torsdag 27. september 2018

Haust på Toreheia



Nokre haustbilder frå Toreheia


tirsdag 25. september 2018

Haust på Skålefjellet



Vi tek med ein liten bildeserie frå Facebook i dag. I det elendige haustvèret vi har om dagen, er det greitt å sjå litt tilbake på korleis det kan vere i september og oktober. Vi får sette vår lit til uttrykket det er von i hanganade snøre. Sjølv stressar eg ikkje lenger med å kome meg til fjells i alt slags vèr... Førebels er den tida forbi. Kva som skjer meg i pensjonist-tilveret gjenstår å sjå. 




fredag 21. september 2018

Fjelltrim 2019 2

Platået frå aust




Frå MountainsinAskvollVedlagt nokre haustbilder frå Blegja. 

Blegja er fast og frivillig fjelltrimpost for Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL) kvart år. Som med Moldura beskrive hin dagen er det mange vegar til Rom.

For Askvollingane sin del er Rørvika for det aller meste utgangspunkt hit. Noko nærare beskriving av ruta opp trengst vel ikkje. Den er no DNT merka. Det står skilt ved FV609. Andre ruter hit er frå Fossedalen, Hestad, Solheimsdalen og Bygstad. Dette er i alle hovudsak påske- og sommarruter. På vinteren er Blegja veldig eksponert for vèr og vind og har sjeldan besøk.

For eventuelle spørsmål om ruteval, så ta kontakt på PM.


Fleire bilder finn du på YouTube her https://youtu.be/b7oUAZU6u4o




onsdag 19. september 2018

Fjelltrimmen 2019




Frå Mountains in Askvoll.

Vedlagt nokre haustbilder frå Moldura og ruta frå nord. Fleire Bilder på YouTube

Og så er Moldura tilbake på fjelltrimprogrammet for komande sesong. Boka blir lagt ut første helga i oktober. I år har fjellet vore del av programmet på TiTur Dalsfjorden. Og det har kome rapportar på at mange har besøkt fjellet i sommar. John Lien har gjort ein kjempejobb med merking frå vassverket i Holmedal. Både opp ura på framsida og opp ved "sendaren" på vestsida.

Moldura er eitt av fjella underteikna har gått mykje på opp gjennom åra. Fjellet er tilgjengeleg frå "alle" kantar. Frå Størdalen i vest, gjennom Fagredalen i aust og frå Stongfjorden i nord, anten via Gjerdedalen eller Neset. Du kan òg gå via Størdalsstauren i nordvest. Mange vegar til Rom med andre ord. Personleg likar eg best kombinasjonsruter der eg byter på ruter opp og ned.

Sjølv om dei aller fleste vil gå frå Holmedal, er ruta frå Neset i Stongfjorden i nord minst like flott. Her i frå har du nydeleg utsikt til havet og øyriket både i Florø og Askvoll. Også til Førdefjordsia og Osland og Skålefjellet. Og sjølvsagt Stongfjorden. Har du ikkje prøvd denne ruta er den absolutt å anbefale. Den er dessutan godt merka av Ansgar Bjarne Høyvik og underteikna. 







tirsdag 18. september 2018

For liten og stor

Turen på Høgeheia startar i Holevika der vegen sluttar. 

Gjesteblogg på Fjordkysten


Om du køyrer frå Stongfjorden til Holevika 

finn du eit flott utgangspunkt for ein tur på Høgeheia.


Høgeheia ligg på Stavenesodden i Askvoll. Fjellet er 450 meter høgt. Ein tur opp hit tek omlag ein times tid. Avhengig av alder og form. Og kva tid ein gir seg sjølv undervegs. Dette er ein relativt enkel tur. Det flotte med Høgeheia her ute ytst mot havet, er at ein kan gå turen heile året. Utan ski og spesialutstyr. Den salte havlufta smeltar fort det som kjem av snø. Men om det frys på, kan det likevel vere godt å ha broddar i sekken. 

Ruta opp frå Holevika føl skaret til høgre på god sti.
Våren kjem alltid tidleg på kysten. Og i Holevika og langs stien oppover finn du ofte tidlege vårteikn. Kusymra pregar då lia oppover. Kvitveisen kjem endå tidlegare. Det er mange fin rasteplassar langs ruta. 

Eit interessant kulturlandskap møter deg i Holevika. Her er gamle steingjerder og murar. Ein steinsett potetkjellar kanskje? Gamle tufter og brønnar. Den gode stien går opp langs hammaren mot sør. Allereie her er det flott utsikt ned til Holevika og havet og øyane i Florø. 

 
 Det er mange  gamle murar og brønnar i Holevika

Vakre lauvtre prydar Holevika ei stund om hausten 

Haust i Holevika

Stien går så gjennom eit lite granfelt, før den svingar beint til venstre opp over ein hammar. Hammaren er ikkje farleg å gå over. Stien svingar først til venstre og så til høgre. Her oppe får vi utsikt til Granesundet i Askvoll i sør, og til Furefjellet i vest. Rett over ytste pynten på Staveneset. 


Det er flott solnedgang på Høgeheia

Høgeheia er eit vakkert turmål heile året


Vi held så fram på god og merka sti til eit høgdedrag rett i aust. No dukkar Alden og Atløyna opp i sørvest. Eimind og Follevåg i sør. Vi ser Heggøyna og Smelvær i vest. Mot nord får vi utsikt til Florø. I aust ser vi den store varden på Høgeheia. 

Atløy, Alden, Heggøyna og Smelværet

Varden på Høgeheia


Ruta held no fram i småkuppert og ope landskap mot aust. Lettgådd. Toppen ser vi heile tida. Fint for små og eldre føter. Mot slutten av ruta er det ei lita stigning. Ikkje bratt. Brått ser vi varden rett framfor oss og vi er oppe. 

Og for ei panoramautsikt som møter oss. Mot aust ser vi til Grimelia,Toreheia, Stongfjorden, Blegja og alle dei andre fjella. Mot søraust ser vi Eidsfjorden og Follevåg. I sør ligg Eimind og Granesundet. I vest ligg Atløyna, Alden og øyane her. Og mot nord mellom anna Svanøy, Batalden, Askrova, Reksta, Skorpa og Kinn. I nordaust ser vi fjellheimen mot Ålfotbreen. Små og store båter kryssar nord/sør på det blå havet. Som ein forstår har Høgeheia fantastisk utsikt. Og knapt nokon plass på kysten får du eit vakrare skue når sola går i hav enn nettopp her. Høgeheia er eit must for alle. 

Elles kan ein nemne at det ligg fast trimbok her oppe. Lagt ut av "Vener av Høgeheia". Sjuande kvart år er også fjellet del av Fjelltrimmen til Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL).  

Frå Høgeheia ser vi øyane i Florø
Haust på Høgeheia

Seinsommar - Stongfjorden, Eidsfjorden og Follevåg

Haust på Høgeheia
I sør ligg Granesundet og Eimind





For dei som søkjer overnatting har Olaf Saltskår hytter til utleige på Staveneset. I Stongfjorden finn vi fleire som driv hytteutleige. Mellom anna Grandane Feriehus og Nesavika Fritid.  Askvoll har hotell og fleire utleigehus

Høgeheia ligg på Stavenesodden ytst ute mot havet i Askvoll.
For fleire foto frå Høgeheia sjå YouTube under