mandag 1. april 2019

Nasjonal ramme for vindkraft

Nordsida av Stongfjorden med m.a. Staveneset, Stavenesodden, Krikavatna, Mangevatna, Skylefjellet og Toreheia
er ekskluderte for vindkraft.


Eg var veldig spent på forslaget til nasjonal ramme for vindkraft som NVE skulle legge fram i dag. Etter at det vart presentert kl 10 i dag fekk eg lettare hakeslepp. Av 43 vurderte område i landet sat ein att med 13 som var veldig eigne for utbygging. Og eg held på å seie at sjølvsagt sa ein att med vårt område 19, Sunnfjord og Sogn.

No roa eg med ned litt etter kvart som eg fekk studere det nærare. Store område som Miljødirektoratet og Riksantikvaren tidlegare har føreslått ekskludert er teke til følgje. Likeeins det Fylkeskommunen har vedteke. Såleis er heile kyststripa vår ekskludert i det nye kartet (sjå side 12). 

Elles les eg at DNT sitt turstinett og hytter er vektlagde som ekskluderande. I tillegg til vanskeleg topografi. Så di meir eg har lese di betre har eg blitt til sinns. Områda som ein sit att med er dessutan veldig fragmenterte og manglar infrastruktur. Kanskje kan vi såleis sjå rimeleg positivt på dette her i vårt lokalmiljø.  Uansett er det dryge prosessar som må ligge til grunn om det skulle bli utbyggingar i restområda. Kjem tilbake med meir. 

 "Den nordvestligste delen av det utpekte området er til en viss grad geografisk adskilt fra de øvrige delene. Disse arealene er relativt små, har til dels krevende topografi og er en del av et friluftslivsområde med DNT-hytter. Det kan være aktuelt å justere grensene her (Figur 73)"

Du kan laste ned og lese heile ramme til planen frå NVE her. Vårt område på linken under. 


Ingen kommentarer: