mandag 31. oktober 2022

November-bilder

November månad er like om hjørnet - her er nokre arkivbilder frå denne månaden. 

November er også ei fin tid i fjellet. 

søndag 30. oktober 2022

Fin morgonstund og fjelltrim





Nokre minuttar med flott austahimmel skapte fint lys i dag tidleg. Her foto frå altanten heime i 8-tida. 

Elles kjekk fjelltur med Olaug og Tordis til fjelltrimposten på Høgeheia. Det har blitt nokre turar hit i det siste. Litt vind, men opplett. Relativt blautt og gjørme enkelte plassar. Noko lengre stopp på toppen er sjølvsagt ikkje mogeleg no på denne tid. Utsett for vèr og vind som det er her ute ved havet. Men trimmen og kjensla av å kjenne litt på vèret er alltid like godt. Spesielt i godt selskap. 

onsdag 26. oktober 2022

Pensjonistlivet 2



Nok ein fin morgontur på Høgeheia i dag. Har blitt ein vane å ta turen hit om morgonen.... 

Litt skodde i dag, men god temperatur og vindstille. Fantastiske seinhaustdagar dette. 
 

tirsdag 25. oktober 2022

mandag 24. oktober 2022

søndag 23. oktober 2022

Med Ellen og Odd



Holevika

Vi hadde besøk av Ellen og Odd i helga. Dei tok seg ein tur til heimlege trakter i Holmedal. Vi avslutta helga med ein flott tur på Høgeheia. Kjekt å få vise fram denne nydelege toppen og den fabelaktige utsikta. Ganske tørt og fint opp stien no. Før det nye regnet kjem. Nydeleg haustsol på toppen. Og tid til både kaffi og eit bit med snop. Supert. Takk for koseleg besøk. 

torsdag 20. oktober 2022

På solsiden




 I dag gjekk turen til Hjartåsen - den nye fjelltrimposten som soknar til Askvoll sentrum. Ruta går inn Askdalen. Men på motsett side av stien til Fristadfjellet og Smørkletten. Og såleis på solsida av dalen no på hausten. Så medan austsida av dalen låg i skugge heile føremiddagen i dag, var det flott sol frå morgonen av på vestsida. Kjekt det no om hausten og vinteren... 

Elles er det sti og godt merka til Hjartåsen. Som med dei andre toppane rundt sentrum. 

Fin morgontur!

Arkiv Hjartåsen:


onsdag 19. oktober 2022

Soloppgang over Holmedal


Soloppgang over Holmedal i dag.
Vi ser Dalsfjorden og Flekkefjorden i morgonskodde

Sola spratt i aust då eg starta turen frå vassverket i Holmedal i dag tidleg. Med Dokka som turmål igjen. Fantastisk! Ein perfekt haustdag! Rett nok fortalde den frosne bilruta heime på tunet at det kunne vere glatt i høgda. Det stemde. For med is og frost på hamrane oppover ranen i aust var det ei aldri så lita utfordring å ikkje fare hovudstups...  Men det gjekk rimeleg greitt å trakke utom isen og nytte dei opptørka berga i staden. Og ikkje verre enn at eg fekk nyte den nydelege utsikta til Dalsfjorden og Holmedal. Litt skodde låg det som vanleg langs fjorden ein slik kald haustdag. Spesielt inn Flekkefjorden. På toppen var det elles heilt vindstille. Nesten for godt til å vere sant...😄 


Sola sprett over parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal i dag tidleg

Det fine med denne turen er at ein har sola på heile ruta oppover. Det same nedatt Grønene eller om Nyksvatnet. Greitt å velge ein slik tur når ein tek årstida og det fine vèret i betraktning. Ned igjen frå Vikastølen gjekk eg såleis berre i ei tynn trøye i den lune haustsola. Elles traff eg fleire personar nedom stølen. Dei fleste truleg på veg til dagsturhytta denne utruleg flotte haustdagen.  

Vikastølem

tirsdag 18. oktober 2022

Nydeleg haustlys

Morgon i Holevika med sørgåande ekspress-båt

søndag 16. oktober 2022

Vått på Høgeheia

Svanøy og Grimeli frå Høgeheia i dag

Tok turen til Holevika og gjekk på Høgeheia igjen i dag tidleg. Vått og regnbyger. Men rimeleg vindstille. Haustleg med andre ord. Trimmen er no god uansett vèr og vind 😀

lørdag 15. oktober 2022

Tur i Rivedal

Lisetstølen/Nedgardsstølen med Stølsfjellet

Ein pust i solveggen


I dag gjekk turen til Rivedal. Og til nye fjelltrimposten på Stølsfjellet. Rett opp og aust for Lisetstølen/Nedgardsstølen. Og rett nord for Vagststaddalen. Toppen ligg på 585 moh.


Og som torsdag var det for det meste sol. Litt blautt over myrane mot stølen. Og temmeleg vått og glatt oppe i dei bratte bakkane mot toppen. Her trengst det gode sko! 

Det er flott utsikt frå toppen mot Rivedal og Straumsnes. Og mellom anna til Kringla og Laukelandshesten i aust og til Smørskornova, Røyrbotnholten og Vardenova i vest og nord. 

Nordre og Søndre Kringla og Laukelandshesten.
Atlevatnet midt i bildet.

Samleserie frå tidlegare

torsdag 13. oktober 2022

Herleg i Holmedal

Soloppgang i Holmedal

Litt skodde på morgonen

Dagens selfie


Nydeleg tur i Holmedal i dag. Opp ranen på Dokka. Og ned igjen Grønene til Vikastølen og vassverket. Nokre skoddedottar kom og gjekk, men også sol. Ja, du las rett. Sol! Noko vått og litt glatt enkelte plassar opp bratta. Men radig til topps. Frå toppen var det berre skodde over Askvoll. Og Straumsnes. Sjå video. 

Ned att gjekk eg som sagt Grønene. Greiaste vegen ned att sidan det var noko sleipt på enkelte steinar i bratthenget i aust. Nedom Vikastølen traff eg det eine følgjet etter det andre. Folk visste å utnytte den flotte dagen. Slo av ein prat med John Lien og ein kar. John hadde med seg ei bør med material og sklinetting til Nykshytta. Han gjer ein utruleg flott jobb med stiar, merking og anna dugnad. 

Fantastiske flott dag i dag. 

(For den som ikkje er så kjend er det Moldura, Nyksvatnet og mot Nykshytta vi ser som introbilde på videoen).

Mobilfoto Dokka 131022

https://1drv.ms/a/s!ApFaIJ3ua-kuhJobiO8Xceu3J2MqJw




onsdag 12. oktober 2022

Vått og grått!

 


God medvind for ekspressen i dag


Jadå, det var vått og grått på Høgeheia i dag. Òg. Med kuling på toppen. Og ei skikkeleg regnbyge undervegs. Så det vart rett opp og ned. Pytt, pytt. Eit par timar med dårleg vèr går fint. Det gjeld berre å kle seg. Men det hadde vore kjekt med ein skikkeleg godvèrsdag igjen. 

tirsdag 11. oktober 2022

Storfe, sol og regn

Holevika i ettermiddag

Sol i Smelværet


Utsikt sørover til Granesundet, Eimind og Atløy frå Høgeheia

I dag gjekk eg like godt to turar og på to toppar (og to dusjar)... Først eit oppdrag med å få ned fjelltrimboka på Skylefjellet. Så eit par timar seinare køyrde eg i Holevika og gjekk ein tur opp på den nye fjelltrimposten på Høgeheia. Som i går. 

Veldig skiftande vèr. Faktisk litt sol på Høgeheia. Men òg ei solid hagle- og regnbyge. På Rinda på første turen fekk eg besøk av storfe. Dei einaste levande eg såg i dag. To flotte og litt våte turar i boks. Well done!

Greitt med litt ly under ei gran...

Samleserie Høgeheia

mandag 10. oktober 2022

Ei lita AHA oppleving

 

Eimind og Granesundet


Eg fekk meg ei lita AHA oppleving då eg skreiv meg inn i den nye fjelltrimboka på Høgeheia i dag tidleg. 10.10.22 og klokka var nøyaktig 10. Då ringde det nokre bjeller frå 10.10.10 då eg gjekk ein minnerik tur frå Rørvika til Blegja og over Synste Stauren, Blåegga og til Eitrenipa. Det er ein rimeleg bra tur.


Storehesten frå sørsida av Blegja 10.10,10


Kjekt å tenke tilbake på fine turar og naturopplevingar. Og datoen den gongen var jo litt spesiell. Eg gjorde ein liten gimmick av dette på Moldura 11.11.11 med 10.10.10 i bakhovudet. Når dette er sagt var eg gjerne flinkare med meir utførlege blogginnlegg før....😄

Alden frå Moldura 11.11.11

Til turen i dag så var det både regn, vind og skodde. Og elvar! Ikkje rare turveret med andre ord. Høgeheia er jo litt eksponert for dårleg vèr. Så langt ute mot havgapet. Men turane hit er jo fine for det. Litt blåst og væte toler dei fleste. Og snart kan vi nyte solnedgangen frå den flotte Høgeheia. Feste for hengekøyer er her òg....

tirsdag 4. oktober 2022

Fjelltrim 2021/2022 - klipp

Vedlagt nokre klipp frå postane på fjelltrimmen som går ut no til helga. 

Vi har hatt Kvamsnipa, Skylefjellet, Fristadfjellet. Driveknolten og Skålefjellet som postar denne sesongen. Desse postane blir no avløyst av nye - sjå her . 

Frå deler av november, desember og januar manglar det bilder grunna handleddsbrotet mitt i Kvamsnipa. 

Bilda er tekne med mobil. Dei ligg kronologisk frå oktober i fjor til i år.


søndag 2. oktober 2022

Det lakkar og lir....






Fin luftetur til fjelltrimposten på Skylefjellet i dag i lag med Olaug. Kanskje siste turen før postane blir skifta neste søndag... Skulle ha hatt meg ein tur til på Skålefjellet, men stressar ikkje med det. Vèrmeldingane neste veke ser ikkje altfor lovande ut.

 

Delvis skya og litt sol i dag. Men òg nokre få regndropar. Noko blautt enkelte stadar. Når Høgeheia no står for tur som post blir det nok nokre turar hit i staden for Skylefjellet.