fredag 30. november 2012

Nipebu and surroundings



Siste utgåve av "best of" i denne omgang vart ei samling av bilder frå Nipebu med omland. Nokre av bilda ligg òg i albumet til Agnar. No fekk eg litt lita tid til å sondere ut musikk på dette klippet, så det er mogeleg eg tek den biten att. Det vart seine kvelden denne gongen. Som før - hugs å sette bildekvalitet til HD.

torsdag 29. november 2012

Månemannen



Det vart dårleg med bilder på Indrevågefjellet i går kveld. Overskya, men stilt og fint. Så svart som det var forsøkte eg meg ikkje på noko særleg bilde-taking. 

Eg vart litt overraska då eg kom ned igjen, og såg Anita og Dag Tore sin bil stod der i mørkna på Osland. Høgst merkverdig at eg ikkje såg dei der oppe sidan dei starta etter meg. No har eg likevel ei "eiga" rute rett opp, så det er mogeleg dei har vore lenger sør, medan eg har gått rett ned igjen. Eller så har dei kome over kanten lenger nord, medan eg gjekk over lenger sør. Ja, ja det er ikkje noko å spekulere i. 

I kveld derimot var det iallefall ingen andre oppe i bakkane. Det var fantastisk flott. Ja, månen stakk til og med fram i aust oppe på toppen. Eit lite kvitt dryss med snø gjorde omgjevnaden med ein gong lysare enn i går. Eg prøvde litt forseinking på blendaropningen på kameraet, utan særleg hell. For utan byteklede og varmare sådan, vart det steikje fort kaldt. Sørausttrekken, kombinert med nokre minusgrader, var skarp i kanten. Så då var det berre å peise fort på ned igjen før kulden sette seg fast i skrotten...! Flott tur igjen uansett.

Høgeheia



Det vart til at eg laga ein serie frå Høgeheia på Stavenesodden òg i går. Dei fleste bilda er tekne med eldre kamera og ikkje av beste kvalitet. Mange av motiva er relativt like, men til litt forskjellig årstid. Hugs som før å sette bilda til høgast oppløysing.

onsdag 28. november 2012

Ytrevågefjellet, vinter



Neste fjell i "best of" serien vart ei lita samling haust/vinter bilder frå Ytrevågefjellet. Bilda er tekna rundt førre årsskifte. Fjellet ligg aust for Toreheia med utsyn til Florø og Flokeneset, Stavfjorden og inn Førdefjorden eit stykke. Svanøya ligg nett nedom i nord. Det er flott utsikt til alle fjella i aust. Fjellet hallar ganske bratt utfor i nord til Stavestranda.



tirsdag 27. november 2012

Nydeleg måneskinnstur





Suverèn måneskinstur på Indrevågefjellet i kveld. Flottaste turen i haust. Eg såg fint landskapet utan hovudlykta på der månen var framme. Den skein som eit flomlys i aust då eg kom over kanten på fjellet ovanfor Osland. Månen var så sterk at han var nesten vond å sjå på. Ja, den tok faktisk nattsynet og blenda meg i gåretningen. Temperaturen låg vel på eit par minus, men det var nesten vindstille. Likevel blir det fort kaldt når ein har gått seg sveitt oppover, og skal venta på blendaropningen på kameraet for kvart bilde på toppen. Så mange bilda tok eg difor ikkje før eg måtte springe ned igjen. Fantastisk tur!

Middagsnipa winter

Eg likar vinteren. Som alle andre årstider. Årstida er som med alderen. Du kan gjere svært lite med det. Berre innrette deg etter dagen og sette pris på livet i dag. Som ein god klisjè. Men like fullt verkeleg. 

Vinteren gjev fantastisk lys. Spesielt morgon og kveld. I fjellet kan det bli spektakulært. Med eit nydeleg fargespel i måneskin, soloppgang og solnedgang. Landskapet har ei ro og ein jomfrudom over seg. Snøen kunstnariske former. Som berre naturen kan lage. Når du åleine går i "eitt med omgjevnadane" kjennest det nesten euforisk. Som ein rus eller forelsking. Slike kjensler er vanskelege å setje ord på. Fagfolk veit sikkert meir om dette. Kva ein kallar tilstanden er ikkje så nøye for meg.

Arne Garborg sitt kjende verk "Haugtussa" beskriv litt av dette.

Jæren: Til deg, du Heid og bleike Myr med Bukkeblad, der Hegre stig og Heilo flyr, eg gjev mitt Kvad. Til deg, du visne Lyng um Haug, der Draumar sviv, eg gjev min Song um Dimd og Draug og dulde Liv.

Veslemøy: Ho er mager og myrk og mjaa med brune og reine Drag og Augo djupe og graa' og stilslegt, drøymande Lag. Det er som det halvt um halvt laag ein Svevn yvi heile ho; i Rørsle, Tale og alt ho hev denne døyvde Ro.

Vismøy:
Gjerne ho lìver;
glad vil ho døy;
til Vismøy er vorti
Veslemøy.
jelde; Wikipedia

Eg laga ein ny vinterfilm i går kveld. Denne gong frå Middagsnipa. Fjellet ligg aust om Indrevågefjellet midt mellom Stongfjorden og Skjerlia. Det er tilgjengeleg frå begge kantar. Som før får du best nytte av filmen ved å setje innstillinga til HD og stor skjerm på YouTube. Eg har òg lagt til musikk. Denne gongen kuttet "Time is the loss of Reality" med Musicshake. Alle bilda er tekne med Panasonic kompaktkamera. 



søndag 25. november 2012

Frå Stordalsfjellet og vestover

Utsikt austover frå Bakkefjellet i dag

Eg tok med meg Stordalsfjellet på turen i dag òg. På same måte som i går. Skilnaden frå i går til i dag var at det var noko kjølegare. Det var frose på frå Botnastølen og oppover. Snøen som eg trakka gjennom sør om Portafjellet i går, var fast i dag. I det alt vesentlege. Og slapset og væta på toppen av Stordalsfjellet var rein is. Litt tricky. Og ikkje heilt ufarleg. Eg hadde ikkje broddar med meg i dag og med berre blanke skorna på var eg på allerten ned igjen. 

Årets siste fjellblome glimra med sine fargar under hellaren på vestsida av Portafjellet. 
Ja, nesten som jentene lenger nede...
Sauene likar seg under denne hellaren i dårleg vèr, og legg att sine livgjevande perler....

Turen vidare gjekk sørover. Eg gjekk over vestre delen av Stordalen, og peila meg inn på DNT-ruta frå Nipebu til Stongfjorden som passerer sørsida av Vardenova vest/aust. Den fann eg med ein gong. Den er remerka av John L. Flott jobb. Ingen problem for ukjende å gå her. Vel og merke når det er snøfritt som no.

Så gjekk turen langs denne trassèen. Forbi sørsida på Røyrbotnholten og opp stigninga på Smørskornova. Eg bestemte meg for å ta med toppen og gå ned igjen på sørsida vestover. Men det hadde sikkert vore vèl så raskt å gå under fjellet på vestsida ved Langevatnet. 

Deretter heldt eg fram til Bogetjørna der eg passerte på vestsida. Her bestemte eg meg for å ta med meg toppane på Blåfjellet og Blåfjellssåta på nordsida av Bakkefjellet. Det er fin utsikt til Holmedal, Dokka og Moldura her i frå. 

Til slutt sørover til fjelltrimposten på Bakkefjellet. Her tok eg opp ein videosnutt sidan det er første gongen eg var her i denne omgang. Men det bles såpass at lyden har eg kutta ut, og lagt på musikk i staden. Det blir nok mange fleire turar hit denne sesongen, så ein snutt med kommentarar skal det alltid bli ei råd med seinare....:-) Bakkefjellet har nemleg fantastisk utsikt. Inn og ut Dalsfjorden, frå havet og til Dale. Og alle bygdelaga på kvar side av fjorden. Eg gler meg til nokre turar hit når vèr, vind og temperatur blir litt likare enn i dag. Det var gråkaldt i vinden på toppane i dag. Og etter å ha gått nokre timar, kjenner du det litt ekstra. 

Ned igjen gjekk eg den flotte ruta som igjen John L. har merka så bra. Kjempeflott! Til og med god bru over elva (sjå bileta). Godt tilrettelagt for kven som helst å ta turen opp hit. 
På veg ned igjen traff eg forresten Anita V med jentene sine. Nok ein gong på ein frisk og sporty tur. Herleg! Eg stoppa opp og prata litt med dei. Hyggjeleg. Og det måtte sjølvsagt forevigast.

Anita V og jentene på tur igjen...

Det er godt å ha ei kjekk kone som stiller opp. Ja, Olaug henta meg i Holmedal ho. Og på turen heim igjen måtte vi til Oslandsbotnen for avhenting av min eigen bil. Flott tur!


P.S. Det gjekk litt smått å finne avknappen...:-)
...og susen får de skru av til eg finn noko musikk...

lørdag 24. november 2012

Roundabout

 Utsikt frå Stordalsfjellet i dag tidleg.
Lihesten midt i bildet.
I dag tidleg tok eg den no etter kvart kjende runda Oslandsbotnen / Stordalsfjellet / Indrevågefjellet igjen. Det var opplett, lett søraust vind og nokre plussgrader. 
Eg fekk raskt besøk av ein flokk geiter då eg parkertei botnen. Den første vart reint overstadig då ho fekk deler av ein proteinbarre eg hadde med meg. Ja, så hyper vart ho at ho bykste opp etter meg, og vart ståande på to føter, og såg meg inn i auga. Eg måtte nesten le litt med meg sjølv av tanken på om andre female vesen vart like ivrige av proteinbarrar. Kanskje det burde prøvast? Då kunne det jo bli livlege seansar....:-) Men alt saman fekk ho ikkje - geita. Eg gøymde ei tugge til meg sjølv. Når så dei andre fekk snusen i kva som føregjekk, vart det liv i leiren. For dei var løpet køyrt.... Dei fekk nøye seg med godorda.  
Eg gjekk så raskt opp Brekka. Fekk pulsen i gong og varmen i kroppen. I dag hadde eg berre med meg det eg gjekk i. Brynjetrøye og Latok-jakka frå Rab på overkroppen, og den gode Paramo-buksa nedantil. Frå Botnastølen gjekk så turen vidare opp dalen til Porten, så inn dalen og bakken under Portafjellet. Her såg eg faktisk sola. Ho skein så flott vest ved Vardenova. Og i sør var det òg ei gløtte i himmelen. Den heldt seg til eg nådde toppen av Stordalsfjellet. 
Eit solgløtt ved Nipane. Stongfjorden t.h.
Her oppe var det nærast snøfritt. Men nokre gamle fonner låg her, i tillegg til eit vått lag med nysnø etter natta. Litt glatt var det på berga, så eg løyste ut stavane for betre å kunne ta meg føre hvis eg glei. 
Eg tok nokre bilder på sjølve toppen, før turen gjekk vidare nordover på austsida av Portafjellet og mot Norddalen. Nedstigninga til dalen gjekk greitt. Svaberga her er svære og relativt bratte. Iallefall med is på. Men i dag låg dei bare og våte. Heile den blankskurde fjellsida er av konglomerat. Den minner mykje om Fossedalshengenipa lenger aust. Dette gir bra feste for skorna. 
 Svaberga ned i Norddalen (fleire bilder på linken inn under).
Norddalstjerna oppe t.h.
 Dette smykket skein meg til møtes oppe i svaene - ein månad før jul....
Frå botnen av dalen er det bratt opp igjen på nordsida. Midt oppe i fjellsida såg eg det tjukna til både frå vest og sør. Spesielt i vest vart det eit spektakulært syn ut dalen og mot Stongfjorden. Dalsidene  stod som skorne i lufta i forskjellige blåtonar heilt til havs. Eg var litt spent på kva som var i emning...
Fjellsidene stod som skorne i blått.
Høgeheia på Stavenesodden ytst.
Ja, på toppen på nordsida, rett søraust for Kvamsnipa, begynte det å snøe vassrett. Skikkeleg surt. Men heldigvis fekk eg drevet rett inn på venstre sida, så det gjorde meg i grunn ikkje så mykje. Latok-jakka er god såleis. Slik heldt det seg meir eller mindre heile den kuperte ruta vestover til Indrevågefjellet. På toppen her var det ganske heftig vind i tillegg. 
Som før brukte eg ikkje så mange minuttane på toppen, før eg sprang ned igjen den vanlege ruta til Vågeskardet. Herifrå tok eg nokre intervallar inn igjen til Oslandsbotnen for å hente bilen. 
Flott tur. Litt vèr og vind. Men noko anna kan ein ikkje forvente i slutten av november...   

fredag 23. november 2012

Svarthamrane, vinter

Neste ut i "best of" serien vart ein porsjon med vinterbilder frå Svarthamrane i Stongfjorden. Dette fjellet ligg sørvest av Skålefjellet ved Mannskaret og Siklabergvatna. Ein del av bilda er tekne under fullmåne om kvelden. For orden skuld er det Moldura vi ser i framsideklippet YouTube har produsert. På dette bildet ligg Svarthamrane opp t.h. for Siklabergvatna.

Rivedalsfjella



Eg laga ein ny film frå Rivedalsfjella i går kveld. Bilda er tekne både frå oppstigningane på nordsida og sørsida, vest og aust. Toppane er Vardenova, Smørskornova, Stølsfjellet, Røyrbotnholten og Hundeheia. Her er òg nokre bilder frå området rundt Atlevatnet og Svartetjerna. I tillegg la eg til nokre frå sjølve Rivedal. Filmen vart i lengste laget og skulle nok vore delt i to. Det er mogeleg eg tek han att. Det same gjeld i så tilfelle musikken.

God helg!

torsdag 22. november 2012

Fin torsdagskveld

Dette var alt eg fekk ut av Galaxy-mobilen på Indrevågefjellet i kveld.
Lysa viser Florø.

Nok ein kjempeflott tur på Indrevågefjellet etter arbeid i ettermiddag. Mildt og fint, men det bles ganske bra frå søraust. Ein halv måne stakk av og til fram og skapte skuggar av meg sjølv. I det heile teke var det utruleg mykje lysare oppover enn i går på same tid. Eg var faktisk nesten på toppen då eg måtte tenne hovudlykta. Elles fin og grei trim utan noko spesielt å melde.

onsdag 21. november 2012

Westerly hills

I kveld tok eg føre meg nokre bilder av fjelltrimtoppar heilt vest på fastlandet i Askvoll.
Her er bilder frå diverse fjell og åsar og rundt omkring. Bilda er som før av varierande kvalitet alt etter kva kamera dei er tekne med og kor tid. Dessutan reduserte i oppløysing. Nokre av bilda er fleire år gamle. Og som tidlegare nemnt er bilda klårast med høgast innstilling på YouTube. Som før har eg festa på musikk. Den er av The Wolfe Tunes og kuttet "Joe McDonnell"

Flott mørketur

 I kveld var det allereie så mørkt då eg starta oppturen frå Vågeskardet til Indrevågefjellet at hovudlykta måtte tennast med det same. Men kva gjorde det når det var reine fønvinden, opplett og skoddefritt? Ja, det var faktisk så mildt at eg ikkje trong hanskar og hue ein gong. Og det ganske høgt til fjells i slutten av november. Knallbra! 

Så mykje meir å seie er det vel ikkje. Det gjekk radig opp og ned. Men då eg forsøkte å knuse ein stein med kneskåla oppe i ura kom det visst eit saftig bannord. Saltande ilt slike støyt midt på kneskåla...! Men ein kan ikkje la seg affisere av slikt. Litt vondt skal det vel gjere både her og der i min alder...:-)


Skålefjellet rundt



I serien "best of" har eg denne gongen laga ein video med stillfotos frå Skålefjellet i Stongfjorden. Dei aller fleste bilda er tekne med eldre kompaktkamera, så kvaliteten på bilda er litt variabel
Hugs likevel å sette innstillinga på høgste kvalitet, stor skjerm og lyd. Du finn dette på rekkja av val nede t.h. på YouTube. Musikken er av Thinkstandard og låten "Amy". 

mandag 19. november 2012

Fossedalshengenipa rundt

I serien "best of" har eg denne gongen laga ein video med stillfotos frå Fossedalshengenipa. Hugs HD kvalitet, stor skjerm og lyd.
P.S. Musikken på desse filmane er førehandsgodkjend av YouTube.
Musikk: "To close to heaven", The Waterboys.

søndag 18. november 2012

Frisk søndag

 Knallhard vind og rennefòk på Stordalsfjellet

Trass i ganske så dårleg vèr med heftige byger, tok eg turen på Stordalsfjellet frå Oslandsbotnen igjen i dag tidleg. Den vanlege ruta opp Brekka til Botnastølen. Vidare opp dalen til Porten og opp under Portafjellet og inn. 

Det er ganskje så sjeldan at vatnet renn over demninga på Botnastølen. Men i dag var ein av dei dagane. Det voldsomme regnvèret siste dagane hadde sprengfylt Botnastølsvatnet.

 Vatnet fløymer over frå det regulerte Botnastølsvatnet

Vèret var veldig skiftande. Eg fekk ei solid byge i ryggen under Porten, for så å få ei ny ei oppe under fjellet. Den var heftig gitt. Men verst var det inne på toppen av Stordalsfjellet. Heilt vilt. Her låg det i tillegg ein heil del snø, så fòket stod rundt øyra på meg. Vinden var isande kald. Sikkert bort i mot storm i kasta. Kjøleeffekten var voldsom på nevane. Nokre sekund med bar hud og det svei som tykjen sjølv. Og ikkje minst etterpå...!

Eg kom meg sjølvsagt fort ned igjen der i frå, og i livd på sørsida av Portafjellet. Her tok eg òg snutten som vist inn under. Det var umogeleg å filme på toppen. Eg risikerte ikkje kameraet heller. På bildet ovanfor står apparatet heilt i livd bak varden. 

Turen ned igjen var akkurat på same måten som opp. Men no fekk eg heile sulamitten av ei ny snøbyge og vind i fleisen nede under Porten mot Botnastølen. Kanskje ikkje så rart at eg ikkje såg anna teikn til liv på turen enn havørna som vist på siste bildet. Det var forresten heilt nede på Botnastølen igjen. Heftige greier gitt, men du verden kor godt det gjorde likevel...

lørdag 17. november 2012

Gjelsvikefjellet og Høgefjellet "best of" stillfoto



Eg har laga eit par nye seriar med stillfotos frå Gjelsvikefjellet og Høgefjellet. Bilda er frå dei par siste åra. På førstnemnde er det hovudsakeleg vinterfotos. Som før - hugs beste kvalitet, stor skjerm og lyd.

Grå laurdag

Geitene kosar seg i Vågeskardet

I motsetnad til i går kveld heldt det seg bra opplett i dag tidleg på Indrevågefjellet. Trass i væte og sleipt underlag gjekk det forbausande lett opp og ned. Kjekt å kjenne at kroppen fungerer bra igjen etter ryggproblem og diverse anna. Ja, såpass lett gjekk det at etter å ha drukke kaffi og ete eit par solide natronkaker på kafèen i grendahuset, tok med meg Størdalsstauren òg. Piece og cake....:-) Vått, vind, gjørme og myr - javel - kva gjer vel det? Berre å kle seg litt. Forresten andre plassar betalar dei vel sikkert for ei slik oppleving er det likt seg. Forfriskande og god trim iallefall...:-)

fredag 16. november 2012

Ryse vått

Det var mildt sagt van(n)vittig vått på Indrevågefjellet i kveld. Tykte ikkje det regna så gale då eg tok avgarde, men undervegs oppover bøtta det ned. Eg torde såvidt å ta fram smarttelefonen frå etuiet så eg fekk knipsa eit bilde. Men dette vart som teke ut frå eit horror-show. Ja, etter at vi hadde ledd litt av dette heim, fekk eg klar beskjed av fruen om ikkje å legge det ut...:-)

Ned igjen vart det steikje blautt og sleipt. Med kuling og plaskande regn midt i mot. Heldigvis heldt skodda seg unna. Så reint retningsmessig var det ingen problem. Men skorna du dei vart kliss gjennomvåte... Utan gamasjar rann det jo ned i dei ovanifrå. Temperaturen var likevel veldig bra. Når turen heller ikkje er så lang, var jo dette nesten berre forfriskande. No er berre spørsmålet om eg får skorna tørre igjen til i morgon...:-)

Heileberget og Fløyen stillfotos samling



Eg har laga ei ny samling med bilder frå Heileberget og Fløyen. Eg har produsert ei før òg, men denne gongen har eg teke med nokre eldre bilder frå Driveknolten. Dette er i same området. Dei første bilda er difor frå 2007. Desse bilda er tekne med eldre kamera enn dei nyaste. Hugs å sette kvaliteten på beste oppløysing (HD) på YouTube og stor skjerm. Eg har òg lagt til musikk

Eg har ein plan om å få laga ei samling av foto frå alle fjella i Askvoll til alle årstider. YouTube er ein fin kanal å bruke i dette høve. Til slutt vil eg då samle alle linkane på ein stad.

onsdag 14. november 2012

Ei våt affære

Bak varden igjen...
Fin trimtur på Indrevågefjellet igjen i kveld. Men jau var det både vått og sleipt. Spesielt nede i den lange og bratte bakken opp frå Vågeskardet var det glatt. Sleipt fjorårsgras, steinar og gjørme. (Ja, hadde det ikkje vore betre med noko snø...) I tillegg kom det eit par skikkeleg styrtebyger. Den eine heldigvis på veg opp, så regnet piska meg inn i ryggen. Den andre på veg ned igjen, med kulingkasta midt i fleisen. No var det heldigvis ikkje skodde i kveld, så problem med sikta i lyset frå hovudlykta var det ikkje.  Elles så var det som sagt ei god økt.

mandag 12. november 2012

Utanfor flytsona

Ved varden på Indrevågefjellet i kveld
Litt utfordringar vart det på Indrevågefjellet i kveld. Vel var det mørkt, regn og vind, men det var skodda som var verst. Nok ein gong. Problemet er at skodda reflekterer så mykje av lyset frå hovudlykta at det blir veldig kvitt. Det er omlag som å køyre med langlys i tåke - du ser lite då. Så altfor store problem var det likevel ikkje. Her står bra med vardar og stenger. Eit par forbetringar la eg likevel merke til på veg ned igjen då eg vart litt usikker. Greitt å fikse desse partia ved neste høve.

Elles er det alltid litt spanande å bevege seg utanfor flytsona. Som det heiter. Å løyse slike utfordringar på eiga hand, er alltid tilfredsstillande. Kanskje veks ein på det. Hvis ein kan snakke om slikt i min alder...:-)

søndag 11. november 2012

Off-dag-2

Vått, grått og vind på stauren i dag.
Foto smarttelefon.

Med ein halvsjuk og utvaska kropp kjendest det nesten ut som eg måtte kare meg opp bakkane på Størdalsstauren i dag. Ryggen er no den biten. Han blir no betre av å gå. Den gjennomvåte jorda og myra oppover gjorde det slett ikkje lettare heller. Krafta i stega var ikkje der. Eg måtte berre kule han ned. Å springe ned igjen var heller ikkje lystbetont. Men opp og ned kom eg meg på eit vis. Vi får tru eg er meir pigg i morgon. Og vi får tru det same om vèret. Ha ei fin veke iallefall!

lørdag 10. november 2012

Ein off-dag

Indrevågefjellet i føremiddag
Det vart ikkje rare turen i dag. Berre ein standardtur på Indrevågefjellet. Vèret var elendig. Det var både magen og ryggen  min òg. Diverre har eg slite litt med sistnemnde ei stund no. Eg sit vel for mykje i ro er det likt seg. Noko nærare diagnose er best å late ute her. Det er aldri særleg oppbyggjande å høyre på elende. 

For eg kom no meg opp ein liten tur for det då. Sjølv om det gjekk smått. Heilt tydeleg at kroppen ikkje responderte slik han brukar å gjere. Så det var i grunn berre å komme seg heim att å ta livet med ro. Alltid fornuftig å lytte til kroppen. Vi får sjå kva det blir til i morgon både med det eine og det andre. Men vèrmeldingane er visst ikkje noko å skryte av for tida. Det var veldig vått i dag...

torsdag 8. november 2012

Fin kveldstrim

Indrevågefjellet i måneskinn litt t.v. for midten.
Foto frå Ytrevågefjellet 9/11-11.

No er det etterkvart blitt så mørkt at bildefunksjonane på mobilen ikkje lenger taklar så godt det dårlege lyset på ettermiddagane og kveldane. Bilda blir lett grumsete. Slike mobilbilder vil eg difor i mindre grad legge ut på bloggen framover. Dei får ligge att på pc`en. Eg fann difor eit bilde med måneskin på frå i fjor som viser Indrevågefjellet frå Ytrevågefjellet. Eg legg likevel ut eit par bilder frå i kveld inn under teke med mobilen i kveld. Vi får håpe på måneskinsklåre, kalde og fine kveldar i vinter så det går an å ta nokre bilder etter at det er mørkt. I dag hadde eg ikkje med kameraet.

Det låg berre klattevis med snø oppe no. Det er ingen problem med å gå på berre skorna opp. Den lange og bratte bakken treng ein del snø for å bli bra å gå opp på ski. For eigen del går eg like gjerne utan. Det er alltid meir styr med ski i mørkna. Ikkje minst når du skal renne ned igjen med hovudlykt. Dessutan har eg funne ut at sidan eg nesten alltid går åleine, er det ein større risikofaktor med ski.  (Hadde nokre stunt på Toreheia hitt året). Vi får sjå korleis forholda blir framover. Trugar er jo alltid eit alternativ òg.





mandag 5. november 2012

Super kveldstur

Stongfjorden frå Indrevågefjellet.
Klokka er 17.24.

Eg stakk oppom Indrevågefjellet på veg heim etter arbeid. I ettermiddag vart det såpass mørkt at hovudlykta måtte fram halvveges oppover. Men forholda var aldeles suverene. Eit par plussgrader og vindstille. Ja, fjorden spegla seg faktisk i gull ytst der ute før det vart heilt mørkt. Fantastisk! 

Litt flaks hadde eg - for det begynte faktisk å regne då eg køyrde ned igjen frå Osland til fjorden. Då måtte eg humre med meg sjølv! Supert...;-)

søndag 4. november 2012

Nydeleg søndagstur i november

Oslandsvatnet i føremiddag
(på returen til Oslandsbotnen etter bilen)

Eg starta dagens søndagstur igjen i Oslandsbotnen. Forrige søndag låg her snø. No var alt vekke. Men det var frose på etter den klåre natta. Forholda var perfekte for ein flott tur. Med berre gode meldingar i bagasjen, gjekk det så lett så lett opp Brekka og vidare oppover. 

Sola skein sine første strålar for dagen på Ytrevågefjellet, Nipane og Skålefjellet då eg gjekk opp bakken mot Porten. Fantastisk flott. Så stilt. Ikkje eit vindpust og ikkje ein lyd. Som om eg var åleine i verda. 

Første solstrålane for dagen på Nipane

Frå Porten og opp dalen mot Portafjellet låg det delvis skaresnø. Men mesteparten av den gamle snøen var regna vekk sidan forrige helg. Det låg likevel ein del igjen ovanfor skaret og aust til Stordalsfjellet. Eg toppa ut der i litt før klokka 10 i fantastiske forhold. Blikkstilt, sol og litt nysnø opp igjen på den gamle. Det kunne ikkje blitt flottare ein tidleg vinterdag. 

Stordalsfjellet kl 9.49 i dag tidleg

Eg gjekk deretter nordover Portafjellet. Stakk oppom eit par av toppane her, før eg gjekk ned svaene mot Nordalstjerna. Eg hadde gått gjennom turen heime før eg gjekk. Det var bra. For som tenkt låg her både skare og is ned svaene til Norddalen. Eg surra difor broddane på meg og kom meg ned på skapleg vis...!

Is og skare ned svaene til Norddalen.
Her nederste partiet.

Etter å ha passert over botnen nede i Norddalen, klatra eg opp igjen på nordsida. Eg hadde vore i skuggeland ein liten halvtime. Det var difor aldeles herleg å kome opp igjen i sola på hi sida. Ja, det vart faktisk så varmt at eg måtte hive jakka og hua, og gjekk i berre Brynje-trøya.

Terrenget vestover mot Middagsnipa og Indrevågefjellet er veldig kupert med koller og hamrar, myr, vasspyttar og småtjern. Småkrevjande med andre ord. I dag var pyttane og tjerna for det meste frosne is på. Det er ein klar fordel. For ikkje å snakke om dei myrlende partia. Kjempefordel når det er frose på her òg. Mykje lettare å ta seg fram. Likevel tek det si tid å kome seg ut igjen på Indrevågefjellet på denne ruta. No tok eg ikkje akkurat tida i dag. Til det var det for fint. Og eg tok meg avstikkarar både hit og dit og naut turen. Eg hadde heile søndagen på meg, og vèret var perfekt!

 Klår og fin utsikt på Indrevågefjellet i dag.
Her øyane i Flora-bassenget.

Eg stulla meg likevel ut på Indrevågefjellet med tid og stunder. Like fint, og ja, eg vil næraste kalle det varmt til november å vere. Eg sette meg ned og åt ei banan eg hadde putta i sekken. Noko anna niste var ikkje nødvendig. (Havregrynsgraut sit lenge i...) Utsikta var perfekt. Blått hav og blå himmel. Blikkstilt. Ein gråtrastflokk flaug over meg. Vinglande, hit og dit mot sør. Snakk om flott søndag!

Nokre minuttar seinare tok eg ned igjen den vanlege ruta. Ikkje eit menneske å sjå. Men geitene du, dei kosa seg i dei solfylde bakkane. Nede på Osland igjen gjensto berre siste stykket inn igjen langs vegen til botnen. Dit jogga eg. Nydeleg søndagstur!


Her ligg òg nokre bilder frå ein flott solnedgang heime på bildefila nedanfor.
Super avslutning på ein veldig flott søndag....!

Web-Fjellforum

lørdag 3. november 2012

Skiftande lørdag

Størdalsstauren i stad

Var oppom to av fjelltrimpostane i dag. Gjekk først opp igjen på Indrevågefjellet i dag tidleg. No hadde eg Stordalsfjellet i bakhovudet i same snuren, men eg ombestemte meg. Først og fremst fordi det sludda og bles midt i mot frå den retningen. Eg var ikkje heilt rett utrusta for akkurat det innover fjellet, så eg sprang ned igjen på Osland der eg kom i frå. 

Eit par timar seinare var vèret mykje betre. Ja, faktisk ganske fint. Så då tok eg meg ein trimtur opp på Størdalsstauren òg. Fint og greitt, men ganske blautt oppe i bakkane. Fekk meg også ein liten prat med Ansgar Bjarne borte på tunet. I tillegg kom Gunnaren med posten, så vi måtte no spøkje og le litt! To fine turar i boks....;-)

Seinare på ettermiddagen vart det endå finare vèr. Ja faktisk flott solnedgang heime. Eit par av bilda inn under er frå denne nydelege stunda i dag.

Foto Indrevågefjellet Størdalsstauren 031112
Fra Indrevågefjellet_Størdalsstauren 031112

torsdag 1. november 2012

Mørkevandring


Indrevågefjellet i ettermiddag.
Bilder med mobil.

Det bles frikst på Indrevågefjellet i stad. Skikkeleg trøkk i kasta. Ja, eg måtte ned på huk eit par gonger. Likevel var det småtteri i forhold til det eg har opplevd før om åra, så det blir nok endå friskare... Det er berre å ta ein kik på bilder frå før av her oppe - det finst ikkje eit tre. Ikkje i det heile teke. Her er rett og slett for vèrhardt! 

No var bort i mot all snø forsvunnen igjen. Berre nokre flekker hist og pist. Det er både òg. Blir alltid litt lysare med snøen. Lett å følgje eigne spor òg. Men stort sett er det lettare å ta seg fram på bar bakke. Trakkar ikkje i "mjøl" iallefall. "Mjøl" som ein misser fotfeste i i motabakkane. 

Det var tid for å finne fram hovudlykta i kveld. Med nye batteri lyste eg opp "halve" fjellet. God Fenix-lykta mi. Driftssikker og til å stole på. Men eg har alltid med meg ei back-up lykt. Ein veit no aldri om noko kan svikte. Eg gløymer aldri den bekmørke kvelden for nokre år sidan då hovudlykta bles av hovudet på meg på toppen av Skylefjellet, og ramla ned på hammaren under føtene på meg. Utan reservelykt hadde gode råd vore dyre om lykta hadde svikta... Trur neppe lyset frå mobilen hadde hjelpt meg noko særleg. Iallefall ikkje heilt heim igjen. Men turen i kveld var iallefall heilt problem fri.