torsdag 29. juni 2023

Juli

Juli er like om hjørnet - her er ein samleserie bilder frå denne månaden.

Framleis God Sommar!

tirsdag 27. juni 2023

Kreta 2023

Eit lite videosamandrag av turen til Kreta 10/6-24/6

mandag 26. juni 2023

På eventyr på Kreta

Damnomi Beach med Gunn Mari og Kurt Hyllestad

På veg opp til Timios Stavros - 
Plakias i bakgrunnen

Kalypso Beach

Ja, så er vi komne heim igjen etter 14 flotte dagar på Kreta. Denne gongen på sørkysten. Som Paleochora i 2019. I år nærare bestemt til Plakias med Apollo (link). Utgangspunktet vårt var Alegria Beach Resort. Eit flott og nytt hotell i to-roms leilighet. 

Av reine tilfeldigheite reiste også ein tidlegare kollega av meg og mannen hennar til same plassen. Dei har eiga leilighet. Vi fekk fleire dagar og kveldar i lag med Gunn Mari Hyllestad og Kurt Inge Hyllestad. Veldig kjekt. Og mange gode tips til turar og destinasjonar i og rundt Plakias. Med deira bil og fotturar rakk vi over mykje.  

Det blir sjølvsagt altfor vidt å gå i detaljar om kva ein har gjort og opplevd i 14 dagar. Så bilda for fortelje sitt. Eg legg ved linkar til diverse album.

Timios Stavros, Damnomi Beach, Ammoudaki Beach, Kalypso Beach 180623

Souda, Sellia, Myrthios 200623

Kourtaliotiko Gorge Preveli 210623

(sjå vatn renne rett ut av fjellet)

Plakias diverse 100623-240623

torsdag 8. juni 2023

God sommar!

Ved inngangen til flotte sommardagar vil eg slå eit slag for fjella i Fossedalsområdet. Her er det mange utsøkte turmål. Vassenden på Fossedalsvatnet er dessutan post på TiTur Dalsfjorden i år. Frå berga er det fint å både, eller prøve fiskelukka. Brendeheiknappen, som ligg rett i aust for Elraki-hytta, er eit greitt turmål for liten og stor. Litt lengre å gå er det på Kringla, Eitrenipa eller Fossedalshengenipa. Og sjølvsagt Heileberget. Legg ved nokre bildelinkar til desse turmåla og ynskjer lesarane av bloggen min God Sommar. 





onsdag 7. juni 2023

TiTur Skurveholten

Bortheim og Dale

Eikenes, Rivedal og Holmedal

Flott tur til Skurveholten frå Haugland i Flekke i dag. God sti. Godt merka. Og ganske tørt oppover. Til dels bratt sti eit lite stykke. Men ikkje verre enn at det går fint for alle å ta seg opp. Elles går stien på skogsveg og gjennom ein del skog.

Utsikta på toppen var fantastisk. Og sidan eg ikkje har vore her før overraskande flott! Sjå foto og video her. 

tirsdag 6. juni 2023

TiTur Yndestadhøgeheia

Eit hav av myrull - og ei dame...😊

Ved Svartevatnet

I kveld vart eg med Olaug på TiTur Dalsfjorden posten på Yndestadhøgeheia (eller Høgeheia Yndestad). Kjært barn har mange namn. Yndestadhøgeheia er egentleg for 3 toppar å rekne. TiTur posten er på den vestlegaste toppen. Det var tørt og fint oppover. Litt sol òg. Men ganske sur nordavind på toppen. Også delvis med skodde. 

I alt 67 personar har førebels klikka seg inn på appen til ut.no. Kanskje endå fleire er noterte opp i boka. Her talde eg ikkje. I tillegg traff vi på to personar på veg opp. Så at TiTur er populært er det ingen tvil om. Vi er jo berre nett ferdig med første månaden i registreringa. Den held fram til 1.oktober. 

Foto Yndestadhøgeheia 060623

Video arkiv

lørdag 3. juni 2023

TiTur Skålefjellet (Atløy)

Dagens 

Ved Herland med hurtigruta og Kinnaklova

Veldig flott tur på TiTur Dalsfjorden posten på Skålefjellet på Atløy i dag. Som alltid før om åra godt merka og god sti. Litt vått enkelte plassar til å begynne med. Men tørt resten av vegen oppover. Vi gjekk opp frå Herland (Brurastakken). 

Det vart med denne toppen i dag. Mest sidan Olaug skal på jentetur på Høgeheia i kveld med overnatting i hengekøye. Skredvarden og Atløynipa er jo elles flotte å gå på som kombinasjonstur via Skålefjellet. Då med retur til Eide. 

Det var opplett, delvis sol og heller kald nordavind på toppen. 

Foto Skålefjellet (Atløy) 030623

Her er eit tidlegare blogginnlegg frå Atløy med mykje bilder