mandag 10. oktober 2022

Ei lita AHA oppleving

 

Eimind og Granesundet


Eg fekk meg ei lita AHA oppleving då eg skreiv meg inn i den nye fjelltrimboka på Høgeheia i dag tidleg. 10.10.22 og klokka var nøyaktig 10. Då ringde det nokre bjeller frå 10.10.10 då eg gjekk ein minnerik tur frå Rørvika til Blegja og over Synste Stauren, Blåegga og til Eitrenipa. Det er ein rimeleg bra tur.


Storehesten frå sørsida av Blegja 10.10,10


Kjekt å tenke tilbake på fine turar og naturopplevingar. Og datoen den gongen var jo litt spesiell. Eg gjorde ein liten gimmick av dette på Moldura 11.11.11 med 10.10.10 i bakhovudet. Når dette er sagt var eg gjerne flinkare med meir utførlege blogginnlegg før....😄

Alden frå Moldura 11.11.11

Til turen i dag så var det både regn, vind og skodde. Og elvar! Ikkje rare turveret med andre ord. Høgeheia er jo litt eksponert for dårleg vèr. Så langt ute mot havgapet. Men turane hit er jo fine for det. Litt blåst og væte toler dei fleste. Og snart kan vi nyte solnedgangen frå den flotte Høgeheia. Feste for hengekøyer er her òg....

Ingen kommentarer: