt meg ein roleg spasertur til Liavika. Men frå Vågen og ut der er det ikkje så langt. Så etter at ein sporty Peter kunne hente meg i Holevika, gjekk eg vidare til Lia og opp fjellet til Høgeheia og ned i Holevika. Motsett rute av den eg brukar av og til. 

Det var vått. Veldig vått. Det surkla og rann. Og i høgt gras og myr "over alt" var det sjølvsagt klin umulig å halde seg tørr på føtene. Sjølv med nyimpregnerte goretex joggesko. Men i dag heldt dei seg faktisk tørre ganske lenge. I tillegg fekk eg på meg ei skikkeleg regnbyge nær toppen av Høgeheia. Nokre minuttar seinare så skein sola. Som eg skreiv i går - veret er omskifteleg om dagen. Alt frå shorts til vottar og våtdrakt på same turen...  😃

P.S. Det er god trening i å gå bratte myrlende bakkar...😎

mandag 20. juli 2020

Sommarbesøk

Stongfjorden i dag tidleg
(alle foto eldre mobil)

ds

Stongfjorden

Utsikt heimatt

Vi har mykje sommarbesøk om dagen. Både forrige veke og denne veka. Nokon kjem. Andre reiser. Og denne veka blir det trilling av barnevogn. Helst tidleg på morgonen. Morgonstund har gull i munn. Som dei to øverste bilda frå Stongfjorden i dag tidleg. Stilt og fredeleg ein mandagsmorgon. 

I ettermiddag vart det anledning til ein rask tur på Toreheia og Yndestadhøgeheia. Til alt overmål heldt det seg opplett. Men varmegradene var ikkje mange der oppe. Eg måtte fram med alt av klede eg raska med meg i sekken før eg drog. 

Ja, vèret er omskifteleg om dagen. Og ikkje minst må ein vere førebudd på det meste når ein dreg til fjells. Eit godt råd til alle som no vil på dei høgste toppane er å vere utrusta for både kulde og væte. Eg høyrde det var 2 grader på Sognefjellet i dag tidleg. Så bikini bør gjerne erstattast med ull og vottar...😃 Det er vel litt pinleg å bli redda ned frå fjellet grunna for dårleg utrustning. 




fredag 17. juli 2020

Jølster-tur






Reiste til Jølstramuseet på Vassenden i dag og ville kike på Frøydis Aarseth sine stilleben måleri og portrett. Reint beundringsverdige synest eg. Det er noko med stilen og klårleiken som fell meg inn. Ikkje det at eg har spesielt greie på det. Lekmann som eg er. Men eg ser jo sjølv kva eg likar eller ikkje. For meg er hennar bilde minst like gode som noko anna som kjem frå Jølster... Og det seier vel ikkje så reint lite. 

Elles var bygningsmassen på Jølstramuseet imponerande. Flotte gamle og velhaldne bygg. Av interiøret likte eg veldig godt"Fiskekroken" i andre etasje i hovudbygningen. Eit reint eldorado for ein fiskeinteressert. 









Egentleg rart at ein stadig vekk køyrer forbi slike perler av nokre flotte plassar som Jølstramuseet. Plassar med heilt unike opplevingar. Kanskje kan ein takke koronaen for at vi får opp auga for våre eigne lokale kvalitetar. Ja, det er vel mykje i ordtaket at graset ikkje er grønare på hi sida av gjerdet...

Foto Jølstramuseet 170720 (mobil)

onsdag 15. juli 2020

Spesialoppdrag

Spesialoppdrag til Nipebu i dag

Eit motiv eg likar godt - ved oppstigninga til skaret på Nipeholten -
vi ser mot vest

Nipebu  ved Langevatnet -
Eit velkjend motiv når du kjem ruta frå Markavatnet eller Massbu

- her med naust og utedo -
vi ser Heileberget i bakgrunnen
Endå eit tungt oppdrag i dag då eg bar opp nytt brannsløkkeapparat til Nipebu. Det gamle viste for dårleg trykk. "Once in a lifetime" heiter det visst. Trur neppe eg kjem til å utføre eit slik ærend seinare. Iallefall er det første gongen eg har dragsa noko slikt til fjells....😃 Tungt som bly var det òg 😫

Turen gjekk opp frå Markavatnet i Skorva. Den vanlege DNT-ruta der du går opp til nordenden av Krokavatnet, vidare opp til nordsida av Fossedalshengenipa og så opp skaret ved Nipeholten. Deretter vestover på sørsida av Langevatnet og ut til hytta. Her er godt merka og med god synleg sti (du finn all info på ut.no). Etter at kraftvegen vart bygd, og ein kan køyre inn til austenden av Markavatnet, er dette kortaste vegen opp til Nipebu. Som dei andre dagane denne veka var det veldig vått i terrenget. Men i dag heldt det seg for det meste opplett. Eg fekk berre på meg ei regnbyge på veg heim igjen. Den gjekk fort over.  




Ruta til Nipebu går forbi nordenden av Krokavatnet 
og opp på nord og vestsida av Fossedalshengenipa

Då eg først var her oppe i dag, rodde eg meg ei dorgerunde med båten. På det aldeles blikk stille vatnet var det null napp å få. Ein times tid fekk vere nok. Eg brukar som regel det som ein mal - utan napp på ein time, er det like godt å finne på noko anna å gjere. 

På veg ned igjen slo eg forresten av ein prat med eit par på veg opp som aldri hadde vore her før. I fjellet treff ein alltid kjekke menneske! Elles har det vore ein god del folk på Nipebu i det siste. Og no når alle skal ha kortreist Norgesferie, er jo hytta eit godt alternativ for nokre fine dagar i ro og fred.


tirsdag 14. juli 2020

Som ein våt jungel

Vått, vått, vått - Stongfjorden i skodde

Lite sikt på Skålefjellet
i dag tidleg
Mykje og høgt gras var søkkande vått på ruta opp Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet i dag. Mildt sagt. Terrenget var som ein dampande, våt jungel! I tillegg låg det tjukk skodde på toppen. Det var såleis null sikt på ruta sørover til Svarthamrane og Siklebergvatna. For eg var i utgangspunktet tenkt meg dit etter toppen på Skålefjellet. Men dette var det liten vits i slik forholda vart. Det var i grunn berre å kome seg ned att. Litt kjedeleg då å registrere at skodda forsvann då eg kom til bygds igjen.... Som så mange gonger før måtte eg seie til meg sjølv - "some you win and some you lose"... For neste tur er det sikkert omvendt 🙏 Trimmen var i allefall i boks (og vèl så det)... 😁





mandag 13. juli 2020

To ekstraomgangar

Nykshytta 18.mai - litt anna vèr då...!
Så vart det likevel to ekstra turar på Nykshytta med trykkimpregnerte pålar. Opp frå vassverket i Holmedal i dag tidleg. Og med same antal (steik tunge) pålar. I regnvèr og skodde. Kliss, klass - og like blaut på føtene som i går. Vel, vel goretex joggesko held no ikkje akkurat det dei lovar i reklamen... Trass i alt slags vedlikehald! Det visste eg vel egentleg frå før... Nei, på neste tur lyt fjellskoa fram! Iallefall i denne væta... Turka i juni ser vi nok ikkje igjen i år! 


søndag 12. juli 2020

Siste tur?

Den gamle sekken fekk sin renessanse i dag...

...og kanskje sin siste tur - på Nykshytta...

Det er vel nærast eit lite under at eg ikkje har kvitta meg med den gamle Bergans-sekken min. Sekken eg ikkje har brukt på fleire år. Men i dag tidleg stod han opp att frå den mørke kjellar. Som fugl Fønix. Med stålramme passa den jo fint til å bere trykkimpregnerte stolpar frå Vikastølen til Nykshytta. Så i regn og skodde vart det i dag tidleg to tunge turar med last opp bakkane. Og sekken heldt! 

Etter andre turen kom så Inge H. og tok over stafettpinnen. Godt tima. For då var eg søkk våt... og godt møyrna i skrotten! Og heilt klar for å kome meg heim att i dusjen. Fin trim i ròtevèret... 😄😜 og gjort litt nytte for seg òg... 


fredag 10. juli 2020

Grøde med folk

Holmedal og Straumsnes

Dagens på Dokka

Dalsfjorden og Bakkevatnet

Sauene på Dokka er vane med folk....

Eg traff på ein grøde med folk på veg ned igjen frå Nyksvatnet og Dokka i dag. Reine folkevandringa. Og endå fleire bilar då eg køyrde ned igjen frå vassverket mot Holmedal. Ja, eg begynte å lure på om det var nok parkeringsplassar der oppe. Det er fint at så mange finn vegen til Nykshytta og dei nære fjella våre. Dei er jo fantastisk flotte. Dessutan godt tilrettelagde med merking og stiar. 

Sjølv var eg berre en rask tur opp ranen og ned igjen til Nyksvatnet og vassverket. Det var litt sol, litt skodde, nokre regndråpar, men lite vind. Ikkje allverda av temperatur til å vere sommarsdagen. Det er god morgontrim opp ranen.



tirsdag 7. juli 2020

Støl pensjonist

Dagens på Bakkefjellet

Rivedalsstølen i midten nede

Holmedal i dag

Etter å ha sprunge ein tur med hunden Mello i går, var eg noko støl i dag. Hunden til Miriam, Håvard og ungane har vi på ferieopphald her ei vekes tid. Å springe på asfalt er ikkje heilt "mi greie" lenger. Får lett både ille knær og ein dårleg leggmuskel. Men i dag tidleg gjekk eg meg likevel ein tur på Bakkefjellet i Holmedal igjen. Den slags trim fungerer mykje betre enn asfalt! 

Video Bakkefjellet 070720

Det var veldig vått i lendet oppover, så sjølv i goretex joggesko vart eg søkk våt. Elles låg det ein del skodde som kom og gjekk oppe på toppen. I utgangspunktet tenkte eg meg ein tur på Smørskornova i Rivedal og ut att på Hekkelfjellet i tillegg. Men det vart berre til ein rask tur opp og ned. Temperaturen var såpass låg at dei våte føtene vart fort kalde. Rundturen tek eg att. 

Foto Bakkefjellet 070720