tirsdag 31. juli 2007

Spinn og hardrock


Sveitt, men blid!

Etter stillstand i omlag halvannan månad pga kneet, har eg funne ut at eg tåler spinnsykkelen oppe i treningsstudioet i gamle losjehuset. Dette har gjeve litt umiddelbar krisehjelp på kondisjon og energiforbruk - og ikkje å forgløyme betre psyke og humør...! Sjølv om det egentleg er ganske kjedeleg å trø, hjelper det godt på med litt heidundrande musikk, så i dag fann eg fram AC/DC med "If you want blood you;ve got it" så gitarsoloane small i veggen opp i losjen. Det nyttar ikkje med salmesong i slike omstende...:-)
Ventetida på MR-undersøkjinga er snart slutt, neste mandag skal eg inn på sjukehuset, så no må det bli litt fortgang i kva som feilar kneet. Eg er ikkje blitt det spor betre i sommar, sjølv etter mykje sofaliv med låg forbrenning..! (Eg har framleis store problem med å gå opp og ned ei trapp utan at det stikk som knivar i kneet. Og no er Olaug så lei av sytinga at eg får så hatten passar...:-)). Alt gjekk adundars i sommar med turen i Jotunheimen ilag med Agnar, Nipebu og fisketurane der, turleiing på Blegja etc. Og poenga på fjelltrimmen sto brått alldeles stille etter ein iherdig periode... for iherdig?
Reine fjernsynsteateret frå Finland i gamle dagar, tragedie på tragedie...Men det nyttar ikkje å sjå seg tilbake på ein inaktiv sommar - spinnsykkelen kan vise seg å hjelpe framover - ser ikkje ut til at eg blir verre iallefall...!

I går var det tilbake på jobben i banken. Eg trudde det skulle bli ein roleg start midt i ferien til folk flest. Det viste seg å bli det motsette. Eg tykkjer alltid at første dagen på jobb etter ferien er litt ubehageleg. Men i går fekk eg knapt tid å tenke etter i det heile teke før dagen var omme - alltid eit godt teikn...:-) Egentleg er de veldig godt å komme i gang igjen med det daglegdagse. Set vi for lite pris på kvardagane?

søndag 22. juli 2007

Storarta Skjærgårdstreff del 2


Nabo Kjell og Olaug kosar seg på Skjærgårdstreffet

Utruleg at veiret heldt ein dag til på Skjærgårdstreffet. Arrangørane må vere overlukkelege! Det var svart i folk i dag og - rett nok ikkje så mykje som i går, men imponerande likevel.
Høgdepunkta i dag var vel veteranvogntreffet med artige gamle traktorar og gamle bilar. Mykje slit og arbeid såg ut til å ligge bak for å få desse køyrbare og glinsande. Elles er det jo artig å høyre det gode jentebandet Cinderella;s Birthday Party Band med nabojentene Alice og Ingrid på vokal og gitar. Konferansier Ole Johannes Øvretveit er jo eit kapittel for seg med eit oppkome av artige historier.

Alt i alt nok ein flott dag i Askvoll!

Skjærgårdstreffet 2007 del 2

lørdag 21. juli 2007

Storarta Skjærgårdstreff del 1


Magni og Kristin er to blide og gode naboar

Eit sydande folkeliv. Eit hav av båtar i millionklassen med høg solbrillefaktor. Steikande sol og ein ulideleg eim av steikte vaflar og grilla sommarkotelettar hang over kaiområdet i Askvoll i dag...Og kø overalt!
... Men folk storkosa seg. Det er slike dagar all prat og helsing på folk blir litt flyktig. Stimane med folk går frå eine delen av kaia til den andre. Nokre ord om det strålande veiret og kva som som skal skje framover og har du vore med på det og det? Unnskyld? Eg blir likevel litt oppjaga av slike folkestimar...Det merkar eg på Peter og...smella held ikkje stilt! Men du verden det er jo kjekt innattiblant..og slitsomt!

No får vi sjå til kvelden etter at vi har fått roa oss ned litt alle. (Men Peter får vi vel ikkje tidleg i seng heller...)Det hadde jo vore kjekt med ein svingom...Litt for sjeldan blir det anledning til det. Så var det barnevakt då...Vi 50-åringar har jo bruk for det og vi...:-)

Skjærgårdstreffet 2007 del 1

fredag 20. juli 2007

Sol og sommar i Stongfjorden



20/7 Så fekk vi besøk av eldste dotter mi Margunnn med barnebarna mine Hanna og Sander frå Førde. Ja, så kom Odd, bror til Olaug, og Ellen frå Oslo på ein helgevisitt. Midt i raspeballane kom og Kristine, mi nr. 2, og Rudi innom frå Holmedal. Ja, vi vart ein heil gjeng på altanen og i huset. Kjekt med litt låt og læte!
Raspeballar og familietreff


17/7 Ikkje heilt lett å halde liv i bloggen i desse ferietider. Været er jo elendig og tiltakslysta deretter. Men vi har fått tapetisert opp igjen rommet til Peter. Elles er eg ein ihuga lesar av Bergens Tidende vorte. Bra miljøstoff for tida anten det gjeld kraftlinjer eller småkraftutbyggjingar.

Med dårleg kne, gjentatt til det kjedsommelege, er det lite fjelliv f.t. Det er berre å drøyme om - har vondt berre eg går ned kjellartrappa. Trøysta er båten. På Hollevikflua i dag kunne eg ause opp makrell! Gav meg etter ei lita stund med ca 20 stk. Eit vanvittig liv av måsen med ei slosting og eit skrål då eg sløygde fisken. Nokre stod på båten framme - og ikkje nok med det - det var pina dø ein som stakk av med ein makrell som eg hadde liggjande oppe i båten og, etter at dei var sløgde. Eg trudde nesten ikkje mine eigne auger - vel tapet var ikkje så stort at det gjorde noko, men derimot opplevinga....:-)

Vi får håpe på betre veir framover. Torsdag og fredag ser lysare ut...! Skulle teke nokre meir bilder etterkvart, sjølv om det dessverre ikkje blir frå fjellet. Det hadde vore utruleg kjekt å fått fiska litt med lettspinn på Nipebu no sommarsnatta....! Etter rapportane å dømme er det visst til tider trangt om plassen der oppe no med 70 overnattingar siste veka. Det er veldig oppløftande!


10/7 Samkome heime med Håvard (elstemann til Olaug) og Miriam med Kirsten og Ola som er utviklingshemma. Lappar, nyrørt jordbærsyltety og kake gjekk ned på høgkant.

Peter og eg har fylt dagen med ein handledag i Førde og ein tur på sjøen. Peter var veldig opprømt då vi fekk 10 pirar i går, men i dag var dei borte vekk - som han sa "pappa her var jo tusenvis i går, men ingen i dag.....". Slik er det å prøve og forklare ein 7-åring at det er det som er spenninga med å fiske...I går ville han ikkje til lands igjen, men i dag var det bom stopp etter ein time.
Det ligg vel ein del psykologi i akkurat det.

Kraftlinjedebatten og trasèval går vidare. Det er fin stemning med energiselskapa etterkvart. Utanom å seie noko meir om det... er eg faktisk ganske optimistisk akkurat no, så då må eg prøve å få desse tankane ut av hovudet i resten av ferien. Det er faktisk litt plagsomt når det føl ein frå morgon til kveld - og av og til om natta...!

Sagaen om kneet mitt går og sin gang - eg har vondt berre eg går ned til sjøen. All form for fjellgåing har eg difor lagt på is inntil eg får svar på MRen eg har time for 6.august. Vonleg kjem eg til før dersom dei får avbestillingar. Denne situasjonen slit voldsomt på humøret, men eg lyt berre sjå på det som ein overgang...


7/7 Eg seier med Jakob Sande "takk for det fine veret høgt opp i himmelen". Nok ein fanatastisk solrik dag med temperaturar høgt på tjuetalet. Tok ein tidleg båtur rundt Staveneset før brisen sette inn. Sollyset er berre utruleg flott tidleg om morgonen ut fjorden.
Seinare på dag vart det altanliv og grilling nedom huset ved fjorden.
Elstemann til Olaug, Håvard kom frå Oslo med veninna si Miriam og to psykisk utviklingshemma for å feriere nede ved sjøen i sommarhuset. Seinare kom besteforeldra til Håvard og Marie og ned til ei kjekk stund.


Sol og sommar i Stongfjorden

Peter med sin første makrel for året

torsdag 19. juli 2007

Spikra i minnet


Når natt går mot dag ved Nipevatnet denne sommarmorgonen i fjor!

I desse reprisetider med manglande redaksjonelt stoff og kneproblem, gjengir eg stykket mitt som stod i Firda i vinter under serien "Spikra i minnet"....

Det er ferietid. Sommaren 2006. Berre tanken på å sleppe pendlinga til Førde nokre veker gjer meg lett til sinns. Eit hav av mulegheiter. Altanen ligg nyolja og sommarmøblane brenn i solsteiken. Nærast lokkar meg til å flate ut. Fjellheimen kallar og kallar. Kva sytten skal eg velje? Skal eg reise vekk? Jotunheimen eller Stølsheimen? Skal eg ta postane på fjelltrimmen? Ja, og så ligg båten klar i hamna …Valgets kvaler og atter kvaler. Eit eldorado av kjekke fritidssysler ligg å ventar.
For eg har ordna meg fint. Olaug har ei veke igjen på jobb før ferien. Og Peter likeeins i barnehagen. Ahhh – du har det så uendeleg godt Gustav, kling det gong etter gong i øyra. Så slår det meg. Kvifor reise vekk? Eg bur jo på verdas beste ferieplass. Med dei flottaste fjell, og fjorden nett nedom huset. Havet med alle øyane ligg like i vest. Hit kjem tyskarane i hopetal om sommaren, ja, plassen dei har gledd seg til å komme til resten av året. Ja, er det ikkje akkurat det som gjere at eg bur her? I vakre Stongfjorden?

Då er det avklara, men kva no? Så tikkar det inn ein SMS, er det frå Agnar eller Roald? Hugsar ikkje. Ja svarten, Nipebu…. NIPEBU! Eg må jo sjølvsagt dit! Langevatnet og Nipevatnet er opna for fiske i slutten av mai. Å tenk, dei slupsa vi har sett frå altanen i solnedgongen der oppe….Synet brenn på netthinna. Ro deg ned, det hastar ikkje slik med å komme seg av garde. Har jo dagesvis til disposisjon.

Eg fortel fruen om planane mine då ho kjem heim frå jobb. Er ho litt letta? Er ho kanskje redd ”solrøven” skal ta meg på ei sveitt solseng på altanen? Eg flin godt for meg sjølv…Eg er biten av fiskebasillen. Den er det ingen kur mot.
Men ekspedisjonen må nøye planleggast. Påfyll av slukskrinet. Håven er vel heil etter i haust? Og begge lettspinnstengene må vere med. Ei til convoy med tjukkare gøtt. Og ei til vanleg lettspinn med 0,15 eller 0,18 gøtt. Ekstra gøtt må handlast. Ja, så må det plukkast makk. Ser convoyane sist brukt i Haukedalsvatnet bra ut? Eller må eg ha nye?

Då fiskeutstyret er fullstendig under kontroll, set eg meg ned på altanen og skriv ut resten av lista på utstyr og mat og er klar på ein dag. 85 liters sekken er fyllt til randa med godsaker. Så er det berre å køyre det vesle stykket opp til Markavatnet med luksushytta Nipebu som mål. Den godt merka stien kan eg i blinde. Sjølv ein med cafe au lait som nippedrykk og fortausrestaurant som spelearena vil finne fram.

Allereie oppe ved skiltet til Nipebu merkar eg at klokka går litt seinare. Feriekjensla og roen senkar seg – stille, på vandring langs den oppgådde stien, delvis på gamle fururøter og kvartsstein til demninga av vatnet.
Ved Grunnevatnet blir kjensla av urørd natur fullkomen. Idyll og atter idyll. Elvar og fossar sildrar og klukkar ned i det vakre grunne, skinande vatnet. Verbitte furutre i alle fasongar. Eit urørt landskap slik herren skapte det.
I ura nedom Krokavatnet har eldsjelene i turlaget, Jens Petter og Agnar, laga bru. Sirleg over bratte, glatte og vanskelege kampesteinar ligg ho. Unikt engasjement. Sjølv bestefar kjem seg no opp desse ulende hamrane.Ved Krokavatnet er det tid for velfortent drikke. Jammen er sekken tung, sjølv om eg har prøvd å redusere tyngda til eit minimum. Nordre og Søndre Kringla ligg bada i ettermiddagssol. Småkjøa vakar varsamt i yta. På vakt i det klåre fjellvatnet. Vaka føl meg i sinnet opp svaberga til under Hengenipeholten. Nipevatnet ligg så stilt så stilt i ettermiddagssola. Er det mogeleg å få fisk her då? Tvilen set inn...Er veiret alt for fint? Er natta for lys så nett etter Jonsok?

Tyngste stykket til Nipebu er skaret opp mellom Fossedalshengenipa og Hengenipeholten. Tid for å bite tennene i hop. Tankens flykt til andre sfærer enn det neste steget. Og så brått er du oppe under toppen på mektige Fossedalshengenipa. Den innoverhengande fjellsia er ly for folk og fe. Du rundar så kanten av Hengenipeholten og ser vestover til dei tusen sjøars land. Vakkert ligg Nipebu på sørsida av Langevatnet. Umerkeleg, i eitt med terrenget. I aust kneisar majestetiske Blegja og Ertrenipa. I sør Heileberget og litt av Dalsfjorden. Vatn på vatn, pyttar og tjern. For eit land – for eit gudommeleg land, så jomfrueleg, nakje og bart, men likevel så rikt. Til evig tid.

Sist biten til hytta er det berre å gje på. Lysta på å få av seg sekken er stor. Vel framme er det berre å låse seg inn. Nøkkelen heng på veggen. Heilt åleine – ohh kor herleg.
Nipebu, du herlege Nipebu...

Etter ein god matbit er det berre å rigge til fiskeutstyret. Båten ligg på plass. Årane finn eg i hundehuset. Og så er eg klar. Blodet pumpar. Her er fisk, men korleis ser den ut? Lysta på å finne ut dunkar i skallen. Eg prøver convoy først. Ei skikkeleg makkeklyse blir egna på ongelen. Finn takten og kjenn rykkinga i skeiene. Jau, den går fint. Men akk, eg ror - og ror. Skiftar makk. Og ror. På nordsida og ut i vestre delen. Innatt på sørsida. Ingenting. Det er for fint veir. Nei, det er for tidleg på kveld. Convoy er ikkje tingen. Tolmod er ein dyd seier dei. Her er fisk, det veit eg.

Gostanga - President med Shimano 500, full spole med 0,18 gøtt og 7 gram Sølvkroken Spesial i bronse med raud bakside. Er det forsvarleg med så lett utstyr..? No skal det bli andre bollar. Eg dorgar vidare. Kjenner trebolane alt. Ja, så men, Shimanoen kvin til i to lange ras og ei blank kjø fær som ein rakett opp av vatnet 30 meter bak båten. Hald gøtten stram. Etter to ras til og lett køyring, ligg ei sprell levande 4 hekto kjø i håven.
Ååå, mi første kjø i Langevatnet - for eit syyyyn, som ei blank sjøkjø, så feit, så lite hovud. Eg
må sløye den og jaaa, den er knallraud i kjøtet. Nett som Haukedalskjøa. Perfekt steikefisk!
Spaninga er utløyst og pulsen søkk. Det er kveld og eg kjenner brått at eg er trøytt. På veg til hytta får eg ei til. No vil eg kvile litt og prøve Nipevatnet i gryotta.

Eg ligg lenge i lakenposen før eg sovnar. Tankane spinn til Nipevatnet. Eg har knapt hatt blund på auga då mobilen ringer kl 0300. Eg får i meg nokre raske skiver med pålegg frå det rike proviantlageret til hytta. For ein luksus.
Det er allereie bra lyst ute. Eg dorgar meg inn i osen i austenden av vatnet. Og jammen får eg ei til av same slaget som i går kveld. Perfekt. Eg set att båten ved osen og går opp i Nipevatnet.

Ikkje ein lyd er å høyre. Ikkje ei krusing krummar vassyta. Nokre lette fjærskyer leikar i grytidleg morgonsol i nord. Som om eg var åleine i verda. Berre eg og tankane. Er det mogeleg å få fisk frå land her då? Eg nærast ålar meg som ein indianar godt oppe på land. Kan ikkje skremme fisken no. Han står sikkert heilt opp under land på dette belet. Og kastar. Eg føler plasket til sluken gir gjenlyd langt oppe i fjellet.

Etter ein halvtimes tid skjer det. Eit vanvittig tilslag. Kva i himmelens navn. Gøtten kvin av Shimanoen så vasspruten står. Eit crescendo. Puls på 150, hjarte i halsen, roleg, roleg, ikkje miss han…. Eg går i eitt med dyret av ei kjø der ute. Bremsa, eg og dyret. Tida står stille. Ikkje ei unødig rørsle. Ikkje eitt knepp for hardt på bremsa. Ras ut og stram. Om att og om att, på 0,18 gøtt! Kvar er håven? Jau, han heng i beltet. Eg køyrer og køyrer. Fisken sit. Det er nesten for godt til å vere sant. Klarar eg dette? Nei, ikkje tenk på det...Roleg. Og kjøa kjem inn. For eit monster. Eg trur nesten ikkje det eg ser.. og bommar på håven. Nesten, men berre nesten..og eg har sytråd på snella. Fisken rasar ut igjen. Inn att og ut igjen. Same leksa! I himmelens navn kva skal eg gjere? Kor lett er det ikkje å misse fisken når du skal lande han. Den kjem inn igjen, no på sida og ut igjen så vassføyka står. Eg går varsamt uti vatnet og fisken kjem inn igjen for nte gong. Fører håven varsamt bak monsteret. Hiv heile stasen opp i lyngen og hoppar etter.
Eg skrik. Åleine. Eg rullar meg i lyngen med kjøa, gaular av full hals. Den er mi. For svingande den er miii.
Kringshyla skræmer sikkert geitene til Gunnaren oppe i Hengenipeholten. Klokka er vel fem.
Tok det 20 minutt eller ei æve?

Eg ligg på ryggen i lyngen med kjøa i armane og ser opp i ein azurblå himmel.
Så renn sola over Fossedalshengenipa og badar landskapen i gull. Sommarmorgon på Nipebu. Eg er det lukkelegaste menneske på jord.

På Nipebu heng omrisset av kjøa spikra i plank. Ta deg ein tur opp og sjå......

søndag 1. juli 2007

Du livgivande sommar



Fin lørdag på sjøen som bilda fortel. Var ein tur ut på Hollevikflua og fekk to flotte lyrar-ikkje allverda, men dog...


Havblikk sist i juni

KRAFT

Først kom der ei vindmølle og snurra rundt, snurra
rundt og rundt i vinden ved strendene Mine, eit
leikety for ingeniørane på fastlandet.

Så sette dei èi vindmølle til som snurra, snurra
med store knivblad i vinden og ingeniørane
fekk straum ut av knivane i vinden:Kraft

Èg, seier Gud som stundom er kvinne, Eg skapte
vinden og havet og menneska og dyr i sjø
og luft og på land

men ikkje knivar som fyk avsindig rundt i lufta
og som kuttar strupene over på fuglane Eg skapte
Fuglar bygde reir og menneska reiste sine kvite
hus ved havet, knivane i lufta er ikkje Mitt verk

Eg Gud er horisont Eg skapte reine liner, det er her
Eg kviler Den sjuande dag, ved desse strender

Men no er det nokon som forstyrrar havet i Mitt
reine blikk:Dei byggjer digre vindmøller i
hundretal med knivar som høgg strupene over på
alt som flyg i Min himmel

Det er ei kraft i verda som ikkje er Mi, seier Gud
som stundom er ei kvinne, Gud som er i ørn og øybu


Knut Ødegård