lørdag 30. april 2022

Ein klippejobb

Kjent motiv!
Nordre og Søndre Kringla, Fossedalshengenipa og Nipeholten.
Framme t.v. Markahengenipa

Tok ein liten klippejobb av småeiner og spirande bjørk på ruta til Kvamsnipa i Skorvemarka i dag. Lettare å sjå kvar ein går. Og at folk går same trakket. Spesielt i midtpartiet er det litt ulendt og uoversiktleg der det gror til. 

Fekk meg elles ein liten prat med Gunnar og Mildrid der oppe. Kjekt å sjå årets killingar hoppe og sprette. Denne flotte og stille morgonen siste april.  

onsdag 27. april 2022

"Three Brothers in Arms"

"Three Brothers in Arms"
har eg døypt dette treet... 😊

Morgonfrost 

Det var frose skikkeleg på i høgda i dag. Og på toppen av Kvamsnipa (foto) var det hard is på vasspytten som ligg her. Men det var faktisk veldig greitt sidan eg hadde brodddane med meg og kunne gå hardt og godt på snøen oppover. For det ligg ein del snø frå ca halvvegs opp. På toppen var det elles ein sur nordavind. Så det var berre å kome seg ned igjen. Fin tur igjen her i Skorvemarka. 

mandag 25. april 2022

Stongfjordens perle


Video frå Skålefjellet i dag

søndag 24. april 2022

Fantastisk i heimefjella

Ved toppen på Toreheia

Vadet på Krikavatna

Nok ein nydeleg tur frå dørstokken heime til Toreheia og Skylefjellet. I dag via vadet på Krikavatna og opp dalen. Som så mange gonger før. Vindstille på toppen i 10-tida. Retur via vestsida og ned til Skylefjellet. Deretter heim igjen. 

I dag traff eg på fleire turgåarar. Så det vart ein prat både her og der. Kjekt! Nydeleg søndag. 

Video her

lørdag 23. april 2022

Nydelege Heileberget 2

Nancy Enstad Bauge og Anita Osland Nilsen

Utsikt inn Heileberget og mot Fossedalen

Dagens

Utsikt ved Høgknolten 

Etter Skylefjellet torsdag og Kvamsnipa i går, gjekk eg nok ein nydeleg morgontur inn Heileberget frå Rivedal til fjelltrimposten på Driveknolten. Sol og stilt. 


På returen vest for Hundeheia traff eg to av "fjellgeitene" i kommunen. Vi fekk oss ein kjekk prat. Dette måtte sjølvsagt forevigast i form av eit bilde som eg legg på topp. Spreke damer fortener det...😊

onsdag 20. april 2022

mandag 18. april 2022

Back in business

Olaug vart med på flott tur på Kvamsnipa i Skorvemarka i dag.
F.v. bak ser vi m.a. Nordre og Søndre Kringla og Fossedalshengenipa.
T.h. ser vi Fløyen og Nonsholten på Heileberget.

Så kjekt å vere tilbake på Kvamsnipa. Her eg braut handleddet i november i fjor. For første gang tilbake hit etter det. 

Det var snøfritt første delen opp. Men for det meste halvblaut snø resten av stigningane. Morgonsola spegla seg i dei grøne bakkane i Skjerlia, Mandelia og Hatlelia. Og dei flotte fjella i aust låg drivande kvitkledde i sola. 

På toppen var det litt morgontrekk frå søraust. Så det vart berre ein liten stopp. Og ned igjen segla eg fleire av bakkane på rompa. Stas. Kjekt. Og snart er eg tilbake.  

Mobilfoto Kvamsnipa 180422

lørdag 16. april 2022

Tung tur på Skålefjellet

Dagens selfie

Stongfjorden, Yndestadhøgeheia og Toreheia

Mot Vågane og Osland

Det vart ein ganske krevjande tur på Skålefjellet i dag. På ruta opp Gjerdedalen og Brekke til Mannskaret, og vidare til Skålefjellsvatnet og toppen. Ein god del halvblaut snø frå ca halvparten av høgda og nesten til topps. Eg nytta såleis trugar i midterste partiet. Mange parti mot toppen er såpass bratte at det er tungt og vanskeleg med trugar òg. Men slitet opp var verdt utsikta. Fantastisk flott i dag. Lite vind og sol. Og litt flaks med at det drog over med skyer då eg returnerte. 

Foto Skålefjellet 160422 

torsdag 14. april 2022

Kortreist og nydeleg Skjærtorsdag i heimefjella

Utsikt frå Yndestadhøgeheia

Dagens selfie

Ei lita oppdatering frå påska så langt. For med huset fullt i folk i ei veke har det blitt lite blogging. Til sist i denne bloggen ligg difor nokre morgonturar til fjelltrimpostar. Mest her heime og på Fristadfjellet. Innlegga har lege på Facebook. 

Men i dag fekk eg meg ein skikkeleg rundtur i fjella her heime. Først til Yndestadhøgeheia og vidare til Toreheia og vest igjen til Skylefjellet. I perfekt ver. Vindstille og knall sol. Sikkert som mange andre plassar i dag. 

Jammen låg det meir snø enn eg trudde innover Yndestadhøgeheia og til Toreheia. Det vart eit slit. Og hadde det ikkje vore så fint ver hadde eg returnert. For trugane låg att heime. Og ski tenkte eg ikkje på i det heile teke. Så då vart det klyving opp og ned over hamrar der det var snøfritt. Andre plassar måtte eg forsere snøen nesten til knea. I motabakkane....

Men du verda kor fint det var å sjå ned igjen til bygda frå skavlane som hang ut for fjellet.... Og til Florø og til havs var det havblikk! Fantastisk! 

Under ligg ein bildeserie eg knipsa med mobilen. 

Foto Yndestadhøgeheia Toreheia Skylefjellet 140422

tirsdag 5. april 2022

Lunefull april 2

Skavlar ved Skylefjellet

Gjekk fjellrabbane aust for Mangevatna

Ein fordel å hamrane der det går an i gåretningen

Det var kome endå meir snø i høgda sidan i går. Faktisk i knehøgde somme plassar på lesidene av nordavinden. Og spesielt frå Svartevatnet ved hyttene og opp til Mangevatna. Elles gjekk det greitt å gå i berre sko til fjelltrimposten. 

Som i går var eg ganske så heldig med veret. Mindre vind i dag og knall sol. Men heime igjen kom det ei snøbyge. Fint!  

mandag 4. april 2022

Lunefull april





Nordavind og nysnø på fjellet her heime i dag. Full vinter med andre ord. 

Opp og ned igjen! Og godt var det....