søndag 10. juli 2022

Fantastiske Kreta

Ved Plakias etter turen i Imbros ravinen.

Siste kvelden på Alana - ein god restaurant!


Nok ein nydeleg tur til Kreta er over. Etter 14 dagar med sol, sandstrand og rundt 30 grader, var det sjølvsagt godt å kome heim igjen òg. Men du verda kor herleg det er å kome seg vekk og sleike D-vitaminar. I år gjekk turen til Rethymnon. Ein by Olaug og eg ikkje hadde vitja sidan før tusenårs-skiftet. Mest for Olaug sin del - ho likar eit yrande folkeliv. Sjølv synest eg dei stille og "sløve" småplassane med bortgøymde sandstrender på sørsida av øya kanskje er vèl som pass. For så mykje folkeliv er eg i grunn ikkje særleg van med her i Stongfjorden. 


Franco Castello 

No vil det sjølvsagt føre alt for langt å skrive detaljar om desse 14 dagane. Men utanom god mat, dagar på sandstranda og vandring i gamlebyen, var besøket på Fortezza fort, vandring i Imbros ravinen og Franco Castello fine opplevingar. Under ligg det eigne bildefiler. Og som sagt så mange gonger før så fortel bilder meir enn tusen ord. 

Etter ei slitsam natt med avreise kl 21 frå hotellet, 00.35 med SAS frå Chania og i Bergen klokka 04 og rett heim igjen, så kjennest eg litt svimeslegen i hovudet i kveld. Så då får dette blogginnlegget vere med det...   

Foto Imbros Franko Castello 050722

Foto Fortezza Rethymnon 290622

2 kommentarer:

Anonym sa...

Masse flotte bilete frå ein innholdsrik tur dette !! Vi var sjølve på Kreta frå 11. - 18.juni i år men budde vestom Chania. Rethymnon og fortet der ser veldig interessant ut på dine flotte foto !

Gustav Skaar sa...

Takk for kjekk kommentar. Her er video med stillbilder frå Imbros https://youtu.be/71ZmigSxZOY

Vi har vore mange gonger vest for Chania. I 2019 i Palechora på sørkysten. Supert det og. Men i år ville vi prøve tilbake til Rethymnon. Var veldig bra. Vi likar oss utruleg bra på Kreta, og kan tenke meg tilbake i haust.