onsdag 30. november 2011

Snowy Mountain

mms på Ytrevågefjellet i kveld

Eg var ein røff tur opp igjen på Ytrevågefjellet etter arbeid i dag. Kastevind, regn nede og tett snødrev på toppen. Vèret lyt ein berre ta som det er. Mosjon er berre noko ein må gjennomføre, sjølv om sofaen av og til gjerne freistar meir når vèrgudane herjar.... 

Så langt til toppen på Ytrevågefjellet er det ikkje. Det er difor ingen vanskar med å finne opp og ned  om kvelden når ein har ei god hovudlykt.



søndag 27. november 2011

Våt moro...

Eg var ein tur på Ytrevågefjellet igjen i føremiddag i tjukk skodde og sipande regnvèr. Ikkje akkurat herrens gladaste dag for å seie det mildt. Heldigvis hadde vinden spakna av noko, så då gjekk det heilt greitt. Men vått var det, steikje vått...! Det verste er plaskande regn og sterk vind, men så lenge ein av delene uteblir går det fint. Våt blir eg uansett - anten inne i frå eller ute i frå, alt etter korleis eg kler seg. Vel og merke hvis eg vil ha litt trim ut av det. I mange minusgrader er det sjølvsagt best å ikkje sveitte. 

Ein ting er sikkert: I dag var det godt å kome seg i hus igjen... 

Elles ser eg det er litt stilig å ta mms-bilder no. GPS`en gjer at eg får nøyaktig avmerking på kartet kvar bildet er teke. Sjølv om eg i liten grad publiserer desse bilda pga kvaliteten, kan dei vere greie å ha for arkivet sin del. Sjekk bla. frå Moldura til høgre her i går.


lørdag 26. november 2011

Ilskjen beskjed frå Kong Vinter

Frå oppstigninga til Moldura i dag tidleg
(litt andre forhold enn på banneret ovanfor)

Ja, han kjem nok Kong Vinter i år òg. Berre vent. Eg fekk iallefall ei påminning på Moldura i dag. I ei infernalsk byge med kuling, hagl og snø reiv han iallefall godt i kroppen og fjeset.  Heldigvis sa han berre takk for i fjor, som ei aldri så lite helsing. Lenger nede var det som vanleg berre blautt og vått. Men jammen var vinden kald du... 

Så mykje anledning til å nyte utsikta vart det difor ikkje. Ikkje hadde eg med kameraet heller. Men mobilen er no grei å knipse med som ein aldri så liten dokumentasjon frå turen. Den har eg alltid med. Eitt bilde eller to tek eg alltid... Litt symptomatisk var det at eg ikkje såg eit einaste liv på turen i dag... 

Toppen av Moldura i dag
(Blown-up Charlie...:-))

torsdag 24. november 2011

Kvar er Kong Vinter...

Stongfjorden og Florø frå Svarthamrane 23/11-10...

Det vart nærast ei trimfri veke denne veka. Elendig vèr, pendling, jobb og familie er ikkje alltid like lett å kombinere med eit aktivt fjelliv. Iallefall når det nesten er mørkt heile døgnet...

Når eg ser tilbake på bilda frå i fjor på denne tid, er det ikkje fritt for at eg lengtar etter fine og kalde dagar og kveldar (som vist ovanfor)... Men no er det ein gong slik her i livet at det er enkelte ting ein ikkje kan gjere noko med. Mellom anna vèret. Så då får eg berre ha litt tòl med det... Fjella ligg no der! Litt styrketrening skadar heller ikkje....:-)

Fleire bilder 23/11-10


mandag 21. november 2011

Trimruta

Stakk ein kjapp tur opp på Ytrevågefjellet på veg heim frå jobb i ettermiddag. No var det så mørkt blitt i 17-tida at hovudlykta måtte tennast med ein gong. Fantastisk flott temperatur til snart desember å vere. Mild vind, opplett og fint oppover. Flott utsikt til lyshavet i Florø og innetter Vevring-landet. Flott trimtur.


søndag 20. november 2011

Reprise

...alltid ei sol...
Frå Moldura i dag tidleg. Litt skodde i lufta...

Eg tok like godt trimturen oppom Moldura i dag tidleg òg. Ingen andre hadde visst vore opp i går etter meg. Noko lette i vèret i dag gjorde at eg tok med kameraet. Alltid kjekt med litt bilder. Men i skodde og regn er det i grunn ikkje så mykje å fotografere. Elles såg eg verken mennesker, fugl eller dyr. I kyrkjetida og så stille som i grava...
  
Fra Moldura 201111
Ei solgløtte på Håsteinen

lørdag 19. november 2011

For trimmen sin del...

Eg var ein kjapp tur på Moldura i dag tidleg. Litt regn i lufta, skodde, men stilt. Fjorden låg dammande still då eg starta. Noko meir vind var det oppe mot toppen. Og i dag var det tilbake til normalen med temperaturen. På den måten at det vart kjølegare di høgre eg kom. Det var jo litt artig dei dagane då dette var snudd på hovudet. Elles er det vel ikkje så mykje anna å seie enn at det var hustrig og vått. Eg sprang difor heile vegen ned igjen...

God helg!


onsdag 16. november 2011

Snødrev

Eg var ein svarte-natta-tur på Moldura i kveld med hovudlykt. Omlag halveges starta det så smått å snøe. Og oppe mot toppen vart det faktisk ganske så tjukt i drevet. Men heldigvis kom ikkje skodda drivande. Stengene fungerte heilt fint. Klart dei var gode å ha når sikta etterkvart vart ganske så lita. Noko problem var det rett nok ikkje. Eg nådde fint opp, og ned igjen sprang eg heile vegen til Stafsnes. Ein skikkeleg god kveldstrim i november...! Herlig...:-)


To naturopplevingar...

På Ytrevågefjellet 13/10

Det siste døgnet har eg hatt to flotte naturopplevingar utan å bevege meg ut av bilen. På veg heim i går, nokre hundremeter vest om Nordheiatunnellen, stod den største kronhjorten du skulle ha sett midt i vegen rundt ein sving. Klokka var vel omlag 16.15. Første innskytelsen var at eg ikkje greidde å stoppe, men så snudde heldigvis karen og loffa ut av vegen på høgre sida. Ut frå geviret å dømme kunne dyret godt ha vore ein rein. Det var enormt. Surrealistisk stort i forhold til kroppen! Kor mange taggar det var torer eg ikkje å tippe på ein gong.... No møter eg ofte hjort på vegane. Nesten dagleg. Men denne karen trur eg må vere den største eg har sett til dags dato...!

Men i dag tidleg fekk eg meg ei meir sjeldan naturoppleving enn hjorten. I grålysninga i Gjelsvika klokka 07.08 kom plutseleg ein svær lysande grøn flamme over himmelkvelven i aust. Eg trudde først det var eit grønt naudbluss, men dei er vel berre raude? Så bevega lyset seg i nordvestleg retning, før det forsvann over åsen ved Kvammen. Spektakulært! Ein nydeleg meteor! Nesten like flott som den eg opplevde på Toreheia hitt året. I mørket... Eg synest meteorar på himmelen fortel noko om kor små vi er i den store samanhengen. Spesielt når dei fær logande over himmelen når det er mørkt...

mandag 14. november 2011

Icy lady


Foto frå Ytrevågefjellet i kveld

I kveld var det såpass kaldt at det isa på tjørna oppe på Ytrevågefjellet. Og iskrystallane glitra på gamalt gras og stein. Veldig flott, men glatt. På hammarslaga eit stykke ovanfor vegen var det ganske skummelt. Her er det i tillegg ganske bratt. Greitt å vere obs på for dei som går opp her seinare. 

Elles var det jo ein praktfull kveld. Stjerneklårt. Og i motsetnad til i Førde, der skodda har lege som eit lòk over byen i heile dag, fanst det ingenting her ute. Ja, det var betydeleg lysare i vèret òg. Eg kom meg faktisk heilt opp utan å tenne hovudlykta. Artig med nattsynet. Når du får venje deg til mørket, er det utruleg kor lenge du klarar å skimte konturane før alt blir heilt svart. Nydeleg tur igjen!

søndag 13. november 2011

"Vassgraut"

Morgonfoto frå bakkane ovanfor Rørvika i går.
Vi ser Helgøyna i Førdefjorden. 

Eg var ein kjapp trimtur opp igjen på Moldura i dag tidleg. I vår del av verda har vi vel ikkje lov å vere storforlangande same kva det gjeld, men vèret var iallefall tilbake til normalen med regn, vind og skodde. 

Moldura er spesielt utsett for skodde. Sidan det er høgste fjellet utanfor Eintrenipa, og ligg såpass langt ut mot havet, er det sjølvsagt veldig utsett for dårleg vèr òg. Dette har eg fått merke meir enn ein gong i det siste. No reknar eg likevel med at det blir endå verre enn i dag framover når temperaturen søkk og regn går over til snø og is... Vi har vore heldige denne hausten slik sett. 

Sidan det var omlag null sikt og ganske så utriveleg der oppe i dag tidleg, gjekk det berre endå raskare ned igjen. Eg sprang heile vegen til Stafsnes og fjorden igjen. Rett i dusjen....! Dagens trim unnagjort iallefall. I ettermiddag blir det familiesamankomst og gebursdagsfeiring av barnebarn i Førde....! 

lørdag 12. november 2011

Reine lukka

Ein flott morgon i Løvika i dag 

Meterologane melde om nok ein flott lørdag. Eg valde difor å gå på Blegja i dag sidan den varme hausten har gjort fjellet snøfritt. Eg var på plass i Rørvika i grålysninga, rett etter halv åtte. Tidleg ja. Og endå ikkje heilt lyst. Men eg hadde lyst på eit nytt bilda av austahimmelen i Løvika. Det var dessutan meldt tilskyande vèr ut på dagen. 

I Rørvika var det frost på bakken. Men det virka nesten som om lufta var varmare i midtpartiet oppover. Her var det heller ikkje frost. 

Eg hadde som vanleg kledd meg minimalt. Ei tynn ulltrøye og ei lett vindtett jakke var nok heilt til topps. I den farten eg brukar. Men i trekken lenger oppe måtte hovudet tildekkast. Det er topplòket som er beste ventilatoren. 

Ein praktfull, stor måne spegla inn frå himmelen vest i havet. Himmelen vart både blå og rosa. Samtidig vart austahimmelen stadig mer opplyst. Frå oransje og lilla til lys-gult. Det var heilt stilt. Ikkje ein lyd. Berre mine eigne taktfaste andedrag. Som frå ei klokke. Årvaken. 

Det gjekk radig og effektivt oppover. Eit passeleg og godt tempo. Og urane var akkurat som eg hadde tenkt meg i går kveld. Så tørre som sandpapir. Eg sat på som ein klegg. Ikkje eit glipptak eingong. Den tørre lufta og fjelltrekken hadde tørka ut væta. Rett nok var det ein og annan isflekk, der ei sitle ikkje var tørka inn, men det var ingenting å snakke om. Perfekt! 

Eg følte eg stod på toppen på 1-2-3. Kvarteret etter 09. Mange var vel ikkje stått opp ein gong. Det var framleis ein tidleg laurdagsmorgon. Akkurat som eg likar det! 

Utsikt mot Dale og Dalsfjorden frå Blegja i dag
Legg merke til "røyken" som kjem frå fjella ved Lihesten...

Trekken på toppen var ikkje heilt utan kvasse kantar... Men eg hadde utstyrt meg bra for akkurat det. Eg skifta difor ut kleda på overkroppen med ei dobbel Brynje-trøye og dunjakke. Nye hanskar og vindtett hue. Så var det tid for nokre bilde-shots og sjå på omgjevnadane. 

Her låg berre nokre få tynne snøfonner som var knallande harde. Ja, nesten rein is. Hadde vore mindre moro om akkurat det var forholda opp over siste kanten..... Førdefjorden låg kald i skuggeland innover. Elles var det kome inn noko dis heilt ytterst i havkanten. Månen forsvann i dette dislaget. Det var nok skyer på veg inn ja... 

Men eg hadde meir på programmet denne dagen. Og nedom Nipevatnet igjen tok eg over elva og klatra ned hamrane og ranane mot Tobbedalsvatnet. Gjekk over elva som renn ned i mot Nipebua. Og heldt fram opp over sørsida av Kringlefjellet.  Ein rein nytelse å få igjen sola her etter å ha klatra i skuggelandet ei god stund. 

Ved kanten av Kringlefjellet er det fantastisk utsikt til Bjørnastigvatnet og Leknesvatna. Eitrenipa ragar i sørvest. I synsranda Skålefjellet, Kvamsnipa og Middagsnipa. Botnafjellet og Høgefjellet i nordvest. Det var sistnemnde som var det andre målet for dagen. På fjelltrimprogrammet for 2012 det òg. (Blegja er alltid med....) 

 Eitrenipa og Leknesvatna frå sørsida av Kringlefjellet

På Botnafjellet fekk eg igjen utsikta mot Førdefjorden. Den låg blikkstill der nede. Vevring og bygdelaga på nordsida låg bada i november-sol. Stølane ovanfor Rørvika kom til syne. Og passerte så øvre kanten på Bjørnastigen som går ned igjen på nordsida av fjellpartiet her. Etter kva eg veit er det einaste plassen ned igjen på dette partiet. Her er laga til nokre stålstrenger til å halde seg i, då det er ei relativt bratt skår ned som kan vere glatt.  Men først måtte eg ut på Høgefjellet. 

Det gjekk heilt greitt. Bra sti opp og utover. Litt kuppert. Det er ikkje varda her, men vegen seier no i grunn seg sjølv. Verre kan det alltid vere i skodde, så det spørst om det ikkje bør vardast litt ved høve. Det er nemleg bratt utfor mange plassar på nordsida. 

På toppen tok eg meg to skiver og noko saft. No gjekk det faktisk skoddedottar over toppen på Blegja. Stadig meir skyer seig inn heilt ytterst i synsranda ute i havet. Høgefjellet har perfekt utsikt til Gjelsvikefjellet, Gjelsvikestølane og Eitrenipa. Og ikkje minst til nordsida av fjorden. 

Eg sat likevel ikkje så lenge på toppen. Men tok innatt same vegen til Bjørnastigen, og gjekk ned til Ålastølen og Åsastølen. Deretter greitt ned igjen i Rørvika. 

Kjempetur igjen. Fantastisk å komme opp på Blegja midt i november. Til og med utan snø. Vi må berre takke vèrgudane som gav oss arbeidsfolk ein så flott laurdag! 
  
Fra Blegja_Høgefjellet 121111


fredag 11. november 2011

Idyllisk på Moldura igjen...


Foto frå Moldura i kveld

Magisk trimtur på Moldura igjen i kveld. Måneskin, lite vind og god temperatur. Kjempeflott! Bilda fortel vel sitt... Skal sjå om eg ikkje kan forfatte noko lengre blogginnlegg i løpet av helga. 

God helg iallefall!

Fra Moldura 111111
Det største lyset t.v på Straumsneset er hytta til Agnar...!

onsdag 9. november 2011

Månelyst

Austover og vestover frå Ytrevågefjellet i kveld

Super måneskinstur på Ytrevågefjellet i kveld. Litt skoddeflak gjorde fjella og landskapet trolsk i skinet frå månen. Røyndomen lèt seg ikkje alltid like lett formidle med bilder, men ovanfor er iallefall to eksemplar. Bilda er tekne med sein lukktid noko som gjer at dei ser lysare ut enn det var. 

Artig oppleving å høyre rypa flyge opp kaklande i mørket rett ved sidan av meg. Kvapp litt av den, men flein godt med meg sjølv etterpå...


tirsdag 8. november 2011

Parfaitement

... eg hadde visst fransk på skulen ein gong i tida...:-)

Florø og øyane frå Moldura i kveld. Toreheia t.h.


 Holmedal og Straumsnes

Som måneskinnstur kunne det nesten ikkje blitt flottare på Moldura enn i kveld. Då måtte det i tilfelle vore gnistrande snøforhold og fullmåne. Ja, det var faktisk bra sikt på toppen sjølv utan lykt. Her bada ein stor måne landskapet i reinaste sølv. Kjempeutsikt i alle himmelretningar og bygdelag. Tindrande klårt. 

No var eg ikkje like heldig med bilda eg tok. Det visste eg vel på førehand. For med lukketid på eit minutt skal det ikkje rare vindpustet til før bildet er øydelagt. Spesielt når du har kameraet ståande på ein stein. Vel, vel eit par av bilda vart no bra og spesielle då...:-)

Så mykje å seie om turen elles er det vel ikkje. Den gjekk heilt etter oppskrifta mi for mørkevandringa framover. Herlig...!

Tek med eit bilde frå Stongfjorden òg. Det er teke då eg kom heim frå arbeid.

søndag 6. november 2011

Novemberdag for minneboka

Novembermorgon ved Svelivatnet

Det var fornuftig å sjekke vèrvarselet på nettet i dag tidleg. Det regna nemleg då eg stakk nasa ut om døra på morgonen. Eg utsette difor turen to timar. Noko som viste seg å vere heilt rett. For litt seinare glitra til og med sola på fjelltoppane. Radarvarsel og timevarsel for vèret er eit effektiv hjelpemiddel når du planlegg tur. Å gå i fjellet i øs pøs er greitt nok det, men ofte kan det vere lurt å vente litt...! 

Eg køyrde til Oslandsbotnen og gjekk opp til Botnastølsvatnet. Så opp skaret til Svelivatnet. Her tok eg austsida av vatnet. Nokon spesiell god sti er det ikkje på denne sida av vatnet. Eg hamna difor på hovudet ned i nokre våte einerkavar som rakk meg til under armane. I lufta på fallet var eg litt usikker på landinga.... 

Det gjekk litt betre frå ca halve vatnet og vidare inn i enden. Her er det greitt å vite kvar ein skal ta opp. Både hamrar og våte sva er ikkje heilt ufarlege. Det er dessutan berre opp venstre sida av elva det går an å komme seg opp på Røyrbotnholten her frå nordaustsida.

Når Svelivatnet er nedtappa går det dessutan an å gå på Røyrbotnholten ved å gå vestsida av vatnet og inn i sørvest-enden, og over elva frå Langevatnet (sjå bilde under). Her kan du ta opp ei skår i hamrane. Men denne kjem du ikkje til når vatnet er meir enn omlag halvfullt...

Utsikt til Svedalen.
I bakgrunnen ligg Svarthamrane, Skålefjellet og Nipane. Elva frå Langevatnet t.v.

På toppen av elva, rett vest om Vardenova, ligg Nyksvatnet. Eit halvstort, rundt vatn. Her heldt eg nordsida bort under Røyrbotnholten. Det går nokre skårar opp til toppen frå nordaust sida her der det er mogeleg å komme seg opp. Eg brukte denne ruta ein del for 7 år sidan då toppen var på programmet sist.

No låg det ein heil del skodde på sørsida mot Rivedal i dag, men nord- og austover var det flott utsikt. Nydeleg ned igjen til Svelivatna. Ein ser dessutan såvidt bort i Flokeneset og ein bit av Førdefjorden.

Turen bar så vidare vestover. Her kjem ein inn på den DNT merka ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Opp nordaustsida av Smørskornova og nord om Langevatnet. Det var spegelblankt på vatnet. Sola gylte landskapen i puraste gullfargar. Ikkje ein einaste lyd og ikkje eit einaste menneske. Ved breidda av Langevatnet vart eg ståande å sjå så lenge at eg vart i stuss om kva som var opp og ned her i verda... Heilt magisk!

Eg kan ikkje hugse at eg har gått her opp i november på denne måten før. Sol, god temperatur og heilt blikkstilt. Nærast ein dag for historiebøkene. Faktum er at eg gjekk kun i ei Devold-trøye i heile dag. Utan å ha på meg noko anna på overkroppen. Og på hovudet hadde eg ingenting! I fleire timar... Ja, det var nesten uverkeleg. 

Langevatnet og Hekkelfjellet i Holmedal i dag

Langevatnet i motlys

Eg passerte så Siklabergvatnet. Her gjekk det faktisk ikkje an å gå over vadet på grunn av den høge vasstanden, så eg måtte gå rundt på sørsida. Det er no ikkje lange biten. Men det er sjeldan at vatnet står så høgt som i dag. Det same kan eg seie om Svelivatnet og Botnastølsvatnet. Dei er regulerte, men var likevel smekk fulle. Så mykje flottare slik enn når dei er nedtappa! Klare for vinteren. Vinteren som vi ikkje ser snurten til endå iallefall.... 

DNT-løypa til Stongfjorden held fram ned Mannskaret. Eg gjekk ut av denne på toppen her. Eg hadde Moldura som mål, og gjekk vidare vestover og opp på Fanafjellet. Så ned i øverste delen av Fagredalen. Her traff eg Kjerstin H.  Vi slo av ein liten prat i lag. 

Vèret var framleis flott, men det låg noko meir skoddeflak her oppe på toppen av Moldura. Sørover til Holmedal og Dalsfjorden likeeins. Eg gjekk fram på kanten på sørsida for å ta eit par bilder.

 Holmedal og Straumsnes frå Moldura i dag

På toppen bestemte eg meg for å ta med meg andre omgang av cupfinalen. Det passa seg slik. Måla mine var nådde. No var det andre mål som galdt. Så då sprang eg like godt gjennom myrane og bakkane ned igjen til Stafsnes og fjorden. Ei frisk avslutning på turen med andre ord. Olaug henta meg gentleman-aktig her. 

For ein fantastisk dag i fjellet. Den går rett inn i minneboka... 

lørdag 5. november 2011

It`s raining cats and dogs...

MMS Ytrevågefjellet i ettermiddag

Vèret hadde vore bruktbart nokre timar, så eg vart rastlaus ut på ettermiddagen. Eg stakk difor på Ytrevågefjellet i dag òg. Lettkledd. Andre turen og andre fjellet for dagen. Men eg hadde knapt sett meg i bilen opp til Osland, før det ausa ned. Igjen! Heldigvis var vinden blitt ganske spak. Så sjølv om eg vart våt til skinnet, og skorna likeeins, vart det ein flott trimtur. Litt væte og søle preller av som på gåsa berre motivasjonen er der....:-)

Tilbake til normalen

Utsikt frå under toppen av Moldura nett før det blir mørkt 2/11.
Vardenova i midten.

Eg kunne i grunn ha tenkt meg og gjort noko meir ut av turen i dag enn å gå på Moldura. Det ligg jo fine toppar lenger aust òg... Men vèret vart så ulikkeleg der oppe i dag tidleg at eg berre sprang heile vegen ned igjen. Gjennom våte myrane så søla skvatt. For det var både regn, skodde og vind der oppe, og noko særleg betre vart det lenger austover. Så å bruke timar under slike forhold baud meg rett og slett imot...:-)

No vart sjølvsagt vèret betre då eg nesten var heime igjen. Og når eg no sit og skriv, ser det faktisk ganske brukbart ut. Men korleis det er her nede ved fjorden, er ikkje alltid representativt for korleis det er der oppe. Vèret ser iallefall mykje betre ut for morgondagen. Og det er no noko berre det... 

Elles er det sikkert Ansgar Bjarne som har mala raudmaling på nokre av dei viktigaste vardane oppover mot toppen. Kjempebra jobba! Gode å sjå. Refleksstengene eg har sett opp plukkar eg ned i løpet av vinteren. Det er berre ei midlertidig greie for å gå i mørket, og under snøforhold.

Bak varden kl 9.27 i dag... 
...ikkje rare utsikta. Vind og regn yler rundt øyra....

fredag 4. november 2011

Som varme sommarkvelden

 Foto frå Moldura onsdag

Det var nesten varmt på Ytrevågefjellet i stad. Den bèksvarte kvelden minte meg rett og slett om ein sommarkveld i syden. Vinden var frisk og lun. Og eg kunne like godt ha sprunge opp i shortsen. Goretex buksa stod på vid vegg i sidene og jakka bar eg rundt livet. Når eg så kom ned igjen viste temperaturmålaren i bilen 15 grader. Fantastisk! 

No skrytte eg vel av hovudlykta i går, men eg blir berre meir og meir imponert. Med det nest minste stillet ser eg godt og langt, og endå har eg to stiller å gå på. Spreiinga av lyset er òg heilt suverent. Moro!

onsdag 2. november 2011

Magisk på Moldura

Fantastisk kveld på Moldura

Eg var ein kjempeflott tur på Moldura etter arbeid i dag. Eg avspasserte ein time, så eg rakk akkurat opp før det vart mørkt. Men jammen måtte eg stå på. For eg ville ha med meg siste lyset på toppen. 2 minutt etter at eg nådde toppen, kom ein skugge opp frå sørsida. Eg trudde først det var ein hjort, men så var det visst eit levande menneske av hokjønn. Det viste seg å vere Vigdis. I halvmørket knipsa eg eit bilde med sjølvutløysaren, før ho sprang ned igjen på sørsida.

Eg sat att ei stund på toppen og naut det siste dagslyset. Venta til det vart heilt mørkt for å teste den nye hovudlykta og nokre refleksband ned igjen. Det fungerte aldeles utmerka. Ingen problem whatsoever.  Lykta er berre fantastisk bra. Dette skal bli moro framover...

tirsdag 1. november 2011

Rufsut

 
Eg var ein kjapp tur på Ytrevågefjellet igjen i kveld, og fekk testa den nye hovudlykta mi. Den virka heilt topp. Men vèret var noko heilt anna. Vind og regn - igjen. Ylande, piskande regn. Heldigvis var temperaturen fantastisk bra. Nesten uvant mildt for årstida. Og noko snø er visst ikkje i sikte med det første. Ikkje det at det plagar meg då. Men akkurat no ser eg fram til nokre flotte og kalde vinterdagar. Regn og vind har vi hatt nok av på ei stund. 

Terrenget er dessutan så søkkande gjennomblautt at det er tungt å ta seg fram no. Spesielt opp nordsida av Stongfjorden mot Moldura er det nesten berre bratte myra opp... og det er tungt.  (Hmm - bratt myr er kanskje eit nytt vestlands-uttrykk!? ) No finst det vel neppe betre treningsform enn å gå i myr då, så ein får sjå positivt på det ein kan... Noko spesielt å nemne frå turen elles er det vel ikkje. 

Morgondagen ser litt betre ut vèrmessig. Då satsar eg på Moldura på kveldstid... Kan bli spanande nok det...