onsdag 30. mars 2022

Nydeleg heime

Bråtebrenning i Alden - foto frå Toreheia


Vågane og Flokeneset

Toreheia sett frå Ytrevågefjellet

Stongfjorden og Follevåg

Nydeleg tur her heime i dag. Frå dørstokken til Skylefjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet. Retur til gruvene i Vågane. Slo av nokre ord med nabo Kjell før eg gjekk. Og fekk passa veldig bra av med tidspunktet han kom igjen frå ein tur til Førde og til Vågane så eg slapp å gå asfalten heim igjen. 

Vèret var berre utruleg flott. Men med minusgrader på morgonen var det ganske så kaldt på toppane. Beinfrose og nysnø i høgda etter i går. Opp til Skylefjellet og Toreheia gjekk eg utan broddar. Men der i frå til Ytrevågefjellet to eg dei på. Snøen på den glaserte skaren gjorde det skummelt glatt. Ned igjen frå Ytrevågefjellet var det nesten moro å springe på skaren. Elles nesten vindstille heile turen. 

Timinga med Kjell i Vågane var perfekt. Eg hadde 5 minutt på meg til å ordne litt på bekledninga...😄

    

Mobilfoto Skylefjellet Toreheia Ytrevågefjellet 300322

tirsdag 29. mars 2022

Våren er lunefull

Raudøyna og Hovden på Atløy

Dagens selfie i iskald nordavind

Kinn, Reksta, Skorpa, Store Batalden med Askrova fremst

Ved Blåfjellet

Skylefjellet søndag, Fristadfjellet i går og Skylefjellet og Blåfjellet i dag. Frå joggesko til fjellsko. Vèret skiftar fort. Og i dag var det kvitt heilt i fjøresteinane. Oppe på fjellet var det iskaldt. Nordavind og skodde. Så då vart det ein snarvisitt på fjelltrimposten i dag òg. Vel, eg gjekk no utom Blåfjellet i Grimelia òg. 

lørdag 26. mars 2022

Glaserte bakkar

Fornøgd - her må det selfie til...

Stongfjorden

Mot Osland Gard

Det vart ein ganske så krevjande tur opp Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet i dag. Og opp over hammaren halvveges (der ein kan gå "sommarsdagen") tok eg ikkje sjansen på å gå opp. Snøen låg veldig bratt og knallande hard. Her måtte det i tilfelle stegjern til. For broddane var i kortaste laget for å få feste. I staden gjekk eg den merka ruta lenger oppe mot Mannskaret og opp frå vest der i frå. 

No var det knallhard skare her oppe òg. I eit par av dei brattaste partia, spesielt ovanfor Skålefjellsvatnet, var det ganske krevjande å finne brukbare vegar opp. Men det gjekk likevel ganske greitt. 

Det fossar under meg frå Skålefjellsvatnet...

Oppe mot toppen fekk eg så morgonsola. Noko som alltid er kjekt. For mykje av vegen opp dalen ligg nordvendt i skuggeland om morgonen. Og på toppen var det aldeles praktfullt. Nesten heilt vindstille og sol. 

Eg gjekk ned att same vegen. Med varsemd i dei nesten glaserte bakkane. Og kom meg heil heim igjen utan mein. Trugane som eg bar med meg fekk eg aldri bruk for... Fantastisk flott!  

Foto Skålefjellet 260322 

fredag 25. mars 2022

Vår

 

Ein liten serie stemningar frå tida vi er inne i....

onsdag 23. mars 2022

Frå ein annan vinkel

Sett frå Fanøy i helga

Kjekt å sjå kjende fjell frå ein annan vinkel...! (Foto mobil)

mandag 21. mars 2022

I nærområdet

Frå Yndestadhøgeheia og heim igjen...

Stongfjorden i motlys i dag

Skylefjellet t.v. 
Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden. 
Askrova fremst. 

I dag gjekk turen på fjellet her heime. Men litt motsett veg enn kanskje vanleg. For eg gjekk først til Skylefjellet. Deretter opp fjellet frå vest til Toreheia. Og returnerte via Yndestadhøgeheia og heim igjen. Kjempeflott no. Greitt utan broddar. Omlag snøfritt. Men det ligg noko hard snø i nordhellinga på toppen og ned både mot nord og sør. Flott morgontrim!

Mot Yndestadhøgeheia - Skylefjellet ute t.h.

Litt hard snø oppe ved toppen


Kos på Fanøy


Koseleg nabohus


Batalden ishus

I høve 60 års dagen til Olaug i desember hadde "ungane" hennar invitert oss alle på hennar side til ein tur til Fanøy og Batalden ishus. Så i helga som var reiste vi 15 stykke dit for ei koseleg helg. Og det vart det. Vèret spelte på lag. Sjølv om det var litt vind både fredag og lørdag. Men når sola skein vart det likevel veldig fint. Fanøy er trass alt heilt ute i havgapet. Og vi er no ikkje komne lenger enn midt i mars. Her ute er likevel våren komen veldig langt....

Solnedgang på Fanøy 

Måneoppgang over Florø frå Fanøy

No vel eg å halde mange av bilda som privat. Under har eg likevel samla nokre som var teke ute i naturen. Vi kosa oss retteleg heile helga. Med sosialt samvere både inne og ute. Turar rundt om på øya. Og god mat og drikke.  Batalden ishus, og eit hus som var leigt i tillegg, levde veldig bra opp til forventningane. Flott og kjekk helg!

Kinnaklova sett frå Fanøy

Foto Fanøy 180322-200322 

torsdag 17. mars 2022

Høgefjellet i Kvammen

Utsikt frå Høgefjellet i Kvammen


Vi ser Eitrenipa og Høgefjellet i midten her
(sjå større versjon)

Vest om Synste Stauren som skrive om i går finn vi Eitrenipa, Kringlefjellet og Høgefjellet. Midt mellom Eitrenipa og Høgefjellet ligg Bjørnastigvatnet. Sjå kart. 

Blegja og Rørvikenipa sett frå Høgefjellet

Høgefjellet er lettast tilgjengeleg frå Rørvika. Og då ved å gå opp stien til stølane som ligg her oppe (sjå kart). Vidare opp ei 20 meter ganske bratt skår kalla Bjørnastigen. Her er det festa tau til å halde seg i for å kome seg opp. Deretter er det beint fram mot vest til toppen.

Nedatt Bjørnastigen

Det er elles fint å gå til Høgefjellet som ein del av returen frå Blegja til Rørvika. Og då ved å gå ned til nordenden av Tobbedalsvatnet og sør om Kringlefjellet og vidare vest til toppen. Her er greitt å finne vegen ved berre å følgje retningen utover. Du kan også gå via Blåegga mot Eitrenipa og gå ned skaret til Blåvatnet og vest til toppen. Ingen av desse rutene er merka. 

Rett nedom og vest om toppen på Høgefjellet finn vi den sagnomsuste Tjuvbergsnova. Der tjuvane i mellom anna Fossedalen heldt til. Soga om Røvarane i Tjuvbergsnova finn du her.  

Det er flott utsikt frå Høgefjellet. Spesielt bort til Eitrenipa og Gjelsvikefjellet. Også til havet i vest. Og mot Kvammen sida i nord. Ein tur vèl verdt å ta.  


onsdag 16. mars 2022

Synste Stauren - Blåegga

Utsikt mot vest frå Synste Stauren - 
Eitrenipa t.v. Høgefjellet og Gjelsvikefjellet i midten


Synste Stauren midt i bildet - sett frå Eitrenipa

Tilbake til presentasjonen av fjella i Askvoll.

Mange har vore på Blegja. Høgste fjellet i kommunen. Og mange ynskjer seg hit. Nabofjellet Synste Stauren derimot er det gjerne færre som har vore på. Eller vurderer som turmål. Med sine 1106 moh. er Synste Stauren blant dei høgste toppane i kommunen. Fjellet ligg rett i vest av Blegja. 

Det er fleire måtar å kome seg hit. Du kan ta av frå ruta til Blegja frå Rørvika ved Nipevatnet. Og ser fjellet rett i sør. Litt småklyving i ur må til for å nå toppen. Det er også supert å gå frå Blegja, og ned egga på sørsida, og vidare ut på Synste Stauren. For så å returnere til Rørvika. Elles er jo den finaste ruta å gå til toppen som ein del av ruta frå Eitrenipa og over Blåegga til Blegja - eller omvendt. Og då først via Fossedalen. Også frå Hestad og Hestadstølane, og via Kvanndalsvatnet og Blåvatnet, er det flott å gå. Mange vegar til Rom med andre ord (sjå kart).    

Det er nydeleg utsikt frå Synste Stauren. Spesielt vestover Blåegga og til havet. Til sør mot Dalsfjorden. Og sjølvsagt flott utsikt opp til Blegja i aust.

Her er ein bildeserie og eit par oversiktsbilder frå Synste Stauren/Blåegga. 




tirsdag 15. mars 2022

Etter regn...

Etter nokre dråpar med regn skein det opp i kveldinga

Solrik morgon

Nok ein fin vårdag i Stongfjorden i dag. Ei solrik morgon og litt regn i ettermiddag. Før det skein opp igjen ved solnedgang. Det går verkeleg mot vår - nok ein gong. Og kjekt er det!

 

søndag 13. mars 2022

Eit pent trekløver

Møtte dette trekløveret ved toppen på Skylefjellet i dag

Det vart ein rask tur på Skylefjellet i går morgon før vi reiste til Førde for ei aldri så lita feiring av 22. års dagen til Peter. Til sist eit par bilder frå i går. 

I dag gjekk turen opp igjen her heime og om Krikavatna til Toreheia. Med retur til Skylefjellet og heim. 

Snøen var blotna opp i dalen oppover frå vatna. Og i tillegg fekk eg søraust vinden rett i mot. Så i dag var det noko tungt oppover. Veret var ei blanding av litt sol og overskya. Men mildt. Fleire plussgrader. Så snøen minkar jammen fort. I nordhellingane ligg det sjølvsagt att noko. 

Det vårast ved vadet på Krikavatna

Utsikt mot Ytrevågefjellet og kjende fjell i aust

Ei svak sol bak skyer i dag
Vi ser m.a. Skålefjellet og Moldura

Etter å ha gått ned den vanlege ruta på vest sida av fjellet og til Skylefjellet, traff eg på eit trekløver med damer aust for Mangevatna. Ganske kjende fjes då. Med Olaug i spissen. Så Olaug, Velaug og Anita M. får pryde framsida av dette blogginnlegget 😅Ein gamal kollega frå banklivet mitt var også i farta lenger nede. Flott det er folk som går fjelltrimmen.  

Foto 12/3

Turbinane over Florø by 12/3

Sol over Yndestadhøgeheia og Skålefjellet
Toreheia ligg bak t.v.

|

Ein liten samleserie av Peter

torsdag 10. mars 2022

7 toppar på Askvoll-halvøya

8.mars frå Blåfjellet i Askvoll


Vi har 7 toppar på Askvoll-halvøya. Bildet ovanfor syner dei. Som vi ser er fjella ganske jamnhøge. Alle lett tilgjengelege frå Askdalen. Det er skilta ved parkeringsplassen ovanfor kyrkja og inne ved Presteelva. Det er dessutan god sti til alle fjella. 

Det flotte med desse toppane er at dei er lette og greie å gå på til fots heile året. Det ligg sjeldan mykje snø. Elles kan ein fint gå på fleire av dei på same turen. Ja, alle 7 også. Felles for dei alle er at det er nydeleg utsikt til blått hav og solnedgang. 

Nedanfor ligg eit oversiktskart og bildeseriar frå desse toppane. Fjella finn du også att på ut.no 


 

tirsdag 8. mars 2022

Juhuu - Gratulerer med dagen!

Traff på denne fargerike dama på fjellet i dag....

Foto Tordis Russøy

Først og fremst - Gratulerer alle damer med dagen 😍

I det flotte 8. mars vèret gjekk turen igjen til Toreheia og Skylefjellet. I dag tok eg like godt med meg Blåfjellet i Grimelia på returen òg. 

Det var sol frå ein litt disig himmel. Men nesten vindstille oppover. Sjølv på toppen av Toreheia var det lite vind. Snøen var for det meste hard. Tildels isete på toppen. Så frå Krikavatna og opp dalen brukte eg broddar. Dei hadde eg på heilt ned att mot Skylefjellet. For ryggen på nordsida og ned vestover var ganske isete. 

På Toreheia i dag

På Skylefjellet traff eg jammen på Tordis - "nabojenta" til Kjell. Så her vart det fotosession kan du skjøne. Dei norske flagga blafra i trekken då eg kom dit. Kjekt! Etter ei bèl skildest vi. Tordis tok den merka ruta ned igjen. Eg gjekk vidare til Blåfjellet. Deretter ruta sør om Mangevatna og heim igjen. 

For ein fantastisk dag. Kunne ikkje ha blitt betre!



mandag 7. mars 2022

Gjensyn med Fristadfjellet



I dag tok eg turen til Askvoll og gjekk på Fristadfjellet. Lenge sidan sist no. Har vorte mest turgåing heime no etter handleddsbrotet. 

Det var grått og litt snø oppe mot toppen. Greitt å gå på berre føtene. Med fleire plussgrader på gradestokken var snøen ganske blaut. Elles traff eg på Ingvar og slo av ein prat med han oppe ved toppen. Litt kald vind var det jo så praten avgrensa seg sjølv. Fin tur!

søndag 6. mars 2022

Kvit glede i halv sol

Utsikt mot Krikavatna - Skylefjellet t.h.

Ved vadet på Krikavatnaa

Mot Toreheia (toppen ligg bakom i midten)

Utsikt mot hurtigruta vest av Grimelia

Soloppgang ved Skålefjellet i dag tidleg

Fantastisk flott på morgonen i dag. Og sol på halve fjellturen til Toreheia og Skylefjellet. For diverre forsvann sola i eit tjukt skylag som trekt inn frå nordvest då eg nådde toppen av Toreheia. 

Føreforholda var for det meste hard snø med eit tynt lag med nysnø opp igjen på. Perfekt på berre skoa. Men mot toppen nytta eg likevel broddar. Sparer energi på å ikkje smågli opp bakkane.... 

Vindturbinane på Gulesletten over 30 kilometer unna. 

Ned fjellet og vestover til Skylefjellet vart for det meste ein transportetappe i dag. Men sidan sola forsvann vart det reint blindeføre. Det same kan vel seiast heim igjen òg. Heldigvis var eg såpass tidleg avgarde at eg fekk nyte det sollyset som vart i dag. 

Foto Toreheia Skylefjellet 060322