mandag 11. oktober 2021

Ny og gamal fjelltrimpost





I dag gjekk eg turen frå dørstokken heime igjen til fjelltrimposten på Skylefjellet. Deretter vidare til Blåfjellet. Ei registrering i den nye boka og så avhenting av den gamle. Desse to fjella ligg ikkje så langt frå kvarandre - ein liten halvtime - så dei er greie å gå på i lag. 

Elles var det ein del kjøligare i dag enn før. Faktisk ei lita sludd- og haglebyge undervegs. Og på Moldura låg det eit dryss nysnø. Eg måtte difor fram med litt varmare klede. Gamlebroka - Paramo velez - var god å ha på der oppe. Godt slita. Men likevel. Eg har forresten bestilt ny no - ikkje heilt enkel å fa tak i her til lands... Og Rab-Muztag jakka (takk Anna i London...😊)Vått var det. Vind òg. Så no er det retteleg haust i fjellet. Men trimmen veldig god for det. Det gjeld berre å kle seg....

Ingen kommentarer: