torsdag 3. mars 2022

Rein påskestemning

Fellesfoto på Ytrevågefjellet

I dag gjekk Agnar og eg den fantastiske ruta frå gruvene i Vågane til Ytrevågefjellet og vidare til Toreheia og Skylefjellet med retur til Yndestad. I eit fantastisk vèr. Sol og atter sol. Og veldig bra snøføre for bruk av broddar. Trugane vi hadde med oss vart hangande på sekken. Vi var såpass tidleg ute at sola ikkje hadde fått tint det faste snølaget til å begynne med. 

Må lette på utstyret...

...og ta på broddar

Turen i dag var egentleg ekstra kjekk sidan eg fekk vise Agnar eit nytt fjell. Rett nok var vi på Toreheia ein gong. Men då såg vi ingenting. Og Ytrevågefjellet var eit nytt fjell for han. Bakkane låg som eit jomfrueleg brureslør oppover. Spegla i tidleg mars-sol. Det kunne ikkje blitt betre. 

Opp bakkane til Ytrevågefjellet

Vi tok oss ei matykt i dei solvende bakkane vest for Toreheia. Rein påskestemning. Så siste biten ut mot Skylefjellet. Her i frå gjekk vi ned til Mangevatna. Så bort til Skylefjellsruta, Svartevatnet og til Yndestad. 
Noko levande såg vi ikkje utanom. Vel utanom ei mus som kom pilande. Og det faste ramneparet her oppe.

Agnar på Toreheia i dag

For ein nydeleg tur! Som bestilt! Og ekstra kjekt med godt selskap!

Foto Ytrevågefjellet Toreheia Skylefjellet 030322 

Ingen kommentarer: