tirsdag 27. desember 2022

Lyset 2

 




Skiftande skydekke, nordakuling og snødryss i lufta på Høgeheia i dag. Friskt! Litt isete parti i stien, men greitt å trakke utom utan broddar. 


fredag 23. desember 2022

Lyset




Fantastisk flott lys på kysten i dag. Eller som alltid for den del. Skiftande frå minutt til minutt. Raudt, grønt, gult og lilla i strålane. Både vest over havet, og i synsranda sør, nord og aust. Utruleg flott. 

Elles litt snø i lufta. For så å få oppleve sola. Etter solsnu. Så no går det rette vegen. God Jul til alle!🎄🎅🎇


 

God Jul



Med ei vinterleg morgonstemning på ruta til Fossedalshengenipa og Nipebu ynskjer eg alle ei retteleg

God Jul og eit godt nytt turår!
🎄🎆

lørdag 17. desember 2022

Sykje og tappa kropp

Godt å kome litt i sving igjen etter nesten ei veke med omgangssykje. Med kroppen ganske nedtappa vart det egentleg ganske tøft opp på Høgeheia. Djup snø! Men heldgvis var det trakka spor av Dag Tore og Anita dei par siste dagane. Og så traff eg Anita R. på veg ned igjen. Takk for spor. Elles hadde eg nok ikkje kome meg opp i dag... 

Veldig flott på toppen då sola kom fram i sør. 

lørdag 10. desember 2022

Vintersola 2





 Det er ikkje så ofte at det er over 7 minus grader heime hjå oss. Så det vart ein kald og flott tur på fjelltrimposten igjen i dag. I nytrakka spor. Og soloppgang oppe i bakkane! Men kulden reiv bra i  kjakane i skuggen opp frå Holevika. Nydeleg på toppen. So og seie vindstille. Reint jomfrueleg i den tørre og drivkvite snøen.

 

onsdag 7. desember 2022

Vintersola





Fabelaktig rein vintertur på Høgeheia i dag. Drivande kvit nysnø. Og vintersol! Men det såg ikkja akkurat slik ut då eg starta. Det snøa nemleg ganske heftig då eg tok av garde frå Holevika. Opp gjennom "stien" låg det vel 15 cm snø eller noko slikt. Akkurat slik at råsa oppover var synbar. For sikkerhets skuld hadde eg teke på meg brodddane då eg starta for det låg is under nysnøen. 

Oppe ved julegrana som Anita og Dag Tore har pynta så eg at det lysna i nord. Suverent! Og lenger oppe i bakkane møtte eg vintersola...

Anita og Dag Tore har pynta julegran ved stien til Høgeheia - her i eit godt lag med nysnø
...det skin av sol i nord...

Ja, bakkane låg bada i dei flottaste vinterstrålar du kan tenkje deg. I tillegg var det heilt vindstille! Snakk om flaks. For lenger ute i havet låg det heftige snøbyger. Reint spanande om dei ville nå inn medan eg var oppe på toppen. Men det gjekk heilt supert. Bygene heldt seg unna! Og eg fekk ei herleg stund på toppen. Ned igjen var det rein moro i snøen. 

For ein flott tur dette var i dag. I det flottaste eventyrlandskap!

Foto Høgeheia 071222

tirsdag 6. desember 2022

Smak av vinter




I dag var det frose på igjen oppover til Høgeheia. På toppen låg det eit dryss med nysnø. Og rimelegvis var det ganske glatt i stien. Ja, betre å gå i graset utom ned igjen. 

Jammen stakk den låge vintersola fram igjen i dag òg. Rett nok var det litt nordatrekk. Men elles veldig fint!  

fredag 2. desember 2022

Nydeleg adventstur i Holmedal

Soloppgang frå ranen på Dokka - lett frost på Straumsnes og i Holmedal

Nydeleg utsikt til kjende fjell i aust

Fantastisk flott tur på Dokka i dag. Rundt null grader i Holmedal, klårt og vindstille. Soloppgangen fekk eg som planlagt oppe på ranen i 09.30-tida. Med nydeleg utsikt ned igjen til dei rimlagde bygdelaga langs fjorden. Medan her oppe låg landskapet bada i reinaste gull.... 

Det gjekk fint oppover den fastfrosne stien. Litt is her og der, men heilt greitt å stige utom. På toppen var det ein liten austatrekk. Greitt å få skifta ut ei sveittevåt trøye med ei tørr ei. Og ta på dunjakka. 

Godt å få på dunjakka og tørre klede

Fjella i Askvoll ligg bada i reinaste gull...



Ned igjen gjekk eg stien til Grønene. Her er det panoramautsikt til fjella i aust og til Bakkevatnet, Rivedal og Dale. Nydeleg adventstur! 

Foto Dokka 021222

torsdag 1. desember 2022

Same procedure

Eit par oppdateringar frå Høgeheia...