torsdag 30. september 2021

TiTur Dalsfjorden 2021


To foto frå Einingsfjellet 21.mai

Så var TiTur Dalsfjorden 2021 til endes. Finale 1.oktober (trur kanskje du har "lov" å gå då òg....😄) Det vart mange flotte turar på fjella som vist under. Også eit par nye bekjentskap på sørsida av Dalsfjorden. Det er kjekt å finne litt nye plassar å gå på. 

Utan at eg veit kva resultatet er av antal deltakarar i år, så er det vel ikkje å ta munnen for full å seie at aktiviteten er ein knallsuksess. Initativet får folk ut på tur. Også nye turgåarar - både unge og eldre. Difor er det både å håpe og tru at prosjektet blir vidareført til neste år. Vel blåst! 

Blåfjellet i Grimelia 

Skredvarden

Fristadfjellet

Siklebergvatnet

Bogeåsen

Foto frå Langeneshovden 21.mai 

Einingsfjellet

Langenehovden

Flekkenipa

Torvevatnet

Torsetgjerdet  



Ettersanking

Ein god prat med NIVA folk i Oslandslia

Desse hadde eg med heile vegen frå Kjennahola (nord og nedom Toreheia)
- Oslandsvatnet i bakgrunnen


Med Sunnfjords perle i sikte (Svanøy)

Fantastisk flott ettersankings-dag i dag. På jakt etter nokre av Henrik i Vågane sine sauer som har gått igjen i området her oppe etter sankinga. 

Eg starta i 08.30 tida heime i frå og gjekk først til Mangevatna. Her ute såg eg allereie 8 sauer. Sterkt i tvil om desse var rette sorten, måtte eg likevel gå turen nordvest om Mangevatna. For i kikkert å få stemt av at dei ikkje var Henrik sine. Etter det gjekk turen vidare til toppen av Skylefjellet. Deretter opp bakkane mot Storesva. På vegen sjekka eg av heile nordsida. Sørsida og opp dalen mot Toreheia fekk eg godt oversyn over i kikkert frå Skylefjellet. Men det gjekk ikkje sauer verken her eller der....

8 sauer ved Mangevatna - men ikkje "våre"...

Selfie Toreheia i dag

Eg gjekk så opp og over alle ryggane på Storesva. Kom deretter rett nord om toppen på Toreheia. Og sjølvsagt måtte eg opp om den... (om eg ikkje hadde noko der å gjere...😀)

Deretter gjekk turen nordaust-over slik at eg fekk kikka ned i Kjennahola. Her er det frodig og godt beite. Og langt der nede gjekk det 6 sauer. Heilt sikkert Henrik sine... Så då måtte eg gå ned dei bratte bakkane som går mot Stavestranda. (Opp og ned - fram og tilbake. Ja, slik er sauesanking....) 

Steinete og bratt nord om Toreheia...

ds - Ytrevågefjellet oppe t.v.

Då eg kom meg ned sette sauene kurs opp i dalen som går nord/sør mellom Toreheia og Ytrevågefjellet. For deretter å ta beint sør om Hjartebuvatnet. Så sørsida her i frå og austover retning Osland. 

Sauene måtte ha seg eit farvel syn til Stongfjorden og før turen vidare austover...

Sauene gjekk egentleg fint. Dei føre og eg etter. Følgde gamalt trakk. Til vi kom ned i Oslandsliene. Her traff eg først Tormod S. og så Henrik med to personar frå NIVA. Ute i felten på eit nytt prosjekt for utmark og allemannsretten. Mellom anna. Så det var eit veldig hyggeleg bekjentskap. Sauer fekk vere sauer. Dei gjekk nede i bjørkeskogen. Vi vart pratande ei heil stund... medan Tormod gjekk etter nokre andre sauer nord i lia. 

Tormod kom så att med 5 stk som eg tok med meg ned lia. Etter mykje om og men, ny sveittevæte, og etter asfalten til ei innhegning nord i Vågeskaret. Dei andre gjekk oppe i bjørkeskogen no med dei 9 eg hadde kome med, pluss nokre til, og fekk dei innafor eit inngjerda stykke på oppsida av vegen. Dei fekk stå der inntil dei hadde roa seg.... 

Vegen heim...

Så slik gjekk denne dagen. Mange timar i fjellet. Overskya og fint vèr. Fin temperatur. God og sosial omgang med ei hyggeleg jente og ein mann frå NIVA , Tormod og Henrik. Og så fekk eg haik heim igjen til Yndestad. Hyggeleg, kjekk og nyttig dag! 

Mobilfoto Ettersanking 300921

tirsdag 28. september 2021

Fantastiske ruta frå Skorvemarka til Fossedalen

På Fossedalshengenipa i dag tidleg

I dag klaffa det endeleg med å gå turen frå Skorvemarka til Fossedalshengenipa for så å gå vidare til Øvre og Nedre Fossedal og til Dale. Skulebussen der i frå og til Askvoll. Og med fruen heim igjen. 

Ruta i dag - sett frå Eitrenipa


Deler av ruta sett frå Fossedalshengenipa i dag

Det var praktfullt tidleg haustvèr i dag. Noko vind oppe på Fossedalshengenipa på morgonen. Men relativt god temperatur til å vere så seint ut i september. Ryggen opp var delvis tørka opp etter regnvèret. Litt betre feste for skorna då. Elles var det ganske vått mange plassar (det syg å gå i våte myrar...)

På denne ruta går ein over Stølsdalen og Stølsdalshellaren på vestsida av Krokavatnet. Og vidare til Svartetjørna og Svartetjørnshellaren. Deretter passerer ein Kyrahellaren før ein når kloppa i sørenden av Krokavatnet. Så går stien vidare ned i Øvre Fossedal. 

Under Kyrahellaren er det fin utsikt til Fossedalshegenipa


Øvre Fossedal i dag
Nedre Fossedal


I dag gjekk eg igjen vestenden av Fossedalsvatnet. Litt meir vått og myrlendt her enn på hi sida. Men finare utsikt til Øvre Fossedalen. Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla. Så er det utfordringa med å kome seg over elva som kjem ned frå Krokavatnet. Og det same med elva som kjem frå Lonana aust om Dalsstølen. Desse elvane kan ofte vere strie og vanskelege å kome seg over. I dag rekna eg med det skulle gå. Og det klaffa. Men på vassenden av Fossedalsvatnet måtte skorne av - her måtte eg vasse for å kome meg over. 

Må jo vasse litt også...

Folk såg eg ikkje verken i Øvre eller Nedre. Men eg traff eit par ovanfor Kleivane. På veg til Nedre Fossedal. Elles artig med malte figurar på steinar på stien frå Fossevika til Otterstein. 



Kanontur. Verken meir eller mindre. Så kjekt å gå denne gamle ferdselsåra igjen. Ruta dei brukte i gamle dagar frå Dalsfjorden til Førdefjorden. 

Svartetjørnhellaren t.h.
Fossedalshengenipa i midten


Og så var eg i Dale...



søndag 26. september 2021

Rotvelte-jobb

Frå stigningane til Toreheia

 

Stien oppover mot Yndestadhøgeheia


Stien opp dalen

Kraftig vind på Toreheia i dag

Ruta vestover til Skylefjellet t.h.

Frå stien til Skylefjellet og Mangevatna

I dag gjekk eg opp på fjellet heime og til Rindaelva der det var rotvelte av eit tre med svære greiner over stien og elva hin dagen. Med medbrakt sag gjekk det greitt å få fjerna greinene.

Greinene på treet er saga av og fjerna frå stien og elva ved Rinda

Etter at det oppdraget var utført gjekk eg om Krikavatnet til Toreheia. Jammen bles det godt her oppe. Men noko liv å sjå var det ikkje. Verken sau eller fugl! 

Eg var litt i stuss om å gå vidare austover til Ytrevågefjellet og til Vågane, men valde likevel å gå vest igjen til Skylefjellet. Mest på grunn av vinden. Men òg at det var uvisst med transport heim igjen frå Vågane. Det er jo kjedeleg å måtte gå heile vegen heim igjen etter asfalten etter mange timar på fjellet.... 

Vel, det bles på Skylefjellet òg. Nesten som vanleg får eg seie. Nokon tur vest til Blåfjellet var ikkje i frågan i dag. Eg har i grunn vore nok der ute.... Så då bar det heim igjen. Men du store allpakka så traff eg jammen Olaug på Rinda. Kjekt å treffe fruen sånn utan vidare.... Ho fekk no gå Blåfjellsturen sin i fred, medan eg fòr heim att i dusjen. Fin tur!


lørdag 25. september 2021

Vardenova 2021

 

Den siste av fjelltrimpostane som går ut sesongen 2021, er Vardenova. Etter ein operasjon fekk eg diverre ikkje gått så mykje på denne toppen som planen var. Meininga var å besøke fjellet vår og sommar i år. Nokre turar vart det likevel. Men bilda er mest frå i fjor haust. Både frå Osland og Rivedal. 

Då er denne kavalkaden slutt. Blegja som er frivillig post er ikkje teken med. Du kan likevel sjå frå toppen i arkivet her

Sjå innlegg frå i går frå dei andre toppane som går ut. 

fredag 24. september 2021

Smørkletten 2021



Så var vi komne til den fjerde av fjelltrimpostane som blir bytta ut 10.oktober. Nemlig Smørkletten inst i Askdalen. Her er nokre samlebilder også frå denne posten i året som har gått. Mange fine turar hit. Men også fleire i ryskje vèr, snøfok og sterk vind. 

Her er dei tre andre:

torsdag 23. september 2021

Kalderasnipa 2021

Ja, då er vi komne til Kalderasnipa. Sesongslutt snart. Og bilder frå sesongen som har vore. Mange flotte turar her òg. Både i elendig vèr og strålande solskin. Og glitrande snøforhold. Veldig bra! Somme av bilda er frå ruta via Eidsfjorden. Mesteparten frå Holmedal-sida. 

Markahengenipa her

Blåfjellet her

 

Rotvelte

Dagens på Blåfjellet i blåsten...

Litt lettare i veret nokre minutt

Svanøy

Skodda sig på over Stavenesodden


Etter fleire dagar med tur på Solsidevegen, gjekk eg i dag både den og ein rundtur på Blåfjellet og Skylefjellet. På ettermiddagen. Eg kvapp bra til der stien kryssar Rindaelva. Både kor flomstor elva var, og eit tre som hadde rotvelta rett over kryssningspunktet på elva. Så først måtte eg kome meg over treet, og så den flomstore elva. Av alle ting greidde eg å balansere på wiren som er til å halde seg i. Og så kom eg meg over. Faktisk heilt tørrskodd! Utan stavane hadde det ikkje gått...!

Rotvelte over elva. Wiren mot venstre i bildet

Alternativet for å kome seg opp på fjellet denne vegen, er å gå opp Selda. For då slepp ein krysse elva. Men då må ein ned att eit stykke før ein tek opp. Her er det ganske ulendt og tilgrodd. Det var denne vegen eg gjekk ned igjen. Oppe ved elva må det uansett ryddast. Og det trengst sag til det. 

Elles fekk eg på meg ei solid regnbyge. Og vått var det over alt. Oppe på fjellet bles det i tillegg ganske så godt. Fin trimtur!

onsdag 22. september 2021

Blåfjellet i Grimelia

Blåfjellet i Grimelia er den andre av fjelltrimpostane som blir bytta ut 10.oktober. Her er nokre bilder frå fjelltrimsesongen 2021. 

Elles er det verdt å nemne at særs mange har vore på dette fjellet i sommar sidan det var/er post på TiTur Dalsfjorden. Bilda mine er for det meste vinter/haustbilder frå sesongen. Både frå "Skylefjellsruta" og Grimelia. 

tirsdag 21. september 2021

Markahengenipa 2021

 

Eg har laga ein ny serie bilder frå Markahengenipa denne fjelltrimsesongen. 

Det vart mange flotte turar hit i løpet av året. 

No står nye toppar snart klare. 

Det skal bli kjekt!

søndag 19. september 2021

Variasjon over kjent tema

Dagens ...

Utsikt mot Blåfjellet

Blåfjellet i Grimelia i dag

Verd Yndestadhøgeheia

Blåfjellet og Skylefjellet

Stavenesodden og Svartevatnet

Som overskrifta viser til vart søndagsturen i dag litt omvendt av det vanlege. For først gjekk eg på Blåfjellet i Grimelia og deretter til Skylefjellet. Deretter søraust til Yndestadhøgeheia. Det gjekk nemleg nokre sauer ved sistnemnde som eg måtte sjekk ut. Dei høyrde ikkje til Henrik i Vågane så då fekk dei stå att. Litt annleis rute enn eg brukar å gå. Men for trimmen sin del var dette heilt flott....😀

fredag 17. september 2021

Klassisk tur heim igjen

Yndestad, Neset og Størdal

Stavestranda

Mot Guleslettene og turbinane

Dagens selfie

Vågane og Flokeneset


I dag gjekk eg den nydelege ruta frå Vågane til Ytre Vågefjellet og Toreheia. Deretter vestover Yndestadhøgeheia til Svartevatnet og heim. Ei av dei verkeleg flotte rutene på nordsida av fjorden. No i skinande haustfargar og klår luft. Omlag halve turen i sol. 

Folk var ikkje å sjå. Men det gjekk 5 sauer ovanfor Likkjevatnet. Heimehøyrande lenger her ute. Og ein enkeltbekkasin og nokre heipiplerker som ikkje hadde trekt sørover endå. Nydeleg tur. 

Film Ytrevågefjellet 

torsdag 16. september 2021

Fristadfjellet

 

Den siste av toppane på neste års fjelltrimsesong som startar 10.oktober er Fristadfjellet. Kjent for mange sidan den var post på årets TiTur Dalsfjorden. Toppen er den næraste som ligg Askvoll sentrum. Info her

Oversikt med klikkbare bildefiler


tirsdag 14. september 2021

Perfekt haustmorgon

Dagens selfie

Fossedalshengenipa

Mot Stordalen

Fossedalshengenipa oppe t.v.


For ein flott morgontur det var på Markahengenipa i dag tidleg. Blikk stille. Klår og frisk luft. Og sola. Kunne vel knapt blitt betre ein morgon midt i september.

Eg gjekk opp nordaustsida av fjellet vest for Krokavatnet. Og opp hamrane til toppen. Grei rute når det er tørt på fjellet. Ned att gjekk eg den merka stien langs ryggen og ned nord for Fossedalshengenipa på stien til Nipebu. Fantastisk flott trimtur!