|
Ein del foksnø i hellingane til Blåfjellet |
|
ds |
|
Ved Mangevatna |
|
Ved Svartevatnet |
|
ds |
Fin tur med Olaug på Blåfjellet i Grimelia i dag. Via Rinda, Svartevatnet, Mangevatna og vest til toppen. Den vanlege ruta frå Yndestad.
Etter at Kjell var gått opp her i går var det bra spor oppover. Likevel skulle eg nok ha teke med meg trugane. Eg seig kraftig gjennom mange plassar frå Rinda til Mangevatna. Og Olaug, med trugar, klarte eg knapt å følgje.... Frå Mangevatna og ut var fjellet nesten heilt avblese (som eg såg frå toppen hin dagen då via Grimelia). At vinden tek godt her ute fekk vi merke i dag. Skikkeleg rennefòk ute på toppen og inn att langs Mangevatna. Elles god trim i djup snø...😃
|
Ganske avblese ut langs Mangevatna til Blåfjellet no |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar