søndag 30. januar 2011

Tjuvstart på friarferd

Januarsol ved Blåfjellsåta i går

Ho var tidleg ute på friarferd, padda, som låg flatklemd i asfalten nedanfor demma i dag. I sitt tidlege forsøk på å bringe genene sine vidare, låg ho der med magen ut gjennom munnen. Ho hadde kvekka for siste gong. Vel, visse andre var òg tidleg ute i so måte. Og enkelte har vel av og til følt seg som ei sundetrakka ausa, men framleis med målet intakt. No skal eg ikkje dra dei parallellane for langt. Padda sitt forsøk derimot gjekk iallefall skeis. Trøsta får vere at ho sikkert var fylt av amorøse kjensler i sine siste leveminuttar. Og det er no noko det òg. Likevel var ho vel temmeleg døgnvill, eller års-vill, kan vi seie. Kanskje ikkje så rart heller. Vinteren var jo i november og desember, og no i månadsskiftet til februar er det nesten vår. All snø er borte og det er fleire varmegrader i lufta. Hormonane kan jo boble over av mindre...

No hadde vel padda ikkje særleg naud der i sitt endelikt for eit tidleg vårnummer. Døden kom nok som lyn frå klår himmel. Andre med sundetrakka restar frå kjenslelivet, får no lime i hop att flisene, krumme nakken, og sjå seg vidare i livet. Det fine soleis er jo at den nye dagen bringer nye høve for å lukkast. Og tap blir ofte til siger ved neste korsveg..... Det gjeld å sjå framover. For livet er ferskvare...!

Vel, nok om det. Eg kom meg ikkje på fjellet igjen i dag. For etter at meldingane sa storm ved Stad med regn og sluddbyger, forsvann liksom noko av lysta. Og når i tillegg skodda låg i Skålefjellet og Portafjellet, slo eg det heile i frå meg. Eg går ikkje når eg ikkje har lyst. Så enkelt er det. Og når kjensla ikkje er der, så er det betre å bruke energien på noko ein får noko att for i staden for å søle vekk energien på det som er dødfødt.... Eg knytte difor på meg joggeskorna og sprang til Osland og heim igjen. Friskt og godt. Så slik vart den søndagsturen. Kanskje like greitt. Den gode kjensla frå turen i går sit framleis i kroppen. Eg trur eg sug på den karamellen litt lenger. So då so...:-)

lørdag 29. januar 2011

Takk for sist

På Svarthamrane i dag. 
Vi ser Dokka og Moldura i sørvest.

Endeleg vart det ein fridag med nokolunde vèr, så det gjekk an å komme seg til fjells igjen. Januar har vore ein sørgjeleg månad slik sett. Og endeleg kom eg meg opp igjen på Svarthamrane òg, etter eit par mislukka forsøk kveldsforsøk grunna djup snø.

I Stongfjorden er det ikkje snøfilla igjen no. Men opp skogsvegen i Gjerdedalen låg det ein heil del is i dag. Ikkje at det betydde noko, det gjekk heilt greitt opp. Og opp sjølve bakkane gjekk det òg heilt fint, sjølv om det låg litt is og var tele i marka. Eg kom meg såleis fint opp til partiet der eg har snudd eit par gonger for to-tre veker sidan.
Eit stykke nedanfor Alteret og vidare oppover låg det snø. Snøen var stort sett god å gå på. For det meste bar han. Iallefall eit stykke opp mot skaret. Og det gjekk difor radig oppover. Eg hadde med meg trugane, men dei bar eg både opp og ned utan å bruke. 

Ved Dalselva frå Skålefjellet såg det sørgeleg ut. Elva og eit ras hadde lagt flatt bjørkene rundt elvefaret, og svære is- og snøhaugar låg strødd nedetter. Eg støkte ei orrhøne som iakttok det same som meg. Eg skvatt til. Og litt lenger oppe tre lirryper på same måten. Kjekt å sjå at det framleis står til liv. 

 Kaotisk ved Dalselva frå Skålefjellet

Broddane måtte på oppe i det bratte skaret som tek av frå Mannskaret. Klok av skade frå ein gong tidlegare hadde eg dei med i sekken. Og omlag midt i skaret var det nesten rein is igjen. Men noko betre i den brattaste delen heilt på toppen. Det gjekk likevel heilt fint å komme seg opp. Fleire av merkestengene ved toppen såg eg ingenting til. Nokre var nok flata ut og snøa ned. For her er det skikkeleg vèrhardt kan eg fortelje....!

Det bles kraftig på topplatået. Ein isande kald vind. Men trur du ikkje at sola stakk fram nokre minuttar og helste på akkurat då eg nådde toppen. Skikkeleg flaks. Så vart det nokre bilder i dag òg. 

Eg kom meg berre litt i skjul for den kalde nordvestvinden, og fekk skifta nokre klede. Nevane vart til is med ein gong. Vottane eg har er fantastiske. Med dei på får eg fort varmen igjen i nevane. Men både i operasjonar med kamera og trimbok må dei av. Vind og minusgrader kjøler ufatteleg fort ned bar hud.... 

 Varden såg kunstferdig ut i dag...

Etter å ha fått skifta til gode klede brukte eg faktisk ei heil stund her i dag. Knipsa bilder og naut utsikta. Fantastisk flott med snø og snøformasjonar, skavlar, isdekte steinar og sol. Drivande kvitt. Og så eit flott syn til alle dei andre fjella og bygdene rundt fjordane. Kjempefint! 

Etter eit bèl gjekk eg ned igjen same vegen. Og i skaret var eg ytterst forsiktig for ikkje å miste fotfestet. Då kunne det lett ha skore seg... Turen ned dalen og bakkane under skoggrensa gjekk heilt fint. Men eg heldt fram med broddane under skorna heile vegen ned. 

Dette var fantastisk kjekt etter gamalt. Litt anna enn å tròve etter asfalten...:-)

Fra Svarthamrane 290111
Sola stakk fram aust om Blåfjellssåta

tirsdag 25. januar 2011

Askvoll rundt

Tek med eit bilde til frå siste turen på Fossedalshengenipa i haust.
Vi ser Storehesten og Nordre og Søndre Kringla.

Det var min tur å køyre Peter på trening i Askvoll i kveld. Eg tok difor på meg joggeklede og hadde meg ein joggetur inn forbi sentrum, tilbake mot kyrkja og opp bakkane i Storehogjen, ned igjen og inn til hallen, medan eg venta på han. Eg hadde såpass god tid at eg sprang opp igjen forbi Straumsbrua og opp til Ringstad og ned igjen òg. Frå hallen til Ringstad måtte eg ha lykt. 

Dette vart ei heil lita rundreise. Artig og godt i staden for å sitte i hallen og vente til vi kunne reise heim igjen. Bra utnytting av tida òg i grunn...:-)

søndag 23. januar 2011

Dårleg søndagsvèr

Fossedalshengenipa 8/10-10

Så fekk vi diverre nok ein søndag med elendig turvèr. Tjukk skodde heilt ned i fjorden. Yr i lufta. Og sjølv om eg hadde ein god joggetur i går, var det på igjen med joggeskorna i dag. 

Eg tok turen utover i retning Staveneset. På veg utover traff eg Dag Tore i bilen innover. Og etter at eg hadde snudd ute ved Underset, var han komen ut igjen på Mjåset, og i gang med å rake lauv på plenen. Så vi slo av ein liten prat. 

Artig var det òg å sjå sjeviot-sauene på bøane... Men saueskiten i vegen var no kanskje so som so... Ja, for det var nesten litt vår i lufta. Og då eg passerte fellesfjøsen, forsterka berre den gode fjøslukta denne kjensla. Vår i januar? Nei, det er sjølvsagt for tidleg. Men rart med det.... Etter kulde, is og snø i desember, og fleire varmegrader, lysare i vèret og ingen snø no, er det nesten som ein tjuvstart på våren her. Dette seier eg sjølvsagt for å terge dei som har busett seg lenger inne i landet, og som slit med mykje snø... For ingenting er som kysten veit du - på alle måtar!

Elles er det no tydeleg at føtene mine slett ikkje er vane med denne asfalt-springinga. I ettermiddag er lår og legger blytunge. Det er no greitt nok. Det går fort over. Eg er mykje meir redd for knærne, men dei er heilt fine førebels. 

No håpar eg inderleg på litt godvèr igjen så eg kjem meg opp att i høgda. Får satse på ein god hovudlykt-tur i veka som kjem...

lørdag 22. januar 2011

Skoddefull lørdag

Svortevikstølen eller Krokvasstølen ved Krokavatnet. 
Vi ser ein bit av Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringla.
Foto 8/10-10

Ja, ja så vart det nok ein lørdag med elendig vèr. Skodda heng i fjorden og regnet plaskar ned. Ein skal jo vere rimeleg skrudd om ein dreg opp i fjellet ein slik dag, midt i januar. 
Eg såg korleis landet låg an i går, så eg var like godt av stad og kjøpte meg eit par joggesko til bruk på asfalt. Terreng-joggeskorna er for gode til å slite ut på asfalt. Ikkje er det same dempinga i dei heller. Så eg tok meg ein frisk joggetur til Osland og heim igjen i stad. For i allefall å få litt mosjon og frisk luft. Og opp bakkane til demma kjenner ein jo at pulsen blir raskare.... Herlig å få røynt seg litt, sjølv om det aldri kan måle seg med ein fjelltur....

tirsdag 18. januar 2011

Kapittel 2

Frå Heileberget ser vi godt ned til Dale. Toppen oppe t.v. Foto 21/11-10.

Eg tok meg ein ny joggetur i ettermiddag. Og sidan det var slaps som var begynt å fryse på oppover mot Osland, tok eg turen langs fjorden til Størdal. Kanskje kan jogginga hjelpe til med å halde forma vedlike? Likevel er det på alle måtar mykje meir interessant å komme seg opp i høgda. Det blir stakkato og nesten litt kjedeleg å springe på asfalt. Ikkje er det same fysiske utfoldelsen heller som å komme seg opp på toppane. 

Vel, vel i nøden spiser som kjent fanden fluer, og det lysnar for kvar dag no. I morgon er det i tillegg meldt fint vèr, så kanskje, kanskje....:-)

søndag 16. januar 2011

Reserveløysing

 Foto frå Driveknolten 20/11-10.
Vi ser Dalsfjorden og m.a. Eikenes, Rivedal, Straumsnes og Holmedal.

I mangel på fjellvèr vart det ein joggetur til Osland og heim igjen i dag. No er eg veldig skeptisk til asfalt. Og er av den oppfatning at jogging på dette underlaget tok knekken på knærne mine for nokre år sidan. Knekken såleis at eg trengde fleire månader på å komme meg igjen. Det var òg eit slit å komme seg ned igjen i vekt.

No var egentleg dette rein skjer moro det i dag. Friskt regn og bar asfalt. Berre ein og annan snøflekk igjen. Og ein flokk gråtrast fann eit og anna å putte i seg på dei bare bøane her på Yndestad. 

Herlig å kjenne at eg ikkje vart sliten undervegs på denne turen i dag. Og som substitutt til elendige vèrforhold med regn, snø og skodde oppe i fjellet, var dette flott.

lørdag 15. januar 2011

Elendig helgavèr

Sidan det vart eit så elendig vèr i dag, og ingen fjelltur, legg eg ut dei to siste dikta frå Lysande Stemningar. Dette er ei sone på Origo som eg brukar til litt amatørmessig dikting i ledige stunder.


Hi sida av gjerdet
Tekst og foto G.Skaar

Han fraus og skalv av is og fòk
Det kvein av vind eit sulig bråk
Ei hand og tær var kjenslelaus
Då høyrde han ei røyst så taus


Kva gjer du nord i dalane
Reis no sør om Alpane
Varmt og godt i kvar ein krok
Og fargerik ei bildebok


Som tenkt så gjort han flaug avstad
Til langt mot sør og herleg bad
Han brann som omn frå gloheitt sol
Eit rosa skinn ved swimmingpool


Då høyrde han ei røyst så taus
No er du jammen giddalaus
Finn igjen litt snø og is
Nok er nok av varm chablis


Ja, livet er eit paradoks
Frå brennheitt sol til fryseboks
Gleda er kvar enn du går
Stien er du sjølv som rår


Seglturen
Tekst og foto G.Skaar

Eg drøymde meg inn i ei reise så lang
At havet det lokka med sjømannens sang
Båten var kvit han og blå var mitt namn
Eit hjarte som segla frå hamner til hamn


Eg møtte på ferda så mangt eit kjekt folk
Og aldri eg trengde einkvan som min tolk
Det lyste frå auger av godhuga sjarm
Eit smil låg på lur med ein neve så varm


Som konge eg segla til land etter land
Vi dansa og lo i frå strand og til strand
Eg lærte meg songar eg aldri forstod
Men kva gjorde det når heilt like vi stod


Eg skjønte som så i ei stund der om bord
At alle var gode på moder vår jord
For handa og blikket er nett likedan
Frå Dale til Playa og aust osean


Eg vakna av draumen med smil om min munn
Og livet var herleg og tanken min sunn
For alle vi seglar i nett same lei
Frå vogga til grava er gjort i ein fei

torsdag 13. januar 2011

Mislukka forsøk

Foto frå Svarthamrane i vinter.
Dokka og Moldura i bakgrunnen.

Det skar seg å nå Svarthamrane igjen i går kveld. Eg nådde ikkje opp denne gongen heller. Eg snudde difor i Brekka, på same plassen som forrige tirsdag.  

Det gjekk forsåvidt greitt opp første delen av lia ovanfor skogsvegen, men oppe i sjølve Brekka låg det for mykje snø. Sjølv trugane sokk langt ned i laussnøen. Og så bratt og skrått som lendet ligg her, vart det ei umogeleg oppgåve å ta seg opp åleine. Eg kava meg opp til eitt stykke under Alteret, og så snudde eg. Eg hadde allereie brukt timen berre opp hit! Fullstendig pumpa, gjennomsveitt og forbanna. Nok eit mislukka forsøk på å nå opp med hovudlykt.

Så langt har det vore ganske så vanskelege forhold i fjellet denne vinteren. No håpar eg på regn - og så kulde.

Foto ved elva ovanfor Alteret i haust

Kartutsnitt

Den merka løypa frå Stongfjorden til Nipebu 
rundar under Svarthamrane (S).
Det er deler av denne trassèen eg nyttar no i vinter.

Svarthamrane (S) 720 moh med Moldura og Fanafjellet bak.
Svarthamrane (N) med turposten ligg på 759 moh.

lørdag 8. januar 2011

Tøff tur i rennefòk

Middagsnipa i dag

Eg måtte gjennom eit infernalsk slit for å komme meg opp fjellet til under Indrevågefjellet i dag tidleg. At det låg mykje snø, var jo lett å sjå frå fylkesvegen. Men at det var fòke til noko så grådig i deler av ruta opp, var verre å få med seg nede i frå. Midt i brattaste delen ved Skoraholten, gjekk fonnene meg til livet. Eg stod plutseleg bom fast og hadde ikkje sjanse å komme meg vidare opp. Eg måtte difor eit stykke ned igjen for å finne ein ny trassè opp. Det var eit blodslit. Og to gonger heldt eg på å gå rett ned igjen. Men å gi opp to fjell på to turar - der gjekk grensa...! Eit par slurkar med XL-1, ein pust i bakken og ein alvorleg prat med meg sjølv, hjelpte godt på. Så jammen kom eg meg opp det brattaste partiet og forbi hamrane òg.

For dei som stussar på at eg ikkje brukar ski, så er det fordi første delen av turen opp er veldig bratt og i ulendt terreng. Eg har difor funne det mest føremålstenleg å bruke trugar lenger oppe i staden for å bere skia her nede. 

Rennefòket og kulingen møtte meg på kanten av fjellet...

Midt oppe i fjellet var snøen fòken meir nord/sør. Litt fastare var han i konsistensen òg. For å trakke minst mogeleg gjennom yta, gjekk eg over einerkavar der dei stakk opp. Og over ein og annan bergknatt. Så nådde eg endeleg opp på kanten av fjellet. Men her fekk eg andre utfordringar å hanskast med - søraustvinden og rennefòket. Eg fekk heile drevet og kulingen midt i fleisen. Det hjelpte likevel godt på å får på seg brillene. Så var det på med trugane, og den vidare oppstigninga til Indrevågefjellet. Å snu var ikkje noko alternativ. 

Turen vidare opp, aust av Indrevågefjellet og til Middagsnipa, gjekk heilt fint. Her er det trass alt litt meir kuppert enn lenger nede. Landskapet var dekka av is, skare, snaublesne rabbar og fòksnø. Jerna under trugane kom godt med.... Vèret var stadig ei utfordring. Eg måtte dekke til all bar hud i ansiktet.

 Fòksnø og is på ruta austover mot Middagsnipa

Eg fekk skifta på meg skikkelege klede inne på toppen. Så såg eg det tjukna til frå sør og vest. Nye snøbyger var på gong. Med den sterke vinden i tillegg, var det i grunn berre å pile seg ned igjen same vegen før sikta forsvann. Eg gjekk difor raskt vest til Indrevågefjellet igjen. Her stod rennefòket som ein kvit vegg rundt fjellet. Og litt lenger nede fauk snøen noko grassat rundt øyra på meg. I tillegg til at dei første snøfnugga traff meg vassrett i ryggen. Eg gjekk fram på kanten igjen, og fekk av meg trugane før nedstigninga. Deretter fort ned igjen fjellet, stort sett ved å følgje spora frå turen opp. Over Vågeskardet var det godt å ta på seg trugane igjen.

Tøff tur dette. Og ikkje så reint lite slit å nå toppen i dag....

Fra Middagsnipa 080111

Utsikt mot Portafjellet og Vardenova frå toppen på Middagsnipa.

fredag 7. januar 2011

Store snømassar

Tidleg morgon ved Gjelsvikefjellet 9/11-10
Vi ser Blegja-massivet og soloppgang ved Synste Stauren.

Etter det famøse forsøket på å nå opp på Svarthamrane på tirsdag, har eg teke det piano. Med dei store og våte snømengdene oppe i Gjerdedalen, har det ikkje frista med ny kveldstur med hovudlykt oppe i dei bratte hamrane. Sidan det er opp hit eg har merka for vandring etter at det er mørkt, og ingen andre fjell, har det vorte lite sveitte denne veka. For det er jo mørkt både før og etter arbeid. Dei fysiske aktivitetane siste dagane har difor begrensa seg til vedsaging for hand i kjellaren...  

Framleis lavar snøen ned. Og kva det blir til i helga er difor eit ubesvart spørsmål. Eit kvart lyt ein finne på for å halde forma ved like. Eit fjell må til...

tirsdag 4. januar 2011

Slitexit

Varden på Middagsnipa i rosa morgonlys 2. januar

Det er vel gjerne ikkje så ofte eg gir opp eit fjell. Men i kveld måtte eg bite i graset, eller rettare sagt i snøen. Og av ein eller annan grunn var eg nesten førebudd på det. Etter dei enorme snømengdene som var komne i høgda siste dagane, var det jo ikkje anna å vente at handkleet måtte kastast inn. 

Eg vassa i blytung snø forbi den gamle fotballbana, opp Gjerdedalen og Brekka, med Svarthamrane som mål. 759 moh. Snøen rakk meg etterkvart til knea opp den bratte Brekka. Eg prøvde trugane eit stykke, men det var nesten like tungt. Dei seig gjennom den våte snøen, og med på kjøpet låg eit tungt lass blaut snø til det neste steget. Og så vidare. Det var nok. Over og ut. Exit. Fjellet ville ikkje ha meg. Etter ein time, og berre halvveges, var eg pumpa. I tillegg var eg småkvalm. Adrenalinet var vekke... 

søndag 2. januar 2011

Flott vestahimmel 2. Nyttårsdag

Foto frå altanen i kveld kl 16.31.

Raske skifte

 Soloppgang ved varden på Middagsnipa i dag

At vèret skiftar fort er ein klisjè. Men likte fullt er nok det eit passande utsagn, sett dagen i dag i forhold til i går. Medan det til tider var null sikt på fjellet då, var det eit praktfullt skue i dag. Ikkje minst då sola stod opp ved Portafjellet. Som du skjønar tok eg opp igjen akkurat same turen i dag som i går. 

Spora frå midt i fjellet og opp var fòkne igjen av nysnø. Det same var det vidare får kanten og austover. Eit nytt tørt lag med pudder hadde sirlig lagt seg i fonner ved knausar og stein. Kunstnarisk utforma på meisterleg vis. Og då sola spegla sine første, vàre og rosa vinterstrålar for dagen over det kvite landskapet, var verket perfekt. Som eit levande under.

Soloppgang ved Portafjellet. Middagsnipa t.v.

Det var heller ikkje spesielt kaldt. Ein nordvestleg bris kjølte rett nok godt ned, men med gode klede var det eit reint velvære. Men spesielt fingrane er alltid eit problem når ein skal operere kameraet under slike fothold. Veit ikkje om mine er spesielt utsette, men kjenslelaus blir eg ofte. Spesielt på høgre tommelen og eit par av tærne. Desse har sikkert fått seg ein smell ein gong...

Eg tok meg god tida i dag. Så fint som det var. Vimsa litt hit og dit, før eg gjekk ut igjen på Indrevågefjellet.

Varden på Indrevågefjellet

Fantastisk fint i januarsola. Lange skuggar og kjølege solstrålar. Kjølege strålar som varma sinnet. Og som fleire gonger før var eg komen ned igjen til kanten på fjellet over Vågeskardet, nesten vekke i eigne tankar. Til og med i halve fjellet ned var det sol no. Stod sola allereie litt høgre berre etter ei veke.... !?

Fra Middagsnipa 020111


Nydeleg på Middagsnipa i dag 

lørdag 1. januar 2011

Nyttårsinferno

 Oppe på kanten av fjellet med litt sikt mot sør

Vèret såg ut til å lysne litt ut på føremiddagen i dag 1. Nyttårsdag, så eg fekk eit akutt behov for å komme meg ut av dørene. Eg køyrde difor opp på Osland og tok opp standardruta til Middagsnipa. 

Det låg ei blanding av ny/gamal blaut snø over Vågeskardet, og oppover første delen av fjellet. Noko glatt der telen sat i underlaget, og der det meste av snøen var regna vekk. Men øvst oppe mot kanten av fjellet, var det meir isete skare kombinert med fòksnø. 

Eg tok på meg trugane på den faste plassen og gjekk raskt opp og austover. Eg såg då at det svartna skikkeleg til ute i vest og i nord, så det var tydeleg kva som var på gang. Og rett aust av Indrevågefjellet var helsike laust. Nordaustkuling, snøbyger og rennefòk. Eg såg nesten ikkje framfor føtene. Reine white-outen. Heldigvis fekk eg drevet dels på venstre sida og mest i ryggen. Ved hjelp av nokre vardar og kjennskap til terrenget klarte eg omsider å komme meg inn på toppen. Men i dag var dette simpelthen ikkje lett. Eg tok meg heller ikkje tida til å byte klede, men gjekk beint ut igjen før alle trugespora bles igjen. Det vart sjølvsagt verre no med drevet nesten midt i mot. Heldigvis hadde eg med meg brillene. Dei var til god hjelp.

Ute ved Indrevågefjellet letta det såpass igjen at eg såg litt landskap. Eg stogga likevel ikkje mykje på før eg igjen stod ved bilen på Osland. 

Dette var mildt sagt ein  temmeleg ryskjen start på det nye året. Men i morgon er visst allereie meldingane betre.


Fra Middagsnipa 010111