onsdag 31. august 2022

Kjekk tur til Bergen


 Fin tur heim igjen frå Bergen og Haukeland i går! 

søndag 28. august 2022

Mamma 85 år

Ved Storesteinen på Sørebø
oss søsken og mamma.
f.v. Mildrid, Leif-Arne, Sigvard, Øystein Olav, meg og Bergljot - og mamma


Vi hadde ei veldig kjekk feiring av mamma sin 85-års dag på Yndestad Gard i Guddal i går. Det er mandag som er dagen hennar! På Bakken på Sørebø fekk vi først besøke bestefarstaua der mamma og pappa budde ein vinter i lag med Sillan 0,5 år og meg 1,5 år i 58/59. Mektig og koseleg! Tusen takk til Odd Arne Osland for at vi fekk kome!

Bakken på Sørebø 

ds

Eg trur vi var 54 stykke av familien samla. Smått og stort. Bilda frå tilstellinga er av privat art. Så dei held eg førebels innan familien. 

Tusen takk til Yndestad Gard for flott service og god mat. Kan absolutt anbefale ein tur hit. 

Og kaker og anna kom og på bordet...


torsdag 25. august 2022

Fjelltrimtoppar 2023...?

Frå bildeserie Under open himmel på Eitrenipa

I det dårlege vèret har eg teke ein smugkik på det som etter programmet er nye fjelltrimpostar for 2023. Oppstart i byrjinga av oktober. Her dukkar det opp mange kjende og kjære fjell. Spesielt vil eg seie at Eitrenipa er ein av favorittane mine. Som sagt fleire gonger før. Fjellet høyrer til Kvammen sida av kommunen. Men også fint tilgjengeleg gjennom Fossedalen og Eitreskaret (sjå foto frå Fossedalshengenipa). Frå Skorvemarka i Kvammen går ruta som kjent via dei idylliske Leknesvatna

Eitrenipa t.v.frå Fossedalshengenipa

I Rivedal står Stølsfjellet på programmet. Ein relativt enkel tur via Lisetstølen/Nedgardstølen. I nordvest-enden på Vagstaddalen. Som Eitrenipa noko bratt i oppstigninga mot toppen. Vinterstid kan dette vere utfordrande. Men då kan ein med fordel gå opp dalen på nordsida og vest til toppen. 

Høgeheia høyrer til Stongfjorden-sida av kommunen. Fjellet treng vel ikkje nok nærare beskriving. Det ligg som høgste punktet ute ved Staveneset. Godt merka og god sti allereie. Her er det forresten 4 fester for hengekøyer om nokon vil overnatte i solnedgangen. 

Og så kjem vi til Dokka. Kjært fjell i Holmedal. Av mange karakterisert som de vakraste i kommunen. Iallefall med ei fantastisk utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga ikring. Greie og merka ruter opp ranen i aust eller via Nyksvatnet/Nykshytta i nordaust. Under bildeserie her i frå òg.

Til sist av dei obligatoriske og sannsynlege postane på fjelltrimmen neste år, er Hjartåsen i Askvoll. God sti inn ved Presteelva og på vestsida av Askdalen. Ein ganske enkel og grei heilårs-tur. 

Blegja er som vanleg fast post, men ikkje obligatorisk å gå på. Under ein bildeserie her i frå òg. 

Som vi ser er det mange kjekke toppar å gå på frå hausten av. Noko for ein kvar smak - og ei kvar årstid. Hugs tryggleiken og God tur!

tirsdag 23. august 2022

Fin fjelltrim

Dagens selfie

Mot Livra, Flekkefjorden, Leitet og Tysse

Mot Nipebu-traktene

...og Fossedalstraktene med fjella ikring

Herleg tur inn Heileberget til fjelltrimposten på Driveknolten i dag. Den vanlege og merka ruta frå Rivedal. Tur/retur. Overskya, god temperatur og vindstille. Perfekt turvèr med andre ord. Dessutan ganske tørt etter kvart. Sola som var lovd såg eg ingenting til før eg kom heim igjen.  

Foto Drivekolten 230822 

mandag 22. august 2022

Alt slags vèr

Tunge skyer over Dokka og Dale

... og Askvoll

Alt slags vèr om dagen. Sturtebyger og sol om eit anna. Av og på med klede. Ja, ei rein utfordring å ta med seg høvelege klede på tur. Så lett kledd som mogeleg er jo alltid ein fordel...! I skovegen er det dessutan kjekkast å vere lett skodd.
 
Ovanfor eit par bilder frå Fristadfjellet i dag. Som kjent ein av fjelltrimpostane. Dei blir skifta ut med nye første helga i oktober (reknar eg med). Så då skal det bli kjekt med litt nye toppar...

søndag 21. august 2022

Eg vil heim

Skal du hente meg...?

Mørke skyer i horisonten

Eit gløtt av sol

Alt slags vèr på fjelltrimposten på Skylefjellet i dag. Av og på med klede. Frå steikande sol til kulingkast og høljande regnvèr. Vått, myr og gjørme. Som så ofte før denne sommaren. Men trimmen er no like god for det.  

lørdag 20. august 2022

tirsdag 16. august 2022

Stilla

Fint og stilt ved Mangevatna i dag tidleg

Gjekk nedom Mangevatna i dag etter å ha vore på Skylefjellet. Stilt og utan ei krusing på vassyta. God temperatur og litt skyer. Fantastisk!

mandag 15. august 2022

Det haustast

Peter og Marie på lørdag
 

Fristadfjellet i dag

Bjørn Tomren i Dale kyrkje i går - fantastisk, magisk og gripande

Skylefjellet - igjen - i går


Ei lita bloggoppdatering - Flott arrangement av Arnarsonmila på lørdag. Imponerande deltaking i barneklassen. Og veldig kjekk dag i Dale sentrum etterpå. Det aula med folk. 

Full kyrkje var det elles i Dale i går då Bjørn Tomren hadde konsert. Det var heilt magisk. Gripande. Noko meir er det vel egentleg ikkje å seie. For det blir umogeleg å dra fram høgdepunkta....! 

onsdag 10. august 2022

Dalsfjorden

Det er Dalsfjordveke og Fest i Fjaler denne veka. Då passar det vel gjerne med denne bildeserien eg laga i fjor sommar.

tirsdag 9. august 2022

Klissvått


To nye klissvåte turar til Skylefjellet i går og i dag. Og bilda er dei same som før. Gråvåte selfies.... Så dei får no berre ligge her på maskina! Lite nytt i det.... Legg heller ut igjen ein bildevideo frå litt betre dagar!

søndag 7. august 2022

Waiting for the sun

Vått og kald vind på fjellet i dag... Men humøret er der....

Ikkje akkurat sommarvèr på fjellet i dag. Kald vind og regn. Ja, eg skulle faktisk ynskt eg hadde hatt stillongs på meg. Elles vått, myr og gjørme. Måtte ta i ned igjen for å halde varmen. Så slik går visst resten av sommaren -  "Waiting for the sun"... 

lørdag 6. august 2022

torsdag 4. august 2022

Søkkvått

Sauene ved Skylefjellet er òg våte no...
Toreheia i bakgrunnen

Dagens Sunnfjords perle i grått sommarvèr...

To nye søkkvåte turar på fjelltrimposten på Skylefjellet denne veka. I går så vidt eg kom meg over Rindaelva. Ikkje så mykje mindre vatn i dag tidleg heller.... Takk til Vilken Y., nabo, som har ordna med ein wire over elva. Den er god å ha når vasstanden er høg. I går hadde eg ikkje tort å prøve og kome meg over utan...

Ja, som så mange gonger før denne sommaren så vil væta visst ingen enda ta. Diverre blir det då gjørme av det òg. Men det er no ein gong slik at vèret lyt vi ta som det kjem. Det viktigaste er å ha gode sko og klede - for å sitte heime utan å kome seg på tur er ikkje noko alternativ. 

mandag 1. august 2022

4 beinte på godt fjellbeite

4 beinte kosar seg i flott august-vèr ved Skylefjellet
Godt fjellbeite i år!

Sunnfjords-perle - Svanøy

Skålefjellet og Moldura i synsranda

Eit par fine trimturar til Skylefjellet i går og i dag. Litt vått. Men opplett og bra temperatur. Det blir likevel fort kaldt når sola forsvinn. Av og på med klede... 

Firda plukka opp historia om sauen hin dagen. Artig. Det kan jo vere ei påminning om å sjå etter sauer når ein likevel er på tur. Det kostar lite å gje beskjed til eigar om ein finn sjuke eller daude dyr. I tilfellet mitt førre onsdag gjekk det jo veldig bra...