lørdag 27. februar 2021

Striregn, kuling og skodde

Anita og Dag Tore under vegs til Blåfjellet i striregnet i dag


Grått og vått i Grimelia i dag tidleg

Det er greitt at turen til fjelltrimposten på Blåfjellet ikkje er så lang. Spesielt når vèret var som i dag tidleg. Striregn, kuling og skodde. Oppe mot toppen var det tjukt. Regnet slo godt i fjeset... 😆 Så det vart rett opp og ned. Men trur du ikkje eg traff Dag Tore og Anita halvveges ned igjen. Det er ikkje alle som er prega av dørstokkmila.... Vi slo av ein god prat nede i dumpa på myra. Før oppstigninga på fjellet. Så heim igjen i dusjen... 😃

fredag 26. februar 2021

YouTube oppdatert

 YouTube-bildefilmar oppdatert

Tilbake i Holmedal




Etter å ha teke ein liten pause frå Holmedals-fjella, var eg i dag tidleg tilbake ved vassverket og gjekk opp Grønene til Kalderasnipa. Toppen som er ein av postane på AHIL sin fjelltrim i år. 

Snøen var heilt smelte opp gjennom liene. Men det låg litt att mot toppen. Ikkje verre enn at det gjekk heilt fint å gå på berre skoa. Trugane la eg att i bilen før eg gjekk. 

Det låg ein god del skodde både på Dokka, Kalderasnipa og Moldura i dag tidleg. No er det så bra merka til posten at det er umogeleg å gå feil. Då må ein nesten vere blind. Så skodda er det ingen problem med her oppe. Elles var det omlag vindstille. Grunna skodda gjekk eg ned att same vegen. Det var ingen vits i å gå om Dokka. Litt surt likevel då eg såg det hadde lette heilt opp igjen då eg køyrde heim att. Men trimmen var no i boks uansett. Eg får ta runda neste gong då eg truleg kjem til å gå ein del her nede framover. 

torsdag 25. februar 2021

February

 

Etter ein tur på trimposten på Blåfjellet sette eg i saman denne bildefilmen over bilder tekne i månaden februar. Det er ei samling bilder over fleire år.

tirsdag 23. februar 2021

Kamp i ròtesnø

Skorvemarka i dag


Det bles godt på toppen....

Det går mot vår....

Det vart ein bra kamp i ròtesnø oppe i Skorvemarka i dag tidleg då eg gjekk på Markahengenipa. Spesielt over myra og opp urane til Krokavatnet vart det tungt då trugane sakk gjennom den tunge og blaute snøen. Frå vatnet og opp under Fossedalshengenipa var det forsåvidt tungt òg, men ved skråberga var snøen delvis avblesen. Litt fastare var det i underlaget opp nordsida av Fossedalshengenipa. Ryggen nordover på Markahengenipa var som vanleg for det meste snøfri. 

Ryggen mot nord

Elles var vèret overskya. Ei spak sol stakk såvidt fram over Fossedalshengenipa. Og det bles ein liten kuling oppe på ryggen. Vinden var elles klårt aukande... Trass i det milde vèret no så kjøler jo vinden godt. Eg bytte difor på meg tørre klede då eg kom tilbake til "Brothers in Arms"- steinane i starten på ryggen. Her eg på veg ut hadde sett frå meg sekken og trugane.... Med andre ord gjekk eg ned igjen same vegen eg kom opp.  

Mykje ròten snø i dag

Etter vèrmeldigane å dømme blir det mildvèr framover. Så då tinar det vel vonleg meir snø. Forholda i dag var ikkje dei beste. Verken med sko, trugar eller ski. Skikkeleg ròten vårsnø er seige greier.  

 Foto Markahengenipa 230221

mandag 22. februar 2021

Snøfritt på Blåfjellet i Grimelia

"Skylefjellsruta" kjem opp frå høgre kant og mot midten. Og føl
fjellrabbane til Blåfjellet der bildet er teke, Stien er godt varda.
 
Utsikt til Eidsfjorden
Moldura t.v. Smørkletten og Atløy t.h.

Det er snøfritt på Blåfjellet no
 
No er det heilt snøfritt på Blåfjellet i Grimelia. Både via "Grimeli-ruta" og "Skylefjells-ruta" på Yndestad. Begge heilt fine å gå på med berre sko på føtene. Og begge rutene godt merka. Du kan gå på det eine eller begge fjella som rundtur. Eller opp den eine ruta og ned den andre. Alt etter som. Så vil du ha ein "tjuvstart" på TiTur-Dalsfjorden toppen er det berre å hive seg rundt. Heilt piano å gå på no. Blåfjellet er dessutan post på AHIL-sitt fjelltrimprogram for i år. 6 personar var opp der i går. Du går fint opp "Grimeli-ruta" på under timen. "Skylefjells-ruta" litt lenger. Frå Skylefjellet til Blåfjellet går du på ein liten halvtime. 

Som planlagt nådde eg opp og ned på posten via Grimelia i dag før regnet starta. Fint å time det slik. I morgon ser det dessutan ut til å vere opplett igjen.

søndag 21. februar 2021

Vårleg synnavind

Det bles godt i høgda...

og snøen smeltar

Vindfullt på Skylefjellet

Mangevatna

Ved Svartevatnet


I dag gjekk eg "Skylefjells-ruta" heime i frå til Skylefjellet og Blåfjellet. Til fots og utan trugar eller ski. Og returen om Grimelia der Olaug henta meg.

Her i heimefjella er det no (nesten) snøfritt. Men sjølvsagt veldig vått etter snøsmeltinga siste dagane. Med opp i 10 plussgrader og synnavind har snøen fått føter å gått på...😃 Ja, vinden tok ganske så hardt i dag. Skylefjellet og Blåfjellet ligg veldig eksponert til for vind så langt ute mot havet. 

På veg ned i Grimelia traff eg i dag folk. 2 par i kvart sitt følgje. Ei liten prat med dei. Samde om at det var reint vårleg i lufta. For eigen del er eg glad snøen har reist sin veg. Det er i grunn kjekkare å springe i fjellet med lite klede og lette sko enn neddynga i utstyr. Ikkje minst er det godt å sleppe og fryse på føtene....😎




lørdag 20. februar 2021

Snart vår

 

Årets første snøklokker i blomst


tirsdag 16. februar 2021

Fin fjelltrim

 



Tilbake på Blåfjellet i går og i dag. Mildare i vèret no. Elles overskya og nesten vindstille. Meir trekk i går. Delvis på trugar etter litt nysnø i går. Noko fòksnø i enkelte hellingar. Elles litt isete i stien opp ved gruvegangane, så der er det greitt med broddar. Fin trim! 


søndag 14. februar 2021

Morsdagstur

Dagens

Ein liten pust i bakken

Fin morgontur med Olaug på fjelltrimposten i Grimelia. Litt mindre kaldt i dag. Delvis skya og noko sol. Gode og faste spor heile vegen. Vèrskiftet er på gong med skyer inn frå havet, mildare temperatur og aukande søraust vind. 

Foto Blåfjellet i Grimelia 140221 

lørdag 13. februar 2021

På vedaskogen igjen

Olaug er lasta for heimtur...

Solide bjørkekubbar...

men den gamle selja skal få stå

Solide timar i vedaskogen med Olaug, Peter og Håvard igjen i dag. Andre lørdagen på rad. Mange minusgrader inne i Gjerda i dag òg. 13 blå og snø som melis! Ganske så blåst både i hovud og kropp etter bering og sleping av vedakubbar. Skikkeleg kroppsarbeid. Men veden hetar som kjent fleire gonger. Og endå står det att arbeid før den ligg i kjellaren... I dag kunne vi elles nyte årets første kakao ute. Det smakte herlig denne kalde dagen. 

fredag 12. februar 2021

Nydeleg i Askvoll

Moldura, Blåfjellet, Blåfjellssåta, Kalderasnipa og Dokka

Blåfjellet i Grimelia midt i bildet bak
 Skylefjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet mot høgre
Størdalsstauren t.h. i midten
Jamneheiane i midten fremst

Furefjellet og Høgeheia t.h.

Dagens usminka

Flott morgontrim inn Askdalen til posten på Smørkletten igjen i dag. Gode og faste spor. Eg likar likevel å gå med broddar då eg slepp bruke krefter på glipptak i dei hardtrakka spora. Spesielt oppe i dei bratte bakkane. Går litt raskare òg... Litt trekk på toppen og nokre minusgrader. Men nydeleg oppe i sola. Og spesielt ned igjen med sola midt i mot. Tidleg påstestemning.

Motiv ved Presteelva i dag


torsdag 11. februar 2021

Kjøleg tur og bilder ved omnen....

 

 

Frå FB-sida til Fossedalen - i grøne far

Sidan vi har hatt føre oss Krokvasstølen, i dag Svortevikstølen, og tidlegare nemnt som Krokvassenden, i det siste, kan ein minne om noko av historia kring denne husmannsplassen.
Sitat frå emne "Husmannsplassane 1":
"I folketeljinga 1801 er tre husmannsfamiliar oppførde under Fossedalen.
Ole Olesen med kona Janicke og fem born frå 2-10 år budde på Krokevassenden (Wasenden). Plassen ligg i utmarka til Øvre Fossedal ved nordenden av Krokavatnet. Det er høgt til fjells, men her er fine grasbakkar ned mot vatnet, og truleg har det vore mark for utslåttar før plassen vart busett.
Janicke er fødd og oppvaksen i Øvre Fossedalen, i ein syskenflokk på 3. alle jenter. Systera Marthe, og mannen hennar bur på garden. Der bur også mor hennar Sicelle, som er enkje og har kår.
Ole (mannen) er frå Strandenes, bondeson, men utan rett til garden der. På Krokevassenden sette dei 7 born til verda, og i alle høve fem av dei, kan hende alle, levde opp. Særleg mykje korn kunne dei ikkje få moge så høgt til fjells, men Ole reiste på fiskje og livnærte seg av det. Truleg er det òg at Marthe i Øvre Fossedalen ville hjelpe syster si og familien om det kneip. Ole levde til han var 76 år, Janicke til ho var 69. Etter at foreldra døydde, tok sonen Peder over plassen. Han gifte seg med ei jente frå Heggnes. Då var dei begge godt over 40 år, og dei fekk ikkje born".
"Folket i Øvre Fossedalen fekk elles etter kvart hevd på å slå teigen på husmansplassen på Krokvassenden. Til å transportere høyet hadde ein "roddar" (meis eller snøresekk). Ofte vart høyet lagt under hellarar og transportert heim på slede om vinteren".
Her er nokre foto frå stølen og Kallhammaren. Eit par av bileta er oversiktsbilete og teke frå Fossedalshengenipa.


tirsdag 9. februar 2021

Vinter på Markahengenipa

Lett euforisk stemning på toppen


Blegja, Eitrenipa, Storehesten, N&S Kringla, Fossedalshengenipa, Fløyen

Skorvemarka

Herleg morgontur på Markahengenipa frå Skorvemarka i dag tidleg. Kald og frisk morgonluft. Minus 9 grader heime. Ikkje akkurat kvardagskost. 

Frå kraftstasjonen og oppover var det alt slags føre.... Lett og tørr snø, fonner i hellingane, snø i flak, skare og avblesne rabbar oppe ved toppen. Spesielt i urane nedanfor Krokavatnet låg det mykje snø. Og ingen spor. Så heilt frå øvre parkeringsplassen ovanfor bommen, og halvveges inn på ryggen av Markahengenipa, brukte eg trugar. Det fungerte heilt fint! Sjølv om det i lengda krev sin mann å trakke spor og gå med trugar på fjelltoppane når snøforholda er så skiftande. 

Elles var det sjølvsagt fantastisk å få morgonsola oppe ved Krokavatnet. Og lenger oppe på ryggen då eg fekk sola att for andre gong no skinande over Fossedalshengenipa. På denne tid av året forsvinn den låge vintersola nokre hundremeter bak nordsida av Fossedalshengenipa. Her deler av ruta til Nipebu og Markahengenipa går. 

I motsetnad til eit par turar før i januar, gjekk eg i dag same ruta ned igjen. No med gode trugespor etter turen opp. Herleg tur!

Soloppgang ved Fossedalshengenipa

fredag 5. februar 2021

Skylefjells-ruta

Ved Svartevatnet i dag 
klokka er 12.06


Sola står over Moldura i sør
- men vinden riv i skrotten...

I dag gjekk eg Skylefjells-ruta til Mangevatna. Og tok der i frå ut vatna til Blåfjellet. Nytta trugar frå Rinda.

Ved Mangevatna
Toreheia oppe t.v.

Vinden tek godt her i dag

Dei siste dagane har det vore vindstille. I dag tidleg var det derimot ein ganske så kjøleg søraust vind oppe på fjellet med fòksnø i lufta. Eg gjekk opp og ut med to lag ull, fleece og ei softshell-jakke. Jakka og fleecen fraus til is. Vinden skar som kniv i skrotten. Veldig godt å kle seg om og i Rab-dunjakke ute på toppen. Jakka som er gamal og god. Sviktar aldri!

Kjøleg vind på Blåfjellet i dag
- men godt i Rab-dun

Det må vere mange år sidan vi har hatt ein slik stabil vinterperiode. Og som nemnt fleire gonger her før er det utruleg flott oppe i fjellet no. Rett nok med klede som høver seg. For sjølv om sola skin kan det lett bli utriveleg i vind og mange kuldegrader om du ikkje er rett utstyrt.... 

Stongfjorden
- sola er ikkje komen heime endå

Foto Blåfjellet i Grimelia frå Yndestad 050221



torsdag 4. februar 2021

Frå takk til magisk

Toreheia og Yndestadhøgeheia i bakgrunnen.
Bakerst t.h. Skålefjellet og Svarthamrane

...om å sjå øyar, holmar og skjer

...og Atløyna, Alden og Stavenesodden

Av ymse grunnar gjekk det ei stund før eg kom meg opp på fjelltrimtoppen i Grimelia i dag. Handling, tur til Askvoll og noko plukk heime tok nokre timar. Men egentleg heilt greitt - med 10 minus på morgonen kan det no vere på sin plass å bie på litt til sola får tak. No kom eg meg iallefall tidsnok til topps for å få med meg siste episode av "Takk" frå i går. For med 4 nye damer booka inn på fjelltrimtoppen i går ettermiddag, etter at ordet om "Takk" gjekk, var dette no blitt til "Magisk". Ja, der ser ein - det gjeld å annonsere godene som rek eins veg. By på seg sjølv, spre litt glede og møte dagen med ope sinn. Kanskje er vi sunnfjordingar litt for trauste i så måte. Vi har vel ikkje for vane å vise oss fram for mykje sjølve. Vel, eitt og anna unntak finst no då....😎   

ja, ikkje sant...
(hjarte utanfor bildet)

Grimeli i dag -
der turen startar i enden av vegen

At turen på Blåfjellet i Grimelia er "Magisk" er heilt sant. Her ligg mykje historie i kopargruvene. Ny TiTur Dalsfjorden post frå 1.mai er fjellet òg. I ettermiddagssol, og med sikta til kvitkledde bakkar, blått hav, øyar, holmar og fjell, kan toppen trollbinde kven som helst. Og sikta til horisonten og Alden gjer kanskje noko med oss som bur her òg - kunsten å opne seg for omverda. I sinn og sjel. Ja, det er fantastisk å bu ved kysten og sjå sola gå i hav. 

Foto Blåfjellet i Grimelia 040221


onsdag 3. februar 2021

Med takk og perspektiv på livet

Anita og Dag Tore på Stordalsfjellet 19.januar 2013



Eg måtte skrive eg òg - til neste mann eller dame...
10 poeng posten i Grimelia

Vi er ein fast gjeng som steamar på desse fjelltrimpostane i Askvoll kommune. Gjennom mange år. Kanskje litt færre på denne tid av året enn elles. (Ja, i dag var det forsyne meg minus 10 grader på Yndestad då eg køyrde til Grimelia for dagens tur). Veldig kjekt då at det vanka takke-helsingar i snøen for trakka spor på Blåfjellet (sjå foto). Etter fleire turar i det siste. Ein annan ivrig fjelltrimmar, Anita på Mjåset, hadde nemleg vore opp der etter meg i går. 

Nokre av oss fjelltrimmarar har vel "fått det i blodet" som eg seier... No kan ein vel få verre "ting i blodet" enn fjellets endorfinar, god pust i frisk luft og fine naturopplevingar. Og kva ein måtte bruke tida til blir no alltid ei relativ sak. Godt er det iallefall å kome seg ut - uansett vèr og vind. Og i desse pandemi-tider er det no eit must spør du meg. Så får vi endeleg håpe at ein snart lettar på reiserestriksjonar, og etterkvart opnar opp samfunnet elles. Turen til Kreta til sommaren er iallefall bestilt. Ein får vel litt perspektiv på livet når ein ligg på ei solseng ved Middelhavet, innsmurt i faktor 30 med solkrem, og tenkjer på Blåfjellet i februar.... Livet er herlig dere - anten det er no so eller so... 😎⛄

Mobilfoto Blåfjellet i Grimelia 030221