fredag 29. september 2023

Oktober står for døra

 

Oktober står for døra. Ein flott månad i fjellet. Om vèret er nokolunde lageleg kan ein oppleve fabelaktige fargar i den låge haustsola. Her er nokre bilete eg har teke frå denne månaden òg.

tirsdag 26. september 2023

Ei god økt merking

Morgonstemning på Rinda i Stongfjorden

Nye merkestenger på ruta til Toreheia som ligg bakerst i bildet 
Vadet på Krikavatna midt i bildet
Ein av toppane på Yndestadhøgeheia t.h.

Vestover Yndestadhøgeheia
Hytta til Lasse V. t.h.

Krikavatna, Mangevatna t.v. og Skylefjellet

Ein kikk heim frå Yndestadhøgeheia (2)

I dag var visst einaste dagen med brukbart vèr på ei stund. Den måtte nyttast godt. Og sidan eg har teke på meg å merke ruta til Toreheia, som er fjelltrimpost neste sesong, vart dette eit utmerka turval. Oppstarten på den nye fjelltrimsesongen er forøvrig 8.oktober.

Ja, utan regn rann dagen. Rett nok delvis skya. Og frå trappa heime høyrde eg vinden dura oppe i Yndestadhøgeheia. Synnavind. Som tek godt oppe på nordsida av Stongfjorden. Medan det omlag er stilt nede på fjorden. Elles fløymde det jo vatn frå fjellsidene. Delvis i stien. Med ei god last på ryggen tok eg det ganske piano oppover. 

Ved hytta til Lasse V. hadde eg lagt att noko overskotsmateriell frå merkinga til TiTur Dalsfjorden posten på Yndestadhøgeheia i vår. Så då vart det å bere med seg eit lass til med merkestenger oppover. Stenger som eg fekk plassert ut litt etterkvart. Over vadet på Krikavatna, opp dalen og til topps. 

Eg tok meg ein liten rast bak varden i den heftige vinden på toppen. Og plasserte deretter ut stenger ned igjen den andre ruta. Over alle toppane på Yndestadhøgeheia. Her bles det skikkeleg heftig! Kom så til møtes med dei stengene eg fekk lagt ut under det som vart ein sanketur sist eg skulle merke. No fekk eg litt manko på stenger siste biten. Men det fiksar eg når TiTur posten blir teken ned 1.oktober. Her blir det ein avstikker med stenger til overs. Så då er 95% av rundtur-ruta til Toreheia fiksa. Ein god dags jobb!   

Toreheia merketur 260923 

mandag 25. september 2023

Leknesvatna

Eg har tidlegare publisert nokre skisser av turruter rundt fjella i Fossedalen. Legg inn igjen eit bilete frå nordsida av Eitrenipa. Her finn du dei praktfulle Leknesvatna. Ei litt bortgøymd perle. Best tilgjengeleg frå Skorvemarka.
Mange frå sørsida av Dalsfjorden har gjerne aldri vitja denne delen av området som krinsar Fossedalen. Ruta ved Leknesvatna er perfekt om du vil gå på Eitrenipa og vidare til Kringla og til Fossedalen og Dale. Eller du kan returnere Skorvemarka på vest eller austsida av Krokavatnet.
Eg laga ein biletserie frå dei praktfulle Leknesvatna for ei stund sidan. Du finn den her 

fredag 22. september 2023

Sliten og letta

Eg og dei 6 
Vi ser Blegja heilt bak - Indrevågefjellet t.v. Portafjellet og Vardenova t.h.


Her retning Hjartebuvatnet og Ytrevågefjellet

Du verda! Turen i dag vart slett ikkje slik eg hadde sett føre meg. For meininga var å merke deler av ruta til Toreheia. (Fjellet er fjelltrimpost frå 8.oktober). Og eg skulle merke omlag halve ruta som ikkje er merka. Frå Krikavatna og opp dalen til toppen. Ruta ned igjen, over dei tre toppane på Yndestadhøgeheia, skal eg ta seinare. Altså ein flott rundtur med to alternative ruter halve vegen. Med sekken full av merkestikker starta eg litt over kl 08 heime i frå. 

Vel, ved Rinda, der eg fann 7 sauer hi helga, gjekk det i dag 6 nye! Med blått merke og bjøller. Heimehøyrande i Vågane. Helleveien, tenkte eg! Kva gjer eg no... Men det tok ikkje så mange sekundane før eg bestemte meg. Eg må få sauene austover.... Som lokalkjende veit er det laangt over fjella frå Rinda i Stongfjorden til Vågane. I dag var her heller ikkje andre sankarar på fjellet. Men sauene og eg gav oss i kast med ruta. 

Vi ser Oslandsvatnet t.h.
Indrevågefjellet i midten bak

Medan dei 7 sauene hi helga gjekk via Krikavatna og opp dalen mot Toreheia. Gjekk desse i dag over alle dei tre toppane på Yndestadhøgeheia. Opp bakkane der det ikkje var sti. Kava i einerkavana. I bratte stigningane. Med last i ryggsekken. No gjekk det slik til at akkurat denne biten fekk eg merka litt av den ruta eg var tenkt å ta ved neste høve. Ein 10-12 stikker fekk eg på plass med sauene traltane føre. Men så tok dei den sørlege ruta ved Toreheia, så ein del stikkar vart ikkje nytta... i denne omgang. Dei måtte eg plent bere med meg heile ruta til Vågane... 

Alltid flott utsikt til Stongfjorden frå desse fjellpartia - her inste toppen på Yndestadhøgeheia

Ja, sauene tok retning Hjartebuvatnet. Som hi helga. Alt vel. Men kva gjorde eg no. Toppen av Toreheia låg i nordvest. Som ved Rinda bestemte eg meg fort. Sauene måtte heim. Toreheia har eg vore på nokre gonger før! Og merkinga fekk vente. 

Men det som hadde vore ein ganske så grei tur i følge med sauene så langt, vart til noko heil anna ved toppen i vest for Oslandsliene. Her bar det over urar, einerkavar, hamrar og sva. I bratta. Eit svara strev. Men til slutt greidde vi å bakse oss laus og kom oss aust om bakkane av Ytrevågefjellet. Med god sikt til Osland. No tenkte eg mykje var gjort. For eg fekk dei ned stien i retning Vågane nord om Osland. Men etter eit bèl ville dei ikkje ned denne vegen likevel. Var  visst ikkje vane med å gå her. Så då vart det igjen att og fram, opp og ned. Eit slit. Etter 4-5 timar var eg mo i knærne. Og nokre av lamma var ganske køyrde. Eg måtte bite i det sure eplet å følge dei nord att mot Førdefjorden og Vågane. Ned hamrar, skog og elvar! Og no kom første regndråpane for dagen. Ja, her gjekk det på stumpane laust. Ein vridd ankel og ei forstrekt skulder vart jo sjølvsagt eit resultat av glatta, væta og slitne føter... Slikt lyt ein berre rekne med i ulendt terreng haustdagen... 

Osland t.h.
I bakgrunnen Indrevågefjellet og Portafjellet

Vel, eg hadde vore på tråden med Henrik fleire gonger. Men han visste ikkje kvar eg var. Eg såg rett nok ned på garden ved eit par høve, men det var ikkje lett å få auge på meg der oppe i fjellet. Ned den bratte lia vart nok eit bàl. Heldigvis var eg etter litt komen så langt ned at Henrik fekk auge på meg og kom opp lia til unnsetning. For som ukjend var det slett ikkje lett å finne ei ruta ned hamrane og skogen. Ja, sauene var slitne og eg var sliten. Og brått lurte eg på om eg såg dobbelt - for no var dei 6 blitt til 11. Eg måtte knike meg i augene, knipe meg i armen og telje to gonger. Javel, dette var ikkje meir enn rett og rimeleg etter alt slitet. Tykte eg. Og så kom Henrik. Og fekk med seg desserten. Siste stykket heim. Med ei hjortejakt på menyen i dag tidleg fekk han no 11 fjellgangarar heim òg. Perfekt! (Etter 6 timar utan særleg pause og mat er eg no sliten og letta....😅😌..og tek helg!)   God helg!  

Lang dags ferd over fjellet til Vågane frå Stongfjorden - eg er visst like kvit i håret som sauene er i ulla..
Her har dei 6 frå Yndestad blitt til 11....
Foto Henrik V.



lørdag 16. september 2023

Sanking

"Mine" 10 ved Hjartebuvatnet - søraust for Toreheia
Fargeforskjell på 7 som har gått ved tidlegare avsvidd område ved Rinda - 
3 stk frå Yndestadhøgeheia er kvitare i ulla.

Dei første 7 gjekk ved Rinda her

Stongfjorden og Yndestadhøgeheia t.h.

Krikavatna, Mangevatna og Skylefjellet i lett skodde og regn i dag

Nede igjen ved Svartevatnet

Eg var på sanking på nordsida av Stongfjorden i dag. I lett regn og litt skodde. Og fekk med meg dei 7 sauene som har gått ved Rinda, ovanfor Yndestad. Godt sommarbeite her. Sauene heimehøyrande i Vågane. For lokalkjende er jo dette eit godt stykke lenger vest enn heimebøen.. ! 

No veit eg ikkje om det går an å gje sauer honnør... men faktum er at dei gjekk galant den merka ruta til Krikavatna (vel først over nokre myrar då...). Her oppe gjekk dei vidare si eiga "merka" ruta nord om vatna. For så å gå opp dalen mot Toreheia. Denne ruta er litt lenger enn å gå over vadet på vatna...😊 

I søraust av det sørlege vatnet fekk eg så auge på ei søye med to lam. Fekk sjekka ut status på dei, men det var ikkje særleg hjelp i å gaule at dei skulle komme! Så eg laut bite i det sure eplet å gå runda rundt begge vatna, for så å få guida dei i lag med dei andre 7. Dette skulle derimot vise seg å bli ein seig materie...! 

Ved Krikavatnet (sør) - eg måtte to runder rundt i dag...! 


Dei 7 første som hadde gått både vel og lenge. Våte, og i eit par, tre timar frå Rinda, hadde nok godt av ein pause oppe i dalen. Her nedom og vest for Toreheia. Men dei tre av det meir kvite slaget ville ikkje den vegen. Først tok dei ein snur vest om vatnet for deretter opp på Yndestadhøgeheia. Så då var det først og gå vest om vatnet for deretter å klatre opp bratta frå vatnet. Dei 3 såg eg ikkje meir til. I første omgang. Og kryssa fingrane for at dei ikkje hadde teke vest oppe på høgda. Og mogelegvis hadde dei litt heimlengt i blodet og teke rette vegen 😁 

Så då var det å gå nord att og ned att til dei andre 7. Og få dei på gang igjen. Eg prata litt med dei at "de har no fått ein bra pause no" - "det er verre med meg"... 😄 Så då gjekk dei vidare opp dalen. I skoddeheimen. For no hadde skodde sige på og regnet sildra...! 

Så måtte eg sjølvsagt få dei 3 oppe på fjellet til å gå att. Så då var det sør og opp igjen her. Men i løpet av ein liten halvtime fekk eg dei samla! Jøss. Sweet. Som eg hadde tenkt. Men det hadde kosta - så då drog eg fram eit par skikkelege bitar med melkesjokolade 😊

Sauene tok ruta vidare rett sør om toppen på Toreheia. Og deretter mot Hjartebuvatnet og Ytrevågefjellet (første bildet). 

Her oppe tok eg så ein telefon til eigaren Henrik V. som i lag med Tormod S. hadde kome opp frå Stavestranda i retning Toreheia. Henrik hadde med seg 6 frå Kjennahola og Tormod 5 frå lenger vest (på ruta frå Skylefjellet). Dei kom i kvart sitt lag. Med ringlande bjøller i skoddeheimen. I telefonen, og i møte med Tormod, vart vi einige om at mine timar var fullførde. Deira sauer vart samla med mine ved Hjartebuvatnet. Så eg "slapp" å gå vidare austover retning Ytrevågefjellet og kunne gå heim igjen via Toreheia, Yndestadhøgeheia, Svartevatnet og Rinda. 5 timar utan pause, opp og ned og att og fram,  ja, det kjendest i føtene... Sveitte og væte. Ei god økt! 😌

Stongfjorden i dis og regn i dag 



tirsdag 12. september 2023

Ei oppdatering

Utsikt frå Søråshøgda i Fana - Lagunen t.h.

ds

Det har vore lite fjell og blogginnlegg i det siste. Tre veker har gått med til tre (!) nye barnebarn i Bergen. Olaug sine. Med byss, pass og stell har det jo rett nok blitt gått nokre steg. Men kanskje ikkje så mykje å blogge om. Dei fleste veit vel kva nyfødde ungar går ut på.... 

No når hausten står for døra blir det gjerne meir tid til å gå i fjellet, ettersanking av sau og dessutan ny fjelltrim på programmet frå 8.oktober. Vi får sjå etterkvart. 

fredag 1. september 2023

Fjelltrimpostar 23/24 (?)

Ein liten kik på det som etter rulleringsplanen er nye postar på fjelltrimmen. Frå oktober av. Velkjende fjell for somme. For andre og vonleg nye fjelltrimmarar gjerne meir ukjende. (Litt merking må uansett til for å ferdast trygt). Eg hugsar eg gjekk denne komande runda mange gonger for nokre år sidan.... Denne sesongen får eg prøve å kome meg rundt... 😄

Elles reknar eg med Dag Tore og John kjem med oppdatert info om oppstart, og ei stadfesting på at dette blir gjeldande postar. 

Iallefall - lukke til med nye gode turar og god helse. Og hugs - det er ein god månad igjen av årets sesong. Den finaste tida i fjellet...

God helg i finvèret!

P.S. Bileta ovanfor er ikkje av heilt ny dato!

(Blegja er "frivillig" som post og blir ikkje rekna inn i runda)