lørdag 30. juli 2022

Vindfullt i høgda

Dagens selfiar på Driveknolten

ds

Lett klyving i skaret ved Høgknolten


Etter ein rask tur på Skylefjellet i går, bar det i dag inn igjen på Driveknolten på Heileberget. I dag med fruen som selskap. Men først vart det både maling av nok ein vegg heime og oljing av terrassen. 

Veret i dag var mykje meir vindfullt og skya enn hin dagen. Godt å ha med vindtette klede. Vi traff kjentfolk inne mot toppen. Connie og ei jente frå Førde. Men her bles det så grassat at det ikkje var råd til å prate noko særleg. På returen traff vi dei att i Rivedal. Og vi slo følgje ned att kraftvegen. Flott tur!

torsdag 28. juli 2022

"Fossekallen" drama

På Driveknolten i dag - og framleis tørr...!

Flott morgontur frå Rivedal og inn på Hundeheia og vidare til fjelltrimposten på Driveknolten i dag. Dette er den lengst turen på årets program. Driveknolten ligg omlag midt på Heileberget. Kart her: 

Som eg sikkert har skrive mange gonger før er det fantastisk utsikt over bygdelaga kring Dalsfjorden frå denne turen. Spesielt når du kjem opp på toppen av skaret ved Høgknolten. 

Utsikt ved Høgknolten

Og frå toppen av Driveknolten i nord er det nydeleg utsikt til Nipebu-traktene og fjella kring Fossedalen.

Langevatnet med Nipebu midt i bildet - 
vi ser elles Markahengenipa og Fossedalshengenipa

Turen inn gjekk i kjøleg, men god tur-temperatur. Med ein liten trekk frå søraust. I flott solskin. Reine nytelsen. Idyllen ispedd beitande og rolege sauer heile vegen innover Heileberget. 

Eg returnerte same ruta. Var inne på tanken om å gå til Dale. Men så er det noko med henting og bringing som ikkje alltid er like enkelt. 

Ved Hundeheia, med utsikt til demningen og elva i Rivedal, vart eg i stuss over det store overløpet av vatn. Det var ikkje slik då eg gjekk over elva på morgonen. Då gjekk eg enkelt over der eg brukar, ved den store steinen eit stykke nede om demningen. Men då eg kom ned hit var elva skikkeleg stor. Kul umuleg å gå over her. Så eg gjekk eit stykke lenger ned og prøvde meg over. Med det resultat at eg låg langflat i den fossande elva og botna med vatn til opp på magen. Å hei og hei korleis dette måtte gå... I forfjamselsen miste eg eine staven - den fòr siglande nedstraums og eg såg han ikkje att. Svarte svingande! Enden på visa var at eg måtte gå Vindheim-sida ned til husa her. Og vada meg over elva ved ein høveleg stad sidan eg allereie var våt. Så eg kom no meg ned igjen på eit vis i dag òg - med ein stav fattigare og svalande våt i solsteiken... 

Driveknolten S&N til høgre frå ruta inn Heileberget


Ja, ja - eg har ein ekstra stav heime - etter at den andre bles seg ut for stupa på nordsida av Toreheia. Eg tvilar vel på at denne eller "fosse-staven" nokon gong kjem til rettes... Ein stav er no ein stav - det er verre om det går gale med Gustav(a) eller dagens fossekall...😁 


onsdag 27. juli 2022

Reddande engel

Den vanlege ruta - vadet på Krikavatnet

...og ovanfor låg skodda tjukk...

Det er ikkje kvar dag ein kan sitte med kjensla av å ha vore ein reddande engel. For slik enda fjellturen i dag. 

Det begynte med den vanlege ruta til Krikavatna og til Toreheia. Vått! Og her oppe låg skodda skikkeleg tjukk. Men det er no greitt å finne opp. Returen tok eg likevel ned igjen same ruta sidan den er greiast i skodde. Nede ved vatna igjen gjekk eg likevel over dei våte myrane til  Skylefjellet. Her var det skoddefritt. Og sola skein over Sunnfjords perle - Svanøy. Ja i Florø skein sola òg. 

Lågt skydekke og sol over Svanøy

Vel nede igjen på ruta mot Svartevatna ser eg noko kvitt som liknar på ein sau borte i bakkane. Men noko er gale. Han skal ikkje ligge slik! Åleine! Og då eg nærmar meg ligg sauen på rygg med alle fire beina i lufta. Eg er sikker på han er dau. Men du verda kor eg kvepp då eg står over han og føtene veivar i lufta.... Han er i live! Så eg dreg han over på alle fire føtene. Og etter å ha falle om eit par gonger, og sjangla litt, kunne han sette føtene skikkeleg under seg. Og ruslar vestover med meg bak. Du verda. Reddande engel. Og snakk om å kome til unnsetning i rette augneblink. 

Slik låg sauen medan eg trudde han var dau....


Men slik ser han ut etter at eg har drege han over på føtene...

og ds på veg vestover

Vest om toppen av Toreheia gjekk det òg sauer

Elles kjekt å treffe ein del ukjende folk ved Rinda. Og ein god prat med eit par nabodamer med feriehus på Yndestad. Alltid godt å kome heim frå tur. I dag ekstra så...!

Heiloen føl med òg....


søndag 24. juli 2022

Flott Sognatur

Osen ved Åsetvatnet (860 moh) i Skjolden

ds

Olaug og eg hadde oss ein flott tur til Sogn frå torsdag til søndag. Første stopp i Veitastrond og eit besøk på den nye Tungestølen etter at den gamle blei fullstendig knust til pinnved i orkanen Dagmar. Her oppe var det rikeleg med turistar. Mest utanlandske. Vi tok oss ein kopp kaffi og eit kakestykke og kunne nyte den nydelege utsikta både nedover og oppover dalen mot Jostedalsbreen. Eg hadde aldri vore i Veitastrond. Og vart ganske overraska over kor langt det var inn frå Hafslo. Dessutan kor smal og kronglut vegen var...😆 For ikkje snakke om tunnelane...

Utsikt ved Tungestølen i Veitastrond


Etter Tungestølen stod Skjolden på programmet for resten av helga. Der vi sjekka inn på Skjolden Hotell for ei overnatting torsdag. Her inne traff vi så Torbjørn, son til Olaug, og Ingrid Anita, sambuar, og ungane. Dessutan eit besøk hjå Anders og Ingrunn, foreldra til Ingrid Anita. Som bur i Skjolden. 

Skjolden hotell, torsdag


Hotellet i Skjolden var heilt greitt. Frukosten fredag likeeins. Deretter bar det til fjells til Osen med 6 av oss. Til hytta som Ingrid Anita eig i lag med syskena. Hytta ligg på 860 moh med tildels ganske hard stigning opp frå Mørkri.


Med tung last oppover dei bratte bakkane gjorde det godt å kome seg fram til hytta. Ikkje minst for dei to minste som på små føter hadde kome seg heilt opp. Vel, med litt hjelp då. Det vart ein perfekt ute kveld i nydeleg vèr. Med panoramautsikt til Hurrungane. Og med løyst fiskekort og båten på vatnet vart det middag lørdagskvelden. 

Ingrid Anita og Olaug ved Krekafossen i Åsetelvi 
på veg til Osen, fredag


Utsikt til Hurrungane frå hytta på Osen. 

Lørdagen brukte vi elles til ein flotte fjelltur til Ofsarvatnet, 1002 moh. Her oppe fann vi snø. Og masse flott reinlav, sjå fotoserie. Vi hadde oss ein flott pause med innlagde forfriskningar og snop til ungane. Her oppe høgt til fjells. Ja, ungane storkosa seg! Nede på hytta att vart det nok ein fin kveld på terrassen med den nydelege utsikta. 

Idyllisk ved Osen

Etter frukost i dag, søndag, var det så tid for retur til Skjolden. Og deretter heim att. (For Olaug skal på jobb igjen i morgon). Men ein tur opp til Anders og Ingrunn måtte vi ha for ein prat og ein dusj. Og her vanka det kaffi og nylaga gjærbakst! Ja, snakk om service. Heim igjen reiste vi både gode og mette. Og med ei god bør jordbær av året i bagasjen. I tillegg til alle dei flotte opplevingane. Tusen takk for ei flott sognahelg!

Mobilfoto Tungestølen Skjolden Osen ved Åsetevatnet 2107-240722

tirsdag 19. juli 2022

Siste post

Siste post på årets TiTur Dalsfjorden for Olaug og meg.


God sti og veldig bra merka frå Steiestølen til Styggeheia.

 

Flott avslutning av postane på TiTur Dalsfjorden i år. Siste tur gjekk til Styggeheia på Steiestølen i Dale. Eg vil tru den lengste av turane i år. Veldig bra merka heile vegen frå Røde Kors hytta, og sør over myrane til Seciliebotn, vidare opp og austover. Styggeheia ligg på 799 moh. Ganske lett å hugse. Fin å ta som ei rundtur over Taket på 791 moh òg. 

Elles er det å nemne at det er lagt ned mykje plank sørover myrane. Dessutan ein god del stein oppover. Ganske formidabelt arbeid. Applaus👍 

Vèret i dag var veldig flott å gå i. Opplett og overskya. Med fin temperatur. Så med dette var alle turpostane på TiTur for i år registrerte. Og premien? Ein god buff frå Devold... 😎

Styggeheia 190722

søndag 17. juli 2022

Crete 2022

Nokre bilder frå den flotte turen til Kreta i sommar.

Vi kom heim igjen forrige natt til søndag.

Med siste SAS fly frå Chania. 

Heldige!

lørdag 16. juli 2022

Frå gloheit sand til gjørme og væte...

Mandag

Onsdag

Torsdag

Lørdag

Ei lita fjelltrimveke på Skylefjellet. Kjekt å vere tilbake. Til skodde, gjørme og væte. Men òg gløtt av sol. Vel, inn att i mellom kunne det ha vore kjekt med gloheit sand mellom tærne.... 

tirsdag 12. juli 2022

Imbros Gorge & Frangocastello

 

Eigne bilder frå Imbros ravina og Frangocastello

søndag 10. juli 2022

Fantastiske Kreta

Ved Plakias etter turen i Imbros ravinen.

Siste kvelden på Alana - ein god restaurant!


Nok ein nydeleg tur til Kreta er over. Etter 14 dagar med sol, sandstrand og rundt 30 grader, var det sjølvsagt godt å kome heim igjen òg. Men du verda kor herleg det er å kome seg vekk og sleike D-vitaminar. I år gjekk turen til Rethymnon. Ein by Olaug og eg ikkje hadde vitja sidan før tusenårs-skiftet. Mest for Olaug sin del - ho likar eit yrande folkeliv. Sjølv synest eg dei stille og "sløve" småplassane med bortgøymde sandstrender på sørsida av øya kanskje er vèl som pass. For så mykje folkeliv er eg i grunn ikkje særleg van med her i Stongfjorden. 


Franco Castello 

No vil det sjølvsagt føre alt for langt å skrive detaljar om desse 14 dagane. Men utanom god mat, dagar på sandstranda og vandring i gamlebyen, var besøket på Fortezza fort, vandring i Imbros ravinen og Franco Castello fine opplevingar. Under ligg det eigne bildefiler. Og som sagt så mange gonger før så fortel bilder meir enn tusen ord. 

Etter ei slitsam natt med avreise kl 21 frå hotellet, 00.35 med SAS frå Chania og i Bergen klokka 04 og rett heim igjen, så kjennest eg litt svimeslegen i hovudet i kveld. Så då får dette blogginnlegget vere med det...   

Foto Imbros Franko Castello 050722

Foto Fortezza Rethymnon 290622