søndag 31. oktober 2010

Friskt rundt øyra 2

Utfordrande forhold på Svarthamrane i dag med storm i kasta

Var det friskt rundt øyra på Svarthamrane i går, var det endå friskare i dag. Eg måtte ned på alle fire nett under toppen på skaret og eit par gonger austover platået på grunn av vindkasta. Du verden kor det bles! I tillegg kom det ein del skodde. Eg trur aldri eg har sett skodda floge så fort bortetter hamrane som i dag. Vanvittig fart! Heldigvis hadde eg med meg brillene då det slo til med ei grusom regn- og haglbyge i stormkasta. Det vart eit inferno oppe på toppen. Eg fekk knipsa to bilder med mobilen, før eg fann det som var av skjul mot vest og ned skaret igjen.

Det passa utrulig bra med impregneringsjobben eg gjorde på eVent- og goretex kleda på fredag. I tillegg til å smørje skoa. Eg var heilt like tørr då eg kom ned igjen. Det var godt gjort i det vèret. Til og med dei nye Black Diamond hanskane var like tørre innvendig. Det er nesten eit must å ha tette og pustande klede i slikt vèr...!

lørdag 30. oktober 2010

Friskt rundt øyra

MMS: Sterk vind på Svarthamrane i dag

Eg var ein tur oppom Svarthamrane igjen i dag. Og det er nesten utrulig at alle snøen som kom ned er borte igjen med eit trylleslag. Absolutt heile vegen til topps. Det var ikkje lenge gjort... 

Elles bles det ganske mykje på toppen. Spesielt på toppartiet der det er ope i alle retningar. Vinden såg ut til å komme beint frå sør. Og sjølv om det var nokre varmegrader i lufta, kjøla han fort ned kroppen. 

Det gjekk naturleg nok litt fortare både opp og ned i dag då snøen var vekke. Men trasig nok er eg langt frå bra igjen i foten etter fallet for 14 dagar sidan. Seige greier dette, sjølv om eg har teke det med ro i det siste. Vi får berre krysse fingrane at det kjem seg raskt. Det har blitt litt for lite gange om dagen no. Så eg håpar på nokre fine kveldar med hovudlykt neste veke....

tirsdag 26. oktober 2010

Tøffe forhold


Sterk vind og snøfokk på Svarthamrane i kveld

Det var tøffe forhold på Svarthamrane i kveld. Alvorleg sterk vind. Og i kasta var det vanskeleg å halde seg oppreist. Eg var såleis ned på fire eit par, tre gonger oppe på toppartiet. 

Det starta egentleg greitt opp Gjerdedalen. Sjølv om den no våte snøen var ein del glattare enn den tørre som låg i helga. Ikkje bles det noko heller. Men sidan vindretningen var søraust, rekna eg med å treffe på vinden oppe på det relativt flate toppartiet. Eg fekk meg likevel ei overrasking då eg passerte skoggrensa oppe ved Alteret, og såg opp i Mannsskaret. Rennefokket stod som ein kvit vegg ned dalen og vestover mot Fanafjellet. I farten hadde eg ikkje teke med meg brillene, så dette kunne bli tøft. Hardt vart det òg å gå her i frå. For alle spora frå helga var blåst igjen. Så eg måtte til å brøyte opp igjen nye spor.

Oppe i det bratte skaret som vender aust/vest, slo vinden til med alvorleg styrke. Fokket kom som ein tornado rundt hjørnet på hammaren i botnen. I det minkande lyset var dette ei utfordring. Eg strama hetta, snøringane i jakka, på med hanskar og det som var, og formeleg heiv meg ut i det. Det var som å få ein betongmur i fleisen. Snøen stakk som nåler i andletet, eg heiv etter pusten, og hadde problem med å fòte meg. Men heldigvis var snøen nesten vekke her nede i botnen av skaret. Den hadde blese til pises vestover. Så sjølv om eg hadde drevet midt i fleisen, gjekk det forholdsvis greitt opp første delen. Mot toppen derimot låg det mykje snø. Her hadde nok deler av det som låg lenger oppe blitt frakta ned under kanten, så her vart det ein kamp både mot vinden og snømassane for å komme meg opp. Det gjekk. Men på toppen måtte eg formeleg krype i den sterke vinden. Eg kom meg i skjul bak eit framspring av ein hammar. Det var som eit reint inferno... Eg hadde likevel inga tid å misse, for eg var bestemt på å komme meg til topps før det vart heilt mørkt. Å snu var ikkje noko alternativ.

Bortover siste partiet mot toppen er platået heilt eksponert for drev frå alle kantar. Og det låg djup snø som hadde fokka seg.  Eg seig stadig gjennom til langt opp på låra. Og så pumpa som eg var no, svei det skikkeleg i føtene og dra seg laus igjen gong etter gong. Pusten gjekk som eit stempel, sveitten dreiv i vindkasta, men til slutt nådde eg bort til varden. Her var det likevel minimalt med skjul, men eg greidde å knipse eit par bilder før eg gjekk bort igjen same vegen medan eg endå såg spora. Og det var berre såvidt enkelte plassar. For jammen bles dei til igjen med ein gong. 

Eg kom meg så fort eg makta vestover toppartiet igjen, ned om hammaren og bort i skaret. Her bles det minst like ille. Eg sjangla i vinden. Alle snø var borte, og eg måtte sjå opp for dei kvasse steinane som stod opp. Med litt varsemd kara eg meg ned under kanten og ut av den verste vinden. No var det blitt så mørkt at eg måtte tenne hovudlykta.

Som sagt låg det mykje snø nedom øverste kanten på skaret. Så eg sette meg like godt på rumpa og segla ned halve dalen. Paramo-buksa gjekk som eit skot. Morsomt! Og no var det meste egentleg gjort. For lenger nede ved skråberga, tek Skålefjellet av for denne vindretningen. Så her i frå og ned var det berre å følgje den vanleg ruta og spora i lyset av hovudlykta. 

Puh - det var litt av ein tur. Temmeleg friskt på toppen ja. Ei lita påminning om at det kan vere greitt å ha med seg litt ekstra utstyr framover. Det hadde vore godt med briller og balaclava i kveld... Vinteren kom liksom litt tidleg i år...!

søndag 24. oktober 2010

Det kjem seg...

Foto frå starten på skaret som svingar austover og opp frå Mannsskaret

Eg var ikkje utkøyrd etter kampen mot all nysnøen i går. Faktum var at eg følte meg ganske fin i dag. Den vonde ankelen dunka framleis, men han var mykje betre enn eg hadde trudd etter gårsdagen. Men at eg hadde gangsperr i magemusklane var jo litt morsomt. Det er ikkje akkurat der eg brukar å kjenne det etter fjellturane. Nokon grunn til å stresse var det ikkje. Med så mykje laussnø i fjellet, var det ikkje aktuelt med nokon annan tur enn å gå opp igjen spora frå i går likevel. Eg hadde jo brøytt... Så etter å ha fått i meg grauten, kraup eg like godt opp att i senga. Dei andre sov endå... 

 Morgon ved lavoen i Gjerdedalen

Eg dorma av ei stund. Stod opp, og fekk i meg ein kopp kaffi og eit eple, før eg gjekk i kjellaren og kledde på meg fjellkleda. Same utrustninga, men med litt sterkare odør enn dagen før... Det har sine fordeler å gå åleine i fjellet - ein kjenner ikkje så godt lukta av seg sjølv. Eg har følgt ein serie frå Mount Everest i det siste - der kan det gå vekesvis mellom kvar dusj, og klesvask er eit ukjent fenomen. Så gale er det likevel ikkje med meg... Men til sine tider skulle eg gjerne sett opp varselsskilt på døra til fjellkleda mine i kjellaren - eg kan ikkje akkurat vaske dei kvar dag heller... 

Eg parkerte deretter oppe hjå Øvrebø`en, og starta å gå opp igjen spora frå dagen før. Det var ein fin morgon. Det viste seg snart at det var mykje lettare å ta seg fram enn gårsdagen. Ikkje minst at eg kunne sjå kvar eg kunne trakke eller ei. Unngjekk fellene og gropene eg hadde stege gjennom i dagen før. Og ikkje minst ovanfor svaberga, der eg i går sat fast i snøen mellom digre steinar, var det godt å ta nokre andre steg. 

 Ved toppen av skråberga. I går sat eg fast t.v. for steinen i midten oppe

Utsikt andre vegen frå same staden. Stongfjorden i botnen.

Oppe i skaret til venstre for Mannsskaret såg eg det tjukna til. Skodda dreiv inn frå nord ved Toreheia. Og oppe på sjølve toppen var det nesten ikkje sikt i det heile teke. Slik sett var eg nok litt uheldig med tidspunktet her i dag. Men shit, eg veit no korleis det ser ut. Og brukande bilder hadde eg jo frå i går. Eg knipsa likevel eit par som viste at eg hadde vore der i dag òg. For syns skuld. Bevis for at ein har toppa ut er viktig. Du må ikkje komme her og komme her...! 


Ikkje mykje å sjå på toppen i dag

Det har sine fordeler med snø. Spora er lette å følgje når alt blir kvitt med skodde og snødrev. For jammen vart det kvitt. Og nede ved skråberga igjen kom det ei solid snøbyge. No var det ikkje så lenge den stod på,  men det var nok vèrskifte på gang. 

Mot toppen av skaret opp frå Mannsskaret 
(det er brattare enn fotoet viser)

Eg har fått litt erfaring med denne ruta no. Den er hard og bratt. Trassèen er tildels ulend med stein, urar og berg. Ei av utfordringane er at kroppen ikkje får eit einaste minutt pause. Du får ikkje slappe av i det heile teke. I tillegg må ein vere spesielt obs på underlaget. Slik sett er nok denne turen ganske utfordrande for mange under dei rådande forholda, spesielt hvis du ikkje har forma heilt inne. Samanlikna med tida eg brukte med hovudlykt på Toreheia i fjor, er nok denne turen også lenger. Iallefall no. Det gjekk faktisk to timar opp i dag. Noko som er dobbelt så lang tid som dei første turane mine. Forholda vil nok sikkert variere litt framover. Eg reknar likevel med at snøen som ligg no regnar vekk igjen, og at det er mogeleg å komme seg ned igjen på tidsbruken. Men uansett skal du ganske bratt opp 759 høgdemeter frå fjorden.

Ankelen ser ut til å bli betre for kvar dag no. Så eg ser litt meir optimistisk på utsiktene framover. Og sesongen er lang..... det same blir vinteren hvis dette vèret står ved lag...
 
Fra Svarthamane 241010


lørdag 23. oktober 2010

Kjensla av påske

 Kjensle av påske på Svarthamrane i dag

Svarthamrane ligg rett sørvest for Skålefjellet. Fjellet er 759 moh, og frå sentrum ved fjorden og opp Gjerdedalen er det god stigning heile vegen. Ruta har eit litt ulendt midtparti, og noko ur og stein undervegs. Spesielt under skoggrensa.     

Eg starta ganske friskt heilt frå sentrum i dag. Olaug køyrde meg inn, då bilen min var vinterdekk på, og ho trong den. Allereie oppover skogsvegen, forbi bana og opp til skiltet til Nipebu, var det tyngre enn vanleg. Her rakk snøen meg likevel berre til anklane. Og hadde det ikkje vore for at eg er så kjend oppover, ville eg aldri kunne ha heldt meg nokolunde til stien. For ganske fort nådde snøen meg til midt på leggen. 

 Kvar er stien?
 
Det er greitt at ankelen verkte. Spesielt i bevegelsen opp og ned. Men det gløymde eg likevel ganske fort,  for maken til fysisk test dette vart, er det lenge sidan eg har opplevd. Eg måtte ta telling fleire gonger. Eg hadde ikkje innbilt meg at det låg så mykje snø opp dalen. 

Det som elles var litt skummelt, var alle steinane og hola mellom dei, groper og anna som ikkje var råd å sjå. Sjølvsagt var det null underlag i snøen. Eg baksa på oppover dei bratte bakkane, og opp over den verste av dei, så sveitten rann i strie straumar. Dette var ingen kosetur! Det var eit blodslit frå ende til annan. 

Eg greidde å kare meg opp til Alteret, opp den bratte bakken ovanfor, og til første elva som kjem ned frå Skålefjellet. Eg fekk i meg nokre kalde slurkar fjellvatn så det svei ned etter brystet, og lurte på om eg skulle snu. Eg var komen 2/3 deler av vegen, men hadde allereie brukt same tida som eg har brukt til topps tidlegare. Men no var eg så innbitt, hadde brukt så mykje krefter, at opp skulle eg. No turning back! Det var eit nederlag å snu.... 



Utsikt mot vest ved første elva frå Skålefjellet

Oppe i skråberga, der eg kvesta foten forrige lørdag, gjekk eg på spora av ein mår. Eg følgde det fornuftige vegvalet han hadde nytta heilt framme på kanten av stupa på vestsida. Her var nemleg snøen blesen av ytterst ute, og det var lettare å gå. Desse omlag hundre meterane vart i dag faktisk dei lettaste, her som det til vanleg er ganske tungt. Og dette trengde eg.... for nett ovanfor, i det steinete partiet der eg no har lagt ruta heilt oppe under fjellet, stod eg fleire gonger til brystet i snø. Eg botna ikkje i det heile teke. To gonger stod eg bom fast, truleg mellom digre steinar, kavande i snø i brysthøgde, utan å komme meg verken opp, til sides eller ned. No fekk eg sjølvsagt ikkje panikk, mest bekymra var eg for fotoapparatet som fekk seg stadig nye bad i nysnøen... Men heldigvis heldt veska den finpudra snøen ute...

Vel, eg kom meg laus igjen. Vel vitande om at ramnen stadig vekk skreik borte i fjellsida. Han var usedvanleg nærgåande i dag, av ein eller annan grunn. Mulig han frykta ein lang og kald vinter, som ein følgje av det store og tidlege snøfallet, og trong litt ekstra næring for å halde seg i live til våren. Ramnen har eit lag for å plukke ut auger og edlare deler først når dei kjem over skrottar. Mulig proteininnhaldet i desse kroppsdelene er av det betre slaget... Men slikt hadde no vorte eit kjøle endelikt, tenkte eg... Nesten som han Ole Johan som Jakob`en skreiv om. Eg måtte nesten fline litt med meg sjølv i all galskapen...:-)

Det bratte skaret ovanfor vart ikkje mindre av eit blodslit. Eg prøvde å halde meg heilt i kanten på fjellhammaren på nordsida opp. Men det var ikkje så mykje hjelp i. Snøen rakk meg over knea nesten heile vegen opp dei omlag hundre bratte meterane. Og i toppen der det smalnar av, låg det endå meir. Her brukte eg teknikken eg av og til nyttar, ved å krype opp på snøen på alle fire, og nytte leggene som trugar. Det går visst snøen ikkje er aldeles laus, og der det er bratt nok. Eg kom meg såleis opp på toppen der den små tjørna ligg. 


Mot Holmedal og Dalsfjorden frå siste stigninga ved toppen

Eg var pumpa. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Og eg klarte ikkje anna enn å etterlikne eit avmålt ramneskrik. I glede. For  no var det verste gjort. Eg var i tillegg komen meg opp i sola. Eg kunne skode ned att i Stongfjorden, til havs og bort i Moldura. Kvite og solrike hamrar. Blått hav og blå himmel. Fantastisk. Du verden kor eg hadde slite for dette synet i dag. Kanskje blir slike opplevingar spesielt mektige når du har slite ekstra for å få dei? Ja, nesten som med kvinnfolk og pengar? Det motsette kan vel oppsummerast i det engelske uttrykket  "easy come easy go"..... 

Svarthamrane er egentleg to toppar. På denne ruta her kjem du opp midt mellom toppen i sør på 720 moh og hovudtoppen på 759 litt lenger mot nordaust. Det siste steinete og kupperte partiet bort på toppen er vel 400-500 meter. Her ligg det nokre vasspyttar og dammar. Men isen som låg her i dag heldt meg ikkje. Snøen skjulte stadig nye feller. Eg var ikkje interessert i nokon ny smell i ankelen - eller nokon annan plass for den del. Det er heller ikkje vanskeleg å knekke ein legg når forholda er slik. Det blir fort vondt når foten sit igjen mellom steinar og resten av kroppen er på veg framover... 

 Dokka og Moldura frå Svarthamrane

Det var kaldt på toppen. Ein sur vind frå nord reiv godt i andletet. Men eg må nesten få skryte litt over den nye Paramo buksa eg kjøpte for ei stund sidan, og som eg ikkje hadde brukt før. Den var knallgod. For det første prella snøen av som vatnet på gåsa, for det andre var den luftig og varm. Vinden hadde ikkje ein sjanse. Buksa var i tillegg veldig god å ha på seg. Godt å bevege seg i ho. No gjenstår det å sjå om buksa òg er vasstett, som lova. Det ville nesten vere for godt til å vere sant.  Men dette var uansett ei veldig god vinterbukse. I tillegg kjøpte eg nyleg ei Rab Primaloft bukse som eg ikkje har fått testa ut endå. Så eg skal nok vere bra utrusta til ein kald vinter...

Det var fantastisk fint på toppen. Og då eg fekk bytt hua, var det heller ikkje kaldt. Eg tok meg tid til å fotografere litt og nyte omgjevnadane. Flott utsikt til Dalsfjord-sida og Stongfjorden, havet, øyane, Dokka og Moldura. Og Skålefjellet rett i nord. Så totalt annleis her i frå enn frå nord, der fjellet stuper bratt rett ned mot Stongfjorden. Her på sørsida er det steinete og kuppert og ikkje særleg bratt. 

 Sjølvportrett i widescreen...:-)

Etter ein 10-15 minutt tok eg ned igjen same vegen. Følgde spora nesten til punkt og prikke for ikkje å få nokon kroppsleg overraskelse. Sveitten sila - igjen... Eg måtte difor finne drikke frå den iskalde elva nok ein gong. Utan noko form for uhell kom eg meg fint ned igjen. Ein god del raskare enn opp ja. Og det var godt, for eg hadde nesten brukt det doble av tida frå dei andre turane hit. Og dette var iallefall nok tur for meg i dag...

Fra Svarthamrane 231010

 Svarthamrane i midten oppe. Skålefjellet t.v. Foto heim i kveld.

Solnedgang frå altanen heime i kveld

fredag 22. oktober 2010

Seige dagar...

Frå turen på Blegja og Eitrenipa 10/10.
Vi ser tilbake på sistnemnde frå utløpet av Leknesvatna.

Etter turen på tirsdag vart eg slett ikkje betre i ankelen min. Han verkte som tykjen sjølv! Og den er framleis vond og litt hoven etter fallet forrige lørdag. Men no er visst fargen normal igjen i det minste. Som om ikkje dette var nok slo jo vinteren til med full mugge òg denne veka. Det har difor vore nokre seige dagar i det siste. 

Meldingane for morgondagen ser visst slett ikkje så verst ut. Planen er difor å komme meg avstad igjen før eg aldeles går i frø. Så får no fot vere fot og snø vere snø. Eg har heilt sikkert berre godt av å få av meg litt ekstra sveitte no...:-)

 

tirsdag 19. oktober 2010

Vond tur


Dokka og Moldura frå Svarthamrane i kveld

Det var med ikkje så reint lite ubehag at eg tok meg opp igjen på Svarthamrane etter arbeid i stad. Trass i ein støttesokk var ikkje foten god. Men eg beit det i meg, og kom meg opp og ned. 

Snødrevet plystra rundt øyra på meg på toppen. Nordavinden var iskald. Ganske så ufyseleg. Så eg kom meg så fort som eg vann nedover igjen. Ein augneblink lurte eg litt på meg sjølv, og kva eg gjorde her, i det svinnande lyset med ein verkande fot og reine ragnarokket rundt meg. Dei galne har det godt seiest det, men akkurat i kveld passa ikkje det heller. For eg hadde det slettes ikkje godt. Kanskje treng eg å kule han litt til, blir spanande å sjå i morgon... 

Litt rekonvalesens

Klokka 7.20 på Svarthamrane 16/10

Det vart nokre dagar pause frå fjellranglinga. Ein vond, blå og hoven ankel vart resultatet av stuntet oppe i skråberga i Mannsskaret grytidleg laurdagsmorgonen. Kolbøtta på den usynlege issvullen var ikkje heilt god for leddbanda. Dette var nok eit aldri så lite apropos på kva ein kan vente seg i vinter.

No tvilar eg vel på at eg vil utruste meg med hjelm framover heller, sjølv om ein aldri skal aldri. (Ja søtten, kanskje dette er det nye investeringsobjektet)? I denne samanheng kom eg over eit godt tilbod på Rab dunjakker på backcountry.com hin dagen, og greidde å snappe den nest siste i blå large. Tilbodet fekk eg forresten med kort frist på facebook som ven av butikken.  No er vel ikkje jakka akkurat kortreist då, men flya går no likevel om ein handlar her eller der....

Denne nettbutikken gir eg forøvrig veldig godt skussmål. Ikkje minst at du kan få chatte med dyktige folk før du handlar. Og elles ta opp andre spørsmål ein måtte ha. Supert! (Men ver obs på frakt og tollutgiftene...). 

Sjølv om eg handlar litt på nett, er det no mest lokale forretningar eg brukar. Det er jo flott å kunne støtte desse. Samtidig så er det lettare å få prøve storleik o.a. på produkta ein er interessert i.  

Vel, eg er snart klar igjen for meir fjell. Ein dag eller to til no, så kan eg "fyre opp kjelen igjen". Eg er allereie uroleg i kroppen og lettare ilter til sinns om dagen... See U! 

lørdag 16. oktober 2010

Svarthamrane med hovudlykt

 Foto frå Svarthamrane i dag tidleg klokka 7.13
1. Utsyn mot Blegja og Storehesten
2. Utsyn mot Stongfjorden og øyane ved Flotø

Eg tok meg ein grytidleg tur opp igjen på Svarthamrane i dag for å sjekke ut korleis det var å ta seg opp med hovudlykt. Ingen problem i det heile teke - med å finne fram.... Men det er klart at terrenget er mykje meir krevjande enn på Toreheia i fjor. Til tider følte eg meg som ein gammal kall. Og lurte på om balansenerven var intakt. Stavrande. Vel, no var det glatt òg.... Noko eg til fulle fekk erfare ned igjen i grålysninga. For eg glei nede på skråberga på ein issvull eg ikkje såg, og fekk heile kroppstyngda ned igjen på ein skeiv ankel. Lyden av smellen kling i øyra endå. Eit sekund lurte eg på om han var av.... Men eg kom no meg ned igjen ved eiga hjelp. Mobilen hadde eg heller ikkje med, så då så... Vel, ein dag eller to i ro så går det seg nok til....

Du verden kor fint det var på toppen med den oransje morgonhimmelen i aust over Blegja og Storehesten. Slike stunder er religiøse på ein måte. Det er fantastisk å oppleve den nye dagen slik frå ein fjelltopp. Bildet av Stongfjorden ovanfor, og det mot Holmeda, er teke med 30 sekund forseinking på kompakten. Innstillinga kan no vere ein liten løyndom, men sjølvsagt krev dette støtte. Eg brukar ein stein.

Eg hadde store planar for dagen. Diverre måtte dette settast på vent etter morgonstuntet. Men eg ville ikkje vore det forutan...:-)


Fra Svarthamrane 161010

fredag 15. oktober 2010

Haustskin i vest

Fin kveldshimmel på returen frå Svarthamrane i kveld

Tok meg nok ein tur på Svarthamrane i ettermiddag. Eg nådde nådde akkurat igjen sola på toppen, etter å ha gått i skugge opp frå Gjerdedalen. Tøfft! Fantastisk flott kveld... Stilt og fint! Og då sola forsvann bak Moldura og i havet, vart himmelen rosa ute i vest. Desse minuttane før det blir heilt mørkt er utrulig flotte...! Men jammen var dammane frosne til gitt. Heilt nede ved den gamle fotballbana òg. Dette er truleg kaldaste plassen i heile bygda. Eg merkar det veldig godt når eg spring ned igjen. Midtveges ned frå skiltet til Nipebu, er det betydeleg kaldare enn lenger oppe. Det er som å springe inn i eit kjølerom. Truleg har elva gjennom dalen sitt å seie.

Elles tok eg meg tid til å henge opp nokre refleks øverst oppe i bjørkebeltet. Lenger nede går det ikkje an å gå seg bort i mørkna, men heilt oppe er det greitt å treffe trassèen ned. Så no kan eg vel seie meg klar for mørketida. For etter at vi stiller klokka tilbake i slutten av månaden, er det bèkmørkt når eg kjem heim frå arbeid. Men eg kan jo ikkje krype i hi av den grunn...:-)
 

Fra Svarthamrane 151010

torsdag 14. oktober 2010

Klar for natterangling

MMS Svarthamrane i kveld

Då er alle refleksstengene komne på plass over skoggrensa til Svarthamrane. Klok av skade, står dei ganske tett. White-out oppe i fjellet mørke vinterkvelden er ikkje så kjekt når du ikkje veit kvar du skal gå... Så no står det berre igjen å sette opp nokre refleksar i skogen for ikkje å hamne på vidotta her òg. Delvis overskya vèr og fin haustkveld. 

tirsdag 12. oktober 2010

Søsken på tur

Vi feira Mildrid sin 50-årsdag på Yksnebjør i Dale lørdag. Ho fekk eit spanande album med bilder frå gamle dagar, mellom anna dette frå Fossedalen. Eg tok like godt og avfotograferte bildet der og då.
Vi har nok endra oss lite vetta alle i hop, Mildrid, Sillan og eg, men Fossedalen er den same.... Enkelte sider ved livet har vi styring med, andre lyt gå sin gang... Og godt er det. 

Seinare...

 MMS frå Svarthamrane i kveld

Eg hadde meg ein "vill" tur opp igjen på Svarthamrane etter arbeid i dag òg. I kamp med meg sjølv, klokka og eit lass refleksstenger. Men det heldt. Ganske greitt. For eg fekk tid til å sette ut ein del stenger frå skaret og opp òg, før eg måtte legge til palings ned igjen då lyset gradvis forsvann. Men desse stengene var dei viktigaste, for det er i dette partiet steinlandskapet er likt overalt. Spesielt når det er mørkt, kan eg tenkje meg. Så tek eg føre meg resten over skoggrensa ein annan dag. Det er iallefall bore opp det som skal, og det er jammen godt, har vore eit par bra bører desse to dagane... 

Det vart ei svett affære med puls på høgt nivå dette. Men det er godt å kjenne at kroppen svarar når du verkeleg tek i over litt tid, og ikkje minst at han toler det. Vanvittig godt!

mandag 11. oktober 2010

Svarthamrane

Svarthamrane før det mørkna i går kveld

Eg har bestemt meg for å gå på Svarthamrane med hovudlykt i vinter. Ruta startar i Stongfjorden og går opp Gjerdedalen, nesten til toppen av Mannskaret, der ein tek av til venstre og svingar opp ei bratt skår mot toppartiet. Denne trassèen føl den merka ruta som går til Nipebu, så langt som opp til den nemnde skåra. Eg tok difor med meg ei bør med refleksstenger i dag til å merke oppe ved toppen over tregrensa. For å ha noko å gå etter i mørket i dårleg vèr og sikt. Det vart ikkje tid til å starte utplasseringa no i kveld på grunn av lyset, så det får eg ta litt etter kvart.

Den største utfordringa blir nok likevel snø/skareforholda nedanfor toppen av Mannsskaret, og ikkje minst den bratte skåra opp, då dette ligg nordvendt utan solinnstrøyming. Snøen ligg til vanleg lenge her oppe, samtidig som det er sjeldan den regnar vekk under mildvèrsperiodar. Den positive sida er at omlag halvparten av stien går nedanfor skoggrensa. Og her er ikkje vèret så hardt som t.d. på dei lange trefrie partia mot Toreheia i fjor. Det er meir rett opp og ned på Svarthamrane. Så det skal bli spanande å sjå korleis det vil fungere. Eg må ha med meg ei bør til  ein dag.  

Det er flott at Svarthamrane vart ein av fjelltrimpostane denne sesongen. Då får vi helde DNT-ruta opp dalen vedlike. Og til våren får eg ta med malarkosten og fiffe opp igjen dei raude T-ane.

Olaug vart med meg i ettermiddag. Peter er på besøk hjå Marie i Bergen, så det var kjekt å kunne ta ein tur i lag. Vi kom oss fint opp og ned før mørket seig på. Nok ein flott kveld her hjå oss. Fantastisk flotte dagar dette. 

Ruta til Svarthamrane skal eg går meir i detalj på seinare. Det blir nok anledning til det...:-)

Fra Svarthamrane 111010

Kartet syner den stipla ruta frå Stongfjorden til Nipebu.
Svarthamrane 759 moh ligg der ruta svingar beint austover.
(Du kan zoome inn i kartet og flytte rundt med musepeikaren).


søndag 10. oktober 2010

Sesongstart...

Storehesten i morgonskodde frå sørsida av Blegja 
i dag tidleg klokka 10.20, 10/10-10
(Hadde eg tenkt på det skulle eg vore der 10 minutt før...:))

Det var dagen for utlegging av dei nye fjelltrimpostane i dag. Eg valde likevel klassikaren min frå Rørvika til Blegja og Synste Stauren, vidare vestover Blåeggga til Eitrenipa og Skjerlia. Dette er ein av dei finaste turane eg veit her ute. Ikkje minst når det gjeld utsikt. Men sjølvsagt er turen litt krevjande. I dag brukte eg vel 7 timar, inkludert ein drøs i lyngen på Eitrenipa. Blegja er fast trimpost kvar sesong...

Eg køyrde rundt via Førde i går kveld etter laget til Mildrid (bloggen i går). Og med turen i dag i tankane då eg la meg, var eg oppe igjen kl. 5.30. Det var no sjølsagt vel tidleg, for det var ei god stund til det lysna av dag. Eg var likevel svolten etter alle søtekakene kvelden før, så det var berre å komme seg opp og i gong. 

Då var det inn igjen same vegen som kvelden før. Eg var på plass i Rørvika før 7.30. Eg måtte ha hjelp av innelyset på bilen for å sjå og feste gamasjane. Men berre nokre minuttar seinare var det lys nok til å gå. Så då var det berre å ta bakkane fatt. 

Skodda låg ganske så tjukk då eg begynte stigninga oppover. Men litt lenger oppe i bakkane kom eg over skoddelaget, og her var det retteleg fint. Artig å sjå ned igjen i Rørvika, eller retningen mot Rørvika, for fjorden låg dekt av eit lòk med skodde. 

 Skodde i Rørvika i dag tidleg
(litt feil innstilling på kameraet)

Lauva på trea skein i knall gult. Tida før lauva fell, er fantastisk flott. Vi har difor vore heldige som fekk denne flotte solskinnshelga. For snart forsvinn alle desse fantastiske fargane. Naturen spelte opp til sin lysorgie denne helga. Eg blir audmjuk, glad og melankolsk av alt det perfekte som er å sjå, som no legg seg til ro, før neste blømingstid. Eitt år er omme, men samtidig startar eit nytt på sett og vis.... Det er som vi går i eitt - åra, epokane, naturen, fjelltrimmen og eg...  Kjensla av å gå i eitt med omgjevnadane er noko eg set pris på. Det har religiøse overtonar...

 Utsikt mot vest under Rørviknipa

Som vanleg fekk eg trekken oppe under Rørviknipa. Det slær aldri feil, same kva retning vinden kjem frå. Og sidan eg var tidleg ute, var den ekstra kvass i kantane. Eg hadde likevel utrusta meg godt i dag, og visste kva som måtte til. Vindtett og ull er dei sjølvsagde stikkorda nesten for ei kvar årstid i fjellet, men du merkar dette ekstra framover no. Bølgjene på det vesle Nipevatnet gjekk faktisk kvite. Det er sjeldan eg ser. Men ikkje nok med det - då eg heldt fram vidare oppover urane mot aust, dreiv skodda i vill fart gjennom "salen" frå nord mellom Rørviknipa og Blegja. Jaha, det var ikkje heilt som berekna... 

Eg blanda meg som vanleg noko XL-1 i den vesle elva som kjem ned frå sørsida av Nipa, fekk i meg nokre gode slurkar, og tok til på siste etappen. Skodda som fauk forbi hadde lagt igjen væte i urane på det siste partiet mot toppen, og det var blitt skikkeleg glatt. Eit par glipptak og ei oppskrapa hand fekk meg på allerten. Men toppa likevel fint ut i skoddehavet kl 9.30. Raskt og greitt. 

 Ikkje mykje å sjå på Blegja i dag tidleg. Her frå toppen.

Det som ikkje var så greitt, var at bilda frå toppen uteblei. Oversiktsbilder kunne eg berre gløyme. Så eg skifta ei ulltrøye og ei hue, fekk på meg hanskane og traska sør igjen over det skoddelagde topplatået mot skåra ned mot Dalsfjordsida.

Rett før den bratte nedstigninga vart skodda glimtvis lettare. Den segla forbi som slør av spøkelser. Og her vart det nokre flotte syn mot Storehesten i aust (hovudbildet) og vestover mot Synste Stauren, fjella og vatna i vest. 

Eg klatra ned skåra, over slukta mellom Blegja og Synste Stauren og opp igjen på toppen. Eg har funne ei god skår heilt på nordsida og opp over kanten som er god å følgje. Den er litt vanskeleg å sjå nedanifrå, så eg sette opp eit par vardar som eg trur skal vere greie å få auge på. Litt klatring er det likevel. Vèl oppe på Synste Stauren var all skodde borte frå både Blegja og Storehesten. Hadde eg vore berre ein halvtimes tid seinare der oppe, hadde det nok blitt oversiktsbilder, men då hadde eg gått glipp av den spektakulære skodda. Eg er ikkje i tvil om kva som var det viktigaste for meg...:-) 

 Utsikt mot Blåvatnet og Kvanndalsvatnet frå sørsida av Blegja

Eg heldt fram vidare vestover Blåegga. Den vanlege ruta. Ei og anna fjellrype segla forbi på kvite vengjer. Du ser kor meir smekre og mindre dei er i kroppen enn lirypa. Og så held dei ikkje slik leik når dei flyg opp... Ein sverm med gråtrast flaug òg forbi. Om ikkje dei akkurat er på trekk, mange overvintrar på dei Britiske øyer og i vesteuropa, så er dei på næringssøk. Det er vel helst bær av alle slag det går i. No er det nok stort sett hagebær som er att, men nokre vasne blåbær er vel å finne endå. 

Eg toppa fint ut Eitrenipa, og fekk i meg noko mat i den stille solhellinga på sørvestsida. Det var perfekt. Utsikt som ein konge til ei rad med kjende fjell og vatn i vest. Sola varma i lyngen, og eg slumra nesten av der eg låg. I ei lukkekjensle av å vere heldig, åleine med eigne tankar, i eitt med mitt eige liv.... Pompøst? Kanskje det, men likevel....

Eitrenipa frå under steinen på Blåegga

Eg hadde likevel eit problem av det meir verdslege slaget. Bilen stod i Rørvika, eg var på veg i Skjerlia, Olaug på veg på Jamneheiane med Connie, og eg stod utan transport. Eit par forsøk på å få nokon til å hente meg vart skivebom... Eg har ein gong gått frå Skjerlia til Rørvika etter nøyaktig denne turen, og det seier eg - aldri meir. Eg veit ikkje kor langt det er -  eit titals kilometer - minst - på asfalt med fjellsko etter ein lang dag i fjellet. Nei, det måtte vel finnast nokon å sitte på med. 

Eg traske meg ned til Leknesvatna. Her sat det ein familie ved utløpet av elva mellom dei to vatna. Eg gjorde meg til kjenne, men fann ut at eg ikkje ville forstyrre familieidyllen, og heldt fram opp på nordsida av vatna og vidare vestover. 

 Tilbakeblikk mot Blegja og Synste Stauren. 
Austra enden av Leknesvatna i midten, Eitrenipa opp mot høgre.

Midt inne på høgda nord for det vestre vatnet høyrer eg brått stemmer. Her var det visst fleire som var ute i det flotte haustvèret, og der dukka jammen Steinar B opp med kona og dotter si. Det var eit hyggeleg møte. Så vi vart preikande der nokre minuttar om laust og fast. Om kona som hadde vore på Blegja hi veka, og  om gamle ferieminner i det fri. Steinar har ein klingande latter, er alltid blid og sosial, og er primus motor i alt dugnadsarbeid i Kvammen. Han er som mor mi brukar å seie, ein gasta kar... 

 Steinar R med familie på nordsida av Leknesvatna.
Blegja og Eitrenipa bak.

Eg var likevel på motsett kurs, dei ville ha seg ein kaffitår ved elva lenger inne, så eg heldt fram vidare ned til utløpet av vatnet mot dalen til Grunnevatnet og Markavatnet. Eg tok meg ein liten tur bort til sjølve elveutløpet og tok nokre bilder. Akkurat her er ein av dei finaste plassane eg veit i Askvoll-fjella. Perfekt utsikt austover til Eitrenipa. Elva renn i fleire etasjar ned i lagunar av forskjellig høgde og vidare utfor fossen mot vest. Her er det i tillegg panoramautsikt til Skjerlia, havet og øyane ved Florøkanten. Og sjølvsagt vil SFE ha kraftutbyggjing her. Ja, er det ikkje likt seg, mammon og money counts, og få ser verdiar som ikkje har med klingande mynt å gjere... vel, vel, varsom no Gustav, ikkje hiss deg opp - hugs blodtrykket...

 Utløpet av Leknesvatna i vest

Som så mange gonger før då eg har stått billaus ein eller annan plass, kom mi fru meg til unnsetning. Så òg i dag, for etter at eg fekk ein SMS om å ringe, viste det seg at jentene var komne ned igjen frå fjellet dei, og Olaug var på veg heim. Jippi, tenkte eg, Lucky You, bye bye ømme tær og vassblemmer frå "kondenserte" fjellsko på asfalt. Eg plystra med meg sjølv siste biten langs elva, og til Markavatnet og parkeringsplassen. Kjempetur igjen. Ein av mange.... Og i morgon er det ein ny dag, og eg har vintermerking på gang....:-)) 



lørdag 9. oktober 2010

Sesongavslutning

 Fossedalshengenipa kl 18 i går

Frå Toreheiai dag tidleg

Grunna dårleg tid i går kveld fekk eg ikkje blogga turen på Fossedalshengenipa. Vedlagt ligg difor bilder frå avslutningasturen her i går, og frå Ytrevågefjellet/Toreheia i dag. Sidan eg no skal stad og feire søster mi sin 50-års dag i Dale, blir det heller ikkje tid til noko særleg skriveri. Dette lyt eg difor sjå å kome tilbake til hvis ikkje turane hopar seg opp....:-)

Det eg kan seie med få setningar, er at turen på Fossedalshengenipa i går kveld før det vart mørkt, var ein av dei finaste eg har hatt. Som avslutningstur på årets sesong kunne det ikkje blitt vakrare. I det minkande lyset, sola og haustfargane, vart det nesten i meste laget. Eg gjekk heim med ein klump i halsen... Eit år var omme...!

I dag valde eg å gå frå gruvene på Osland og på Ytrevågefjellet og vidare vest til Toreheia og ned igjen heime på Yndestad. I morgonsola var det ein perfekt morgon. Fantastisk stilt og fint ved Krikavatnet. Nydelege haustfargar. Som det finaste måleri. 

Så får vi sjå kva vi finn på i morgon. Dagen må iallefall nyttast i fjellet, 50-årsdagar i dag eller ei... 


Fra Fossedalshengenipa 081010
Fra Ytrevågefjellet_Toreheia 091010

torsdag 7. oktober 2010

Siste dans

 Smørskornova og Røyrbotnholten i ettermiddag

Jammen mørknar det fort om kvelden. Og ei lita stund lurte eg faktisk på om eg kom meg opp og ned på Smørskornova i Rivedal etter arbeid i ettermiddag medan det var lyst. Vi sluttar 16 på jobb, og så er det køyringa og skifte av klede heime. Eg fann ut at det var tryggast å gje på litt oppover, så eg var på den sikre sida. No det heldt heilt fint då, eg mørkna ikkje ute, og hadde vel ein god halvtime på meg då eg kom ned igjen. Men så veldig lange turane skal du ikkje ta etter klokka 17 utan å ha med hovudlykt no. 

Sjølv om lyset dimma etterkvart, var det fantastiske fargar. Og eg tenkjer som så at kjem sola til helga som det er meldt, blir det eit fantastisk lysspel oppe i fjellet. Kanskje den finaste helga av dei alle i haust? For snart fær lauva frå trea og fargane blir vaska ut. Så denne helga må vi nyte i lange drag....!


Fra Smørskornova 071010

onsdag 6. oktober 2010

Fråsegn til Regional plan for vindkraft

Eg ser at fråsegna mi til Regional plan for vindkraft er offentleggjord på Askvoll kommune si
postliste. Eg publiserer den såleis i sin heilskap her på bloggen, sidan den inneheld beskrivingar av turstiar o.a. til analyseområda.
Fråsegna er basert på eigne erfaringar og observasjonar, og står for eiga rekning. 

Vi ser Eitrenipa og Øvre Fossedalen i tidleg sommarsol.

Vindkraftplanen inneheld mange paradoks. Sitat ”Regional plan for vindkraft vert å leggje til grunn for fylkeskommunal verksemd og er retningsgjevande både for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket. Planen vil vere eit viktig grunnlag for NVE si handsaming av enkeltprosjekt. Samtidig seier planen at dei fleste lokalitetane er ufullstendig kartlagde. Etter å ha studert planen nærare tykkjest det som om fagfolk ikkje har vitja somme av dei nemnde fjellområda i det heile teke. Dette vil med andre ord seie at skulle planen bli godteken slik den no ligg føre, er det på sviktande grunnlag. Ja, nærast i form av synsing i politisk ånd.

Når ein i tillegg ser at mykje av konfliktpotensialet knytt til dei ulike fagtema er sett til lågt, når områda er mangelfullt undersøkte eller ikkje undersøkte i det heile, er planen misvisande. Og som retningsgjevande middel for vidare vindkraftsatsing, er dette altfor dårleg!

LITEN TILLIT

Prosessen rundt ”Regional plan for vindkraft”, har skapt manglande tillit til dette arbeidet. Planen som no ligg ute til høyring vart først handsama i Fylkesutvalet 09.03.2010, lagd fram av ei breitt samansett prosjektgruppa, og utsett. Deretter vart den handsama i Fylkesutvalet 28.04.10. I møtet 28.04.2010 vart det gjort omfattande endringar i konfliktvurderingane. Fylkesutvalet tok i stor grad omsyn til Vindkraftforum Sogn og Fjordane sitt innspel i brev av 25.04.2010. Mange område vart på dette grunnlag klassifiserte ned til å ha mindre konfliktpotensiale enn kva faglege råd tilsa. Dette er kritikkverdig.

Det smakar i tillegg særs dårleg at fleire av fylkespolitikarane som har handsama ”Regional plan for vindkraft” har dobbeltroller i Vindkraftforum og i energiselskap.

NY RAUDLISTE

I kontakt med NOF (Norsk Ornitologisk Foreining) får ein opplyst av det vil føreligge ny raudliste for fugl hausten 2010. Den eksisterande lista frå 2006 er pr i dag ikkje utfyllande. Fleire artar som ikkje Vindkraftplanen tek omsyn til, vil kome til på den nye lista som utsette eller truga. Difor bør godkjenninga av planen utsetjast til etter at den nye raudlista kjem til i haust.

ASKVOLL

Våtmark/ferskvatn/fjell er spesielt lite undersøkte i kommunen. Når det gjeld hekkelokalitetar for kollisjonsutsette raudlistefugl seier Vindkraftplanen: ”Det er relativt mange hekkeplassar for kollisjonsutsette raudlista fugleartar, særleg i vest, men også i fjellet heilt i aust” . Likevel er fjella Moldura, Hekkelfjellet, Indrevågefjellet, Portafjellet, Gjelsvikefjellet og Eitrenipa klassifiserte til å ha lite konfliktpotensiale til dette. Det verkar besynderleg. Og i utgangspunktet sjølvsagt for lågt rangert. Når ein så kan gå ut i frå at den nye raudlista inneheld fleire nye fugleartar enn den gamle, blir dette ekstra gale.

Som lokalkjend i fjellheimen i Askvoll og medlem av NOF i mange år, har eg fått utarbeidd eiga artsliste for fugl i kommunen. Lista er å finne på NOF S&FJ og kommunevise artslister (lista er ikkje uttømmande). Dei siste åra er òg observasjonar lagt inn  på artsobservasjoner.no.

BIOLOGISK MANGFALD

Miljøfaglig Utredning A/S har i grove trekk kartlagt det biologiske mangfaldet i kommunen etter synfaringar i 2003. Men med avgrensa midlar er det ikkje gjennomført ei systematisk kartlegging av naturtypar eller område. Når det gjeld rangering av ulike funn, er desse gjennomgåande sett på som lokalt viktige/viktige og veldig mange særs viktige. Rapporten konkluderer med at det er enkelt å finne viktige lokalitetar for biologisk mangfald, og at det er store naturverdiar knytt til kulturlandskap, skog og rasmark/berg. M.a. bør ein systematiske kartlegge kystblåstjerne, karplanter, sopp, rik edellauvskog, lind, alm, gammal lauvskog, lavlandsmyrar og rikmyrar etc. etc ”Nye kartlegginger bør derfor prioriteres høyt. Inntil slike er foretatt, bør kommunen være varsom med å tilltate potensielt skadelige naturinngrep uten forutgående kartlegginger”.

Elles er det å påpeike at rapporten til Miljøfaglig Utredning i 2004 ikkje omhandlar fugl eller karplanter i det heile teke.

GEOLOGI

Som vi veit er berggrunnsgeologien i Askvoll kommune landskjend og veldig variert. Mellom Stongfjorden og Dalsfjorden finn ein grunnfjellsbergartar. Og vi har Håsteins- og Kvamshestens devonfelt som er ei veksling av fossilførande konglomerat og sandstein. Mellom Gjelsvika og Løvika finn vi dei eldste bergartane som eklogitt og amfibolitt intrudert i granitt. Vi har grønstein og grønskifer, og kalkstein m.a på Brurastakken. Det alpine fjellandskapet går fleire stadar heilt frå høgfjellet til fjorden.



LOKALITETAR I VINDKRAFTPLANEN

MOLDURA/HEKKELFJELLET

kan sjåast på som ein lokalitet. Moldura med sine 837 moh er det høgste fjellet på Askvollhalvøya vest om Eitrenipa.



Utsikt frå Moldura til Lutelandet, Askvoll, Atløynipa og Alden. Foto 26/09-10.

Utsikt frå Moldura mot Alden, Tvibyrgje, Heggøy, Smelvær og Staveneset. Nyksvatna t.h. 26/9-10

Moldura er truleg det fjellområdet i kommunen som har størst populasjon av fjellrype og lirype. Her er også stadbunden orrfugl i bjørkebeltet både på sør- og nordsida. På nord- og vestsida er det faste hekkeplassar for heilo. Steinskvett finn du sporadisk i heile lokaliteten. Likeeins rovfuglar som fjellvåk, dvergfalk, tårnfalk og kongeørn. Her er òg observert grønstilk og raudstilk på nordsida i Fanafjell-området. Alle desse observasjonane er loggført på artsobservasjoner.

1 orrhane, eit tjuetals fjellryper, 1 raudstilk, 4 snøsporvar, 1 kongeørn og mange heipiplerker, vart observert seinast 26/9-10. Det kan òg nemnast at i same lokalitet vart det observert ”ein sverm” med alaskasnipe på trekk hausten for to år sidan (truleg frå Øst-Sibir). Mange andre fugleartar trekker òg gjennom området frå aust til kysten, artar som sniper, spover, ender, lom og gjess. Desse fugletypane er veldig utsette for kollisjonar med vindturbinar og (nye) kraftleidningar. Smålomen overvintrar på kysten og ”sjekkar” ofte snø- og isforholda lenger aust med overflygingar om våren. Her er dessutan aukande populasjonar av havørn som òg er særs utsette for kollisjonar med turbinar og kraftleidningar jmfr. Smøla og fugletap. Sjølv om arten er teken ut av raudlista, har ein eit internasjonalt ansvar for å ta vare på havørna.

Etter underteikna sitt syn er det difor feil å klassifisere nemnde lokalitet som lite utsett for kollisjonar med raudlista fugleartar og annan fugl. Det er faktisk i heilt andre enden av skalaen….

LANDBRUK

Når det gjeld landbruk er Moldura/Hekkelfjellet igjen rangert til å ha lite konfliktpotensiale. Etter kva ein kjenner til er det (minst) 4 besetningar med sau gåande her, der 2 er frå Stongfjorden-sida. På sørsida er det utmarksbeite for storfe på Hålandstølen og Vikastølen. Om ein reknar hjortejakta inn under landbruk blir denne sjølvsagt også påvirka av ei eventuell utbyggjing der viltet finn nye trekkruter og store område blir bandlagde for jakt og ferdsel.

I Svelia rett aust for Hekkelfjellet er det stort, inngjerda utmarksbeite for vèr og storfe for heile kommunen og nabokommunen Fjaler. Besetningane her vil bli sterkt uroa av sprengningar, helikoptertrafikk o.a ved etablering av industriområde for vindkraft i nærleiken.

Igjen er konfliktpotensialet for lokaliteten sett altfor lågt.

Sauesanking ved Moldura 26/09-10. Blåfjellsåta i Holmedal i bakgrunnen.

Sauesanking ved Moldura 26/9-10

FRILUFTSLIV

Felles for alle fjella som er tekne med i Vindkraftplanen i Askvoll, er at dei inngår som postar i den årlege fjelltrimmen. Fjella har truleg eit par tusen registrerte namn kvar sesong. Postane blir rullert kvart år, og same fjella kjem igjen i 7-årsbolkar.

For Moldura sin del går det merka sti frå vassverket i Holmedal, forbi austsida av Nyksvatnet og opp sørvestsida. Det er òg sti frå Hålandsstølen og opp same vegen. I tillegg er det sti opp frå Størdal, frå Stafsnes og aust i frå Hekkelfjellområdet. Desse stiane er mykje nytta, både for tilkomst til småviltjakt, bærplukking og anna friluftsliv. Siklabergvatna og Langevatnet er gode fiskevatn.

Det går i tillegg merka DNT-rute frå Stongfjorden, opp Gjerdedalen og austover. Denne passerer kanten på Hekkelfjellet på nordsida. Moldura er ofte nytta som turmål av Indre Sunnfjord Turlag.

At Moldura/Hekkelfjellet er plassert under lite konfliktpotensiale knytt til friluftsliv er ei gåte!

Utsikt mot Moldura/Fanafjellet frå ruta forbi Hekkelfjellet

KULTURMINNE

Sitat frå planen: ”Det må elles påpeikast at det ikkje er gjennomført noko systematisk registrering av kulturminne. Det samanhengande fjellområda har potensiale for aktivitetsstader og buplassar frå steinalder i tillegg til spor av utmarksressursar”. Likevel har planen, som skal vere retningsgjevande, plassert Moldura/Hekkelfjellet som å ha lite konfliktpotensiale ikring temaet.

Som vi veit er Hålandsstølen på sørsida av Moldura og vestsida av Hekkelfjellet teken inn under Verneplan for bygg i høgste verneklasse (A).


LANDSKAP/INON

Lokaliteten er plassert i middels kategori under begge kriteria. Dette tykkjest òg for lågt. Det er få inngrepsfrie område igjen på Askvoll-halvøya. Området ved Moldura/Hekkelfjellet er eitt av dei siste. Eit industriområde her vil utarme heile kommunen.

I landskapsmessig samanheng er det klårt at vindturbinar vil ha enorme konsekvensar reint estetisk. Dei vil få ei svær influensona. Moldura er særs synbar frå alle himmelretningar pga høgda i forhold til nærliggjande toppar. Det er god innsikt hit frå skipsleia. I tillegg ser du fjellet frå Holmedal og Askvoll. Turbinane vil dessutan bli synbare frå Stongfjorden- sida i nord. Under visse vilkår vil ein òg få refleksblink og skuggekasteffektar frå turbinane på nordsida av fjorden på Yndestad og vestover mot Mjåset.

Utsyn frå oppstigninga til Moldura frå Størdalen. Stavenesodden og Mjåset i bakgrunnen.

BIOLOGISK MANGFALD

Heller ikkje under dette temaet blir fjella i området sett til gode. Igjen klassifisert til å ha lite konfliktpotensiale. Men korleis ein kan kome til denne konklusjonen når det ikkje er føreteke dokumenterte undersøkingar av godkjent personell, spesielt i fjella, kan ein berre lure på.

Frå oppstigninga på DNT-løypa gjennom Gjerdedalen i Stongfjorden til nemnde område, er det mykje gamalskog med urskogpreg. I ospeskogen her er det registrert den raudlista kvitryggspetten i tillegg til mykje spanande mose, lav og sopp. Gjerdedalen er rik på kantarellar og steinsopp og mange plukkar sopp her. Det vil undre ein mykje om det ikkje kan registrerast fleire raudlista artar her.

SAMLA

Akkumulert sett kjem Moldura/Hekkelfjellet ut med lite konfliktpotensiale i ”Regional plan for Vindkraft”. For oss som kjenner området, er dette ikkje berre misvisande, det er ei direkte hån mot dette fantastiske fjellområdet.

Utsyn frå Siklabergvatna ved Hekkelfjellet til Moldura.


TOREHEIA

Fjellet på 713 moh er det høgste på nordsida av Stongfjorden, og grensar til Førdefjorden/Stavfjorden i nord, og til Stavenesodden i vest. Busetnaden på Stavestranda ligg nord om fjellet. Som tabell 3.4.2 seier, ligg Toreheia innanfor eit INON-område som strekkjer seg frå fjord til fjell. Det har som einaste område i kommuen, utanom Atløy, fått klassifisert konfliktnivået til stort innanfor dette temaet. Nyleg fekk ein grunneigar avslag frå Fylkesmannen om å sette opp jakthytte på vestsida ved Krikavatnet pga av nemnde årsak.

FUGL

I forhold til dette temaet er det å legge merke til at avstanden til Moldura/Hekkelfjellet er kort i luftavstand. Det er difor truleg at fleire av rovfuglartane på sørsida av Stongfjorden også jaktar i Toreheia-traktene og omvendt. Det same må kunne seiast om områda i aust rundt Indrevågefjellet/Gjelsvikefjellet og til søraust ved Portafjellet. Det nye her er at kongeørn er observert fleire gonger.

I tillegg til observasjonar av dei same artane som nemnt under Moldura/Hekkelfjellet, kan ein slå fast at heilo hekkar over store område mot vest til Blåfjellet/Skylefjellet og til Toreheia og aust til Ytrevågefjellet. Ved sjølvsyn var det sett ein stor flokk snørsporv (sjeldan på våre traktar) i våren 2010. Desse er registrert på artsobservasjonar.no. Truleg trekker dessutan store mengder kollisjonsutsett fugl over fjella her frå aust.

Toreheia har fått middels konfliktpotensiale når det gjeld hekkelokalitetar for kollisjonsutsett raudlistefugl. Det burde vere stort.

Snøsporv på Toreheia våren 2010

LANDSKAP

Det er sjølvsagt stort influensområde ikring Toreheia sidan det er høgste fjellet på halvøya. Området er særs ope i alle himmelretningar. Og frå toppen ser du til Florø, Nordfjord, Ålfoten, inn Førdefjorden, fjella i aust og sør. Vindturbinar vil såleis vere synlege frå lange avstandar i same kva retning vi snakkar om. Det vil totalt bryte med det opne og relativt slake toppartiet her.

Svanøy som ligg i Førdefjorden rett nord om fjellet vil truleg oppleve både refleksblink, skyggekast og mekanisk- og pulserande støy frå vindturbinane. Det same på Stavestranda. Ny infrastruktur som vegar og kraftlinjer vil sjølvsagt også redusere dette unike kystlandskapet totalt i verdi. Området grensar dessutan opp til Staveneset med alle sine kulturminner.

FRILUFTSLIV

Toreheia var post på fjelltrimmen 2009/10. Posten har i dette tidsrommet vore besøkt i eit antal på fleire hundre. Det er gode og merka stiar frå Yndestad/Krikavatnet og opp. Og frå austsida på Osland. INON-området er dessutan nytta heile året rundt, også til skiutfart. Igjen seier Vindkraftplanen at det er lite konfliktpotensiale til friluftslivet. Dette er nok ein gong positivt feil, og for lite vektlagt.

Toreheia og området ikring er det viktigaste utfartsområdet for folk i Stongfjorden, og elles turistar, hytteeeigarar og andre, både i og utanfor kommunen. Det kan òg nemnast at DNT har hatt årlege turar til denne toppen frå Grimelia i vest til Osland i aust (eller omvendt).

På skitur til Toreheia vinteren 2010. Foto rett vest for toppen. Vi ser mot Alden og Stavenesodden.

SAMLA

Toreheia kjem ut med karakteren middels konfliktpotensiale og får same score som Atløy (18). Etter alle sole merker burde dette vore oppjustert til (særs)stort. For ordens skuld kjem Steinheia ut med scoren 14 og stort konfliktpotensiale…!?


INDREVÅGEFJELLET/PORTAFJELLET

Desse to fjella eller fjellpartia ligg kloss opp i ein annan, berre skilde av det djupe dalsøkket, Norddalen som går aust/vest frå Skjerlia. Fjella er dei høgste rett aust for Stongfjorden.

LANDSKAP/INON

Vindturbinar vil ikkje berre vere synlege frå bygda, men òg frå FV609. Og sjølvsagt frå andre toppar i aust. Også DNT-hytta Nipebu, og merka stiar omkring området, vil ha influenssone til ei utbygging på Portafjellet. Begge fjellpartia ligg innanfor ei samanhangande bot av INON område i Askvoll. Fjella ligg langt frå eksisterande infrastruktur som vegar og kraftlinjer. Utbyggingar her vil difor skjere langt inn i urørt natur. Det er dessutan bratt opp frå alle retningar til desse fjella. Vegar og kraftliner vil skjemme totalt.

I denne samanheng bør konfliktnivået aukast opp frå middels til stort.

Utsikt frå Indrevågefjellet til Portafjellet (N&S)

KULTURMINNE

Som før er konfliktpotensialet til kulturminne automatisk sett til lite, sjølv om området ikkje er undersøkt av fagfolk. Eit slikt utgangspunkt blir feil. I Porten er det restar av gamle steinmurar.

LANDBRUK

Konfliktpotensialet til landbruk er òg sett til lite. Det er relativt store besetningar av sau og geit i dette området. Spesielt på vestsida av Indrevågefjellet mot Osland. På austsida mot Skjerlia er det store besetningar av geit . Området ved Indrevågefjellet grensar òg mot Flokeneset og busetnaden her. I Svelia, ikkje langt frå Portafjellet, er det inngjerda store beiteområde for vèr og storfe, som kan bli påverka av støy og sprengningar (sjå punkt Moldura/Hekkelfjellet).

FRILUFTSLIV

Indrevågefjellet, Middagsnipa (nabofjellet) og Stordalsfjellet (nabofjellet til Portafjellet) inngår i fjelltrimmen. Området og fleire av fjella her, er difor hyppig nytta som turmål. Til Indrevågefjellet og Middagsnipa går det merka sti frå FV609 og Osland. Det går òg merka sti aust frå Skjerlia. Til Portafjellet og Stordalsfjellet går det merka sti frå Oslandsbotnen til Botnastølen og opp austover. Denne ruta er òg fin å nytte som tilkomst til DNT-hytta Nipebu, sjølv om stien ikkje er DNT-merka. Det går òg sti vidare austover til Stordalen og Stordalsvatnet. Og som vi ser er heile dette ubrotne INON-område unikt i sin samanheng. Indrevågefjellet og Portafjellet ligg såleis innanfor Fylkesdelplan for regionalt viktig friluftsområde.

Området rett vest for Portafjellet er mykje nytta til bærplukking. Spesielt dalen ned mot Botnastølen. Skuleklassar og barnehagen i Stongfjorden nyttar dessutan stølen her rett vest for Portafjellet til ekskursjonar, og vatnet til fisking. Konfliktpotensialet for friluftsliv er difor stort.

Utsikt vestover frå Portafjellet, Vi ser Skålefjellet, Stavenesodden, Stongfjorden og Toreheia t.h.

Portafjellet frå oppstigninga til Vardeheia. Portavatnet t.h. og vidare mot Nipebu. Stien går opp Portaskaret t.v og i framkant på fjellet og søraust- over.

BIOLOGISK MANGFALD

I planen er konfliktpotensialet sett til lite, sjølv om det ikkje er undersøkt. Området er rikt på lirype og fjellrype. Rett nok litt varierande frå år til år. Denne er kollisjonsutsett for vindturbinar og kraftleidningar. I liene er det orrfugl. Denne er stadbunden, og særs utsett for kollisjonar med vindturbinar. Her er hekkande heilo, og det er observert hekkande snøsporv. Også hekkande raudstik er å finne. I tillegg er det fleire par hekkande steinskvett , som truleg kjem på den nye raudlista i haust. Ved Botnastølen er det strandsnipe og fossekall. Begge i sterk tilbakegang, og også truleg på den nye raudlista som kjem i haust. Som før nemnt under punkt Toreheia er det rovfugl som nyttar alle nærliggjande fjell til næringssøk, så også her. Industriområda har dessutan negativ effekt på næringsdyr til rovfugl. Tårnfalken hekkar ved Portafjellet. I Flokenesmarka rett nord om var det tidleg vår 2009 høyrt hubro frå lyttepost i regi av NOF.

Indrevågefjellet/Portafjellet og området her er dessutan trekkområde for fleire par hekkande smålom ved Nipebu-/Stordalstraktene . Fuglane trekker som før nemnt til kysten om hausten saman med andre vadefuglar. Desse er særs kollisjonsutsette for vindturbinar og nye kraftleidningar. Konfliktpotensialet på Indrevågefjellet/Portafjellet når det gjeld biologisk mangfald er difor sett for lågt.

SAMLA

Desse fjella har fått scoren 12 og middels potensiale for konfliktar med omgjevnadane. Det er for lågt. Det skulle vore stort.



EITRENIPA

Fjellet er det det høgste på Askvollhalvøya med sine 856 moh. Det har ei karakteristisk form, og er lett gjenkjenneleg frå alle himmelretningar. Du ser fjellet fint heilt nord frå Florøtraktene. Og frå Dalsfjord-sida. Etter underteikna sitt syn har dette fjellet totalt sett den beste utsikta over Askvollhalvøya.

Eitrenipa sett frå utløpet av Leknesvatna

Av ein eller annan grunn har Indrevågefjellet, Portafjellet og Eitrenipa fått akkurat same klassifiseringa på alle analyseområda, og like låg score. Dette virkar snodig. Eller kanskje er det ein viss porsjon synsing med i biletet…!?

LANDSKAP/INON

Som sagt vil ei utbyggjing av vindturbinar på Eitrenipa ha eit enormt stort influensområde. Turbinane vil vere synlege både frå Førdefjordsida og heilt til Florø. Samtidig har Dalsfjordsida og Dale òg innsyn til Eitrenipa. Også frå Blegja/Synste Stauren/Blåegga i aust vil vindturbinar prege utsikta vestover mot horisonten og havet. Og sjølvsagt også frå fjella i vest, som alle har innsyn til Eitrenipa. Fjellet er også synleg frå FV609.

Eitrenipa ligg djupt inne i INON-landskap med lange avstandar til infrastruktur som kraftleidningar og veg. Ei eventuell utbyggjing vil skape djupe spor og sår i landskapet. Ikkje minst pga høgda fjellet ligg over havet.

I landskapssamanheng vil dette difor ha stort potensiale for konflikt.

Frå Blegja ser vi Eitrenipa midt i bildet, i tillegg til fleire av dei andre analysetoppane i vest

KULTURMINNE

Som med dei andre fjella er dette heller ikkje undersøkt , og har fått karakteren lite konfliktfylt.

Som vi veit ligg dei gamle grunnane og steinmurane igjen på Leknesstølane rett under Eitrenipa. Desse har stort potensiale for å bli tekne hand om på ein god måte. Og er eit flott minne om tidlegare stølsdrift.

Ved det nærliggjande Krokavatnet vart det i si tid funne ei gamal steinøks under ein stor hellar som det var sagt stamma frå steinalderen. Det seiest at det har budd folk her i uminnelege tider. Influenssona til Eitrenipa omfattar dette området òg.

Stien som går sør/nord vest om Eitrenipa, var i eldre tider den mest nytta ferdavegen frå Dalsfjorden til Førdefjord- sida då den låg lågast i lendetsør/nord. Den har òg kortast avstand til folket mellom fjordane. Her ligg m.a. fleire store steinhellarar som var nytta til oppbevaringsstad av utmarkshøy om vinteren for folket i Øvre Fossedalen, og bruket på Krokvasstølen.

Desse stølane er i dag godt ivaretekne. Kva kulturminne som elles er knytt til desse bruka og utmarka bør undersøkjast. Konfliktpotensialet for kulturminne er difor svært stort og ikkje lite

LANDBRUK

Det går (minst) 2 besetningar med sau ved Eitrenipa. Den eine heimehøyrande på Laukeland ved Dalsfjorden, og den andre er frå Kvammen ved Førdefjorden. Gjelsvikestølen og Selvikestølen i nord ligg òg i influenssona. Her går det òg sau. Stølane er mykje nytta i høve friluftsliv, hjortejakt, bærplukking, fiske etc.

Soloppgang ved Eitrenipa. Vi ser Svanøy, Kinn, Reksta, Skorpa og Storebatalden.

FRILUFTSLIV

Ein vil påpeike at Eitrenipa er eit særs populært fjell for turgåing m.a. for si flotte utsikt. Fjellet er også nytta som post på fjelltrimmen. Det går merka sti frå Markavatnet langs nordsida av Leknesvatna og opp skaret på nordvest-sida. I tillegg går den merka DNT-ruta frå Nipebu til Massbu opp Eitreskaret rett på sørsida av fjellet. Frå denne går òg den merka avstikkaren opp skaret på sørsida . Dette er òg stien som folk frå Dalsfjord-sida nyttar. Frå toppen av Eitreskaret, rett aust for toppen, går den vardemerka vegen vidare austover Blåegga til Blegja. Området er fantastisk i tursamanheng og ligg innanfor Fylkesdelsplanen for viktige friluftsområde!

Ein vil dessutan påpeike at Leknesvatna, Krokavatnet, Tobbedalsvatnet, som ligg kloss opp i Eitrenipa, er gode fiskevatn og blir nytta i friluft samanheng. Eitrenipa burde difor vore flytta opp på stort konfliktpotensiale vedr. Friluftsliv.

BIOLOGISK MANGFALD

Som med 6 av dei 9 andre analyseområda er Eitrenipa sett opp til å ha lite konfliktpotensiale når det gjeld biologisk mangfald, trass i manglande undersøkingar.

Leknesvatna har årlege innslag av smålom. For eit par år sidan hekka her storlom (det er ikkje stadfesta hekking i fjor eller i år). Begge raudlista på den gamle lista. Elles samsvarar fuglelivet mykje med kva ein finn litt lenger vest. Og kollisjonsfaren med turbinar og nye kreftleidningar er stor, også når det kjem til trekkande vadefuglar o.a.

Elles er her bra innslag med stadbunden hare på og ved Eitrenipa. Det sørvende Eitreskaret med sine fjelloverheng, har potensiale for mange spanande artar pga av si gode solinnstrøyming og vatn frå fjellet.

Vi ser frå Eitrenipa, Fossedalshengenipa i midten fremst og i horisonten mot høgre: Dokka, Moldura, Skålefjellet,og Toreheia I framkant Krokavatnet og i midten bak Langevatnet ved Nipebu. Stordalen og Portafjellet/Indrevågefjellet mot høgre.

SAMLA

Frå middels score på 12 burde Eitrenipa ha vore flytta opp på ei ganske anna vurdering. Konfliktpotensialet bør minst vere stort.


GENERELT

INON

8 av 9 analyseområde i Askvoll ligg innanfor INON-område. Det er eit nasjonalt mål å sikre at dei attverande naturområda med urørt preg blir tekne vare på. I følgje ”Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg”, er det svært stort konfliktpotensiale knytt til etablering av vindkraftanlegg i:

• INON-områder som går ubrote frå fjord til fjell

• INON-områder i regionar som har svært lite igjen av slike

Som vi ser av Direktoratet for naturforvaltning sine INON-kart minkar desse områda med stor fart i fylket og i Askvoll. Det er særs viktig at desse restane blir tekne vare på. Spesielt når områda er kombinert med andre viktige miljøkvalitetar som t.d. biologisk mangfald og friluftsliv.

Haustmotiv ved Krikavatnet rett vest av Toreheia.

NY INFRASTRUKTUR

Ein direkte konsekvens av ovannemnde, er at ved ei eventuell etablering av industriområde for vindkraft i kommunen, må det byggjast ut nye tilkomstvegar, tilslutningsnett og kraftoverføringsnett.

Tregrensa er som vi veit særs låg ved kysten, og det meste av ny infrastruktur vil måtte gå i urørt landskap over tregrensa og mykje i alpinprega fjellandskap. Dette vil skape irreversible inngrep og djupe sår i naturen.

Det er òg å nemne at analyseområde er dei høgaste toppane i kommunen, frå 663 – 856 moh. Den visuelle dominanssona vil såleis bli svært stor ved ei utbyggjing.

RISIKI

Alle analyseområda i Askvoll ligg innanfor sona på 35 km til flyplassane i Florø og Førde. Det er svært stort konfliktpotensiale knytt til vindkraftanlegg som ligg :

• i nærleiken av flyplasssar, spesielt i nærleiken av dei større flyplassane, der utbygging av vindkraft inneber ein risiko for flytryggleiken

• der vindkraftutbygging vil påvirke radaranlegg

• der vindkraftutbygging vil påvirke navigasjonsanlegg

• der vindkraftutbygging vil påvirke kommunikasjonsanlegg

Det er dessutan forbunde med fare å opphalde seg/gå tur i industriområde for vindturbinar m.a. på grunn av mogeleg iskast.

UREINING

Anleggsarbeid med sprengingar, masseforflytting, massedeponering og etablering av vegar og interne vegar kan forureine brønnar med knust fjell, stein, sand, humus og finmateriale av betong. Fundamentering kan dessutan punktere aurheller og påverke grunnvatnet. (Botnastølsvatnet i samanheng med Stongstølsvatnet er drikkevasskjelde i Stongfjorden. I tillegg er her mange private brønnar). Nitrogentilførsel pga av sprengingar kan dessutan bli ført med nedstrøms elvar, i tillegg til skadelege gifter som injeksjonskjemikaliar og betongherdarar. Avløp frå sanitæranlegg og søl av drivstoff og olje påverkar miljøet og kan òg skade vasskjelder.

ABEIDSPLASSAR

Det er få arbeidsplassar på slike vindkraftanlegg etter anleggsperioden. Turbinane er nærast vedlikehaldsfrie i si levetid på ca 20 år. Styring og overvaking av produksjon og drift er integrert i sentrale driftssentralar. Kompetansen på vindkraftutbyggingar er ikkje lokalt forankre.

INNSYN

Ein kan nemne at alle dei undersøkte lokalitetane i Askvoll har visuelt innsyn til kvarandre. Også til det politisk vedtekne industriområdet for vindturbinar på Lutelandet. Den visuelle dominanssona til turbinane vil dessutan gjelde frå skipsleia.

TURISME

Det er fleire utleigehytter i områda, i tillegg til sjølveigar hytter. Spesielt hjortejakta har dei seinare åra initiert utkome og auka aktivitet i bygdelaga. Bandlegging av areal og bygging av ny infrastruktur i høve industriområda, vil påverke jakt og ferdsel i negativ lei. Hjorten finn seg òg nye trekkruter ved ei eventuell utbyggjing. Lyssetting av turbinane pga innflygingskorridor til flyplassar, vil òg virke inn på dyreliv/hjortejakt/estetikk. Det er dessutan utstrekt bruk av fjellområda i turistsamanheng. Framtidig satsing på turisme bør oppmuntrast og vektleggast i staden for å bandlegge areal og øyde natur ved vindkraft.

FUGLELIV

• Vindturbinar er rekna til å ha eit influensområde på 2 kilometer for stadbundne rovfuglar.

• Amerikanske styresmakter har føreslege ei buffersone opp mot 4,8 kilometer for bygningar og konstruksjonar rundt hekkande rovfuglartar.

• Nye kraftleidningar – nye dødsårsaker

• Rovfugl sensitive for støy i hekketida

• Habitatforringelse/arealtap

• Negativ påverknad på byttedyr

• Ungfugl spesielt utsette for kollisjonar med turbinar/kraftleidningar

• Områda er trekk-korridorar for tusental av fugl på trekk

• Jmfr. Bernkonvensjonen liste 1 og 2 og Bonnkonvensjonen om trekkande artar og enkeltbestandar av fugl.

DIVERSE

Ein er elles oppteken av negative konsekvensar av industriområde for vindturbinar som skuggekast, refleksblink, støy, ureining og utbygging av strandsona (djupvasskaiar). Dessutan stråling frå nye kraftleidningar.

TURISME

Askvoll kommune har stort potensiale for auka satsing på turisme. Som fleire rapportar peikar på har kommunen eit særs variert landskap frå sørboreal til alpin vegetasjon, frå marine grenser ved havet til høgfjell og spanande uutforska ferskvasslokalitetar. Også når det gjeld båtliv, kulturminne, geologi og fugleliv er kommunen spanande jmfr. Fuglereservat og senteret for sjøfugl på Værlandet. Det er difor særs mange kvalitetar å byggje vidare på i turistsamanheng. Kvalitetar som blir skadelidande av nye industriområde for vindturbinar.

FRILUFTSLIV

Miljøpolitikken vår skal byggje på føre-var prinsippet som seier at tvilen skal kome naturen til gode. Ålmenta si tilgang til naturopplevingar er utgangspunkt for mange si naturglede og miljøengasjement. Friluftsliv er kjelde til livskvalitet, rekreasjon og betre folkehelse. Det er såleis viktig å sikre allemannsretten til fjella og friluftsområda.

Familietur på Eitrenipa.

Alle foto: Gustav Skaar Sign: Gustav Skaar