mandag 30. mai 2022

Våte føter - i solskin!

 

Flott morgontur inn Heileberget til Driveknolten. Skyfritt til å begynne med, seinare litt meir skyer. Gjekk gjennom ei snøbru og stod til knes i vatn inne ved toppen. No når det endeleg var opplett igjen! Men pytt, pytt litt væte toler ein sommarsdagen.... Så lenge vatnet ikkje var djupare då... Her har eg nok teke ein lærdom frå før. 

Foto Driveknolten 300522

lørdag 28. mai 2022

Etter å ha tømt sjokoladefabrikken...

F.v. Olina, Olaug, Målfrid (snart 85), Tora og Tiril

Sport Dale er ein god sportsbutikk

Etter å ha ete kaker på Allmuen i Dale i dag i lag med mor Målfrid, Tora, Tiril, Olaug og Olina, måtte eg av stad å prøve nokre nye sko frå Sport Dale. Lette som joggesko, men med høgt skaft. Funka bra desse. Sat godt på foten og underlaget. Og viktigast av alt - tette. Det er med sko som med mykje anna - dei er å rekne som rein forbruksvare. Dei held ei stund på mønsteret. Men går opp i limingane - les saumane. Eller det går hol i membranen. Og då er det gjort... Så slik er det - hobby kostar. Så kan ein vel hevde at eg brukar skorna litt òg....  

Elles er det som underforstått pass av tre jenter denne helga medan foreldra er i bryllaup. Men dei er vel egentleg så store no at dei passar seg sjølv...😄

fredag 27. mai 2022

tirsdag 24. mai 2022

Vått og atter vått

 


Vått og atter vått....
Men smil til verden og...

Grått på Skylefjellet i går

Regn på Fristadfjellet i dag

Vått og regn på Skylefjellet i går og Fristadfjellet i dag. Opp og rett ned. Så mykje meir er det vel ikkje å seie.... Likevel - eg tok sjansen på goretex joggeskoa i dag. Dei heldt seg rimeleg tørre opp, men ikkje ned. Elles tørr i Rab-jakke og bukse. 

søndag 22. mai 2022

Flotte Skålefjellet

Foto mot Osland

 
Dagens selfie

Stongfjorden med Toreheia i bakgrunnen

Etter ein kjekk konfirmasjonsdag for Nikolai i går, gjekk eg i dag ruta frå Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet. Flott vèr og bra temperatur. Elles ganske tørt oppover. Og omlag snøfritt heilt til topps. Returen gjekk same vegen. Nokre bilder på link under..

Foto Skålefjellet 220522

fredag 20. mai 2022

(Nesten) sommarleg på Driveknolten

Dagens selfie på Driveknolten

Blikkstilt på Dalsfjorden i dag tidleg

Mot Fossedalen

Flott morgontur til fjelltrimposten på Driveknolten på Heileberget i dag. Frå Rivedal. Nydeleg vèr og vindstille. Første turen inn hit i år på joggesko. Men endå litt kaldt (for meg) til å gå i shorts. Vi får håpe at det let seg gjere òg snart. Så mange snøparti er det ikkje innover lenger. 

Elles låg bygdelaga langs Dalsfjorden så pent og stille som alltid. Fantastisk!

Mobilfoto Driveknolten 200522

onsdag 18. mai 2022

Slo regnet på morgontrimmen....

Dagens selfie

 
Skorvemarka

Pensjonistlivet 18.mai. Fin tur på Kvamsnipa i dag tidleg i siste rest av godvèret for denne gong. God temperatur og litt vind på toppen. Endå ligg det nokre store snøfonner på den nordaust-vende sida oppe mot toppen. 

I går var eg forresten oppom trimposten på Skylefjellet for ein tidleg 17.mai tur. Bilda frå feiringa held eg privat då eg manglar samtykkje for publisering. 

mandag 16. mai 2022

TiTur på sørsida igjen

Utsikt frå Hovden på Hellevik


Holmedal frå Straumsnes - 
Dokka og Moldura i bakgrunnen

Usikt frå Kalhagåsen

I dag tok eg ferja frå Askvoll til Fure og gjekk oppom TiTur-toppane på Hellevik og på Straumsnes. Høvesvis Hovden og Kalhagåsen. Begge ganske lett og greie turar. Fint å ta begge i lag når ein først er på hi sida av Dalsfjorden.

Video Kalhagåsen

Felles for begge turane er å gå gjennom ein del furu og granskog. Og etter regnet i det siste var det ganske så vått. På Kalhagåsen må ein (diverre) gå eit godt stykke på asfalt og grusveg før ein svingar av skogsvegen og ut på toppen. Her var det bra merka. Men det skulle vore skilta litt betre lenger nede for oss som ikkje er lokale.... Elles var de perfekt sommarvèr i dag. Med nydeleg utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga som kransar den vakre fjorden.     

søndag 15. mai 2022

Skoddetur på Rennestraum

Våte, men blide på TiTur Dalsfjorden i dag...

Ganske tjukk skodde på turen i dag

ds


Det vart ein våt og skodderik tur på Rennestraum i dag då Olaug og eg gjekk tur med broder Sigvard og Tone til TiTur Dalsfjorden posten ved Longevatna. Ja, skikkeleg våte myrar. Spesielt mot slutten. Elles gjekk turen på skogsveg omlag til Rennestraumstølen. Vèret derimot la ingen dempar på humøret og praten. Og når det var så godt merka heile vegen så gjorde skodde ingen ting. 

Video i skogen...

Ved posten tok vi oss faktisk tid til både skiver, kaffi og sjokolade. Om det regna aldri så lite. Så alt i alt ein veldig triveleg og sosial tur. Litt skodde-bilder vart det òg.   

Bilder frå turen til Longevatna på Rennestraum 150522

onsdag 11. mai 2022

Våt fjelltrim

Fristadfjellet: Vått, grått og regn i lufta. Men fjell-lufta er frisk for alle...

mandag 9. mai 2022

Fullt hus

Veldig bra jobb som er lagt ned på ruta til Røbua ved Flekkefjorden

ds

Fullt hus her i helga då Tora vart borgarleg konfirmert i Førde på lørdag. Og aldri så lite rørande med musikkinnslag, talar, diktlesing og eit flott framført pianostykke (eg er svak for piano...). Bilder og videoar held eg for privat. Det vart likevel tid til ein tur på Skylefjellet i går morgon. 

I dag gjekk turen til Kvamsnipa igjen. Det bles godt austavind på toppen gitt. Så då vart det rett opp og ned igjen der òg. Men det vart tid til ein aldri så liten prat med Mildrid då eg kom ned att i Mandelia. 

Det ligg endå ein del snø mot toppen av Kvamsnipa....

...men det er grønt på bøane i Skorvemarka

På ettermiddagen tok eg meg like greitt ein køyretur til Flekke og eit besøk på TiTur posten ved Røbua ved Flekkefjorden. Flott og enkel tur ut dit på god sti. Steinlagt og spikra gangvegar av tre over våte parti. Honnør til rette vedkommande! Veldig bra jobba! Eg traff fleire andre nøgde turgåarar.  Alle frå Holmedal med same turmål. Kjekt!  

desse steinane har ikkje kome hit av seg sjølv...

tirsdag 3. mai 2022

TiTur- og fjelltrimpost

Dagens selfie 

Driveknolten med sine to toppar

Leite, Tysse og Straumsnes

I dag gjekk turen til Rivedal og TiTur Dalsfjorden posten på Hundeheia og Fjelltrimposten til AHIL på Driveknolten som mål. Det vart ein retteleg fin tur. Stilt og kjølig. Og sola stakk seg fram no og då. Litt frost og nysnø på den gamle snøen innover frå Høgknolten. Delvis så bar snøen. Gjekk elles på dei bare fjellrabbane innover. Returen gjekk same vegen ut igjen til Rivedal. Nokre mobilfoto på link. 

 Foto Driveknolten 030522

mandag 2. mai 2022

Vått, grått og kaldt...



Eg var oppom TiTur Dalsfjorden posten på Blåfjellet i Askvoll i dag tidleg. Det var vått, grått og kaldt. Sur nordavind og regn i lufta. Men fekk sjekka ut på appen. Det er god sti og godt merka opp til toppen.