onsdag 30. april 2014

Sol og madame

Heime på Yndestad

Mangevatna
Havutsikt
Olaug med Blåfjellet t.h.

Skylefjellet

Mangevatna

Flott liten trimtur på nordsida i går kveld med madamen. Ho stakk ut på trimposten på Blåfjellet, medan eg gjekk oppom Skylefjellet og sjekka trimboka som var komen på plass der. Skylefjellet er ein post i Kystarven. 



Det kjølige nordavèret gjorde den friske fjellufta krystallklar.Landskapet var prega av nydelege fargar i brunt og blått med litt vårleg grønt inn i mellom. Solinnstrøyminga frå vest gylla dei reine og nakne linjene i bakkane austover mot Toreheia og Yndestadhøgeheia. Fantastisk vårkveld. 

Etter å ha teke nokre bilder, putla eg meg ned bakkane igjen mot Mangevatna. Eg såg berre såvidt i baken på madamen då ho skrådde ned igjen sørvest om vatna. Ja, ja ho fekk no berre springe. Eg ville ta litt bilder i staden. 

No er ikkje Olaug av den masande sorten. Heldigvis. Mas har eg nok av elles om dagen. Men det er no løye med det - eg ser betre detaljar og poesien i landskapet når eg går åleine. For ikkje å snakke om poesien i eigen natur. Men akkurat åleine hadde neppe desse her vandra...:-)



Mangevatna og Krikavatna er ei perle. Du finn ein fotoserie i fliken øvst oppe i lag med fleire andre. Mange fleire bør gjere seg nytte av den flotte og lette turen på Skylefjellet, her du kan nyte kveldssola og det flotte landskapet ute mot havet.   



søndag 27. april 2014

April-glede



Utsikt ved Høgknolten




I dag ville eg sjå Dalsfjorden og bygdene ikring i bløming. Og for ein flott vårdag. For ikkje å seie sommardag. Men Stongfjorden ligg som ei perle og klar til å bli fotografert då eg køyrer forbi. Fantastisk. Blikkstille. Ikkje ei krusing på yta. Sola flott inn bak meg frå aust....Det må jo bli bra. (Første bildet er heime i frå før eg reiste. Det andre frå sentrum og ut fjorden).

Eg køyrer vidare til parkeringsplassen i Rivedal der ruta til Nipebu startar, og tek deretter opp kraftvegen mot demma. Morgonsola er allereie så varm at alle kleda på overkroppen blir skrelte av. Så over elva nedanfor demma - eller rettare sagt det som skulle vore ei elv - det er  knapt vassdropen i ho. Tydeleg at det har vore finvèr lenge. Som regel er det alltid litt vatn i elva sjølv om ho er regulert. 

Vidare oppover til Hundeheia der utsikta til bygdelaga ved fjorden åpenbarar seg. Grøne og flotte i morgonsola. Knallblå himmel. Dalsfjorden likeeins. Ja, det kan ikkje bli flottare. På Instagramkontoen min, der eg har følgjarar frå heile verda, skryt dei hemningslaust over kor flott vi har det. Vi er rett og slett bortskjemde vi som bur her. Eller kanskje litt beskjedne i vår omgang med omverda....? Vi blir iallefall aldri flinke nok til å selje naturen vi har rundt oss. 

Vidare går turen innover Heileberget mot Driveknolten. Eg må sjølvsagt oppom her òg ein tur. Toppen er egentleg to toppar. Ein med utsikt nordover, og ein med utsikt sørover. Til hausten reknar eg med Driveknolten kjem på programmet for fjelltrimmen i Askvoll igjen. 

 Dale frå aust om Driveknolten

Stegvis tek eg føre meg vardane innover Heileberget. Set opp nokre nye og byggjer opp nokre som har velta overende. Når tilgjenge til Fløyen og Heileberget no er blitt betre som ein følgje av Dalsfjordbrua, blir gjerne heile denne flotta ruta meir nytta. Det er meir til tur å gå heile Heileberget frå Fløyen til Rivedal, eller omvendt, enn å gå opp og ned frå Ottersteinen...!

På toppen av Fløyen ser eg der er folk. Ja, folk som eg kjenner. Han eine karen stikk ned igjen nesten med det same, men to stk Jorde karar blir eg sittande å prate med. Veldig kjekt. Lenge sidan eg har sett dei. Så under er det bilde med løyve for gjengiving... Dalingane har gjort ein flott jobb med skikkeleg Kystarvskilt og turbok i god boks (sjå bildeserie) på toppen her. I det eg er i ferd med å gå vestover igjen, kjem eit følgje med tre damer og ein mann. I tillegg hadde det vore opp folk før meg i dag, så Fløyen blir flittig brukt som turmål no. Kjempeflott!

 Jostein og Olav Jorde på Fløyen i dag
Med den flotte bygda i bakgrunnen

På veg vestover igjen tek eg meg ein tur på Nonsholten òg. Her er det fin utsikt til Fossedalen og Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Kringla, Blegja og Storehesten (bilda inn under).

 Fossedalstraktene m/Eitrenipa, Kringla og Blegja bak
Markahengenipa og Fossedalshengenipa

Etter Nonsholten koplar eg berre inn autopiloten. Ein og annan ny varde kjem på plass. Men sjølv om det er kjekt å gå mot Dale og ha Dalsfjorden på høgre sida er det kanskje like fint å gå mot havet og ha fjorden på venstre sida? Ja, ja smak og behag - eg fekk no med meg begge deler i dag. Diverre gjekk ikkje fotballkampen eg måtte heim igjen til heilt etter forventningane... Men nye turar og fotballkampar ligg nok heldigvis i løypa ei stund til får vi tru....:-) YNWA !


Frå hagen i kveld

lørdag 26. april 2014

Frå hav til fjell









Det vart to turar i dag. Først ein morgontur på Grimelida og i Vågen. Deretter gjekk eg Toreheia/Ytrevågefjellet og til Osland. Herleg sommartemperatur. Ja eg gjekk faktisk i bar overkropp heilt på Toreheia. To nydelege turar i dette opne og flotte terrenget ute mot havet. 

tirsdag 22. april 2014

Rosina i pølsa





Det har vore ei fantastisk påske på alle måtar. Kjekke familietreff, gebursdagar og familieturar for store og små. Og ikkje minst må eg nemne ei usedvanleg arbeidssom og flink kone. Ankeret i familien som styrer skuta på heimebane. 

Underteikna er gjerne komen i ein alder der det er godt med litt armslag og rom. Det medfører nok litt egotrippar. Men dette har kome seg monaleg i år når eg har hoppa av fjelltrimmen. No får eg tid til meir enn jobb og springe på fjellet! Så sparer eg i tillegg knærne litt. Og orda Olaug sa til meg i fjor - "når du blir gamal må du hugse på kva du brukte all di fritid på" kling endå i øyra. Så i år har eg roa meg litt...:-) 

Men turar må eg ha. Både for helsa og vitet sin del. Helst singelturar, så eg kan vere min eigen herre. Kjenne meg sjølv på pulsen. Fridomen og stilla. Og mykje meir vàr på livet rundt meg enn når det kjem tytande ein heil bataljon. Men ein sosialiserande tur kan jo vere greitt av og til. Det er ikkje det...:-)

Her er nokre ord om turen i dag. Ein kanontur på alle måtar. Du får med deg i pose og sekk av flott natur ved å gå ruta frå Førdefjorden til Dalsfjorden frå Skjerlia. Eller omvendt. Alt etter som. Ikkje minst er dette blitt lettvint no når Dalsfjordbrua kom. Mykje meir praktisk når ein slepp båt over fjorden. Stien frå Otterstein til Fossevikja er ikkje ferdig tilrettelagd, men er allereie godt i bruk. Og godt merka. Hovuddugnaden på stien blir første helga i mai. 

Eg starta frå Skjerlia ca kl 08 i eit fantastisk vårvèr. Men allereie på demma i Stongfjorden måtte eg stoppe og ta bilde av Skålefjellet. Der eg var opp hin dagen. Fjellet spegla seg så flott i Stongsvatnet. 


Skålefjellet

Framme i enden av nyevegen til SFE ved Markavatnet, var gravemaskinene deira allereie i gang med å grave seg vidare oppover i terrenget. Dei har fått løyve til ny anleggsveg opp Siristien til Grunnevatnet. Utan særlege protestar frå verken "hund eller hare". It`s a shame. No har eg lenge prøvd å legge dette bak meg. Kampen er tapt. Eg gjorde det EG kunne. Skreiv lesarinnlegg, sende bilder i "hytt og pine" og herja på. Som kjent er det lite hjelp i å gråte over spilt mjølk. Men eg må innrømme at det var som å få salt i det opne såret då eg kom opp igjen her i dag og såg anleggsmaskinane....

SFE har starta arbeidet med resten av vegen til Grunnevatnet

Grunnevatnet t.v.

Eg kom meg fort forbi rotet ved Markavatnet og opp elva til Eitrefossen. Elva som skal regulerast. Eg trur altfor få har sett naturkvalitetane her oppe. Morgonlyset er praktfullt. Elva, fossane og furuskogen likeeins. Når morgonsola står skrått inn gjennom skogen og den fossande elva, er det "eit syn for gudar". Furuskogen er i tillegg eldgamal. Skimrande av gull.



Eg stoppar allltid ved Eitrefossen når eg går på Eitrenipa. Kor mange bilder eg har av fossen veit eg. The twins. Brother and sister. Brothers in arms - skal òg regulerast. Ja, det gjer vondt. Så inn i furuskauen vondt. Den fullstendige meiningsløysa i å øydelegge så mykje vakker natur for ettertida berre for å produsere nokre ekstra kilowatt. Straum til å forbruke endå meir ressursar her på kloden. Forstå det den som kan....

Eitrefossen i middels utgåve

Rett ovanfor toppen av Eitrefossen får du utsikt til dei praktfulle Leknesvatna, Blegja og Eitrenipa i aust. Nydelege i morgonsola. Fjella kvitkledde kneisande mot den blå himmelen. Spegla i det blikkstille vatnet. Sol i fjeset. Sug i magen. Kan livet bli betre...?

Blegja, Eitrenipa og Leknesvatna

På denne tid er det alltid litt spanande å sjå korleis konsistensen er på snøen opp skaret på fjellet. Unnasols som det ligg til langt på dag (du ser skaret går opp t.h.på bildet ovanfor). Eg hadde utstyrt meg med stegjern då her er eit parti som er skummelt. Rett ut for fjellet nett under toppen. No viste det seg at skaret opp var fylt av reine sigesnøen. Den nye snøen som kom forrige veke var ikkje frosen nok til at han heldt meg. Det vart difor ein hard tørn å kome opp skaret. På det skumle punktet, eit lite stykke under toppen, var det likevel heilt glasert....

Forrige gong eg var opp i vinter, var det akkurat på same måten. Då hadde eg berre med meg broddar og torde meg ikkje opp den vanlege ruta. Eg fann då ei slukt rett opp før det nemnde punktet og kom meg opp den vegen. Eg tok same ruta opp i dag. Den låg snøfri, og eg slapp stegjern i det heile. 

Du kan kome deg opp den snøfrie nakken rett t.h. for toppen

Det er alltid herleg å kome seg opp på toppen av Eitrenipa. Personleg synest eg dette fjellet gir best utsikt i heile Askvoll. Ok - du ser berre ein bit av Dalsfjorden, men likevel.... Utsikta elles er fantastisk. 


Litt av utsikta frå Eitrenipa


Nordre Kringla t.v.

Det hadde kosta bra med krefter å kome meg opp i dag. Spørsmålet var kva eg gjorde no. Agnar var gått på Nipebu. Eg lurte difor på å gå ut dit. Likevel bestemte eg meg for å gå sør til Kringla og ryggen opp dit (bildet ovanfor). Den såg innbydande ut, men ville nok bli endå eit slit...


Eitrenipa i dag. Florø t.h.

Og slit vart det. Eit grådig eitt. Men eg kara meg no opp. No måtte eg berre ha i meg næring før eg gjekk aldeles tom. På bildet under ser du noko av utsikt mot nordvest frå Nordre Kringla. Ei utsikt eg tok meg nokre skiver til....

Fossedalshengenipa og Krokavatnet.
Skjerlia som ei liten grøn flekk t.h. for midten


Ja, ja hva no lile do...:-) Ryggen på Søndre Kringla låg innbydande midt i synet. Nipebu var ikkje aktuelt lenger. Eg måtte kome meg til bygds igjen òg... Fornuften trur eg sigra. Eg gjekk ned igjen til skaret og løypa frå Massbu, og returnerte Øvre Fossedalen.



Botnatjerna låg delvis isfri her i botnen. Her kan du anten ta opp Eitreskaret t.v. mot Eitrenipa og Blåegga/Belgja, eller skaret til Massbu t.h., når du kjem frå Fossedalen. Artig var det å sjå på kjøa i dag. Dei pila frå land i den flotte solsteiken.

Ei kjø i Botnatjerna

Dnt merkinga frå skaret og ned til Krokavatnet held delvis mål. Men burde ha vore hatt ein dugnad på. Spesielt ned skogen. Stien er likevel delvis synbar. Noko anna er at stien under Søndre Kringla til Øvre Fossedalen er nesten heilt igjengrodd med einer. Her burde det absolutt vore gjort ein innsats. 

Turen frå Øvre Fossedalen til Fossevikja og Ottersteinen let eg liggje i denne omgang. Ruta seier seg sjølv, og er ein tur mange av dykk sjølve har gått. Men du finn mykje bilder frå Fossedalen her

Alltid kjekt å stå ved vassenden på Fossedalsvatnet.
Bak ser vi Eitrenipa og N&S Kringla. 
Høgda på fjella er omvendt
proporsjonal med bildet




Øvre Fossedalen. N&S Kringla                                                              Øvre Fossedalen med Eitrenipa
Dale
Laukelandsfossen med Blegja og Laukelandshesten

YouTube Eitrenipa

Eitrenipa routes


Killer whales

Følgjande syn vart eg obs på nede på fjorden 1.påskedag.
Diverre kom ei gran delvis i vegen for snutten,
men det vart no det det vart.
Fantastisk skue!


søndag 20. april 2014

Påskedag på Staveneset





















Fantastisk påskedag på Staveneset i dag. Stilt og fint. Og alle i godt humør. Eg og gutane utforska området både til vanns, og til hola som engelskmennene gøymde seg i under krigen oppe i fjellet. Kos med kaffi, kjeks og appelsiner. Kjempedag...:-)