lørdag 29. februar 2020

Vilt, ja vilt...

Tøft på Høgeheia i dag òg...
Kuling og rennefòk i fjella i dag.
Moldura og Dokka midt i bildet.




fredag 28. februar 2020

Stiv kuling, snø og snøfòk

Fint i Florøbassenget

ds

og ved Alden

Og så eit solglimt

Men no kjem ei solid byge inn frå vest - eg på veg opp!

Rein white out på toppen
Eg har vel skrive meir enn ein gong at på Høgeheia er det stort sett snøfritt om vinteren. Vel, så var iallefall ikkje tilfelle i dag. Det vart ei ganske så tøff og stri affære å kome seg opp dit i dag. Gjennom snøfonner til opp på låra - alt etter som snøen hadde fòka seg til oppe i bakkane... Og delvis på trugar. 

Ok - det var no det. Det tøffaste var likevel ei solid og langdryg kulingbyge då eg nærma meg toppen. Sikta forsvann fullstendig. Heldigvis kom drevet for det meste bak i frå. 



Etter å ha nådd toppen prøvde eg så å vente ut det verste av vèret i skjul bak varden.  Men måtte til slutt berre hoppe ut i det. Det vart jo iskaldt.... Eg måtte jo finn ned att i Holevika! Og no med rennefòket og byga midt i fleisen. Rett frå havet.  Sjølv som veldig godt kjend var det fint å ha merkepinnane. For spora mine opp var blesne vekk på få minutt....


Vilt på Høgeheia i dag

No letta heldigvis det verste på veg ned att. Men jammen var det ganske så vilt der oppe i dag tidleg. Så skiftande som vèret er om dagen, kan den enklaste fjelltur fort vise seg som ei kraftig utfordring. Kanskje greitt å ha i bakhovudet for oss alle....! 

onsdag 26. februar 2020

Vinterdokka

Utsikt til Askvoll under siste skavlen på ranen 

Holmedal og Straumsnes

Det gjekk ikkje 100% etter planen i dag. For på toppen av ranen på Dokka var det bom stopp. Iallefall tok eg ikkje sjansen på å komme meg over skavlen som hadde blese seg til. Her er bratt! Åleine og utan sikring vurderte eg det som risikabelt å klatre over. Sigla eg havna eg på Tveit eller Vikastølen - iallefall nesten. Eller eg kunne få heile skavlen i hovudet...

Siste skavlen på ranen på Dokka i dag.
(det er brattare enn 16:9 bildet viser)
Snøen har sleppt fleire plassar!


Is og snø opp ranen

No var det ikkje heilt greitt lenger nede heller. Med is og snø i dei bratte bakkane var det ikkje akkurat nokon husmorferietur eg hadde gitt meg i kast med... Difor var det litt fortærande å måtte gi seg nett under toppen. For eg var i utgangspunktet tenkt å gå om Nyksvatnet og kanskje Nykshytta ned igjen. Trugar bar eg med meg på sekken. 


På sikker grunn...😄 lenger nede

Vel, det er inga skam og snu. Og ja - som eg sikkert har nemnt mange gonger tidlegare - fjella i kommunen har eg vore på før. Så for den del. Det viktigaste er uansett å ta vare på liv og helse. Eg kan gå ei anna rute på Dokka i morgon om så er... Ja, frå Eidsfjorden og om Kalderasnipene når eg tenkjer meg om. 


tirsdag 25. februar 2020

Hard søraust

Toppen på Fossedalshengenipa t.h.

Mot Fossedalen.
Søndre Kringla t.v. Fossedalsvatnet t.h.

Markahengenipa midt i bildet
Etter at eg gav meg på Fossedalshengenipa 13/2  var eg i grunn litt gira på å prøve på nytt i dag. Opplett og delvis sol. Men frå godstolen heime såg eg opp i rennefòket på Skålefjellet, og skjønte jo teikninga, men hoppa i det for det. Så eg køyrde i Skjerlia og sette i gong. 


Rennefòk og isande vind
på toppen
No låg det ein del mindre snø enn sist. Spesielt det første stykket opp til Krokavatnet. Lenger oppe var det meir. Men i dag hadde eg teke med meg trugane, og dei kom godt med. Eg tok dei på ovanfor vatnet og brukte dei heilt til topps. Og tok dei ikkje av igjen før eg kom ned att til kraftvegen. 

Som nemnt ovanfor så bles det skikkeleg opp ryggen (sjå video). Rennefòket plystra rundt øyra. Vinden reiv i kroppen. Og i verste kasta forsvann faktisk sikta. Endå det var sol frå ein slørete himmel. På toppen var det slett ikkje verandes. Eg fekk i full fart knipsa av nokre bilder og ein liten videosnutt. Returen gjekk halvveges springande ned att ryggen. Puhh! Det var travelt. Lenger nede ved Krokavatnet var det nesten stilt. Eg gjekk likevel rett ned igjen til Markavatnet. Dusjen next! 




(mykje støy på desse videoane)




mandag 24. februar 2020

Småbarnshelg

Håkon og Olaug mater ender på Sletten i Bergen i går

Panorama frå partiet vestover mot Furefjellet i dag

Stongfjorden

Furefjellet
Sist helg var fruen og eg barnevakt i Bergen. Så torsdag tok vi båten frå Askvoll og innlosjerte oss hjå Torbjørn og Ingrid Anita i Fana medan dei hadde seg ei langhelg utanlands. Det vart difor dårleg med fjell. X-antal trilleturar med minste jenta opp og ned bakkar lasta med handleposar og pø gjorde likevel bra nytte...😊 I fullt oljehyre. Og det er bratt nok opp på toppen av Søråshøgda frå Lagunen med barnevogn! 

I går var vi på Sletten. Med Solveig på ryggen og Håkon og Olaug som mata endene. Dette før vi tok båten heim igjen til Askvoll. 

Som ein veit er det hardt nok å vere småbarnsforeldre. I ein alder av npluss 60 kanskje ekstra så. Om berre for ei helg... Men vi hadde iallefall ein veldig trivelig tur til Bergen.  

Idyllisk i Bergen

I dag var det såleis tilbake til heimlege strender og ein tur på Staveneset, Høgeheia og Furefjellet. Næra havet vill jag bo. Eg set veldig pris på denne turen. Returen via Furefjellet anbefalar eg alle å prøve. Litt snø, litt vind og litt sol. Og årets første skjærpiplerke observert! Veldig fint. 


Staveneset


onsdag 19. februar 2020

Fossedalen rundt

Vestenden av Fossedalsvatnet

Dalsstølen

Nordre og Søndre Kringla

Øvre Fossedal

Vassenden på Fossedalsvatnet

Nedre Fossedal
I dag gjekk eg runda som GPX-fila under viser. Litt uheldig var eg nok med at det beste vèret dukka opp då eg kom heim att. Men elles var det opplett i dag. Grått og flatt lys då. Det gir jo ikkje dei finaste bilda. Men slik er det om dagen. Vi får ta det som det kjem. 

Turen elles gjekk greitt. Veldig vått. Og ein del tung og våt snø oppe i lia vest for Nedre Fossedal. Også vest over flatene på Dalsstølen. På turen austover til Fossedalsvatnet og Øvre Fossedal brukte eg trugar. Fint. Så seig eg ikkje så mykje ned i det myrlende området rett aust for stølen. For her var det sabla vått. Både av snøsmelting og regn. 

I lonane på elva som kjem ned frå området rundt Dalsstølen symde og dukka det ein oter på matauk. Det var eit stykke unna så noko godt treff fekk eg ikkje av karen. Her er ein liten snutt

I nordenden av Fossedalsvatnet renn elva ned frå Krokavatnet. Og den var stri i dag! Så her hadde eg vanskar med å passere for å kome meg vidare opp i Øvre Fossedalen. Men med gamasjar og gode sko klarte eg faktisk å kome meg tørrskodd over.  Dette ved å finne steinar å stige på både oppover og samtidig over elva. Reina labyrinten... 


Nordre og Søndre Kringla frå vestsida av Fossedalsvatnet

Returen gjekk eg den vanlege austsida av vatnet til Nedre Fossedal og Otterstein igjen. Eg rakk innom Allmuen for skillingsbollar i dag òg... Og eit par ord med "Parlamentet" - pensjonistar som samlar seg her, og som i dag lada opp til skiskytinga. Eg hadde tima dette så bra at eg rakk heim igjen i dusjen, og fiks ferdig med cola og bollar då startskotet gjekk. No vart det visst berre sølv då, men min gullmedalje for dagen var allereie i boks....😃




Og slik vart dagen avslutta - i gull...
(men som kjent - når sola går ned i ein sekk, er den neste dag vekk)




tirsdag 18. februar 2020

Greitt å kome seg i hus....

Krikavatnet i dag

Yndestadhøgeheia med utsikt heim igjen

d.s og Stongfjorden

I dag vart det ein liten handletur til Dale og besøk på biblioteket. Fekk kjøpt meg eit par halvhøge hybridsko på Sport Dale. Etter ein god skillingsbolle og kaffi på Allmuen, køyrde eg heim igjen og gjekk motsett rute via Yndestadhøgeheia til Toreheia i forhold til hin dagen. 

Spesielt på turen ned igjen vart det dårleg vèr. Stikkand hagl, sludd og silande regnvèr siste delen mot fjorden. På toppen var det dårleg sikt med skodde og blaut snø. Heilt greitt å kome seg i hus igjen...😊

mandag 17. februar 2020

Fossedalen i grøne far

Øvre Fossedal med Nordre og Søndre Kringla.
Foto 19/11-19

Eg har klipt og limt nokre innlegg frå Facebooksida til Fossedalen i grøne far. Innlegg eg har lagt inn dei siste dagane. Det er kanskje ikkje alle lesarar av bloggen som føl denne sida på Facebook. 

Bilde 1. Svortevikstølen (Krokvasstølen) i dag 13/2-20.
Svortevikstølen eller Krokvasstølen ligg fint til ved nordenden av Krokavatnet. I dag går DNT-ruta frå Skorva til Nipebu forbi her.
I gamle dagar var det mykje samkvem mellom folk frå Førdefjordsida og Dalsfjordsida. Dette var før vegane kom. Ruta ein brukte gjekk gjennom Fossedalen langs Krokavatnet mot Førdefjorden. Dette var den kortaste vegen frå sør til nord her inne. Det var òg den som låg lægst i terrenget.
I Fossedalen budde det ein god del folk i gamle dagar. Ja, dei hadde til og med eigen skule. Det er fortalt at ein vinter det låg særs mykje snø, så hadde ikkje Fossedalsfolket hatt kontakt med folk på Krokvasstølen (som det heitte då) på lange tider. Dei kava seg difor fram med hest og slede over Krokavatnet. Då dei kom fram, såg dei at det rauk opp av snøen frå skorsteinen. Då forstod dei at folk var i live!
Ruta frå Fossedalen til Skorva vart òg nytta som gjennomgangsport for folk som skulle på sildefiske ved Florøkanten.
Som vedlagde bilder viser var Krokvasstølen også i gamle dagar eit turmål. Klikkar du deg inn på bilda finn du namn. Bilda er tekne av Paul Stang frå Stongfjorden i 1918.

Svortevikstølen (Krokvasstølen) 13/2-20 

Sitjande Anton Stang, Bertil Gjerde, Kristen Yndestad, Maria Gjerde, Maria Stang, Ferdinand Lundstrøm. Ståande stølsjenter frå Svortevik (ukjende)

Bertil Gjerde, Kristen Yndestad, Ferdinand Lundstrøm, Paul Stang, Anton Stang, Maria Stang, Maria Gjerde
I følgje oppgåva "Tidt eg minnest ein gamal gard" av Thora HovlandKjellaug Hatløy Bjergene og Ingebjørg Ramstad, og deira intervju med Astrid og Sofia Fossedal, var det stor trafikk gjennom Fossedalen om sommaren. Det kom folk frå Flokeneset, Øyra og Skorvemarka (som tidlegare nemnt - dette var før vegane vart bygde). Dei skulle til Dalskyrkja då det var preikesundag. Men det er òg sagt at dei kom fordi dei ville danse på berga i Øvre Fossedalen. For Johan og Elias Fossedal kunne spele til dans.
Folket i Øvre Fossedalen fekk elles etter kvart hevd på å slå teigen på husmansplassen på Krokvassenden. Til å transportere høyet hadde ein "roddar" (meis eller snøresekk). Ofte vart høyet lagt under hellarar og transportert heim på slede om vinteren.
Eit anna eksempel på samkvemet mellom folk i Fossedalen og ved Førdefjorden var at ein om sommaren gjekk i Svortevika og fekk myse til grisen. Dei laga så god gamalost på stølane der. Så fekk grisen hå med myse på.
Vedl. tre foto av Svortevikstølen (Krokvasstølen). For ukjende ser vi Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen av Krokavatnet.



3 foto av Svortevikstølen (Krokvasstølen)


I tilknytning til bildet med mellom anna dei to ukjende stølsjentene på Svortevikstølen i 1918 (sjå tidlegare foto), ser ein at namnet Hele dukkar opp i "Tidt eg minnest ein gamal gard".
"Ho Hele på Svortevikstølen var ein gild granne å ha i sommarhalvåret. I heile 65 år støla ho. Siste året var ho 81 år, men gjekk så lett og fint. Ho såg ut som ei fin lita dokke, og hadde nok vore "ryse pæne". Hele var "leste" (gjekk på møte) og sterk i seg til å vete kva som var rett og ikkje rett. Anne (mor til Astrid og Sofia) vart oftare å finne ved kyrkja etter at sonen, Olav Gudmund, døydde (dø) (på fiske). Vi anar at dei to kvinnene har hatt sine andelege samtalar ein og annan sommarkveld".
"At dei lilja til møtes med kvarandre veit vi. Begge var flinke til å lilje (å syngje med sløyfer). Når fjellvandrarar drog opp på Kringla, hende det at dei bad Anne om å lilje opp til dei. Borna var vaktpostar og gav signal når liljinga kunne ta til. "Det var så fint". Og ein gong, det var i seinare tid, fekk Einar Olset Anne til å lilje innhyses.. Liljing må ikkje forvekslast med jodling. Inger Otterstein var òg flink til å lilje".
Om det er Hele som er ei av stølsjentene på bildet til Paul Stang veit ein ikkje. Men det er ikkje usannsynleg. Og kanskje er det nokon som veit?
Vedlagt haustfoto mot Øvre Fossedalen frå Kringla. Også frå ruta langs Krokavatnet mot Svortevikstølen. Både vest og austsida av Krokavatnet er i dag greie å gå.

Øvre Fossedal, Fossedalsvatnet og Krokavatnet. Fossedalshengenipa i grått. Vi skimtar Mandelia (Skjerlia) heilt til høgre bak Svortevikstølen.

Øvre Fossedal midt i bildet nede. Svortevikstølen lengst til høgre i enden av Krokavatnet.

Fossedalshengenipa og Krokavatnet frå skåra til Søndre Kringla. Kanten på Eitrenipa t.h. Svortevikstølen midt i bildet i enden av Krokavatnet.


"Om sommaren vart det travelt ofte. Då var det slåtten seint og tidleg. Vi hadde utmarkslette kringom alle stad. Kyrne likte godt det sevet som veks i vatn. So vi slo frå båten når det trongst. Høyslette hadde vi i Kvelven, Bossløkja, Høgelia,, Kristianaura, Staurdalen. Smådalane, Grøndalen, Og i Osen bortanfor Dyttingja (ved kloppa på Kroke Vassenden (dette er sør på Krokavatnet). Når vi var i Stølsdalen rodde vi høyet og la det under hellarane der. Husmannsplassen på Kroke Vassenden (dette er nord på Krokavatnet) slo vi òg".

(Det ser ut til at ein brukar Kroke Vassenden om både sør og nordenden av vatnet her).

Det er tidlegare lagt ut bilder frå hellarane i og rundt Fossedalen. Her nokre eksempel. I tillegg nokre stadnamn frå Fylkesatlas Vestland.

Kyrahellaren ligg ovanfor kloppa ved Krokavatnet på ruta til Svartetjørna og Fossedalshengenipa..

Kallhelleren rett søraust for Svortevikstølen.

Svartetjørnhellaren rett nord for Svartetjørna på ruta til Fossedalshengenipa (Grøndalen rettt i nord)




dette kartet under kan du scrolle stadnamn over heile området. Du finn att mange namn der ein hadde utmarksslått i gamle dagar.