mandag 31. mai 2021

Talte maidagar

Så var denne mai historie òg. Flotte dagar med fint vèr. Tidleg sommarstemning. TiTur Dalsfjorden 2021. Og fjelltrim. Så då har eg samla nokre bilder frå mai. Lagt til som eigen link på bloggen med dei andre månadane. No er det berre å håpe på ein flott juni. Og ikkje minst at vi slepp unna meir av denne pandemien som i altfor lang tid har prega så mykje av kvardag og helg. Heia juni 😃😃


søndag 30. mai 2021

Fine maidagar


Liavika




Vågen


Etter ein tur til Dale og Dalstunet i går med reine familietreffet, gjekk Olaug, Peter og eg ein tur på Blåfjellet heime frå. Oppe i bakkane traff vi eit heilt følgje som skulle på overnatting. Fleire vaksne og unger. Flott å sjå. Disen som låg ute i havet i går ettermiddag seig seinare inn fjorden. 

I dag tok vi oss ein tur på Stavensodden. Parkerte ein bil i Vågen. Køyrde deretter til Holevika og gjekk på Høgeheia. Her traff vi òg folk. Både på veg opp og ned. Litt disig i dag òg. Men veldig tørt og fint å gå i joggesko. 

Turfolk på Høgeheia i dag

ds

Vi gjekk så vidare til Lia og Liavika. Tok oss ein fin liten pause ved steinstranda nede ved fjorden før vi gjekk aust til Vågen. Deretter til Holevika igjen etter hin bilen. Flotte og kjekke turar her heime i nydeleg vèr.  

Foto Høgeheia Lia Liavika Vågen 300521



fredag 28. mai 2021

Null fjelltrimpoeng...😊

Ved Ytrevågefjellet med sikt til Alden i dag...

Heim igjen til Yndestad

Ytrevågefjellet

Etter at eg hadde fullført TiTur Dalsfjorden forrige lørdag, fekk eg litt motivasjonsproblem med å gå tilbake til dei vanlege fjelltrimpostane som eg har vore på mange gonger før. Rett og slett litt lei. Ok - eg har vore utom Blåfjellet via Skylefjellet eit par gonger heime i frå. Mest for å halde koken. 

I dag valde eg såleis den fantastiske ruta frå gruvene i Vågane til Ytre Vågefjellet. Og via Toreheia og Yndestadhøgeheia heim igjen. Trur det kan vere fornuftig å endre litt på kosthaldet no og då. Det blir fort kjedeleg med berre kjøtkaker og pizza... 

Tørt og fint opp bakkane, over fjellet og heiane. I joggesko og tights. Litt havgule og skoddedis ute i havet, så ok med ei trøye i reserve. Flott trimtur - og null fjelltrimpoeng...😎

Stongfjorden
Mobilvideo:


fredag 21. mai 2021

TiTur Einingsfjellet & Langeneshovden

Fin utsikt mot Alden frå Einingsfjellet

Våge

Holmedal og Straumsnes - 
Andalsvik t.h.

Mot vest....

ds 

Så var turen komen til hi sida av fjorden med ferja til Fure og turane til Einingsfjellet og Langeneshovden. Begge greie å ta på "same runda" sidan dei ikkje er spesielt lange. Sistnemnde var eg på i fjor. Medan Einingsfjellet var eit nytt bekjentskap. Felles for begge er ei strålande utsikt - spesielt mot vest og nord. I dag i praktfullt vindstille vèr (sjå foto). Einingsfjellet gjekk eg frå Våge. Og ruta var godt merka. Medan Langeneshovden, som skissert i TiTur-appen til DNT, frå Andalsvik. Topp merka. Og fantastisk lagde trappetrinn av stein midtveges opp!

I dag var sjølvsagt vèret på mi side. Så begge turane gjekk eg lettkledd og i joggesko. Litt vått enkelte plassar. 

Fullført runde med dette. Sjølv om det sikkert blir fleire turar på somme av dei 10 turane. 

Foto Einingsfjellet & Langeneshovden 210521

torsdag 20. mai 2021

TiTur Torvevatnet

Fossen frå Botnavatnet -
stien går opp t.h. og over ei bru på toppen.

Slettelandsstølen - 
godt merka sti heile vegen til Torvevatnet

Slettelandsstølen oppe t.v.


Spegelblankt på Botnavatnet 


Posten ved Torvevatnet nede t.h.

I dag tok eg køyreturen til Dale og vidare til Steiestølen. Parkering ved Røde Kors hytta. Spasertur opp den private vegen til Slettelandsstølen, over elva her det er skilta, og så vidare austover sørsida av Slettelandsvatnet. Her er det godt merka sti heile vegen til Botnavatnet og Torvevatnet. I dag ganske så vått mange plassar grunna snøsmelting og nedbør. Vasstette sko er absolutt å føretrekke framfor joggesko! Vèret var grått, men vindstille. Ikkje rare temperaturen. Turen tek omlag ein time i moderat gange frå Røde Kors hytta. 

Ekstra kjekt å gå langs tre så flotte vatn med elvar og fossar som ikkje er utbygde! Området elles er ein idyll med flotte hytter og stølshus. Ein kjekk morgontur. Tek gjerne turen igjen i flott sommarvèr!

  

mandag 17. mai 2021

Hipp hipp hurra for 17.mai på Atløyna


Traff jølstringar på Atløyna i dag - 
Nina Knutson og Terje Halland er ivrige fjelltur-entusiastar

Skredvarden-selfies...

Alden sett frå Skredvarden

I dag vart det 17.mai tur på Skredvarden på Atløy. TiTur Dalsfjorden post ute mot havet. Den raskaste ruta opp frå ferjekaia i Gjervika i aust. Såleis at vi kunne sette att bilen i Askvoll. Og ha noko av dagen heime òg.  

Atløynipa, Såta og Skredvarden sett frå ferja i dag - 
Sauesundet t.v.

Dei par siste åra har eg gått litt ymse ruter på Atløyna. Som oftast på Skålefjellet og Atløynipa i tillegg til Skredvarden. Her er mange andre ruter å velge i òg. Men favoritten er kanskje å gå frå Brurastakken via Skålefjellet til Skredvarden og vidare over Såta til Atløynipa. Med retur til Eidet. Eller frå Eidet over dei same fjella og til Brurastakken. Det krev litt meir logistikk og tid enn å gå frå Gjervika til "berre" Skredvarden som vi gjorde i dag. 

Vèret var delvis skya, ein del sol, men ganske kjøleg oppe ved toppen då sola forsvann. Søraustleg trekk. Ruta opp var tørr og fin. Eg gjekk i fjelljogge-sko.

Gjervik og Askvoll 

På veg ned igjen traff vi først eit Jølster-par eg kjenner frå FB. Dei med flagg i sekken og godt humør. Vi slo av ein hyggeleg prat i bakkane nedanfor toppen. Litt lenger nede kom to bilde jenter oppover. Dei kjende eg ikkje. 

Elles passa vi av tida på toppen og ned igjen til 13.55 ferja. Greitt soleis at det er bra med avgangar på ferja til Atløyna. Men kanskje det blir andre bollar med tur-besøk og turistar her ute når brua kjem. For som nemnt fleire gonger før på bloggen min så trivst eg veldig godt å gå i fjellet her ute. Supert merka stiar, panorama-utsikt og lett og oversikteleg terreng. Flott bebyggelse, velstelte bøar og hagar. Ja, og så havet og øyane då.... Så hipp, hipp hurra for Atløyna 😍

  

Foto Gjervik & Skredvarden 170521 

Atløy 170619

Atløy 270619

Atløy 020819

Atløy 210420

lørdag 15. mai 2021

Tørt og fint på heimebane

Klassisk frå Rinda

Toreheia i midten bakerst - 
Yndestadhøgeheia t.h.


I dag vart det springing over heiane heime. Opp til Rinda og vidare til Skylefjellet, Blåfjellet, sørsida av Mangevatna og til Yndestad igjen. Tørt og fint. Flott vèr - litt sol og litt trekk. 

Eg fekk meg elles ein god prat Harald Stang, naboen i aust, oppe i bakkane. Han på veg ned etter tur på Blåfjellet. Eg på veg opp. Ja, for i dag vart det ettermiddagstur på meg i staden for morgontur. Måtte bistå med forskjellig vask, styr og stell heime først. Det er visst 17. mai helg... 

Det har vore mykje besøk på TiTur posten på Blåfjellet i Grimelia i det siste. I dag òg. Og det sat ein heil flokk med folk der ute når eg kom aust frå Skylefjellet. Herleg kortreist trimtur heime. I det flottaste terreng vi har. 

 


fredag 14. mai 2021

På gamle tomtar

Fin utsikt frå Flekkenipa

Etter eit støttekontakt-oppdrag i Førde på nokre timar i dag, tok eg turen til Flekke for å gå på TiTur-posten på Flekkenipa. Start ca 1 km aust om sentrum ved ei utkøyring der det er god parkeringsplass. Her står det skilt til Nipa og Flekkestølen. 

Det er godt merka og god sti heile vegen til posten. Til å begynne med på anleggsveg i høve den nye kraftledningen til Lutelandet. For det meste tørt og fint terreng. Delvis noko bratt. Flott utsikt til Flekke, Flekkefjorden og fjella i Askvoll frå toppen! 

Etter dette køyrde eg til Dale igjen. Opp mot Dalsåsen til der demma til vassverket stod. Som no er riven. Men i staden for å gå til Torsetgjerdet om Torset, gjekk eg den gamle vegen aust om elva og opp gjennom granskogen. Bra sti. Men her er det ikkje merka. Etter kva eg forstår går TiTur-merkinga om Torset. 

Torsetgjerdet - 
ja, det budde folk her òg...

Eg gjekk mykje i desse traktene i yngre dagar. I dag kjendest turen til Torsetgjerdet mykje kortare ut enn då...

torsdag 13. mai 2021

TiTur-posten ved Siklabergvatnet

Posten på TiTur Dalsfjorden ved Siklabergvatnet i dag


Morgonskodde i Holmedal - 
parkeringsplassen ved vassverket mot høgre

Bakkestølen -
ruta føl opp bakkane i midten

Siklabergvatnet

ds


Ein matbit ved Tveit/Hålandsstølen

I dag gjekk Olaug og eg den flotte turen til posten på TiTur Dalsfjorden ved Siklabergvatnet i Holmedal. Frå vassverket i Holmedal og via Boge/Kleppenesstølen, Bakkestølen og opp til vatna vest av Hekkelfjellet. Returen ned mot Fagredalen. Så vidare til Hålandsstølen og Vikastølen. Og vegen ned til parkeringsplassen. 

Siklabergvatnet har alltid vore ein av mine favorittplassar. Sentralt som det ligg til i fjella med mange stiar og toppar ikring. I tillegg passerer DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu her. 

Motiv ved elva frå Siklabergvatnet

Flott morgonsol i dag. Men noko skodde ved Dalsfjorden. Skodda såg ut til å ligge rundt Straumsnest det meste av dagen. Medan vi hadde nydeleg vèr heile tida. Nesten heilt vindstille. Ja, vi gjekk faktisk berre i T-skjorte og joggesko heile turen. Litt vått somme plassar ned frå vatnet til Fagredalen og mot elva som kjem ned dalen. Tørrare i lendet via stølane på hi sida. På Tveit/Hålandsstølen hadde vi oss ein liten pause og ein matbit. 

Godt merka og nydeleg rundtur i Holmedal dette. Supert!

Foto Siklabergvatnet 130521

Det vårast til fjells òg...


onsdag 12. mai 2021

Rivedal-trim

Vardenova sett frå DNT-ruta sør for Nyksvatnet
Midt i fjellet ser vi ruta opp skåra på framsida.

Og her ruta ned motsett veg - 
DNT-traseen føl hamrane eit stykke over vatnet på sørsida

Morgonturen i dag gjekk til Rivedal igjen. Så opp kraftvegen frå parkeringsplassen der mange av turane og rutene her startar. Deretter over myrane vest om Lisetstølen og opp bakkane under Røyrbotnholten. Her koplar ruta til Vardenova seg på DNT-ruta til Nipebu eit stykke austover. Så avstikkaren frå den T-merka traseen aust om Nyksvatnet, og opp den stolpe/varde-merka ruta til toppen av Vardenova. 

Litt vått over myrane i dag. Men no ligg det berre nokre få snøfonner igjen i nordhellinga mot Nyksvatnet. Vèret disig og delvis skya. Men god temperatur og nesten vindstille. 

Nyksvatnet - Skålefjellet t.v.


Etter å ha toppa ut gjekk eg fram på kanten av fjellet i nord og kikka ned mot Svelivatna, Botnastølsvatnet og Osland. Svelivatna var eit sørgeleg syn. Fullstendig nedtappa. Her har heller ikkje SFE noko krav til minstevassføring!

Svelivatna fullstendig nedtappa
(det ser faktisk verre ut når ein kjem lenger ned og ser begge vatna)
Fjella er frå venstre Moldura, Skålefjellet og Toreheia m.m.

Returen tok i dag ned den bratte skåra på framsida. Den er no snøfri, tørr og fin (sjå foto øvst). Deretter same vegen til Rivedal igjen. Fin morgontrim! 

Stølsfjellet i Rivedal




tirsdag 11. mai 2021

April i bilder

Klipp frå april månad

Kjekt med ein hare...

Eit heldig glimt av sol på toppen....😄

Glimt av sol skin på grøne bøar i Skorvemarka i dag

Frå oppstigninga mot vest - lite grønt endå...
Nipebu-ruta går lenger nede

Flott morgontur opp framsida på Markahengenipa i dag. No er det berre att eit par blaute snøfonner i brattaste skjeringane under toppen. Litt vått på hamrane somme stadar. Men heilt grei tur opp. Om du er spesielt redd for sug i magen og litt klyving anbefalar eg heller Nipebu-ruta. Den tek berre nokre få minutt lenger. Denne ruta tek av frå Nipebu-ruta rett nord for Fossedalshengenipa. Det er både skilta og merka ut til toppen. 

Elles var det frisk og mild synnavind der oppe i dag. Meldingane for vèret var vel betre enn det vart... Stort sett skya, men nokre glimt av sol. 

Artig oppleving å få sjå både rype og hare i dag. Hare er det lenge sidan eg har sett. Og eg fekk sjå han lenge òg. Den farten! Fullt firsprang opp att fjellet mot sør då eg var på veg ned igjen hamrane. Men feste han på minnebrikka vart det ikkje tid til. Diverre. Flott morgonsyssel....😎

Foto mobil Markahengenipa 110521

mandag 10. mai 2021

Over heiane heime

Med turbinar i synsranda....

I tillegg til fjelltrimpost er det no TiTur post på Blåfjellet


Tilbake på ruta til Skylefjellet og Blåfjellet i dag. Før regnet kom. Delvis skya og nesten vindstille. Tørt og fint oppe i bakkane. Endå lite fugleliv å sjå. Og landskapet er framleis godt "haustfarga"... Men fisken vaka i vatna. Etter meldingane å dømme er det no varmare vårvèr på gang. Heldigvis! 

Alltid like kjekt å fare over heiane her heime.  

fredag 7. mai 2021

Morgonstemning på Markahengenipa

Morgonskodda lettar ved Eitrenipa


Fossedalshengenipa

Skorvemarka

Dagens på Markahengenipa

Det ligg endå litt is ved toppen -
også på Nipevatnet og Langevatnet ved Nipebu