fredag 4. april 2014

Skålefjellet 767 moh

Fint på toppen av Skålefjellet
Svelivatnet midt i bildet
Osland midt i bildet med Stongsvatnet og Oslandsvatnet.
Stongstølen midt i kanten nede.

Fantastisk flott tur opp frå fjorden til Skålefjellet 767 moh i går kveld. Nydeleg vèr og god vårtemperatur. Det ligg endå litt snø oppe ved toppen, men den går veldig greitt å ta seg fram på utan broddar når sola har fått litt tak ut på dagen. Om morgonen derimot er det nok tryggast å ha broddar med i sekken. 

Herleg å bli møtt med dei fantastisk flotte songtrillene til gjerdesmetten opp i Gjerdebrekka. Høgt volum på songen til ein så liten fugl. Det er mykje gjerdesmett her oppe. Mykje trefall og røter er perfekt vegetasjon for han. Elles er det ganske dødt i fjellet endå. Men såg faktisk ei heipiplerke oppe ved Yndestadhøgeheia forrige helg. Kvepp no av ei og anna rype òg... Det er iallefall ei nydeleg tid vi no går inn i no. I grunn er det kjekkare i fjellet når det er litt fugl og liv å sjå - så bye bye vinter og snø i denne omgang...:-)


Skålefjellet 030413 from gustav skaar on Vimeo.


Ingen kommentarer: