mandag 30. oktober 2023

Helg for barnepass

Det kveldast på Søråshøgda
 
Mykje rart i "haustskogen"...

Nokre ukjende ungar i haustlauv - 
foto med løyve

Helga gjekk med til nok ein Bergens-tur. Olaug har jo fått 3 (!) nye barnebarn i Bergen dei par siste månadane. Så litt avlastning og fleire hender til hjelp kan jo vere greitt. Det vart rimelegvis dårleg med fjellturar. Men akkurat det har eg vel litt å gå på frå før av. 😅Ikkje er det eit "must" heller lenger. Kanskje like greitt. Vi får vandre i fjellet når vi kan og har lyst - ikkje at dette skal ha første prioritet framfor alt anna. Og når sant skal seiast tèl vel denne fantastisk flotte hausthelga meir i lengda enn å nå oppom nokre fjelltoppar (som eg har gått på mange gonger før)...😄

onsdag 25. oktober 2023

Fjelltrim Eggene

 

Turbinane på Lutelandet er godt synlege frå Eggene

Flott utsikt til Alden, Tvibyrgje og Hovden på Atløy t.h.

Staveneset og Høgeheia

Nydeleg haustvèr og fin fjelltrimtur til Eggene i Askvoll i dag. Fekk meg ein god prat med Ingvar S. då eg var på veg ned igjen. Hyggeleg! Ei stund sidan sist no. Eg har gått lite nede i dei sentrumsnære Askvoll-fjella i det siste. Kjekt å ta denne turen igjen. Litt obs på skjulte holer i det gamle graset ned dei bratte bakkane frå toppen. Her er det lett "å ta" ein fot.... Elles var jo utsikta fantastisk i dag (vel utanom turbinane på Lutelandet då)! 

lørdag 21. oktober 2023

Vindfull moro

Vi traff Anita og Dag Tore på veg på Fossedalshengenipa i dag

Olaug og Velaug på Fossedalshengenipa

Mot Fossedalen (i kraftig vind)

På veg opp ryggen på Fossedalshengenipa ser vi Nordre og Søndre Kringla


Det vart ein vindfull tur då eg slo følge med Olaug og Velaug på Fossedalshengenipa i dag. Rett nok var det relativt vindstille til vi nådde opp til Krokavatnet, men her i frå og opp var det kraftige vindkast. Oppe mot toppen var det sikkert storm i verste kasta. Her er det heller ingen ting som tek av for vinden. Av erfaring veit eg at aust, søraust og synnavinden tek litt mindre siste stykket oppe på nordvestsida. Her er det eit lite dalsøkk å gå opp. Framfor oss oppover hadde vi to stk Anita-jenter frå Holmedal. Men dei møtte vi faktisk ikkje sidan vi valde ei litt mindre vindfull sløyfe mot toppen (ikkje merka).

Under toppen på nordsida

Vermessig elles var det overskya. Og obs obs - med minusgrader i natt var det issvullar mange plassar. Men som tenkt var heile bergsida opp mot toppen relativt isfri etter den sterke vinden. 

På toppen var det berre å kome seg litt i lè bak den små varden. Få namnet i boka. Og hasta oss ned igjen til rett på nordsida der det var relativt vindstille. Eg bytte alt på overkroppen og fekk på meg den varmaste dunjakka eg har! 

På veg ned igjen traff vi elles Dag Tore og Anita. Dei på veg opp. Og etterpå ei overnatting på Nipebu. Vi slo av nokre ord som snarast. 

Fin og vindfull tur med to pratsomme turtelduer (når vinden ikkje tok alle orda for ein hørselshemma pensjonist utan høyreapparat).  

Foto Fossedalshengenipa 211023

Ved Krokavatnet - Svortevikstølen t.v.

torsdag 19. oktober 2023

Toreheia fjelltrim

Soloppgang over Skålefjellet - foto frå Rinda

Krikavatna, Mangevatna, Blåfjellet og Skylefjellet - 
frå ruta opp dalen

Vi ser vindturbinane på Lutelandet frå toppen -
Askvollfjella og Atløy mot høgre

Flott utsikt mot aust frå toppen -
m.a. Blegja, Storehesten bakerst t.v.
i midten frå venstre ser vi Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla
mot høgre fremst ser vi det flotte Portafjellet


Eg starta tur på Toreheia i dag tidleg i 08.30 tida. Fekk ein flott soloppgang ved Rinda. Det var skyfritt, men her oppe møtte eg ein sur vind frå aust. Som tenkt. Det var òg frose på i løpet av natta. Og med alt regnet i det siste var det is mange plassar. 

Oppe ved Krikavatna tok vinden endå meir. Heldigvis hadde eg godt med klede med meg. Her oppe var det heller lite med morgonsol. Så det var berre å halde tempo opp bakkane for å halde varmen. Så godt som det let seg gjere for ein pensjonist-kropp....😅 

For dei som kjenner litt til Toreheia frå før, så veit dei at fjellet er rimeleg eksponert for vèr og vind. På toppen vart det difor fullt klesskift på overkroppen i den isande vinden. Ja, trur eg hadde på meg 4 lag til slutt...😃Det hjelpte på!

Ned igjen heldt eg fram over Yndestadhøgeheia, og vest igjen til eg møtte på ruta eg hadde gått opp aust i dalen av Svartevatnet. Ei fin runde dette. Og så heim igjen til Yndestad via Rinda. 

Yes, god trim. Knall sol. Og landskapet skein av gull... 🌞

Utsikt heim

 Foto Toreheia 191023

fredag 13. oktober 2023

Ein oktoberdag

Morgonstemning over Dale

Brendeheiknappen med utsikt til Fossedalshengenipa i nord


Massbu (Øvre Laukelandsstølen)
 
ds

Utsikt mot vest frå Søndre Kringla

ds

Øvre Fossedal med Eitrenipa og Nordre Kringla

Nedre Fossedal

Ein oktoberdag på ruta frå Otterstein til Brendeheiknappen, Massbu, Nordre og Søndre Kringla og Fossedalen.

God helg!


lørdag 7. oktober 2023

Exit Høgeheia

Siste "shot" på fjelltrimsesongen 2023


Lanskapet skimrar i gull

Det haustast i Holevika

Så er fjelltrimsesongen 2023 over. Dvs. siste dag er i morgon. Då sluttar denne sesongen. Og ny sesong og nye postar er på plass (sjå link). Olaug og eg tok oss såleis ein "goodbye Høgeheia" tur i dag. Sjølvsagt kan vi gå opp utan poeng... Det er ikkje det. For slikt kjem i grunn ikkje så nøye an på lenger. Fjellet og utsikta er like flott for det... Og trim er no trim uansett😃 

Elles var det ganske blautt og sleipt etter alt regnet i går. Med berre nokre få plussgrader og nordatrekk på toppen, var det òg ganske så surt. Men sola stakk seg fram no og då og gjorde landskapet om til det reinaste gull. Flott avslutningstur. 

Foto Høgeheia 071023

Hurtigruta er i rute


torsdag 5. oktober 2023

Morgonstemning i oktober

 Morgonstemning og soloppgang på Moldura i Holmedal i oktober. I aust ser vi profilen av mange kjende fjell. Fremst f.v. ligg Hekkelfjellet og i midten Smørskornova (ny fjelltrimpost frå 8.oktober). T.h ser vi Blåfjellet, den kvasse Blåfjellssåta og Bakkefjellet. T.v. i midten av bildet ser vi Vardenova og i midten Heileberget. T.h i midten ligg Jarstadheia i Dale.Lenger bak t.v. ser vi Eitrenipa, N&S Kringla og Laukelandshesten. Bakerst t.v. dei karakteristiske fjella Blegja og Storehesten.

mandag 2. oktober 2023

Exit TiTur Dalsfjorden -23

TiTur Dalsfjorden - 23 på Yndestadhøgeheia er no historie...

Eit glimt av regnbogen som farvel til TiTur 2023
Høgeheia i bakgrunnen.

Då er siste dato for registrering på TiTur Dalsfjorden 2023 over. Siste dag var i går 1.oktober. Så eg var tidleg av stad og henta ned boksen og boka på Yndestadhøgeheia i dag. Side opp og side ned med flotte namn var signerte i boka. Og sikkert endå fleire på appen. Veldig bra deltaking! Registreringa starta som vi veit 1.mai. Fullstendig oversikt over antal deltakarar kjem når den er klar. 

I tillegg til å ta med meg boksen og boka til TiTur heim igjen, gjorde eg ferdig merkinga på Toreheia. Fjellet er post på AHIL fjelltrim frå 8.oktober. Eg har tidlegare merka ruta som ein rundtur. Men det stod att ein liten bit i frå dalen og opp på Yndestadhøgeheia (ein litt annan trasè enn TiTur). 

Første del av ruta(ene) startar frå skiltet til Skylefjellet ved riksvegen på Yndestad. Og oppe ved Svartevatnet går den så austover frå skiltet merka Toreheia. Vidare opp dalen der rute 1 går til hytta til Lasse V. ved Krikavatna. Det er merka over vadet og opp bakkane til toppen. Merka med raude trestikker og vardar. Frå varden på toppen kan ein så ta rute 2 ned i litt sørlegare retning. Mot toppane på Yndestadhøgeheia. Med perfekt utsikt til Stongfjorden og til havs. Denne ruta møter så igjen rute 1 i vest nedom Yndestadhøgeheia. Med felles retur til Yndestad. Så då skal posten på Toreheia vere sett godt i stand til opning av neste fjelltrimsesong 8.oktober. Dei andre postane er nok sikkert klare òg. Her manglar eg oversikt.    

TiTur Dalsfjorden -23 posten på Yndestadhøgeheia er no historie...

søndag 1. oktober 2023

Dei som drog





Det er 30/9 avdekka minnestein i Dumfries i Skottland over nordmenn som reiste over Nordsjøen og vart med i Den Norske Brigade under Andre Verdskrigen. Som vi veit var det mange frå Dale som reiste. Linken og stykke over denne "venesteinen" finn du her.