onsdag 26. februar 2020

Vinterdokka

Utsikt til Askvoll under siste skavlen på ranen 

Holmedal og Straumsnes

Det gjekk ikkje 100% etter planen i dag. For på toppen av ranen på Dokka var det bom stopp. Iallefall tok eg ikkje sjansen på å komme meg over skavlen som hadde blese seg til. Her er bratt! Åleine og utan sikring vurderte eg det som risikabelt å klatre over. Sigla eg havna eg på Tveit eller Vikastølen - iallefall nesten. Eller eg kunne få heile skavlen i hovudet...

Siste skavlen på ranen på Dokka i dag.
(det er brattare enn 16:9 bildet viser)
Snøen har sleppt fleire plassar!


Is og snø opp ranen

No var det ikkje heilt greitt lenger nede heller. Med is og snø i dei bratte bakkane var det ikkje akkurat nokon husmorferietur eg hadde gitt meg i kast med... Difor var det litt fortærande å måtte gi seg nett under toppen. For eg var i utgangspunktet tenkt å gå om Nyksvatnet og kanskje Nykshytta ned igjen. Trugar bar eg med meg på sekken. 


På sikker grunn...😄 lenger nede

Vel, det er inga skam og snu. Og ja - som eg sikkert har nemnt mange gonger tidlegare - fjella i kommunen har eg vore på før. Så for den del. Det viktigaste er uansett å ta vare på liv og helse. Eg kan gå ei anna rute på Dokka i morgon om så er... Ja, frå Eidsfjorden og om Kalderasnipene når eg tenkjer meg om. 


Ingen kommentarer: