søndag 31. oktober 2021

Gjørmebad med fruen....

Det bles godt på toppen....😀

Standardmotiv mot Svanøy

Ved Skylefjellet

Ovanfor Svartevatnet

Ved Rinda

Må innrømme at turen i går sat i føtene i dag. Det vart mange timar oppe i Indrevågefjellet/Kvamsnipa-traktene. Først på leiting etter sauene. Deretter å få dei aust til Mandelia. Men det vart likevel til ein standardtur til fjelltrimposten på Skylefjellet i dag. Og fruen i huset vart med. 

Det var vått. Veldig vått. Myr og gjørme mange plassar no. I tillegg bles det ganske så friskt på toppen. Og så den regnbyge rett etter returen. Som svei både i kjakane og kroppen. Ja, det var friskt. Vi såg ut deretter etter heimkomst....

lørdag 30. oktober 2021

Dei siste er komne heim

John og Torill var på Kvamsnipa i dag og vart med på sanking...
Her i Mandelia etter endt dyst.


Flott utsikt aust om Kvamsnipa

.. og ned til Skorvemarka

I dag stod det ettersanking på programmet. I traktene rundt Indrevågefjellet. Dette etter eit spørsmål frå Gunnar i Mandelia. Så eg starta frå Osland rundt kl 09.30 etter å ha venta ut dei verste regnbygene på morgonen.Turen gjekk over Vågeskaret og oppe dei bratte bakkane over Osland. Etter dei siste opplysningane frå radiomerkinga skulle sauene gå nordvest for Indrevågefjellet. 

Grått og vått i Vågane i dag

Vel, den gang ei. Eller rettare sagt - dei var der, men eg fann dei ikkje. Fram og tilbake, kryssing nord og sør, vest og aust før eg stakk oppom toppen for å få utsikt der i frå. Ingen sauer. Så litt aust igjen og vest, rett over dei bratte fjellkantane over Vågane. Men ingen sau var å sjå. Deretter opp igjen og mot sør. Der eg egentleg kom opp i første omgang. Og av alle ting så dukka sauene opp i eit søkk i terrenget - alle 9. Omlag der eg trudde dei var då eg kom opp. 3,5 timar med leiting. I eit ganske vanskeleg terreng - for å seie det mildt. 

...og der dukka dei opp! Fantastisk!
Deler av Portafjellet i bakgrunnen.

Eg måtte ta ein liten tenkepause på forma. Det var langt aust til Mandelia. Via Middagsnipa og Kvamsnipa. Men eg bestemte meg for å gjere eit forsøk. 

Sauene tok no meir sør enn eg hadde trudd. Og hamna sør på Norddalsbrunene, nord over fjellkanten til Norddalen. Men eg følgde berre på. Og sauene var heilt rolege. Tydlegvis visste dei vegen. For dei gjekk så austover sør om Middagsnipa og opp over fjellet vest av Kvamsnipa. I bunn og grunn var det berre å følgje etter. Og ikkje misse dei.   

Kjende fjell i bakgrunnen

Eit stykke vest om Kvamsnipa fekk eg så telefon frå John Lien. Han og Torill var på Kvamsnipa. Han var sett frå Gunnar i Mandelia, ringt og informert om at eg kom med sauene og kanskje trong hjelp. Så dei vart med vidare austover med sauene. Sauene gjekk heilt til endes til stølen i enden av Norddalen. Og stort sett gjekk det heilt greitt siste stykket ned i Mandelia. 

Det vart nok ein litt lenger tur enn eg hadde tenkt meg dette i dag. Og nokre timar lenger òg. Men du verda kor kjekke slike fjellturar er når ein kan vere til nytte. 

Foto Ettersanking Indrevågefjellet, Middagsnipa, Kvamsnipa 301021

torsdag 28. oktober 2021

Noko sakralt

Tankane til den flotte kyrkja og plasseringa i bygda fekk såleis fritt spelerom...

Det siste eg såg før eg forsvann inn i skoddeheimen på Fristadfjellet i dag tidleg, var kyrkja i Askvoll. Det var noko symbolsk over det. Nokre tankar eg måtte dvele litt med. Det er jo mykje ein tenkjer på når ein går tur. Så i dag gjekk tankane til det sakrale på veg oppover til toppen. For noko sikt var det ikkje. Ikkje til vindturbinane på Lutelandet. Ei veldrivne gardar. Og heller ingen annan ting. Alt vart kvitt. Tankane til den flotte kyrkja og plasseringa i bygda, fekk såleis fritt spelerom. Kyrkja gjer seg godt frå avstand den...


tirsdag 26. oktober 2021

Sol og hagl

Regnboge mellom Blåfjellet og Eggene


Askvoll i dag

Sol på toppen

..og sol ved Presteelva

Fin trimtur på Fristadfjellet igjen i dag tidleg. Veldig skiftande vèr. Men berre ei regn- og haglebyge på veg opp. Og sol på toppen! Og sol ved Presteelva ned igjen. Elles vått og sleipt. Som før. 

søndag 24. oktober 2021

Kjekt på plateslepp




Kjekt på plateslepp med Øyvind Selvik i Vårdal Grendahus i går kveld. Han har no gitt ut si andre plate kalla "Kapittel 2". Det var allsong og quiz i tillegg. Og sjølvsagt servering. Ikkje nok med det - også linedance av tre sporty damer.

Anita Rennestraum, Anne-Grethe Lien og Velaug Helle Eikemo dansa linedance


 Her er nokre bilder av gruppa: 

Øyvind Selvik - Vokal, gitar
Richard Herland - Trommer
Frida Leknes - El piano, kor
Harald  Løkeland - El-bass¨
Mads Systaddal - lyd

Mobilbilder Selvik plateslepp 231021

Plateslepp 220319

lørdag 23. oktober 2021

Glatta du

Skålefjellet frå fotballbana kl 08.30 på veg opp

Men frå toppen såg det heilt annleis ut

ds

Vardenova og Heileberget t.h.


Svarthamrane

Det vart ein ganske tøff tur på Skålefjellet i dag tidleg. Vèret var ganske fint på morgonen. Men det skya fort til. Og sjølvsagt slo det til med den snøbyga oppe på toppen. Som ein ser av bilda var det dårleg sikt ned igjen til Stongfjorden. Så dei bilda skar seg. 

Turen opp gjekk egentleg relativt lett. Sjølv opp den ulende Brekka. Og tok så ruta opp over hammaren ved første elva. Heldigvis var det ikkje frose på. Men vått og sleipt var det likevel. Og eit stykke ovanfor låg det ein del snø. Reine flatbrødet å trakke i opp dei bratte bakkane og hammarslaga. Nådde likevel greitt toppen. 

Men det var ned igjen det var tyngst. Og då grunna glatte steinar, berg, røter, gamalt lauv og gras. Etter eit par tryningar og ein liten seglas på ræva nådde eg like heil ned igjen til skogsvegen i Gjerdedalen. 

Puuh - det var tungt å stå i mot glatta der oppe. Men det er no gløymt til neste gong....😃 

Klokka 08.30 på veg opp...


fredag 22. oktober 2021

Varsellysa blinkar

Til og med i skoddedis, kuling og regn og midt på lyse dagen, ser ein no to blinkande varsellys frå vindturbinane på Lutelandet. Det blir 7 til...
Her frå oppstigninga til Fristadfjellet. 





Eg tok turen til Askvoll igjen i dag tidleg. Med fjelltrimposten på Fristadfjellet på programmet. Det heldt seg faktisk opplett heile vegen opp. Bles skikkeleg godt på toppen! Luftig og heftig! Eg fekk på meg ei solid haglebyge nett etter returen. Midt i mot. Den svei i kjakane. Elles godt vått i stien nede i dalen. Og litt snø på toppen. 

Til og med i skoddedis, kuling og regn og midt på lyse dagen, ser ein no to blinkande varsellys frå vindturbinane på Lutelandet. Det blir 7 til...

 
 

torsdag 21. oktober 2021

Kuling og snøfòk

Snødrev over Mangevatna

men jammen dukka sola opp over Moldura òg...


Skylefjellet i dag

Det var faktisk opplett heile vegen opp på Skylefjellet i dag tidleg. Men på toppen og ned igjen slo det til med snøfòk og kulingkast i frå nord. Ikkje det, for brått såg eg i sola òg. Før det var på an igjen. Egentleg greitt å kome seg ned på sørsida av fjellet.... 

Elles skikkeleg vått alle plassar. Med naud og neppe eg kom meg tørrskodd over Rindaelva. Men jammen var eg like tørr på føtene då eg kom heim igjen. Gjennom all den væta, elvar og dammar! Meindl Litepeak skoa er knallgode! Og sjølvsagt Rab Muztag jakka. 

 

onsdag 20. oktober 2021

Vått og skodde




Skylefjellet i går og Fristadfjellet i dag. Fellesnemnar - vått og skodde. Ta med kuling i tillegg så forstår ein at det er vanlege haustdagar i fjellet...! Men med klede og sko etter forholda går det fint. 

Fjelltrimpostane er elles godt merka. Og om ein ikkje vel Driveknolten som turmål i tjukkaste skodda, går dei andre heilt fint. Godt å kome seg ut og kjenne på vèr og vind er det uansett.
 

mandag 18. oktober 2021

Ved Askvoll sentum

Mot Straumen og Kyllaren


Ringstad og inn Dalsfjorden
Dokka t.v.

I dag vart det ein tur til Askvoll. Og ein tur oppom Fristadfjellet. Opplett, vindstille og frost på bakken. Enkelte parti med isete steinar og hamrar oppe mot toppen. Men greie å trakke utom. 

Fekk meg ein god prat med Ingvar Solheim oppe i bakkane. Lenge sidan. For det er ei god stund sidan eg har gått på fjella her nede. Ingvar var jo med på den legendariske turen frå Eikenes med båt til Fossevikja og vidare til Blegja. Returen gjekk til Hestad. Og med båt til Dale igjen. Dette tilbake i 2009. 

Bilder frå den turen her

Det har kome nye landskapselement på hi sida av fjorden no. Nærmare bestemt på Lutelandet. På lyse dagen kan ein no sjå blinkande lys og kvite turbinar. Kvar og ein får no meine kva dei vil om det.... 

No var vel ikkje lyset det beste for å biletgjere turbinane
på Lutelandet i dag


Elles er det sjølvsagt ein grei tur opp på Fristadfjellet. 476 moh nær sentrum i Askvoll. Tydeleg sti og godt merka. Du finn turen på ut.no 

søndag 17. oktober 2021

Eit jomfrueleg teppe....

Frå ruta opp dalen frå Krikavatnet til Toreheia

 


Flott tur på Toreheia og posten på Skylefjellet etterpå i dag. Blir litt "meir tur" ut av det når eg går på Toreheia først. Den er 717 moh. Og ligg litt lenger aust heime i frå enn Skylefjellet på 509.

Frå Rinda og oppover låg det litt snø. Og noko meir oppe på toppen. Det var blikkstille. Og himmel og land gjekk hand i hand oppe ved Krikavatnet. Fantastisk! Rett og slett. 

Krikavatnet i dag

Vadet på Krikavatnet

Etter å ha teke ein video og nokre bilder, gjekk eg ned igjen den vanlege ruta på nordvestsida. Krikavatnet og Mangevatna låg som idylliske øyar i landskepet i vest. Nesten snøfritt der ute. Medan lenger opp eit kvitt jomfrueleg teppe. Nydeleg når det er slike dagar. Ei kryssing mellom haust og vinter. I solskinet. 

Klassiske motivet - 
Krikavatnet og Mangevatna.
Skylefjellet t.h.
Alden og Stavenesodden


Tilbakeblikk mot Toreheia - no i litt skodde
Ruta ned på venstre sida - ruta opp i midten

På veg ned igjen frå Skylefjellet traff eg først på ein gamal kollega frå banken. Vi slo av nokre ord i lag. Lenger nede traff eg så på Tordis og Kjell, naboen. Nokre ord med dei òg denne flotte haustdagen.
 






lørdag 16. oktober 2021

Kvamsnipa

Mykje lys, regn og haglebyger på Kvamsnipa i dag

ds


På fjelltrimposten på Skylefjellet igjen i går. I dag gjekk turen til Skorvemarka. Til fjelltrimposten på Kvamsnipa. Den var eg på hin dagen òg

Sleipt og vått kan eg vel melde. Undervegs eit par regnbyger med hagl i. Men jammen stakk ikkje sola fram nokre minuttar òg. Då vart det spesielt lys over Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla og Fossedalshengenipa. 

Elles kan eg vel ikkje få understreke godt nok kor viktig det er med gode sko og godt mønster. Vått gamalt gras og hammarslag er glatte. Spesielt der det er bratt. Som fleire plassar her oppe. Så tenk på det om du vil på Kvamsnipa no. 

Utsikt frå Kvamsnipa i dag tidleg.

Foto og video Kvamsnipa 161021

onsdag 13. oktober 2021

På posten


Skylefjellet nokre andre dagar....

Kom meg nesten unna regnvèret på Skylefjellet i dag tidleg. Men fekk sjølvsagt på meg ei god byge oppe på toppen med regn og drèv. Så det var berre å kome seg der i frå. 

Elles er det no veldig vått her oppe. Spesielt frå Rinda til Svartevatnet. Både myr og gjørme. Så det gjeld å ha gode sko. Mine Meindl Litepeak er berre herlege. Heilt tørr i timesvis i væte og gjørme! Heilt klart eit førsteval til nye sko når desse er utslitne. 

I skjul bak varden i dag