mandag 29. april 2019

Det "grøne" skiftet




Dette stykket må alle lese. Har du ikkje innsett alvoret i det såkalla grøne skiftet, og kva dette betyr for landet vårt, kan du oppdatere deg litt her. Ei rasering av norsk natur er ikkje noko grønt skifte - det er det stikk motsette. Det er ei skam at norske politikarar ikkje innser kva skade kåte kapitalkrefter påfører norsk natur. Først tok dei elvane og vassdraga - no tek dei resten av originalen norsk natur! Stå opp og fordøm!


onsdag 24. april 2019

Minner påska 2019



Nokre stemningsbilder frå påska i år.


mandag 22. april 2019

Påskeavslutning

Nærvik og Flokenes



Panorama

Panorama frå Middagsnipa
Eg var i grunn tenkt å roe ned i dag. Og åt lenge frukost med Olaug, Peter, Marie, Torbjørn og Ingrid Anita og dei to små. Det var tid for avskjed etter påskeferien då dei skulle til Bergen igjen. 

No vart det i grunn litt kjedeleg på altanen i det fine vèret då Olaug reiste på Høgefjellet med Sissel. Eg valde difor ein trimtur frå Osland og oppom Indrevågefjellet og Middagsnipa. Deretter ein tur bort på nordsida. Her er det fin utsikt mot Flokenestraktene. Så vedlagt nokre bilder frå denne fine trimrunda. 



søndag 21. april 2019

Årets første heilo





I dag observerte eg årets første heilo i bakkane aust for Toreheia. Kjekt. Alltid litt meir artig å gå i fjellet når ein ser liv. Eit par heipiplerker har eg allereie sett òg. Så no yrer det snart av dei kan eg tenkje meg. Det er den mest talrike fuglen i fjellet. Elles var det ein god del vind i dag. Og vått. Det er vel bra at det kom litt væte no. Berre det lettar opp igjen...:-) 




fredag 19. april 2019

Kliss klass i isvatn

Brått forsvann skoa...
kloss i land...:-) 

Skålefjellet

Skålefjellet 2

I dag gjekk eg den flotte runda frå Oslandsbotnen til Svelia og opp hamrane til Røyrbotnholten. Det er post på fjelltrimmen her denne sesongen. Denne gongen klatra eg rett opp dei bratte hamrane. Noko eg ikkje har prøvd på før. Det gjekk. Takka vere tørre berga. Elles hadde eg ikkje våga meg på det... Til vanleg går eg opp frå vatnet ved å følge skåra opp. 


Røyrbotnholten 


Det var ille å sjå kor nedtappa Svelivatna var i dag. Reine ørkenlandskapet langs land. Sjå video

Frå Røyrbotnholten gjekk eg så opp austsida av Smørskornova. Her stien til Nipebu frå Stongfjorden går. Deretter oppom toppen ein tur. Så vest til Langevatnet ved Hekkelfjellet og nordvest oppom Svarthamrane. Her gjekk eg gjennom snølaget og botna i ein dam med vatn opp på begge låra. Kliss klass på føtene. Vel, vel - greitt det var vår i lufta og ikkje minusgrader. Langt til fjells er ikkje isvatn noko særleg å hamne i... 

Etter å ha toppa ut Svarthamrane med surklande sko, gjekk eg så nord til Skålefjellet. For så å gå ned den vanlege ruta i Gjerdedalen. Kjempefin tur!



onsdag 17. april 2019

Påsketrim

Austsida av Moldura.
Fagredalen nede til venstre.
Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i midten.


Etter litt påskeførebuingar i dag gjekk eg turen frå Neset til Moldura og vidare til Fanafjellet og ned att. Eit parti under Langedalen er til vanleg ganske vått og myrlendt, men no er her ført og fint heile vegen. Ja, nesten greitt med joggesko. Vel, trekken er skikkeleg kald når du kjem opp i høgda. Sjølv føretrekke eg framleis å byte ei sveitt ulltrøye med ei tørr ei etter å ha toppa ut. 

På den nordvende skråkanten mellom Moldura og Fanafjellet ligg det framleis ein god del snø. Men i ettermiddag var det blotna litt opp så eg gjekk over utan broddar. Litt riski då. Å sigle ned her er heilt sikkert ikkje kjekt... Elles flott tur sjølv om sola forsvann. 



tirsdag 16. april 2019

Askvollhalvøya aust

Utsikt frå Fristadfjellet

I dag gjekk eg den flotte runda frå Nordeide og Eidsvika til Fisma. Vidare opp skaret ved elva frå Fismavatnet til Jamneheiane. Der i frå opp på Steinheia (Smørkletten) og vidare heile fjellrekkja til Kultingane og Fristadfjellet. Turen vart avslutta på Kiwi og Kroa i Askvoll med drikke, kaffi og is. Og tima hiken med fruen etter at ho var ferdig på jobb. Fantastisk. I eit aldeles herleg vèr. Om enn til tider noko kald trekk. 

I skaret opp frå Fisma var heile bakkane pryda med kusymre (primle). Gult i gult. Som ein honnør til påska. Rett under toppen av Jamneheiane sprang ein heil flott med hjortar opp. Og eg med trekken i ryggen kjende dei nok sveittelukta på fleire hundre meters hald... 😅


På Kultingane


Eg traff Bjørn Kvamme på stien aust for Kultingane. Og slo av ein liten prat med han. Han i shorts. Det var i tøffaste laget for meg. Elles møtte eg ingen før nede 
i sjølve Askdalen. Her var fleire ungar med mødre på tur.

 
(mangel på data frå Kultingane til Fristadfjellet skuldast av/på gløymsel...
det er alltid greitt å ha stoppunkt på dei ymse fjella, men då må appen slåast på igjen...:-)

mandag 15. april 2019

Perfekt påsketur



Inn i mellom mykje anna i dag fekk et tid til å gå den flotte turen over Ytrevågefjellet og Toreheia frå Osland til Yndestad. Ein klasse av ein tur eg likar godt. Flott solskin og lite vind, tørt i bakken. Ja reint nydeleg. Bilda på linken under fortel vel sitt. 

Elles traff eg ho Ellen inne frå Hestvika i selskap med to av hundane. Vi slo av ein liten prat oppe på Yndestadhøgeheia. Det hadde forøvrig vore fleire her oppe siste dagane etter namna i boka å dømme. 




søndag 14. april 2019

Kaldt og fint




Fin morgontur på Moldura og Størdalsstauren i dag tidleg. Men jammen var det kaldt der oppe. Ikkje særleg vårleg akkurat. Beinfrose opp bakkane og ein sur vind på toppen av førstnemnde. Godt eg hadde med meg byteklede. 

Då var det monaleg betre nede på Størdalsstauren. Fint å sitte ei stund i grasbakken og nyte den fine utsikta. Ja, eg fekk besøk av ein hjort som stakk nasen framom bakken der eg sat òg. Artig. Og på veg ned igjen skvatt det opp ein heil flokk. Kor mange det var veit eg ikkje. Eg fekk berre nokre av dei med på eit bilde. Ja, dette ser fint ut for resten av påska. Herleg!

Kor mange hjortar eg skremde oppe her oppe veit eg ikkje...

men denne kom på besøk til meg

Flott Palmejam 2019

Deler av Dale Musikkorps

Kapellmester Erlend Eide

David Zadig

Knut David, Kårhild, Bård og Elfrid var lydhøyrd publikum

Geir og Britt Tessem.
(Geir har vore indisponert musikant i år)
Kåre Sandvik og Øyvind Rye Dybvik



Joy Taylor og Solveig Menes Standnes

Erlend Ona Gjul
Veteran i Dale Musikkorps Jon Jorde t.h. var tilstades
(Imponerande)


Kåre Sandvik og Øyvind Rye Dybvik

Årets Palmejam på Kroa i Dale er vel blåst. Og desse deltok: Dale musikkorps under leiing av Erlend Eide. Band, kor og songarar: Kåre Sandvik, Øyvind Rye Dybvik, Joy Taylor, Solveig Menes Standnes, Rebekka Holt, David Zadig og Erlend Ona Gjul.


Det vart nok ei mektig musikalsk oppleving med Dale Musikkorps denne palmelørdagen . I år med mange songinnslag, og eit litt meir teknisk prega program enn før. Det virka slik for ein amatør i salen. Med ny kapellmester som også spelte klarinett var nok det naturleg. 

Det blir kanskje feil å dra fram innslag.  Men personleg må eg berre få ta fram eitt - Sir Duke av Stevie Wonder. Den var knallbra! Teke frå det fantastiske albumet "Songs in the key of life" (-76). 

På vegne av Dale Musikkorps takka Anita Hustveit av musikantar og andre.
Takk til Dale Musikkorps for nok ein flott Palmejam. Eit must ved inngangen til påska.

Sjå

fredag 12. april 2019

God Påske

Påske på Dokka

Flekkefjorden frå Bakkefjellet

Dokka og Nyksvatnet frå Moldura

Vi går inn i Palmehelga med vèrmeldingar "av en annen verden", eller endå verre, "sinnsjukt" gode vèrutsikter. Appelsin, kvikklunsj, kakao, godt drikke, rennande solkrem og alt saman som høyrer påska til dukkar opp i frontallappen. For no gjeld det å kome seg ut i vårsola. Men kvar skal turen gå?

Heldigvis bur vi slik til at det er ein bròte med turalternativ rett utanfor stovedøra. Du slepp å bruke tid, krefter og bilutgifter på å reise over "bekken etter vatn". Om ikkje fjella våre er høge nok for  dei sprekaste, så greitt nok det. Dei får reise sin eigen veg. For oss vordande pensjonistar, familiar med mindre ungar, andre med litt for høg dødvekt, ja folk flest, så har vi rikeleg med høge nok fjell og turalternativ berre ein snur seg rundt lite vetta.

I dag vil eg difor slå eg eit lite slag for Holmedal og vassverket som utgangspunkt for ein flott påsketur. Litt som ein oppfølgar til TiTur Dalsfjorden og Hekkelfjellet i går. 


Dalsfjorden frå Bakkefjellet


Frå vassverket er det merka ruter til Dokka, Moldura, Bakkefjellet (Blåfjellsåta, Blåfjellet), Hekkelfjellet og Rivedalsfjella. Ja, du kan gå i "det vide og det breie" ved å starte turen her. John Lien har fått laga og sett opp nye skilt som viser retning og avstand til fjella. Du treng likevel ikkje gå på toppane. I dei solrike og varme bakkane kan du sette deg på næraste tua og nyte sola og livet og ta deg ein prat med folk som går forbi.  Eller du kan gå til Nyksvatnet med ungane på god sti og nyte smågodt, kaffi og kakao. Ved vatnet er det lett å finne roen. Det viktigaste er uansett å kome seg ut. 

Eg vil oppdatere bloggen så ofte eg kan. Ynskjer alle God Påske.

(P.S. I høgremenyen på bloggen finn du litt aperitiffar frå dei nemnde fjella)


torsdag 11. april 2019

TiTur Dalsfjorden 2019


På veg til Hekkelfjellet går du forbi Kleppenes- og Bogestølen..


og Bakkestølen


Då er postane på TiTur Dalsfjorden 2019 klare. Opninga er 10.mai. Registrering held fram til 1. oktober. Alle som fullfører får premie. I tillegg blir det trekning av 3 gåvekort à kr 1000. 

Vedlagt har eg fått ei oversikt frå John Lien korleis du finn fram til postane. Stiane og postane er godt merka. Du finn dei snart i DNT-appen SjekkUt under TiTur Dalsfjorden 2019. Meir info her seinare. God tur!

Hekkelfjellet (Askvoll)708 m.o.h.:
Følg Fv609 til Holmedal sentrum, og sving inn på Morkavegen (rett ovanfor kyrkja) og følg denne ca. 1 km og ta til høgre og fortset ca. 500 meter til du kjem til parkeringsplassen til vassverket i Holmedal. Gå over bru med skilt til Bakkefjellet og følg merka sti opp Engabølia. Når du kjem opp på heia der det flatar ut vil du sjå skilt mot Bakkestølen. På Bakkestølen er det skilt som viser mot Hekkelfjellet, følg merka sti mot toppen.

Askvatnet (Askvoll) – ca. 315 m.o.h.:
Køyr til Askvoll sentrum, når du er ved kirka svinger du til høgre opp til parkeringsplass på høgre sida av vegen.  Følg skilting inn Askdalen mot Smørkletten/Fismavatn. Inne i dalen kryssar du elva over ei ny bru og føl stien på venstre side av elva. Innerst i dalen går du mot Smørkletten til du ser skilt til Askvatnet.  Følg det og du er framme.

Rivedalskletten (Askvoll) – 505 m.o.h.:
Parkering ved kraftstasjonen på vestsida av Rivedalselva.  Her er det merka parkeringsplass. Det er merka to alternativ, den eine er på anleggsvei opp til inntaksdammen øverst i Trongane. Der går du opp på venstre side av elva, går eter ei stund til venstre mot høgda der du ser ned mot Rivedalstølen. Her går vi opp mot venstre opp til toppen. 

Rivedalskletten frå Smørskornova
Rivedalstølen mot høgre

Den andre vegen er og frå parkeringsplassen. Her går du ned vegen og går inn på stien til Rivedalstølen. Når du er komt opp slik at du ser stølen, går du på merka sti til høgre mot høgdedraget til du møter den andre stien, gå deretter til toppen. Fint å gå opp ein veg og ned den andre.

Øvre Fossedal (Askvoll) – ca. 240 m.o.h.:
Turen går frå parkeringsplass på Ottersteinen (på Askvoll sida av brua). Følg merka sti til Fossevika, deretter til Nedre Fossedal og vidare til Øvre Fossedal. Kassen heng på brua før oppstigning til husa i Øvre Fossedal.




Høgeheia (Askvoll) – 450 m.o.h.:
Nydeleg tur som du må oppleve, fin familietur der det er litt bratt til å starte med og det flatar ut og siste delen er kupert. Vil anbefale denne turen seint på kvelden, med at vi er så langt vest, så ligg storhavet rett nedanfor og det er ei oppleving å sjå sola gå i havet. Adkomst: Du køyrer til Stongfjorden og der er det merka skilt til Holevika.





Havreheia (Fjaler) – 581 m.o.h.:
Kan gåast i forlenging av tur til Grøneholten. Start er då ved den gamle vassverkdammen i Dale (Demma). Vekslande stigning til Grøneholten på godt merka sti. Etter Grøneholten tar ein på ein sidesti til venstre litt etter halvvegs på rundturen til Østenstad. Det er merka med treskilt til Høgefjellet (som var ein av toppane i 2018). Turen kan òg gåast frå andre vegen med start frå Dalsåsen der det er muleg å parkere i ei stor rundkøyring. Ein går då fyrst på skogsveg og vidare på sti via Østenstad. Ta av på sidesti ved treskilt til venstre merka Høgefjellet. Herifrå er det merka med blått! Frå toppen av Høgefjellet skal ein fortsette om lag 500 meter vidare inn til Havreheia (merka med vardar).



Foto frå Driveknolten med Havreheia midt i bildet oppe
(t.h. for Jøtelshaugen/Jyttelshogjen) 



Jarstadheia (Fjaler) – 584 m.o.h.:
Denne turen er merka både frå Haugland og Rakneberg. Rakneberg ligg på høgda mellom Dale og Flekke – der det er merka at ein skal svinge til høgre dersom ein kjem frå Dale frå fv. 57. Køyr oppover denne vegen og så ligg det parkeringsplass på enden av skogsveg til venstre. Dersom ein går frå denne sida så er det jamn stigning til Storelifjellet. Flatare mot Bergsstølen, deretter stigning og litt flatare mot toppen. Frå Haugland så er det lurt å parkere ved Rehabiliteringssenteret. Gå deretter opp til Becker-huset og utover mot Ytre Haugland. Skogsveg opp til høgre. Føl skilting opp mot toppen. Det kan her vera blaute parti. Frå toppen går det kupert bortover mot Jarstadheia. Fin utsikt langs heile høgda.

Jarstadheia sett frå Brendeheiknappen
t.h. Jarstadheia frå Fløyen 


Håheia (Fjaler) – 455 m.o.h.:
Håheia ligg på sørsida av Flekkefjorden med start frå skogsveg ved Solheim, der det er ein parkeringslomme med turinformasjon ved start. Turen kan gjerast som ei rundløype der ein går stien mot nordvest opp og ned igjen lenger sør til ein kjem inn att på skogsveien. Vekslande stigning på sti til toppen. Ganske flatt toppområde med flott utsikt i alle retningar. Følg sti frå toppen ned til skogsvegen og følg denne ca. 1 km til slutt. Dette er ein av dei ca. 100 Kystarvstiane i HAFS-regionen som frivillige har rydda, merka og skilta.

Fredensborg (Fjaler) – ca. 112 m.o.h.:
Denne turen ligg i nærleiken av Lilllingstonheimen i området Tysse/Leitet. Dersom ein kjem med bil frå Dale svingar ein inn til høgre i Solheimskrysset like etter Flekke. Ein fortset vidare på riksveg 607 til like etter krysset der ein svingar av til Straumsnes. Parkeringsplassen ligg til venstre dersom ein fortset på riksvegen mot Hellevik (ca 100 meter frå krysset). Kart og informasjon ved parkeringsplassen. Turen er barnevennleg og går på skogsveg ein liten kilometer. Fredensborg er ein park med gravlund frå 1824 midt i skogen like over eit lite vatn. Fint område for rekreasjon og leik.


Lillingstonheimen sett frå Heileberget.
Fredensborg til venstre.


Brendåsen (Fjaler) – 193 m.o.h.:
Dersom ein kjem med bil frå Dale køyrer ein riksveg 609 til Hellevik og vidare på fylkesveg 65 mot Fure ferjekai. Det er to stiar opp til denne toppen og begge er merka frå hovudveg. Frå stien før Fure ferjekai er det om lag 1,7 km til toppen, og frå stien nær Fure mekaniske om lag 2,5 km. Stien som ligg nærmast ferjekaia (nokre få hundre meter før) har best parkering og er minst våt. Stien er godt skilta undervegs og er ein fin og barnevennleg tur med flott utsikt. Benk på toppen ved utsiktspunkt.


onsdag 10. april 2019

tirsdag 9. april 2019

Strava app

(Mobilbilder)
Frå Høgeheia: Lengst bak i kvitt ligg Blegja.
Elles ser vi m.a. f.v. Toreheia, Skålefjellet, Moldura og Dokka

Granesundet og Eimind frå Furefjellet

Atløy og Alden

Alden, Heggøyna og Smelværet

Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden, Askrova fremst t.h.

Tok den flotte trimturen frå Holevika til Høgeheia og vest til Furefjellet i går kveld. Nydeleg sol med litt trekk frå nord. 

At Høgeheia no etterkvart er blitt populær viser igjen i trimboka som synte 19 namn noterte på søndag. Flott! 

Elles er det no for det meste heilt tørt opp. Men litt meir vått og stadvis myrlendt til Furefjellet. Det går fint an å gå med joggesko. Snart blir Høgeheia lagt ut som TiTur post. Då blir her vel eit renn med folk kan eg tenkje meg. Utsikta er nemleg formidabel. Likeeins solnedgangen. Og turen grei for dei fleste.

Vi registrer no lett uhøgtidleg trim på appen Strava på jobb no. Den er ganske kjekk for å motivere til ekstra aktivitet. Ruta på Høgeheia og Furefjellet til høgre.