mandag 2. oktober 2023

Exit TiTur Dalsfjorden -23

TiTur Dalsfjorden - 23 på Yndestadhøgeheia er no historie...

Eit glimt av regnbogen som farvel til TiTur 2023
Høgeheia i bakgrunnen.

Då er siste dato for registrering på TiTur Dalsfjorden 2023 over. Siste dag var i går 1.oktober. Så eg var tidleg av stad og henta ned boksen og boka på Yndestadhøgeheia i dag. Side opp og side ned med flotte namn var signerte i boka. Og sikkert endå fleire på appen. Veldig bra deltaking! Registreringa starta som vi veit 1.mai. Fullstendig oversikt over antal deltakarar kjem når den er klar. 

I tillegg til å ta med meg boksen og boka til TiTur heim igjen, gjorde eg ferdig merkinga på Toreheia. Fjellet er post på AHIL fjelltrim frå 8.oktober. Eg har tidlegare merka ruta som ein rundtur. Men det stod att ein liten bit i frå dalen og opp på Yndestadhøgeheia (ein litt annan trasè enn TiTur). 

Første del av ruta(ene) startar frå skiltet til Skylefjellet ved riksvegen på Yndestad. Og oppe ved Svartevatnet går den så austover frå skiltet merka Toreheia. Vidare opp dalen der rute 1 går til hytta til Lasse V. ved Krikavatna. Det er merka over vadet og opp bakkane til toppen. Merka med raude trestikker og vardar. Frå varden på toppen kan ein så ta rute 2 ned i litt sørlegare retning. Mot toppane på Yndestadhøgeheia. Med perfekt utsikt til Stongfjorden og til havs. Denne ruta møter så igjen rute 1 i vest nedom Yndestadhøgeheia. Med felles retur til Yndestad. Så då skal posten på Toreheia vere sett godt i stand til opning av neste fjelltrimsesong 8.oktober. Dei andre postane er nok sikkert klare òg. Her manglar eg oversikt.    

TiTur Dalsfjorden -23 posten på Yndestadhøgeheia er no historie...

Ingen kommentarer: