Fantastisk kveld på Moldura
Eg var ein kjempeflott tur på Moldura etter arbeid i dag. Eg avspasserte ein time, så eg rakk akkurat opp før det vart mørkt. Men jammen måtte eg stå på. For eg ville ha med meg siste lyset på toppen. 2 minutt etter at eg nådde toppen, kom ein skugge opp frå sørsida. Eg trudde først det var ein hjort, men så var det visst eit levande menneske av hokjønn. Det viste seg å vere Vigdis. I halvmørket knipsa eg eit bilde med sjølvutløysaren, før ho sprang ned igjen på sørsida.
Eg sat att ei stund på toppen og naut det siste dagslyset. Venta til det vart heilt mørkt for å teste den nye hovudlykta og nokre refleksband ned igjen. Det fungerte aldeles utmerka. Ingen problem whatsoever. Lykta er berre fantastisk bra. Dette skal bli moro framover...
Fra Moldura 021111 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar