fredag 31. august 2018

Ei lita rastløyse

Furefjellet

Høgeheia




Ei viss form for rastløyse breidde seg i kroppen etter å ha kvilt middag i går. Det var rett og slett for fint til å vere inne. Så i 18.30 tida køyrde eg på Staveneset og gjekk meg ei runde på Stavenesodden. Først opp lia og ut på Furefjellet. Deretter austover ranane til Høgeheia. Dette er ei rute eg likar veldig godt. 

Vèret var nydeleg. Kveldssola flott inn frå vest. Litt trekk. Men slik er det oftast her ytst i havgapet. Eg såg to personar som gjekk opp den vanlege ruta på Høgeheia. Boka på Høgeheia avslørte kven. Eg veit Jonn Lien likar å gå her. Som eg har nemnt fleire gonger før - Høgeheia er lett og flott å gå på. God sti. Godt merka. Og med nydeleg utsikt. Ikkje verdas største utfordring då. Men kven har vel egentleg behov for det?

onsdag 29. august 2018

Joy of september




September er i kjømda. 
Med litt "kosetid" til overs sette eg i hop ein liten bildeserie frå dei to siste åra av denne månaden.
Enjoy!


søndag 26. august 2018

Bukken og sonen 2


Etter at eg skreiv ferdig bloggen om turen i dag, fekk eg oversendt dette bildet frå Gunnar Osland. Dei eventyrlystne bukkane på tur i Askvoll-fjella var komne i hus i Mandelia. Dei hadde gått heile strekka ut att i Svelia frå Fossevikja og Kringla. Så jammen har "karane" vore vide omkring siste månaden. Ein blir kjendis på slikt. Så snipp snapp snute så var eventyret ute.  No er det berre å sjå fram til sauesanking 8.september. Haustens vakraste eventyr. Med x-antal ettersankings-turar.  Godt ein har noko å gå etter.... Det er berre å bli med. Meir fornuftige og sosiale turar finn du ikkje. 


Bukken og sonen

Nydeleg utsikt austover frå Fossedalshengenipa i dag tidleg

Nipebu midt i bildet
(båten ligg delvis under vatn)
  
Ved demninga på Grunnevatnet

Denne eldgamle furua er prega
av tidens tann som...
han karen her...😊
Eg gjorde eit forsøk på å sjå etter bukken og sonen i dag. Eg tenkte som så at på Fossedalshengenipa er det kjempegod utsikt over det aktuelle området. Diverre låg det mykje skodde vestover då eg kom opp på morgonkvisten. Eg prøvde å vente på at det skulle lette. Men når det endeleg letta var eg gjennomfrosen. Eg fekk likevel nytta kikkerten til å fare over landskapet. Men det var som ein kan førestille seg som å leite etter nåla i høystakken. Svart som bukken er. Nei, forsøket i dag var vel heller av det patetisk slaget. 

Elles var no turen fin den. Bevares. Sjølv om det var rimeleg sleipt i dag. Også opp den våte og bratte ryggen. Med 8-9 grader heime på morgonkvisten, kan ein jo tenke seg korleis det var på toppen med vinden i tillegg. Hausten er på full fart i fjellet.

Den eventyrlystne bukken og sonen kjem nok til rettes på ein eller annan måte. Folkekjære som dei er. Med mange turgåarar i Fossedalsområdet, er det nok nokon som kjem over dei og kan gi beskjed. Sjansane er elles mange framover for å finne dei. 

torsdag 23. august 2018

Hundsåna - på godt og vondt


I går vart vegen ved Hundsåna igjen stengd. Den vart opna igjen i 15.30 tida. I dag tidleg var det ikkje kome ned stein, så eg stoppa bilen og tok dette bildet med mobilen. Ja, det var grått og nesten halvskymt. Men faktum er at ved Hundsåna har vi ei flott utsikt inn Førdefjorden. Iallefall synest eg det. Fjella har nydelege linjer inn fjorden mot nordaust. Og på denne tid til soloppgangen. 


mandag 20. august 2018

Barnebarn

Eit graskar i grønsakshagen til Timo og Alice måtte studerast
(Alle foto mobil)
Her er mange grønsaker

I det dårlege vèret i helga hadde toppskarven teke turen til bygds

Det var bra med liv i norges minste lakseelv i helga

Med dårleg vèr og 4 barnebarn + ein hund i heimen denne helga, vart det (igjen) dårleg med fjelliv. Ikkje at det akkurat bekymrar meg så mykje - eg er heldigvis komen over "manien" av å måtte på fjellet. Det er trass andre ting her i livet ein kan bruke tid på òg... Så denne helga gjekk for det meste med til å aktivere og sjå etter nokre av barnebarna våre - les:mine og dine.

Diverre skar det seg med krabbefiske. Sjøen gjekk altfor grov til at eg tok sjansen på å ta med meg ungane på fjorden. Av og til lyt ein ta nokre administrative beslutningar som det heiter. Sjølv om dei er aldri så lite populære. Lovnaden om å ta dette att er gitt. 

Det stod fleire laksar i kanalen i Stongfjorden. Her var Tor Vidar på plass. Vi fekk vere vitne til eit drama då ein 4-5 kilos laks beit på og deretter tok peiling på fjorden  (sjå bildet ovanfor. Han stogga vel omlag ved brua. Men shit - ved landing så hoppa det ein glad laks tilbake til fridomen. Elles var det no artig for Nikolai at fleire laksar hoppa rett framfor føtene hans... 

Den flotte grønsakshagen til Timo og Alice var òg interessant. Her heldt Tora eit lite føredrag og graskar.

Vel, vel - det interne livet i heimen lèt eg liggje. Det er nok ganske så likt i andre heimar. Men at det er travelt for eit halvgamalt menneske å vere barnepassar er kanskje inga stor nyhende. Kanskje ekstra så i dårleg vèr. 

onsdag 15. august 2018

Bukken på Daletur

Bukken i Fossevikja
Foto: Asbjørn Igelkjøn 
Det utvikla seg til dels dramatikk i går då ein bukk og eit kje frå nordsida av kommunen hadde forvilla seg til dalsfjord-sida i sør, og sågar teke seg ein tur ut på Dalsfjordbrua. Det kan sjølvsagt skrivast mykje om bru og bukkar. Også at det er flott utsikt frå brua. Både mot fjell, bygd og fjord. Men det er vel gjerne tvilsomt om nemnde følgje var ute etter akkurat det... Moro lell at det vart litt action på Facebook sida i Dale, og eit aldri så lite refreshment av dei tre bukkane bruse. Og for å spore opp eigar av det forvilla følgjet.


Mountainsinaskvoll fekk i går kveld såleis oversendt eit foto av bukken. Utan særleg møye fekk vi greie på at herkomsten til følgjet var Skorvemarkja. Det var sist sett i Svelia for nokre dagar sidan. Komne vekk frå flokken sin.


Som ein veit er det mange vegar til Rom. Også over fjellet til Dalsfjordbrua. Så kva slags veg (les sti) bukken har teke, kan vi dvele litt ved. Vedlagt ligg eit kart over det interessante området så lesaren kan følgje med i svingane.

Eit eldorado for ein bukk


Om bukken har teke strake vegen frå Svelia til Otterstein, og ville teste den nye stien frå Fossevikja, er det i grunn grei skuring. Han har då berre teke inn på ruta frå Stongfjorden til Nipebu, og vidare om Fossedalen til Dalsfjordbrua. Om han ikkje har vore innom Nipebu, har han gjerne følgt Dalsstoredalen til Dalsstølen den vegen, og Fossedalen vidare til fjords. Han kan sjølvsagt òg ha teke seg sør og austover via Vagstaddalen. Mogeleg over Stølsfjellet der det ofte går geiter, og hamna inn på ein av stiane nemnt ovanfor.

Vel, desse spekulasjonane er tekne ut frå siste observasjon. Men som ein veit med bukkar bevegar dei seg over store område. Så med utgangspunkt Skorvemarka, der bukken og kjeet høyrer heime, er det ikkje så unaturleg at dei kan ha teke seg via Porten og Stordalen til området vest eller aust om Fossedalshengenipa, og sørover til Fossedalen. Heller ikkje er det usannsynleg at dei kan ha teke den sørlege ruta på vestsida av Krokavatnet mot Øvre Fossedalen. Eller for den del sørover den austlege ruta ved same vatnet. For som ein veit går det ein god del geiter i området ved Eitrenipa. Når det er sagt tvilar ein på at dei har teke seg over Eitrenipa og ned Eitreskaret mot Øvre Fossedalen, og den vegen til Ottersteinen. Vi snakkar vel ikkje om toppturgeiter heller. I denne samanhang. 


Nei, som sagt - det er mange vegar til Rom - og Dalsfjorden. Også for dei som kjem frå nordsida av kommunen og Skorvemarkja. Underteikna har gått dei alle. Suverene turar. I det flottaste av landskap du kan tenkje deg. Med fossar, elvar og vatn. Estetiske nytelsar med eit rikt dyre- og fugleliv. Og fisk i vatna. Ja, vi veit ikkje kor godt vi har det rett utanfor stovedøra. Kanskje ikkje så rat at bukken vår ville prøve litt nye stiar. Det burde nok fleire ha gjort. Det siste eg har høyrt var at bukken vart sett i følgje med to ungdommar opp Kleivane. Dei skulle på Kringla…. I går kveld. Så til dykk alle - ta vèl imot bukken om du ser han. Han er berre ute på nye eventyr...


søndag 12. august 2018

Ytste kysten

Furefjellet i dag


ds

Utsikt frå Høgeheia mot Granesundet i sør

Follevåg


For å kome i  gang igjen med fjellvandring i Askvoll-fjella etter ein relativt lat månad, gjekk eg i dag den flotte ruta frå Holevika til Furefjellet, austover til Høgeheia, ned i Lia mot nordaust, Liavika ved Stavfjorden i nord og aust til Vågen i Grimelia. Dette er ein høveleg tur for mange. Turen har nydeleg utsikt i alle retningar. Ein tur som eg har beskrive fleire gonger tidlegare.

Veret i dag var delvis skya og nærast blikkstille. Sola kikka fram no og då. Seinare i dag vart det direkte nydeleg. No er det ikkje akkurat varmaste sommaretemperaturen lenger. Men det gjekk fint å gå i berre shortsen. 

Så mykje elles er det vel gjerne ikkje å seie. Det var lite liv å sjå. Utanom mengder med heipiplerker ferdige med årets hekkesesong. Dei har eit lag til å samlast her ute på kysten når det lir på hausten og trekktid. Ein enkeltbekkasin skvatt òg opp framfor føtene mine. Havørna såg eg ikkje noko til i dag.

Eg anbefalar alle å ta turen ut på den flotte Stavenesodden. Terrenget er lettgådd og utsikta som sagt heilt fantastisk.


lørdag 11. august 2018

Arnarsonmila 2018


Tannlegar på tur...


Dagens vinnar over mål

Blide dalingar...
..og endå fleire


Per Arne Tveit har fast jobb som konferansier

Ida Wiik hadde teke turen
frå Stongfjorden
Litt væte gjer jo ingenting...

Per Arne Tveit som stødig kommentator

Somme tok seg heilt ut
og fekk litt ekstra omtanke...

Tora,Tiril og Ellen var med å heia

Smil smil og atter smil
Leonora og Martha Kleiven er
blant initativtakarane til
Arnarsonmila

Øs pøs...
..men Malene og katen er
like blide for det.


Nøgde jenter med innsatsen

Merkekarane på nye oppdrag
John Lien og Rolf Kleiven

I dag følgde eg Arnarsonmila. Starten var kl 11 ved statua av Ingolf Arnarson i Rivedal. Løypa føl så hovudvegen til Dale med målgang ved senteret. Avstanden er ganske nøyaktig ei mil. 

Eg tok nokre bilder i Rivedal, på Eikenes, inne ved Heileberget og i Dale. Bilda kan du sjå i linken under. Bestetida var 37 min 21 sekund. Men som alltid er det viktigast å delta. Det står  stor respekt av dei siste som kom i mål etter å ha sprunge på asfalten frå Rivedal. Kor mange som deltok veit eg ikkje. Knapt 100? Iallefall var det plass til fleire langs vegen. Tru det eller ei, men Firda var på plass. Og sjølvsagt lensmann Åge for å sjå til at trefikken gjekk tilnærma som normalt. Med mange vakter langs løypa med eigne skilt mot trafikkantane gjekk dette heilt prikkfritt.

Vergudane spelte opp i full mondur. Løparane fekk såleis på seg ei saftig regnbyge undervegs. Trass i strålande solskin i Rivedal. I Dale plaska det ned i bøtter og spann. Ei stor folkemengde klappa løparane fortløpande i mål etter at Per Arne Tveit presenterte dei. 

Arnarsonmila har etter kvart opparbeidd seg eit godt namn. Så her er det berre å legge seg i trening til neste år. Stor honnør til initativtakarane på begge sider av fjorden. Arrangementet føyer seg flott inn i rekkja av frivillige tiltak og dugnadsånd langs Dalsfjorden. Initativ som er gull verdt for å skape samhald og eit godt miljø i bygdene. Ordtaket lukkeleg som liten får aldri betre klang enn etter slike arrangement. 


Foto Arnarsonmila 2018


The winner takes it all

torsdag 9. august 2018

Dugnadsarbeid i Fjaler og Askvoll








Det er liten tvil om at tilrettelegging av turstiar og utplassering av trimbøker, er eitt av dei beste folkehelsetiltaka vi kan legge til rett for. Og då snakkar vi ikkje om toppturfolket. Dei kjem seg alltid på tur. Men heller om ungar og pensjonistar, folk som treng attføring, hjelp til psykisk helse eller hjelp for å kome seg ut av rus. Som integreringstiltak for innvandrarar er fysisk aktitivtet i form av turgåing ypparleg. Og ikkje minst til å skape sosiale relasjonar og hjelp til å lære seg språk. 

Stigruppa i Dale har gjennom fleire år lagt ned ein formidabel dugnadsinnsats ved å rydde og merke turløyper. Også på Askvoll sida av Dalsfjorden. På nordsida har også John Lien lagt ned veldig mange timar til dette arbeidet. Fleire har stått på for merking av turopplegget "TiTur Dalsfjorden". Dessutan er det lagt ned mykje godt dugnadsarbeid på øyane i Askvoll. 

Eg er ikkje i tvil om at slikt frivillig arbeid skaper gode miljø og aukar kvaliteten på folkehelsa. Eit gode driven av rein idealisme som ikkje kostar kommunane 5 øre. Eg synest det er på høg tid at kommuane løfter fram eldsjeler som mellom anna Rolf Kleiven og John Lien. Dei har begge fortent ein pris for det fantastiske arbeidet dei gjer gratis for Fjaler og Askvoll kommunar. Dugnadsarbeid som heilt klårt sparer kommunane for pengar. 


onsdag 8. august 2018

Kulturminnevandring Stongfjorden

Det var møtt opp godt med folk under opning av Kulturminneløypa i Stongfjorden 7/8







Blide jenter og gutar i Stongfjorden


Stongfjorden Vèl har gjort eit framifrå arbeid ved å tilrettelegge for den nye kulturminneløypa i bygda. Løypa vart opna 7/8. 

Idun Losnegård ynskte velkomen og drog oss gjennom dei 9 stoppunkta på ruta. Via mobilen til Gro Eikebø Stang, og avspelar som Idun bar med seg, fekk vi høyre om desse 9 stadane i bygda. Hus og plassar av høg kulturell verdi. Det er sjølvsagt fleire rike historiske punkt i bygda enn desse 9 i sentum. Mellom anna var det butikk, postopneri og kai på Yndestad. 


Idun Losnegård ynskte velkomen og drog oss gjennom kulturminneløypa

Eitt av bygga som er rik på historie er Losjehuset. Her har Charlotte Rintler i dag sitt galleri. Då vi nådde hit stod kaffi og gode kaker klare for dei mange som tok del i arrangementet. Som avslutning på kulturvandringa stod puben open med servering av suppe. 

Tusen takk for ein flott kveld på vandring i den rike kulturhistoria til bygda. 

Tekst, bilder og lydinnslag frå kulturminneløypa i Stongfjorden finn du under