lørdag 21. oktober 2023

Vindfull moro

Vi traff Anita og Dag Tore på veg på Fossedalshengenipa i dag

Olaug og Velaug på Fossedalshengenipa

Mot Fossedalen (i kraftig vind)

På veg opp ryggen på Fossedalshengenipa ser vi Nordre og Søndre Kringla


Det vart ein vindfull tur då eg slo følge med Olaug og Velaug på Fossedalshengenipa i dag. Rett nok var det relativt vindstille til vi nådde opp til Krokavatnet, men her i frå og opp var det kraftige vindkast. Oppe mot toppen var det sikkert storm i verste kasta. Her er det heller ingen ting som tek av for vinden. Av erfaring veit eg at aust, søraust og synnavinden tek litt mindre siste stykket oppe på nordvestsida. Her er det eit lite dalsøkk å gå opp. Framfor oss oppover hadde vi to stk Anita-jenter frå Holmedal. Men dei møtte vi faktisk ikkje sidan vi valde ei litt mindre vindfull sløyfe mot toppen (ikkje merka).

Under toppen på nordsida

Vermessig elles var det overskya. Og obs obs - med minusgrader i natt var det issvullar mange plassar. Men som tenkt var heile bergsida opp mot toppen relativt isfri etter den sterke vinden. 

På toppen var det berre å kome seg litt i lè bak den små varden. Få namnet i boka. Og hasta oss ned igjen til rett på nordsida der det var relativt vindstille. Eg bytte alt på overkroppen og fekk på meg den varmaste dunjakka eg har! 

På veg ned igjen traff vi elles Dag Tore og Anita. Dei på veg opp. Og etterpå ei overnatting på Nipebu. Vi slo av nokre ord som snarast. 

Fin og vindfull tur med to pratsomme turtelduer (når vinden ikkje tok alle orda for ein hørselshemma pensjonist utan høyreapparat).  

Foto Fossedalshengenipa 211023

Ved Krokavatnet - Svortevikstølen t.v.

Ingen kommentarer: