fredag 31. juli 2009

Opplett - ei stund

Stemning ved Nipebu sist søndag Hadde vel lagt trimturen i kveld på is sidan to av barnebarna mine blir hjå oss i Stongfjorden i helga, men det passa seg slik likevel at eg fekk meg ein svipptur på Hjartåsen. Det bur jo ei snill frue her i huset...:-) Det var sjølvsagt søkkvått oppover etter høljregnet. Eg tok likevel Inov8 joggeskoa. Betre å vere litt lettbeint, så det er greitt å springe, enn å halde seg tørr på føtene. Eg stilt dessutan i berre shortsen - og då MÅ ein jo halde oppe farten... Grei forsikring det...:-) Blir herda av å springe nesten naken...:-)

torsdag 30. juli 2009

Tysktimar

Tidleg søndagsmorgon på Langevatnet ved Nipebu. Bilete frå forrige helg. Det vart tid til ein rask tur på Stølsfjellet i ettermiddag, før Viola og Ben kom opp på eit kveldsbesøk. Sidan det ikkje er internett nede ved sjøen, er det kjekt for dei med litt oppdateringar. Og sjølvsagt er det òg koseleg med det sosiale vi har i lag. I kveld diska Olaug opp med vaflar og rømme. No har Viola fått smaken på det ekte norske òg, brunosten...:-) Ben er meir tilbakehalden...:-) Men lettrømme er dei meir vane meg. Har lært mykje om Tyskland i det siste. Etter at dei gjekk over til Euro har prisane omlag dobla seg. I dag låg t.d. prisen på vanleg superbensin på kr 11,78 pr liter. Dette er jo akkurat det same som her til lands. For 10 år sidan var bensinprisen det halve i Tyskland, medan her har den omlag stått i ro. Prisen på elektrisitet i Tyskland er til å få hakeslepp av. Vi var inn på energiselskapet der nede og fann prisen. Ben rekna om frå euro til norske. Tru det eller ei, men prisen er kr 1,78 pr kwh! At Norge er eit dyrt land å feriere i, er ei myte etter at euroen vart innført. Men litt gamle oppfatningar heng igjen. Artig og lærerikt å få slike impulsar...

onsdag 29. juli 2009

Haustleg på Hjartåsen

For livets glade gutter går solen aldri ned...MMS Hjartåsen i kveld... I kveld fekk eg haustkjensla. På Hjartåsen. Regnet piska bakken så vatnet skvatt. Stien var ei einaste stor elv ned bakkane og det var søkkvått overalt. Reine myrane der det for ei stund sidan var knusktørt og fint å springe med joggesko... Vel, no hadde eg joggesko på i kveld òg. Inov8 skoa sit som støpt på alt når det er vått. Eg gav blaffen i væta og vart sjølvsagt våt ganske fort. Søkkvåt etter ei stund, og ned igjen sprang eg gjennom alt som var av elvar, myrar og mold...:-) Du verden, Rab jakka eg kjøpte i sommar er berre fantastisk. Tre lags eVENT stoffet er utruleg bra. Eg vil påstå betre enn goretex. Jakka var knusk tørr innvendig då eg kom ned igjen. Utan kondens i det heile teke. Men så er jo Rab merket mykje brukt på ekspedisjonar òg... Ja, vel var det regn og vått. Men skodda låg òg så tett som graut på toppen. Med vind i tillegg var det i grunn ikkje noko å gje seg til med der oppe. Gras og lyng har jammen gulna mykje i det siste. Og endå skriv vi juli. Det blir tidleg haust ser det ut for. Blir alltid slik i fjellet når forsommaren har vore varm og tørr lenge. Eg høyrer til og med at det er fleire som er plaga med at sauene kjem ned igjen frå beite i fjellet. Akkurat det er jo alt for tidleg. Slike beist er berre å få på slaktehuset... Ok. No skal eg ikkje male fanden på veggen i kveld heller. Eg for min del ser no fram til hausten eg. Kanskje finaste tida på året. Men sjølvsagt forutset det litt godvèr òg då...:-) For livets glade....

tirsdag 28. juli 2009

Godt å springe

Over høgda mot Grimelia ligg det eit idyllisk tjern... Oj, det gjorde godt og få sveitte litt igjen og kjenne pulsen hamre... Etter ei relativt roleg helg på Nipebu og i går, kjende eg eit visst behov for å få blodpumpa i gir igjen. Det vart difor til at eg gjekk på Stølsfjellet i Rivedal og Dokka i Holmedal etter at eg kom heim frå jobb. Er i grunn ikkje så mykje anna å seie om turane enn at det gjekk fort opp og fort ned igjen på begge fjella. I bar overkropp og shorts var det for kaldt til noko anna...:-) Eg fekk dessutan på meg ei bra regnbyge på veg opp på Dokka. Då vart eg berre endå meir bestemt på å halde farten oppe. God avrivning og ein herleg treningstur...!

mandag 27. juli 2009

Familetur på Nipebu 25-26/7

Viola, Ben, Olaug, Andreas, Peter og meg etter endt tur på Nipebu Sola dukka opp før vi skulle heim Tysk vennepar var med oss på Nipebu i helga 

Sjøv om regnet sila ned, og skodda låg tjukk i fjella lørdagsmorgonen, var det ingen av oss som ein gong rynka på nasa over vèret. Vi la friske og opplagde i veg til Nipebu. Vi, det var Viola og Ben frå Pulsnitz utanfor Dresden, Peter og Andreas (kompis av Peter), Olaug og meg. 4 voksne og 2 katar. Viola og Ben er eit tysk vennepar som vi vart kjende med sommaren 2000, då dei var på ferie i Stongfjorden og budde nedom huset vårt, ved sjøen, i sommarhuset. Sidan har vi helde kontakten. Dei har vore i bygda fleire gonger etterpå. 

Vi gjekk frå Markavatnet ca kl 9.30. Som "turistvertar" har ein sjølvsagt mest lyst å vise fram alle naturperlene våre. Med handa på hjartet kan ein vel ikkje akkurat kalle Markavatnet for det i sommar. Så vanvittig nedtappa som vatnet har vore og er... Men som flittige lesarar av bloggen min, var likevel Viola og Ben klar over tilstanden ved vatnet. (Dei har faktisk lært seg mykje gjennom bloggen min..) Likevel gjorde det sterkt inntrykk å sjå vatnet live.

Meteorologen hadde lova betre vèr utover dagen. Og allereie rett ovanfor brua over elva frå Leknesvatnet, måtte vi til å lette på antrekket. Det var nemleg fin temperatur å gå i, og regnet gav seg heilt. Det er alltid viktig å sleppe ut varme og sveitte frå dampande kroppar... Ikkje minst når det lettar i vèret og alt er klamt... 

I dei flatare partia og myrane før oppstigninga til Krokavatnet, vart skotyet sett på alvorlege prøver. Terrenget var søkkvått. Og over myrane var det overflatevatn. Katane klarte seg bra i gummistøvlar. Verre var det med dei voksne. Ved ankomst Nipebu var det berre underteikna som var tørr på beina. (Gutane hadde sjølvsagt gått seg under). Lørdag var det absolutt ein fordel med gamasjar i tillegg til gode/tette sko... Som alltid er skotyet ei utfordring. Store og tunge fjellsko er lite eignelege når det er varmt i vèret, og underlaget er tørt, som før i sommar. Iallefall når du ikkje skal opp i steinete terreng i alpine soner. Du blir veldig varm og sliten i føtene av fjellsko då. Men når det er skikkeleg vått, er det nesten berre gummistølvar som duger. Fjellskoa skal vere rimeleg nye, eller særs godt vedlikeheldne, om du skal greie å halde deg tørr på føtene over noko særleg tidsrom. Utfordringa på lørdag var dessutan våte steinar, berg og sva. Det er lett å gå på nasa. Så litt ekstra varsemd er påkreve. 

No er stien til Nipebu frå Markavatnet så godt merka og sikra fleire plassar at dette er til stor hjelp. Det har vore lagt ned mykje dugnad på ruta... Spesielt Agnar har lagt ned mange timar her. Det vart litt småpausar på oss oppover. Bildetaking er viktig...:-) Og med så mykje blåbær som det er i liene no, er det vanskeleg å ikkje stoppe. Bæra formeleg skrik etter å bli etne... Og blåbær er visst noko av det sunnaste ein får i seg. Full av antioksidantar (heiter det same på tysk..:-)) 

Ved Krokavatnet tok vi av oss ryggsekkane og fekk i oss litt drikke. Tid for sjokolade for gutane. Dette førte til at neste etappe til toppen av skaret på Fossedalshengenipa gjekk som ein leik! I selskap med kvarandre dansa gutane opp bakkane. Og vi voksne måtte berre henge oss på...:-) Det er flott utsikt mot Nipebu rett nedom skaret på sørsida. For tyskarane var jo dette eit lite "sannhetens øyeblikk"... Og lovorda let sjølvagt ikkje vente på seg. Eg sjølv blir alltid litt "varm om hjarterota" når eg kjem denne vegen og ser ut over dette praktfulle landskapet. Eg høyrer heime her, eller litt pompøst - eg har sjela her..:-) 

Vi kom fram til Nipebu i to, tre forskjellige puljer. Viola som kom sist måtte ta bilder av mykje...:-) Og gutane måtte jo springe når dei såg hytta. Det var ikkje ei sjel der. Og det var berre å velje seg eit rom. Gutane ville sjølvsagt liggje på hemsen. Det var fire dagar sidan sist det hadde vore folk i hytta, så vi kveikte godt opp i omnen. Nipebu er reine luksushytta. Godt utstyrt proviantlager, gasskomfyr, og rikeleg med ved gjer dagane enkle... Vatn må ein sjølvsagt bere. Og ein har fått opp nytt utedo - som no var måla innvendig. (Sikkert Asbjørn eller Agnar som har fiksa den biffen...) Utedo heiter forresten Donnerbalken på tysk..:-)) 

I løpet av kvelden fekk eg tre flotte kjø. Med dobb og mark var jo det ekstra spennande for gutane. Og Peter fekk dra inn den eine. Med sluk var det håplaust både langs land og frå båten. Men kva gjer vel det når fotoappartet heng lageleg til over skuldra... 

Litt seinare ut på kvelden seier Ben til meg at det gjekk ein annan fiskar langs land lenger aust. Mon tru kven det var... Gutane sprang sjølvsagt vedkommande i møte. Ein kjenning frå Askvoll dukka opp. Leif F. hadde vore i Svartetjønna og fiska, og kom til Nipebu for natta. Det kan ofte vere litt spanande kven ein treffer på turisthytter. Men utan unntak kan eg seie at det berre er flotte bekjentskap. Ikkje minst er det kjekt å treffe nye folk med same friluftsinteresser som ein sjølv. Difor er det òg så lett å kome i kontakt med folk. Og Leif er jo alltid ein særs blid og hyggjeleg kar. Vi fekk oss ein minnerik kveld i lag på hytta. 

Eg var som vanleg tidleg opp søndagen. Vakna først i 04-tida, men då var det formeleg heilt mørkt ute. Så eg la meg til igjen og sov ein times tid til. Eg rodde meg deretter ein dorgetur langs land ut i ytste enden av vatnet, før eg tok ei runde innatt i inste enden. Heilt komplett daudt! 10 grader, skodde, blikkstille og litt småyr i lufta, var langt frå idèell forhold. Ikkje eit vak på den blanke yta sa vel sitt... Og i 8.30 veiva Viola frå hytta - og det betydde nok frukost! Eg var kald og ihelsvolten. Og med null resultat å vise til! Heldigvis hadde eg eit par gullkorn på minnebrikka...:-) Oj, det smakte med frukost! Eg kom ut av teljinga på antal skiver - var det tosiffra...? 

Leif er ein gentleman. Har tok likegodt med seg Peter og Andreas, rodde inn i inste enden av vatnet og gjekk opp i Nipevatnet for å fiske. Karane vart vekke i 3-4 timar... Leif er nok ein tolmodig kar. Og akkurat det lyt ein vere når ein har med seg to 9-årige gutar på fisketur med fiskestong og 0.20 mm gøtt... Det kan jo vere ei utfordring for kven som helst, iallefall for 50-åringar som skal knyte knutar i tussmørke...:-( Gutane kom igjen med fire flotte kjø. 

I mellomtida hadde eg fått meg ein liten blund på auga. Viola og Olaug tok kanoen på sightseeing, medan Ben og eg tusla med fiskestanga langs land. Det slo til ein og annan flott fisk på mark. Vi prata om ymist. Det er alltid som musikk i øyra mine og høyre kor viktig det er for turismen at naturen blir teken vare på, og ikkje skusla bort med alt slags utbyggjingar. Det er stilla, det ekte og den personlege kontakten med folk turisten er på jakt etter. (Sjølvsagt er det dei som vil ha komfort. Som vil gasse seg i mat og drikke - Tyskland har over 80 million innbyggjarar). Stongfjorden, Nipebu og naturen ikring her er difor den ultimate ferien for Viola og Ben. Og vèret, som vi er så opptekne av skal vere bra når her kjem turistar, bryr dei seg lite om. Då hadde dei heller reist til Spania er svaret eg får når eg stiller slike spørsmål..! 

Vèret var blitt bra ut på søndagen. Då Leif kom igjen med gutane, fyrte vi opp bål og grilla 11 fiskar i folie. Det er berre himmelsk kor godt kjøa smakar slik med litt salt, pepar og smør opp i. Den smeltar på tunga. Og til og med Peter som er litt sær på fisk (av ein eller annan grunn...:-) åt av hjartans lyst. Vi kosa oss skikkeleg sitjande på benkane nedom hytta i ettermiddagssola.

Damene hadde teke seg av det grøvste i hytta på førehand, og igjen stod berre siste vasken av golv og bestikk/asjett. Så ei stund etter at vi hadde ete, var det klart for avgang Markavatnet. Leif slo følgje inn i "krysset" for ein tur i Svartetjønna, medan vi andre heldt fram den merka stien til bilane. Vi hadde litt småstopp ned igjen for blåbær-eting, sjokolade, drikke, plukking av planter til herbariumet til Olaug og "leik og spel"...:-) Og for Peter og Andreas sin del var det greitt at dei akkurat slo meg som førstemann til bilane..:-) 

Etter at vi var på veg heim måtte eg passe meg vel for ikkje å forlove meg, då Peter og Andreas ville opp igjen snart... "Vi fekk no sjå når det passa seg slek" var jo eit passeleg rundt svar å komme med der og då...:-) 

Fantastiske Nipebu. Du nydelege naturområde. Stille ligg du der... Kor du kan fylle livet med gleder...


Peter og Andreas ville på Nipebu igjen med Leif Follevåg




torsdag 23. juli 2009

Tysk besøk

Skodda på Dokka 19/7 var av det varme slaget. Faktisk vart det kaldare kvar gong skoddedottane forsvann. Spesiell oppleving... Må nesten starte dagens blogg med ein par SMS eg fekk av 9-åringen min i går, på veg til Bergen med Olaug for å besøke Kirsten, søstera til Olaug, nokre dagar. Han har sett på ein serie om akvariet i Bergen på TV og vore oppslukt av dette. Akvariet står difor på programmet i by`n. Første SMS`en kom ganske fort etter avreise. Eg fekk melding om at han kjeda seg i bilen. Eg sende tilbake at han kunne no sjå fram til is på ferja Lavik - Oppedal. Svaret som kom igjen var: "Det har eg på ete lista"...:-) Det gjekk ikkje så veldig lenge før det kom ei ny melding - denne gongen med bilda av meg sjølv og meldinga "Du er flink til å ta bilde men nor du blir tat bilde av so blir det en fiasko" med smileansikt bak... Eg har kosa meg og ledd mykje av denne kommentaren etterpå:-)) Eg hadde besøk av Viola & Ben i fleire timar i går kveld. Dei tok ein tur opp frå sommarhuset ved fjorden. Dei når ikkje i det trådlause nettet mitt der nede... Det er 9 år sidan vi vart kjende no. Og dei har vore her fleire gonger. Veldig kjekt og artig å sjå bilder frå bustaden i Pulsnitz og Dresden der dei begge jobbar. Og "inside information" frå Tyskland... Til helga tek eg dei med på ein overnattingstur på Nipebu. Olaug, Peter og Andreas, kompisen til Peter, blir med òg. Har hatt Viola & Ben med på dei fleste fjell her tidlegare, men akkurat Nipebu er eit nytt bekjentskap for dei. (Vel, nytt og nytt - dei er jo faste lesarar av bloggen min...) Ser faktisk ut til at vèrgudane kan vere med oss òg... Nokre feite, blanke fjellkjø på bålet om kvelden, kan jo bli knas... Det her skal bli kjekt! Sosialisering på høgt nivå...:-) Eg tok meg ein kjapp tur på Dokka i kveld etter arbeid. Regnet hadde gitt seg og temperaturen var såpass bra at eg la i veg i berre shortsen igjen. Det var ganske blautt opp over, og eg vart ganske fort våt. Men kva gjer vel det i sommarvarmen...:-) Oppe mot toppen låg det ein heil del skodde. Det betyr lite, for du er ikkje på toppen før det sluttar å gå oppover...:-) Og ned igjen er det egentleg utfor på begge sider i øverste delen... og SÅ tjukk er sjeldan skodda at du ikkje ser om du trakkar utfor...:-) God trim!

tirsdag 21. juli 2009

Søletur

Motiv over Dalsfjorden frå Dokka 19/7 Det var i grunn berre å gje blaffen i søle, vatn og skit på Hjartåsen i kveld. Etter ein lang periode der alt har vore tørt og fint, er det no blautt og tyngre i terrenget. Men når ein først er tilgrisa, så er det i grunn berre moro med meir. Nett som i barnehagen, eller som med ungane som skal hoppe i sølepyttane. Når eg tenker meg om er det vel noko som heiter gytjebad òg. Ja, og så har vi tyrkisk bad...:-) Dette skal vel ha lekjande funksjonar på reumatisme eller kva det no skal vere... Om ikkje det nettopp var dette eg tenkte på Hjartåsen i stad, så er det jammen godt med ei dagleg dose endorfinar... Det er som å sette kroppen og sinnet i cruisecontrol etterpå...:-))

mandag 20. juli 2009

Sommar og flått

Viola, Olaug og Tora ved sjøen nedanfor huset i går. Viola og Ben serverte nydeleg tysk blåbærkake. Eg er ganske så lei flåtten for tida. I går fjerna eg minst 10 av sorten, og i kveld vart eg vàr fleire som kraup opp etter føtene medan eg køyrde heim frå Rivedal. Ikkje det at eg bryr meg nemnande om Borelia smitte, men bitta klør så forferdeleg etterpå når eg har fjerna krypa. Spesielt om natta då eg må opp og smørje på meir Eurax eller fjerna andre som eg ikkje har fått vekk. Kvar dei kjem frå må no fuglane vite. Eg dusjar med det same eg kjem heim. Men det er nokre livskraftige krabatar dette. Som eit lite eksempel kan eg nemne at hin kvelden brukte eg pinsetten som vanleg, kneip til og fjerna ein som sat fast og skåla den ned i vasken - trudde eg... Men då vatnet forsvann, låg flåtten igjen i vasken og han var minst like livleg som før... Akkurat det var litt sjokkarta...! Eg veit sjølvsagt at eg "skal kle flåtten ute"... Men eg nektar simpelthen å kle meg i vintermondur for den hersens flåtten sin del. Det er sommar og sommartemperatur. Då går eg i shorts! Og ingen flått skal få på meg kle for den sin del! Som sagt var eg ein tur til Rivedal i kveld og gjekk på Stølsfjellet. Må seie at eg hadde bra flaks - for etter at eg hadde sprunge ned igjen, ja, i berre shortsen, opna alle himmelens sluser seg. Det plaskregna! Var like greitt å ta den byga i bilen på veg heim..:-) Ben ser rimeleg nøgd ut etter kaffi og blåbærkake...

søndag 19. juli 2009

Meir vatn

Utsikt frå Eitrenipa i går morgon Det var tid for skikkelege uteklede i dag tidleg då eg tok morgonturen på Hjartåsen i Askvoll. Skodda låg tett allereie over Prestemarka. Og inn Askdalen og opp var den tjukk som graut. I tillegg yra det tett. På toppen tok vestavinden òg godt. Så kan trygt seie at det vart ein frisk morgontur der nede. Etter å ha teke det roleg opp skreiv eg meg inn i boka kl.08.10 og småsprang ned igjen. Litt uvant med alle kleda når ein har sprunge i berre shortsen lenge. Og vart ganske våt av sveitte og kondens. Dette er jo det klassiske problemet med høg aktivitet i dårleg vèr. Let du opp for mykje blir du våt ut i frå. Let du for mykje igjen blir det problem med kondens... Seinare Olaug hadde jobb på Skjærgårdstreffet i dag òg. Så eg køyrde ned til Askvoll med Peter i ettermiddag, slik av vi fekk med oss veteranbilprosesjonen. Etter at det opplegget var ferdig og husmormusikken dundra ut over kaianlegget sa eg til Olaug at eg stakk av. Orka ikkje å gå og stane i folkemølja. Og at eg kom igjen etter at eg hadde vore på Dokka. Problemet var at eg måtte av stad i det eg stod og gjekk i - ei piratbukse og eit par Nike joggesko utan knottar. Det viste seg nesten skjebnesvangert ned igjen den våte kammen. Eg låg og valt som ei gammal purke. Låg langflat eit halvt dusin gonger, og måtte sett ut som eg hadde rømt frå gamleheimen. Steik kor glatt det var på berga og graset i desse skorna... Totalt ubrukelege til anna enn på flate vegen! Etter at vi kom heim igjen var det blåbærkake nede ved sjøen ilag med Ben & Viola. Kjempegod! Dei er veldig gjestfrie tyskarane. Og alltid kjekt å høyre korleis det står til både her og i Tyskland. No får vi håpe det kan bli brukande vèr neste helg. Eg har lovd å ta dei med på ein overnattingstur på Nipebu. Det kan jo bli kjekt...
Fra Dokka 1907

lørdag 18. juli 2009

Tre fjell

Raudlèt på austhimmelen ved Høgefjellet sør om Gjelsvikstølen i dag tidleg Det gjekk ikkje HEILT som planlagt i dag... Meteorologen bomma iallefall ganske kraftig då han melde om sol og fint vèr det meste av dagen. Det var iallefall minimalt eg såg til sola dåeg stod opp i 6-tida. Så det første eg bestemte meg for var å kutte ut Blegja... (Eg hadde nemleg først tenkt på Rørvika/Blegja/Eitrenipa/Nipebu/Markavatnet) Vel, eg køyrde opp til Markavatnet og fekk meg ein fin morgontur opp standardvegen på Eitrenipa. Overskya og flott temperatur til å gå i berre shortsen. Eg hadde pakka sekken og litt klede, samt smurt meg niste for å gå ut på Nipebu der Agnar er. Der i frå halde fram vestover mot Stølsfjellet til Rivedal. Vel, no gjekk det ikkje slik heller. For då eg kom opp på toppen såg eg regnbyene komme i Guddalsfjella sør om Dale. På Atløyna var det tjukna heilt til. Og medan eg sat der oppe kom dei første regndråpane... Eg var verken innstilt på, eller utrusta til, fleire timar i regn, så det var berre å bite i det sure eplet å returnere til Markavatnet. Den eine bitre pilla å svelgje vart etterfølgt av nummer to, då vèret vart mykje lettare allereie før eg var komen heilt ned igjen. Dette var visst ikkje heilt min dag... Eg reiste iallefall heim igjen. Og vart møtt av eit overraska blikk av fruen i kjøkkenglaset då eg svinga inn på tunet... Men eg var ikkje heilt innstilt på å sitte ved ein benk nede på Skjærgårdstreffet. Solbrillefaktoren var for låg...:-) Så etter ei stund drog eg avgarde på eit nytt raid og tok med meg Dokka på den vanlege ruta. Herleg! Same fine temperaturen og overskya som i føremiddag. Perfekt i berre shortsen. Ikkje for heitt og ikkje for kaldt når eg helt speeden oppe. Og etter å ha sprunge ned igjen frå Dokka, tok eg med meg Stølsfjellet i Rivedal òg. På same måten. Det vart jo ein nydeleg dag egentleg. Berre så synd at eg lèt meg lura av regnbyga eg fekk på meg på toppen av Eitrenipa. Men aldri så gale at det ikkje var godt for noko - for no fekk eg jo med meg tre fjell...:-)) Denne furua søkjer ly for vèret ved å krype etter berget
Fra Eitrenipa 180709
Graset er som ei seng av silke...

fredag 17. juli 2009

Kjekt å springe

Morgonstund i bygda. Det blir nok ein fin sommardag. Siste rest av skodde skin i morgonsola på Skålefjellet i dag tidleg... Planen var å gå på Dokka etter at eg kom heim frå jobb i dag. Men først og fremst eit påkomande barnevakt-oppdrag for kvelden og at Olaug var oppteken på aktivitetsdagen på Øyra, gjorde at eg nøgde meg med Hjartåsen. Dessutan var det fint å kunne springe etter ein dag i ro med heimesysler i går. I morgon får vi sjå om det ikkje blir noko lenger opplegg. Løyvet er innvilga og planen klar - så spørst det på vèret og kva klede som må til. Det kjekkaste er sjølvsagt å GÅ med minst mulig og ha MED seg minst mulig...:-) Får ta ei vurdering i morgon tidleg...

onsdag 15. juli 2009

Lett trening

Nei, bildet er ikkje frå Middelhavet, men frå Follevåg 2/7... Flya vi ser merka av på himmelen var gjerne på veg til Syden...:-) Etter at det kom ei skikkeleg tòrebyge med påfylgjande plaskregn, klårna det heilt opp seint i ettermiddag. Eg tok meg difor ein lett og rask treningstur på Hjartåsen i Askvoll. Trass i at forholda var ypparlege med "ny frisk luft", var det ikkje ei sjel å sjå... Det er av ein eller annan grunn lettare å puste når lufta er "bytta" ut... Reine reinsinga å få ei god rotbløyte. Som om skogen og vegetasjonen pustar letta ut etter tørken. Ja, til og med sysvorta var begynt på sine melankolske strofer igjen. Eg har ikkje høyrt fuglen synge på vekesvis. Trur verken folk eller natur her på Vestlandet er skapt for mange og tjue grader, sol og tørke i fleire veker i strekk... Iallefall ikkje brønnane og graset til bøndene. Det går veldig lett på fjellturane om dagen. Utfordringa no er sjølvsagt å halde motivasjonen ved like når det ikkje lenger er noko særleg å bryne seg på her i nærområdet... Hadde jo vore artig med nokre 2000 meters toppar då - med start på null...:-)

tirsdag 14. juli 2009

Gamalt gjensyn

Ved lagunane under Leknesvatna 2/7 (ein kan bli religiøs av mindre) Då var gamle kjenningar frå Tyskland på plass ved sjøen. Viola og Ben vart vi kjende med for fleire år sidan. Og vi har helde kontakten. Dei har komme tilbake til Stongfjorden fleire gonger. Eg har hatt dei med på dei fleste fjell her tidlegare. Noko dei har sett stor pris på. I år vil vi ta oss ei helg på Nipebu òg - truleg neste helg. Dei blir her 3,5 veker! Kjekt gjensyn... Sidan det vart dårleg med fjell i går - lysta uteblei i lag med skodda og regnet - gjekk eg like godt opp både på Dokka og Stølsfjellet etter middag i dag. Flott vèr og plankekøyring. Kneet er heldigvis (nesten) heilt fint igjen, og forma er upåklageleg. Hadde det ikkje vore for at Viola og Ben stakk oppom hadde eg nok teke med Hjartåsen i same raidet. Virkar som det er bra med litt pause inn i mellom... No får vi berre sjå an vèr og vind framover kva fjelltoppar det blir til. Vèret blir visst sånn comme ci comme ca...

søndag 12. juli 2009

Gode ord

Bilde frå sjøtur 4/7. Fri som fuglen... Etter at regnet styrta ned i går kveld, låg det mykje skodde igjen i fjella her i dag tidleg. Naturen skreik etter regn. Det spørst likevel om styrtebya var nok. Eg tok meg difor ein ferievri i dag tidleg - og gjekk å la meg igjen etter frukost..:-) Var difor hinsides, i svimeland, då eg vakna igjen. Og det tok si tid å få vekk navlerusket...:-) Men eg tok meg i hop og kom meg avgarde ein tur på Hjartåsen - i det minste. Det låg ein del skodde på toppen der nede òg. I tillegg duskregna det litt oppover. Eg valde å gå utan klede. Så varm og tett som lufta var. Ja, det var reint klamt i vèret... På toppen traff eg Velaug og Turid. I skoddeheimen der oppe vart vi sitjande å prate nokre minuttar. Atte på alt fekk eg eit kompliment! Det har sete i resten av dagen... Og er no godt gøymd...:-) Etter å ha sprunge ned igjen, traff eg på Gunnar A og Roald N ved bilplassen. Vi vart ståande å prate litt om laust og fast. Klima og miljø... Fin sosialiseringsrunde dette...

lørdag 11. juli 2009

Morgon på Eitrenipa

Vigdis etterfyller væske før skaret opp på toppen... Vigdis slo følgje med meg på Eitrenipa i dag. Det er lett og godt selskap i henne. I tillegg er ho rimeleg rask på foten. Slik sett er det ikkje så mange som det høver å gå i lag med, verken for henne eller meg...:-) Vi gjekk opp standardvegen i tørt og fint terreng. Eg i berre joggesko. Og hadde ein lett tur opp på toppen. Vi var framme der i 9.30 tida. Takk for turen Vigdis - det var både kjekt og sosialt...:-) Seinare Jammen vart det til at eg tok med meg Stølsfjellet i Rivedal òg i dag. Vart ståande lenge å prate med eit par oppe ved demningen. Det viste seg å vere Turid R som eg ikkje hadde sett sidan eg gjekk ut av ungdomsskulen. Merkeleg nok kjende vi kvarandre igjen begge to... Kanskje har ein ikkje forandre seg så mykje likevel på alle desse åra... Det er kanskje eit kvalitetsteikn...:-) Vel, vi seie det slik!
Fra Eitrenipa 110709

fredag 10. juli 2009

Kald avrivning

Dalsfjorden, Holmedal og Straumsnes frå Dokka i ettermiddag Utsikt mot Askvoll og Atløyna frå Dokka i ettermiddag Eg ville ta det heilt piano på Dokka i ettermiddag. I staden vart det ein kamp med å halde varmen. Ein isande kald nordvest vind gjekk gjennom marg og bein. Og eg hadde ingenting på meg - utanom kortebuksa... Det var sjølvsagt alt for lite. Temperaturen har visst gått ned med 10-15 grader frå forrige veke. Det er betydeleg oppe i fjellet... Eg prøvde å halde meg mest mogeleg i lesida på fjellet. I dag vart jo det på sørsida. Men så eksponert som kammen er for alt slags vèr og vindretningar, var jo dette ei nokså nytteslaus oppgåve. Det beste var difor å gje godt på oppover. Noko problem var det sjølvsagt aldri med å komme seg både opp og ned, sjølv om vinden beit i skrotten. Det vart no fin mosjon ut av det...:-) Eit sidesprang frå jobben i dag: Det vart snakk om svineinfluensa og at det stort sett berre var yngre som fekk det. Eg spurde difor om ikkje gamle grisar fekk dette - svaret frå Sara var jo greitt - eg var immun...:-))

torsdag 9. juli 2009

Som ein foss

Fossen frå Leknesvatna 2/7 Eg hadde seinvakt i dag og var ikkje heime igjen frå jobb før i 18 tida. Olaug var gått på Eitrenipa ilag med Alice. Men sidan dei kom ganske tidleg ned igjen, og Marie måtte hentast etter seinvakt i Askvoll, vart det tid til ein rask tur på Hjartåsen. Det gjekk så lett oppover at eg berre fekk lyst å pøse på. Så eg la til det eg hadde opp bakkane. Nesten sprang opp bratta... Gosj - det gjorde godt. Og ned igjen bommma eg på eit par av svingane på grunn av farten. Eg måtte le høgt etter å ha havna langt ut i lyngen. Og lo springande så fort eg torde resten av vegen... Så tørt og fint som det er i underlaget no er det berre å gje på. Og Inov8 skoa sit som støpt på kva det skal vere...! Smertene i kneet kjende eg lite til! Skikkeleg moro og kjempegod trim...:-))

onsdag 8. juli 2009

Stemningar i parken

Ein kort spasertur gjennom parken i Førde i dag tidleg... Jobben ventar - inne... MMS-bilete. "Ein skal aldri klaga og kyta..." Det vart ein svipptur på Stølsfjellet i kveld likevel. Klarte ikkje å dy meg. Eg har hatt det betre - for å seie det slik. Det er i grunn verst å sitte i ro, kneet stivnar til på ein måte, klassisk det... Eg får sjå det an i morgon òg, hvis det er verre blir det pause... Inga bønn!

tirsdag 7. juli 2009

Tørt og lett

Ved Fossedalsvatnet på turen Fossevikja/Blegja/Hestad 28/6. Vi ser Eitrenipa midt i bildet og Nordre og Søndre Kringla. Strekte truleg eit leddband i kneet etter eit fall på Dokka søndag. Tenkte ikkje så mykje meir på det der og då, sjølv om det gjorde vondt og eg ikkje likte lyden som kom av kneet då foten vart pressa for langt bakover. Men slik er det ofte - det blir verre etterpå. Eg tok det difor heilt piano i går. I dag greidde eg ikkje å halde meg, men gjekk opp igjen akkurat same ruta på Dokka. Verste verken gav seg då eg vart skikkeleg varm, og eg greidde greitt å springe ned igjen... Så no kryssar eg fingrane at det ikkje skal bli meir plunder. Problem med knea har eg hatt nok av... Elles var det ein flott kveld. Heilt klårt, men litt vind. Akkurat passe til å gå i berre shortsen igjen. Det er ikkje same kvelande varmen som forrige veke, takk for det, men framleis veldig fint på kysten. Det er ofte finare her enn i innlandet om sommaren. Vi slepp som regel ettermiddagsbygene. Turen opp og ned gjekk radig som vanleg. Og er vel ikkje så mykje å seie om. Kjekt å sjå alle sauene som går oppe ved Dokka no. Det gir liv. Det går elles veldig lett om dagen då det er så tørt i bakken. Klar fordel med tørt underlag, lette sko og lite klede...Og flugene har teke fellesferie. Gøy rett og slett...:-))

søndag 5. juli 2009

Perfekt temperatur

Holmedal og Straumsnes dukkar opp frå tåkehavet på Dokka i dag tidleg Livet på stranda i går med alskens godsaker, og solid heimelaga pizza til kvelds, gjorde utslag på forma i dag. Kanon! Sidan Olaug skulle på Blegja med Velaug og Turid klokka 12, heldt det fint at eg nådde oppom Dokka i Holmedal først, deretter Stølsfjellet i Rivedal og Hjartåsen i Askvoll. 3 fjell før lunch! Med start i Holmedal klokka 07. Det var super temperatur å gå i berre shorts og joggesko. På Dokka var det rett nok ganske tjukk skodde omlag halvveges opp, men det betydde berre at utsikta mangla. Litt skoddetrekk var det, men eg heldt akkurat varmen med god fart opp. Suverent. Og ned igjen sprang eg som vanleg. Deretter var det til Rivedal. Same procedure... Berre at her var skodda letta så det var litt sikt. Så gjekk turen til Hjartåsen. Herlege tur opp her òg. Lett... Så tørt og fint i terrenget og kjempeflott å springe ned igjen. 3 fjell unnagjort og eg var heime igjen 11.30! God dagsform...
Fra Dokka_Stølsfjellet_Hjartåsen 050709

lørdag 4. juli 2009

Soloppgang på fjorden

Morgon ved Smelværet Eg får seie som Arild sa for litt sia: Kor er Ole Lukkeøye blitt av... Olaug kom igjen frå tur på Høgeheia kl 00.30 der ho, Anne og Magni skulle nyte solnedgangen. Så vakna Peter. Tisse og tørst... Varmt på soverommet og full pakke! Litt før 04 stod eg opp, laga meg frukost og reiste på sjøen for å få med meg soloppgangen og prøve morgonbettet. Soloppgangen i morgondisen i aust var nydeleg. Ny dag. Ulevd... Og egentleg likar eg betre soloppgangen enn solnedgangen! Eg har vel kanskje nemnt det før, men soloppgangen er på ein måte framtidsretta, medan solnedgangen er eit symbol på fortid. På ein måte, tykkjer eg. Sjølvsagt er solnedgangen fin, det er ikkje det eg meiner, men den er melankolsk, nostalgisk. Soloppgangen derimot er positiv og optimistisk... Det var det filosofien då...:-) Fisk vart det ingen ting av ute på Hollevika. Trur eg har gløymt korleis det er å fiske. Eg prøvde med alle slags greier. Men noko småtteri som forsvant ut att i var alt som var. Så miste eg lysta på heile greie, og surfa heller rundt ute i Smelværet i staden og tok nokre bilder. Eg var i land igjen i Stongfjorden allereie i 10-tida. Og sidan har det blitt Stangfjæra og bading. Slaraffenliv. Og ingen fjell... Ja, ja like greitt. Eg har jo vore både tilgjengeleg og sosial. Ikkje verst berre det...:-))

fredag 3. juli 2009

Sjøanemoner og sydenstemning

Eg tok bilder av nokre blautdyr på Heggøyna i går og lurte på namnet. Eg sende inn bildet og spørsmålet på Origo. Og guruen inne i fjorden, Arild Gjervik, kom med svaret. Det er ei anemone. Og ein Hesteaktinie. Tentaklane kjem fram når floa dekker anemona med sjø igjen. Det var første gongen eg brukte makro innstilling på kameraet. På frihand... Interessant! Det bryr meg egentleg ikkje så mykje at deler av plenen ser ut til å bli svidd vekk... Eg veit at graset kjem igjen... Det blir straks verre hvis brønnen går tom! Difor slepp eg å vatne plenen. Og difor slepp eg å slå han òg. Ja, og i tillegg slepp eg å vaske bilen. For brønnen kan jo ikkje gå tom...! At bøndene ber til regnguden om dagane får heller stå si prøve...! Det har vore ein ny og praktfull dag på kysten. Peter reiste på Grimelia til Andreas. Eg sjølv har lege i fjæra til eg vart både svimen og sløv. Sidan søkte eg i hus og skugge, før det igjen vart leveleg på altanen. Men til slutt vart eg så lei av å sitte i ro at eg gjekk på Dokka. I berre shortsen sjølvsagt. Var ikkje tenkt nokon stad i varmen i dag. Likevel gjekk det flott opp kammen, sjølv om sola steikte meg midt i fleisen. Heldigvis var det antydning til trekk lengst oppe mot toppen. Då eg heldt på å renne vekk omlag midtveges oppover, gjekk sirena - på isbilen nede i Holmedal. Det var litt morsomt... Eg var i stuss om eg hadde valt isen eller kjølerommet på bilen hvis han no stod rett framfor meg. Nesten som ein hallusinasjon i ei ørkenvandring, der ein brått ser ein oase framfor seg som eit skjelvande speglbilete oppe i lufta. No, so gale var det ikkje med meg akkurat. Lyden av isbilen var reell nok, og gutsen min var det ingenting å seie på... Men jammen hadde det smakt med ein is - aller helst ein softis frå kroa - for den er utan tvil best...:-) Og i morgon er det påan igjen. Nesten ikkje spanande å sjå ut av soveromsvindauget om morgonen lenger. Akkurat som i syden. Steikande sol og høg temperatur... Kanskje er eg (berre) litt einig med bøndene likevel... Som vestlending er ein jo ikkje van med det her. Ja, kanskje hadde det vore bra med eit par dagar med regn. Iallefall no når eg skal på jobb igjen...:-)

torsdag 2. juli 2009

Super sommar

Eimind og Eitrenipa i dag. Peter og pappa kosar seg... Sidan det var torsdag idag, var Olaug heime. Så vi tok ein båttur i føremiddag til Heggøyna og Eimind. Det var blikkstilt då vi reiste utover. Og på austsida av Heggøyna var det så gloande varmt i sola at det nesten ikkje var verandes. Etter ei stund reiste vi difor inn på rullesteinstranda på Eimind, der Peter fann eit eldorado av byggjemateriale... Suksess! Men Peter vart etter kvart selskapssjuk. Så då vart neste stoppestad fjæra i Stongfjorden. Her var det andre ungar å leike med. Eg tok meg ei runde på fjorden og prøvde makrellen, men det var fullstendig nyttelaust. Så eg reiste heim på altanen, med skugge innan rekkevidde! Etter å ha slappa av ei stund, vart eg likevel rastlaus. Så eg tok ein tur på Eitrenipa. Gledeleg var duren, av fossen og elva frå Leknesvatna, som møtte meg ved Markavatnet. Den sa meg at SFE no tappa ned Bjørnastigvatnet og køyrde vatnet ned i Markavatnet - som igjen med tid og stunder ville bli fyllt opp igjen etter den vanvittige nedtappinga i sommar. Sjølv om fossen og elva var flotte då eg kom opp, er det jo ikkje heilt "ekte vare" - hvis du forstår kva eg meiner... Forundra vart eg òg av mangel på fluger i ettermiddag. "Sporløst forsvunnet"! Uforståeleg... Glede nummer to på denne turen. I dag hadde eg på førehand blanda med meg XL-1 i ei flaske som eg tok med i rumpetaska. Om det var drikke som gjorde at det gjekk betre i varmen i dag, eller om det var kokkehua eg jamnleg bada i kaldt vatn og hadde på hovudet, veit eg ikkje. Hadde iallefall mykje å gå på då eg kom ned igjen. I motsetnad til i går då alt var tomt...! Kjempe...:-)
Fra Sjøtur 020709
Fra Eitrenipa 020709

onsdag 1. juli 2009

Kvelande varmt

Stølsfjellet i føremiddag Eg tenkte på turane på Eitrenipa i vinter då eg gjekk opp bakkane på Hjartåsen i kvelande varme i dag. Kva tilhøve var egentleg best å gå i...? Sjølvsagt ei umogeleg spørsmålsstilling, men likevel... Med sekken full i ull og kledd som ein andekylling i dun for ikkje å fryse forderva då - til rennande sveitte i berre shortsen no! Så klamt og sveitt og vanskeleg å puste at det nesten var som om føtene nekta å bevege seg meir.. Tanken slo meg òg om då eg låg på ei strand i Tyrkia ein sommar og lengta til vinter på Toreheia. Og kom vel i hug at på same vinterturen ved varden på Toreheia, gledde eg meg veldig til Tyrkia og turen eg nettopp hadde bestilt... Artig! Slik er vel livet. Den største gleda ein har er vel å ha noko å glede seg til. Og når tida har gått litt hugsar ein gjerne det positive og har fortrengt det negative! Viktigaste lærdommen må vel vere å glede seg over livet der og då... Ein skal no på ingen måte leve noko meir ein gong i framtida enn akkurat no heller... Nei, dette får vere dagens vesle filosofiske betraktning - det er så mykje ein filosoferer over når ein går åleine på tur...:-) Turen på Stølsfjellet, etter at eg leverte Peter på fotballskulen, var iallefall meir behageleg. Med skugge i brattaste partiet over Nigardsstølen, var det reint behageleg å forsère opp bakkane. Og på toppen var det ein liten trekk i tillegg. Men etter at desse to fjella i Rivedal og Askvoll var i boks, var det rett på Coop`en å kjøpe seg to halvliterar med Cola. Ja, eg skeia skikkeleg ut med ein melkesjokolade òg...:-)
Fra Stølsfjellet_Hjartåsen 010709