fredag 28. juli 2023

Rydding kratt

P.S. Artige hender! Men det er Peter si hand t.h.😅


Kjekt Ă„ fĂ„ Peter heim igjen frĂ„ Mallorca og til rydding av kratt pĂ„ rĂžysa. Og takk for gode vaflar servert av Marie. Flott dag pĂ„ Yndestad! 


 

TiTur Østenstad




Tidlegare innlegg frÄ 3.mai som ikkje er publisert.

Den gamle Ăžydegarden Østenstad langt oppe i Vonaskogen i Dale er ĂČg post pĂ„ TiTur Dalsfjorden i Ă„r. Dei gamle tuftene ligg "begravd" midt inne i skogen. Heldigvis er det bra merka - elles hadde det nok vore vanskeleg Ă„ finne fram! (Det ser ikkje likeeins ut her no som for 50 Ă„r sidan dĂ„ eg gjekk ein del her oppe...). Eg gjekk opp frĂ„ DalsĂ„sen ved enden av vegen i rundkĂžyringa. SĂ„ gjennom ein del skog, og sĂ„ opp eit stykke pĂ„ traktorveg (12-15 minutt). Deretter 200 meter til hĂžgre inn i skogen. Det var snĂžfritt heilt opp til grunnane av garden. 

Elles har ein saga ned ein del av skogen slik at Dale og Dalsfjorden viser igjen. Kjekt Ä sjÄ ut att fjorden og kjende fjell pÄ nordsida. Mellom anna AtlÞynipa, Skredvarden, Fristadfjellet, Dokka og Bakkefjellet.

FrÄ Fjalersoga:

Etter skattelistene og andre kjelder som ligg fĂžre, gĂ„r det fram at dei same jordeigarane som Ă„tte mange gardar i Fjaler, og hadde fĂ„tt Østenstad. Rosekrantz-ĂŠtta fekk hand om Østenstad frĂ„ midten av 1600 talet. Bonden David Davidson Østenstad vart sjĂžlveigar frĂ„ 1801. Den fĂžrste namngjevne busitjaren pĂ„ Østenstad er "Jakob pĂ„ Østennstae" i 1593. Året 1608 er det meldt av "Østenstadt haffer ligget Ăžde". Men no var garden bygd pĂ„ nytt. Brukaren heiter frĂ„ 1608 Hans. Han sat framleis med styret 1626. I tida fram til 1640 er der ikkje nemnt om nokon bonde pĂ„ garden. i 1640 er Olle skriven i jorde- og leidanglista. I skattemantalet 1647 er garden kalla underbruk under Dale som pĂ„ den tid lĂ„g under Rosenkrantz-godset. Ved fe-teljinga 1657 var der ikkje nokon busitjar pĂ„ garden. NĂ„r ein veit korleis dei harde uĂ„ra frĂ„ 1630 og utover Ăžydde gardane, er det rimeleg at det gjekk utover bruk som lĂ„g hĂžgt til fjells. 

Garden Østenstad vart nedlagd i midten av 1850-Ă„ra. 

Brokabakkane (kjem av ordet brok altsÄ skredmark) nedom Østenstad var husmannsplass under Østenstad. Den siste brukaren pÄ Brokabakkane var Johan Andersson Torseth (1886-1962).

torsdag 27. juli 2023

Fiske i Fossedalstraktene

 




Nokre fiskebilder frÄ Nipebu

FrÄ Facebook-sida til Fossedalen

Blogg: Spikra i minnet

Vi har tidlegare sÄvidt vore innom fiske etter kjÞ i Fossedalen og omrÄdet ikring. Generelt kan ein seie at det er fisk i alle vatna. FrÄ Atlevatnet i vest til BotnatjÞrna i aust. Langevatnet og Nipevatnet ved Nipebu var omlag fisketomme pga. sur nedbÞr, men eit stort kalkingsprosjekt av Jakt & Fiskelaget i Askvoll fekk bestanden opp igjen. Saman med Krokavatnet har desse vatna vore gode fiskevatn frÄ gamalt av.
I dag er nok diverre situasjonen slik at det blir fiska for lite. Difor er ikkje kvaliteten og storleiken pÄ fisken alltid like bra. Men du kan likevel fÄ flott steikefisk i mange av vatna.
Oppfordringa framover mÄ vere Ä ta med seg telt og fiskestong Ä prÞve fiskelukka i nokre av dei mange vatna i omrÄdet. Vil du ha det litt meir behageleg sjekkar du inn pÄ DNT-hytta Nipebu. Eller du kan finne deg ein av dei mange hellarane i omrÄdet Ä ligge under. Ingenting slÄr ei stille stund med bÄlkos og fiskestong ved eitt av dei mange vatna i Fossedalen. Og det er garantert godt for helsa.
Det er frltt fiske med stong.
Shit fiske!

tirsdag 25. juli 2023

Ved Vikafossen

Fossevika, Vikafossen og Laukelandsfossen. Kringla, Blegja og Laukelandshesten.


mandag 24. juli 2023

Kjekk Bergens-helg

 

Det gÄr unna mot Straumane og Bergen...

Bruknappen pÄ veg til Bergen med ekspressbÄten

Utsikt frÄ SÞrÄshÞgda
Lagunen i midten


Olaug og eg var ein tur til Bergen i helga. Vi var hjĂ„ TorbjĂžrn og Ingrid Anita pĂ„ SĂžrĂ„shĂžgda i Fana. Kjekk tur. 

torsdag 20. juli 2023

Historikk busetnad i Fossedalen

 

**Foto: **FrĂ„ Fylkesarkivet - Øvre Fossedal. 
 Innlevert for reproduksjon av Astrid Fossedal til Fotografmester Horne i FlorĂž. Datering 1945-1946

Her er eit oversyn over busetnaden i Fossedalen frÄ 1801 - 1981. Busetnaden frÄ 1801 - 1865 - 1875 - 1891 - 1900 har vi henta frÄ Riksarkivet og Statsarkivet. Dei etter 1900 har vi henta frÄ "Fjalersoga" av Magne Fagerheim. Dei er ikkje fullstendige, dÄ tenestefolk ikkje er talde med.

Link Facebook

tirsdag 18. juli 2023

Skule i gamle Fossedalen

Skulehuset i gamle Fossedalen var i fĂžrste etasje av bygget mot aust.
Det stod klart til skulestart i 1921.

mandag 17. juli 2023

Kvardagsliv i gamle Fossedalen


Foto 1: 1946. "PÄ garden i Fossedal skal alt takast vare pÄ, ikkje ein kÄlrabi skal kastas. Den var brukt bÄde til dyr- og menneske fÞde. Det er Astrid som fyller i byttene, og gjer klart for vinterlagring. HÄret hennar ligg i fine legg".

Foto 2: 1945. "Det er tungt arbeid Ä bere vatn bÄde til heimebruk, og til dyra. Det hjelper med ei god gamal vass-sele sÄ tyngda vert fordelt. Det er Sofie Fossedal som gÄr her. Ho er godt kledd i genser, langbukse og sjÞstÞvlar.

torsdag 13. juli 2023

KjĂŠre Dalsfjorden

Her er vĂ„rt kjĂŠre Dalsfjorden frĂ„ inst til ytst. 

Eit plukk av eigne bilder.

God sommarhelg!

fredag 7. juli 2023

Gravferd

Eikenes-Dale 

FĂžr Dalsfjordbrua

Eg var i gravferd i dag. I Holmedal. I det hÞve kom presten inn pÄ historia til Dalsfjordbrua. Vedkommande dagen galdt, Sveinung Kristiansen, var ikkje sÄ mykje politisk engasjert. Men var dessto meir oppteken av kva parti som i si tid gjekk mot brua.... Ja, slik kan det seiast. I dag er brua ei sjÞlvfylgje. Og eit voldsomt pluss for regionen. Det kan igjen rettast ei stor takk til alle som stod pÄ for brua - og eit farvel til ferja. I dette hÞve passar det pÄ fleire mÄtar Ä plukke fram diktet "Ferjereiser" av min kjÊre onkel HerbjÞrn SÞrebÞ. Det lyer slik:

Mi fĂžrste ferje i livet
gjekk alltid fĂžr bussen kom,
sÄ eg budde pÄ pensjonatet
pÄ eit lite og trekkfullt rom

Og seinare har eg venta
pÄ ferje i mang ei stÞ.
No veit eg at timen og ĂŠva
er mest like lange i kĂž.

Ein ventar alltid pÄ ferjer.
Dei gÄr og kjem som dei vil.
Og framme og bak er dei like.
Dei gÄr nÄr du trur dei legg til.

Mi siste ferje i livet
i begge endar har stamn.
Men rutetabellen er ukjend
og ferja har ikkje namn.

-HerbjĂžrn SĂžrebĂž-

lĂžrdag 1. juli 2023

TiTur Taket

Med broder Sigvard og Olaug pÄ Taket i dag

Med fabelaktig utsikt mot nord og vest - 
vi ser Heileberget mot venstre, Fossedalshengenipa, Kringla og Eitrenipa i midten, og Blegja mot hĂžgre

Olaug ved MyklebuststĂžlen

Dyttingane -
med utruleg flott lagde heller over elva...

DÄ er siste post pÄ Ärets utgÄve av TiTur Dalsfjorden unnagjort. I lag med Olaug og broder Sigvard tok vi turen pÄ Taket. Det ligg mellom SteiestÞlen og Guddalen i Fjaler. I eit fantastisk vÚr pÄ morgonen, og i god temperatur og vindstille, fekk vi oss ein fabelaktig tur opp dit frÄ Dyttingane pÄ SteiestÞlen. Stien var veldig god. TÞrr og fin. Og sÊrs bra merka. Fantastisk arbeid!

FrĂ„ Taket er det nydeleg utsikt i alle retningar. Til alle fjella pĂ„ nordsida av Dalsfjorden og til AtlĂžy i vest. Eg tok nokre mobilbilder som ligg pĂ„ vedlagde link. Dei fortel vel alt. 

No er det god tid til TiTur Dalsfjorden er over for i Ă„r. SĂ„ truleg blir det ein og annan retur til nokre av dei flotte postane ein har hatt i Ă„r. Bravo for TiTur Dalsfjorden 😄 

Foto Taket 010723