Tannlegar på tur... |
Dagens vinnar over mål |
Blide dalingar... |
..og endå fleire |
Per Arne Tveit har fast jobb som konferansier |
Ida Wiik hadde teke turen frå Stongfjorden |
Litt væte gjer jo ingenting... |
Per Arne Tveit som stødig kommentator |
Somme tok seg heilt ut |
og fekk litt ekstra omtanke... |
Tora,Tiril og Ellen var med å heia |
Smil smil og atter smil Leonora og Martha Kleiven er blant initativtakarane til Arnarsonmila |
Øs pøs... |
..men Malene og katen er like blide for det. |
Nøgde jenter med innsatsen |
Merkekarane på nye oppdrag John Lien og Rolf Kleiven |
I dag følgde eg Arnarsonmila. Starten var kl 11 ved statua av Ingolf Arnarson i Rivedal. Løypa føl så hovudvegen til Dale med målgang ved senteret. Avstanden er ganske nøyaktig ei mil.
Eg tok nokre bilder i Rivedal, på Eikenes, inne ved Heileberget og i Dale. Bilda kan du sjå i linken under. Bestetida var 37 min 21 sekund. Men som alltid er det viktigast å delta. Det står stor respekt av dei siste som kom i mål etter å ha sprunge på asfalten frå Rivedal. Kor mange som deltok veit eg ikkje. Knapt 100? Iallefall var det plass til fleire langs vegen. Tru det eller ei, men Firda var på plass. Og sjølvsagt lensmann Åge for å sjå til at trefikken gjekk tilnærma som normalt. Med mange vakter langs løypa med eigne skilt mot trafikkantane gjekk dette heilt prikkfritt.
Vergudane spelte opp i full mondur. Løparane fekk såleis på seg ei saftig regnbyge undervegs. Trass i strålande solskin i Rivedal. I Dale plaska det ned i bøtter og spann. Ei stor folkemengde klappa løparane fortløpande i mål etter at Per Arne Tveit presenterte dei.
Arnarsonmila har etter kvart opparbeidd seg eit godt namn. Så her er det berre å legge seg i trening til neste år. Stor honnør til initativtakarane på begge sider av fjorden. Arrangementet føyer seg flott inn i rekkja av frivillige tiltak og dugnadsånd langs Dalsfjorden. Initativ som er gull verdt for å skape samhald og eit godt miljø i bygdene. Ordtaket lukkeleg som liten får aldri betre klang enn etter slike arrangement.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar