fredag 29. januar 2021

Ny fin morgon

 


Grimelia i dag tidleg

Sol på Askrova

Ny fin morgon i Grimelia og på Blåfjellet. Bra spor, litt fòksnø og delvis skya. Frisk bris frå søraust. Heilt greitt å gå i berre fjellsko og gamasjar. Men det krevst jo litt klede. Stillongs, Paramo-bukse, to lag ull, fleece og hardshell jakke. To hetter og hue og vindtette vottar. Det er alltid vinden som er verst... Frisk morgontur.



torsdag 28. januar 2021

January


Eigne bilder frå januar
Musikk:
"Eddy"


Snøjogg i pudder

Månenedgang i Grimelia

Soloppgang over Moldura

Øyriket i Florø
Bak: Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden, Hovden m.m. 
I midten: Askrova, Tansøy  
Fremst mot høgre: Sunnfjords perle Svanøy.

Nok ein flott tur med månenedgang, soloppgang og havutsikt frå fjelltrimposten på Blåfjellet i Grimelia. Innsjekk klokka 10.10. Frisk og kald morgon i søraust trekk. Nokre centimeter med ny puddersnø. Greie og faste spor i berre fjellsko. Faktisk så bra at eg kunne springe deler ned igjen. Herleg!
 

tirsdag 26. januar 2021

I djupsnøen 2

Sol på Smørkletten inst i Askdalen i dag tidleg

ds

Spor til topps

Skiftande skydekke i dag

Dagens usminka selfie 😉

Noko skodde på toppen

Motiv med Presteelva

Fin tur inn Askdalen i dag tidleg og opp på fjelltrimposten på Smørkletten. Relativt kjøleg og flott morgon. Eit dryss med nysnø. Og spor heilt til topps. No krevst det jo ein viss porsjon energi å gå slike djupe snøspor då. Det blir ein del kneløft på ein slik tur. I tillegg var det ein god del laussnø i spora i dei bratte bakkane mot toppen. Så turen i dag tok godt på den òg. Ja, det er annleis å gå desse turane no enn om sommaren i shorts og joggesko..😄 Ikkje minst med tanke på antal lag med ull på kroppen, varme sko og stillongs som skal til. Spør du meg er det ingen god idè å springe rundt i fjellet i tights og lette sko no... 

Elles var det flott sol på toppen då eg gjekk inn dalen. Men på toppen vart eg møtt med ein del skodde. Så det vart rett opp og ned same vegen. Og heim igjen i bilen vart eg møtt med dei snøbygene.... Og no er det igjen knallflott ute. Så skiftande er vel rette ordet å bruke om vèret no.  

mandag 25. januar 2021

I djupsnøen

Med sikt til januar-sola i dag

ds
Den klassiske utsikta frå Markahengenipa mot aust.
F.v. Høgefjellet, Kringlefjellet, Rørvikenipa/Blegja, Eitrenipa, Storehesten,
N&S Kringla og Fossedalshengenipa

I dag stod Markahengenipa for tur. Så eg køyrde opp i Skorvemarka i 09-tida. Der oppe låg det sjølvsagt meir snø enn her nede. Og opp bakkane og i ura ganske så mykje. No hadde Anita R og Anita N gått opp med trugar i går, så det partiet var ganske fast. Så opp her gjekk eg berre på skoa. No hadde dei teke opp på framsida såg eg, men eg valde heller å gå om Krokavatnet og nord om Fossedalshengenipa. Eg synest det er ei flottare rute. Om enn noko lenger. Det er også her det er merka. Noko som ikkje viser så godt no. 

Mykje snø på ruta til Nipebu no.
Her ovanfor Krokavatnet i dag tidleg. 
Ruta kjem opp i sola midt i bildet (spora).

ds

No viste det seg at allereie nedom Krokavatnet, i bakken der, låg snøen ekstra djup. I store fonner. Så her var det berre å hive på seg trugane. Og opp forbi vatnet, og til nord om Fossedalshengenipa, vart det ein skikkeleg prøvelse i djupsnøen. Trugane sakk godt gjennom og fotløftinga tok godt på kreftene. Du verda for ei trening! Men etter nokre magadrag, og enkelte pust  i bakken (eller snøen), kom eg meg til slutt opp. Elles var det sjølvsagt veldig kjekt å bli møtt av morgonsola oppe ved Krokavatnet. Som før sagt - ein boost for kropp og sjel - er det visst det heiter...😄

Morgonsol ved Krokavatnet.
Klokka er 09.59...

Ut ryggen til toppen gjekk det heilt fint. Mindre snø her. Avblese og fastare. Og så dukka sola opp igjen på nytt - no rett vest av Fossedalshengenipa. På same tid som heile fjellheimen vestover opna seg av høgda eg var komen opp på. Fantastisk. Ikkje nok med det - eg har sjeldan vore her oppe utan eit einaste vindpust. Iallefall i januar! Så i dag spelte eg inn ein liten videosnutt òg.... utan skraping av fjellvinden....

Sola dukka opp igjen vest av Fossedalshengenipa

Turen ned att gjekk eg i dag på framsida. Og eg valde å gå utan trugane, men med broddar. Det låg nemleg litt is under nysnøen. Her er jo bratt og nokre hamrar og sva ein må over og rundt. (Eg vil nødig ligge igjen her oppe)! Det gjekk heilt greitt. Spora frå Anita & Anita viste delvis frå i går, og var greie å trakke i. Takk for det jenter! Imponerande god form på dykk! For berre berre er det ikkje å gå opp her på trugar no. 

Det er både hamrar, sva og skavlar ned igjen på framsida/nordaust-sida av Markahengenipa. Den merka ruta går ikkje her, men føl Nipebu-ruta.

Anita R. og Anita O. N. hadde trakka spor med trugar på framsida/nordaust-sida av Markahengenipa i går.
Foto ved Blåfjellet 3.januar

Kjempetur. Men det her kravde sin mann. For du verda kor snø det ligg i fjellet no. 

 Foto Markahengenipa 250121


søndag 24. januar 2021

Med Tubbs og fruen

Sola kikka fram midtveges ned igjen. 
Reine påskestemninga...

Over skåra på vestsida...

..og Olaug på toppen i dag

Vinterleg trugetur med Olaug på fjelltrimposten på Blåfjellet i Grimelia i dag. Delvis skya, solglimt og litt vind på toppen. Ikkje allverda med varme akkurat...😄Trugane tok vi på oss ovanfor vegen til gruvene. Og sette dei av oss nedanfor skåra opp på vestsida (under foto 2).

Eg har gått nokre turar på denne posten i det siste. Forholda har variert ein del frå dag til dag. Det ligg noko snø i høgda. Foksnø og avblese her og der. Og egentleg veldig greitt med Tubbs-trugar på sekken. Dei er lette å ta av og på føtene etter behov.

Foto Blåfjellet i Grimelia 240120 

fredag 22. januar 2021

Frå Facebook i kveld

In the eye of "Frank"

Havblikk i dag 

Ekstremlågtrykket "Frank" la seg visst til rette rett utanfor stovedøra her. Med orkan i kasta i nord, og storm i sør, gjer til at det er blikkstilt til havs. Er ikkje heilt sikker på om samanlikninga er reell, men midt i ein tornado skal det visst vere heilt vindstilt òg.... 

Vindstille var det iallefall på Blåfjellet igjen i dag. Det var fjerde turen denne veka. Pluss ein på Smørkletten. Ei bra "arbeidsveke" for ein pensjonist. Som før desse dagane gjekk midtpartiet med trugar. Bra tøya opp gruvevegen. Og ein del avblese ovanfor skåra oppe på vestsida. God morgontrim! 

tirsdag 19. januar 2021

Blåfjellet i Grimelia haust/tidleg vinter 2020/2021

Eg sette i hop ein liten bildeserie frå Blåfjellet i Grimelia -

så langt denne sesongen.

Fjellet er post på AHIL sin fjelltrim for 2021.

Men er også post på TiTur Dalsfjorden 2021 med sesong-opning 1.mai.

God fjelltrim!

Snev av vårkjensle

Fint lys og skyer over Moldura og fjella i sør

ds

ds frå toppen

Dagens selfie

Eg fekk ei lita kjensle av vår då eg kom ut i Grimelia i dag tidleg. Isen og snøen var borte. Både frå vegen og frå bøane ned mot Vågen. Og det var flott lys etter eit par ruskute dagar. No låg det snø oppover stien til gruvene då, og endå meir lenger oppe, men brått flaksa det opp ei heipiplerke frå dei haustfarga rabbane oppe ved myra som verkeleg forsterka ei lita kjensle av vår. Årets første heipiplerke i fjellet er alltid eit godt teikn på at det går rette vegen både mot lys og vår på kysten. Og koronaen er visst på retur òg...

Som sagt - det låg bra med snø i høgda. Og spesielt partiet ovanfor gruvene til oppstigninga av sjølve fjellet var det greitt å bruke trugar. Oppe på sjølve fjellryggen er det mykje avblese. Trugane sette eg difor igjen nede under fjellet og gjekk opp utan. Flott lys der oppe i dag tidleg. Mange nyansar av kvitt i fjella i syningom. Overskya og litt trekk. Men elles veldig fint. Returen til bilen i Grimelia gjekk ned att same vegen. Herleg trimtur!
 
Utsikt mot Høgeheia

 

mandag 18. januar 2021

Postar TiTur Dalsfjorden 2021

Siklebergvatnet 
Moldura og Svarthamrane t.h.
DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu kjem ned dalen på høgre sida. 
Stien frå Holmedal opp frå Hålandsstølen i midten.

Utsikt mot nordvest og nord frå Skredvarden på Atløy.
Alden og Tvibyrgje t.v. Staveneset t.h.

Fristadfjellet er ein av dei næraste toppane til Askvoll sentrum -19/10-20

Bogeåsen nede t.h. sett frå Bakkefjellet

Utsikt frå Blåfjellet i Grimelia 14/1-21
Vi ser Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden og ein bit av Hovden.
Framme ligg Askrova og Tansøy
Fremst t.h. Skåja og Kvalstadbrystet på Svanøy

Eg ser på Facebook at det er bestemt nye postar på TiTur Dalsfjorden 2021 med oppstart 1.mai. For Askvoll sin del gjeld dette: 

Blåfjellet (Grimelia i Stongfjorden)

Skredvarden  (Atløy) 

Fristadfjellet (Askvoll)

Siklabergvatn (Holmedal)

Bogeåsen (Holmedal) 

For Fjaler sin del er desse postane sett opp: 

Einingsfjellet (Våge)

Langeneshovden (Straumsnes)

Flekkenipa (Flekke)

Torvevatnet (Slettelandsstølen/Dale)

Torsetgjerdet (Dale) 

No er det fleire månader til desse postane er klåre for registrering. Slik sett har ein god tid på merking. Likevel kan ein vel seie at postane i Askvoll meir eller mindre er ferdigmerka. Og kan av mange gåast heile året. Blåfjellet i Grimelia er elles med på AHIL sitt fjelltrimprogram for 2021 sesongen. 

For Fjaler sin del kjenner eg ikkje heilt stoda til postane. Anna enn at dette er greie postar å nå. Og merka er fleire av desse òg. Nærare informasjon blir vel gitt når den tid kjem.  

lørdag 16. januar 2021

Med fruen på fjelltrim

Ein del foksnø i hellingane til Blåfjellet

ds

Ved Mangevatna

Ved Svartevatnet

ds

Fin tur med Olaug på Blåfjellet i Grimelia i dag. Via Rinda, Svartevatnet, Mangevatna og vest til toppen. Den vanlege ruta frå Yndestad. 

Etter at Kjell var gått opp her i går var det bra spor oppover. Likevel skulle eg nok ha teke med meg trugane. Eg seig kraftig gjennom mange plassar frå Rinda til Mangevatna. Og Olaug, med trugar, klarte eg knapt å følgje.... Frå Mangevatna og ut var fjellet nesten heilt avblese (som eg såg frå toppen hin dagen då via Grimelia). At vinden tek godt her ute fekk vi merke i dag. Skikkeleg rennefòk ute på toppen og inn att langs Mangevatna.  Elles god trim i djup snø...😃

Ganske avblese ut langs Mangevatna til Blåfjellet no

fredag 15. januar 2021

Vinterleg og vèrskifte

Toreheia midt i bildet

 
Høgeheia t.v. Blåfjellet t.h.

Askdalen med
Kultingane, Fristadfjellet og Blåfjellet


Fin og vinterleg tur opp Askdalen til Smørkletten i dag. I dag med fleire skyer enn dei siste dagane. Men vindstille. Det var gode spor oppover. Om enn litt smale i den relativt djupe snøen mange plassar. Med dei fòra og relativt tunge vinterskoa mine, inklusiv stillongs, kjendest det tungt ut i dag. Mogeleg det også var litt "etterslep" etter fleire fjellturar denne veka....😄 Vel, opp kom eg meg iallefall. Og fekk meg òg ein prat med Ingvar S oppe i bakkane. Elles såg eg ingen andre. Etter også å ha kome meg greitt ned igjen.

torsdag 14. januar 2021

Kaldt, klårt og stilt

Dagens selfie


Grimelia i dag tidleg - kaldt og klårt!

Kanten under toppen frå vest...

...og utsikt hin vegen med soloppgang ved Moldura

Då var tredje turen på Blåfjellet denne veka i boks. I dag delvis med trugar forbi djupaste fonnene. Spesielt ovanfor gruvene, i lebakkane frå nord og over dei frosne myrane, ligg det mykje snø. Med fonner som faktisk rekk til livet... Sjølv med trugar er det tungt når snøen er såpass laus at han ikkje held vekta. Ski har eg ikkje vurdert. Som alltid her ute er det mykje stein og avblesne hamrar på rutene som ikkje er spesielt eignelege for ski. Og ski er jo tungt òg når snøen er såpass laus. 

Grimelia ligg framleis i skuggen om morgonen. Det var difor frikst og kaldt oppover i dag tidleg i 9.30 tida. Men som alltid fantastisk flott då sola kom fram over fjella i sør. På toppen var det heilt vindstille! Heilt utruleg! Eg bytte på meg tørre og varme klede, tok nokre bilder, og gjekk ned att same vegen. Perfekt!  

Foto Blåfjellet i Grimelia 140121 


mandag 11. januar 2021

Kraftig snøfall



Etter ein føremiddag med kraftig snøfall og måking heime, gjekk eg oppatt løypa frå Grimelia til fjelltrimposten på Blåfjellet. Å ja, det låg mykje snø oppover. Tørr og lett då. Likevel ganske så tung å bakse seg opp i. Mange plassar rakk snøen til knea. Men no er det gjort. Og med bra meldingar framover er det no greitt med løype hvis fleire vil ta turen. Det var jo aldeles fantastisk der oppe i dag då sola kom fram! 

Mobilfoto Blåfjellet 110121