tirsdag 1. mars 2022

Jamneheiane Fisma

Utsikt frå Jamneheiane

Ein tur som eg har gått ein del opp gjennom åra er frå Nordeide til Fisma og opp skaret til Fismavatnet og Jamneheiane 456 moh. Først ein fin liten tur langs sørsida av Eidsfjorden og bort til Fisma. Så opp det litt bratte og frodige skaret. Med sildrande vatn og tidlege kusymrer. Frå det idylliske Fismavatnet er det berre opp ein ganske liten bakke så openbarar utsikta seg i alle retningar. Spesielt til havet. Som med mange av dei andre toppane i kommunen. Og til Stavenesodden og alle toppane som eg linka til i går

Kusymrene i Fisma-skaret blømer veldig tidleg...

Om ein ser vekk frå Brushovden, er Jamneheiane den nordlegaste fjelltoppen på Askvoll halvøya. Frå denne toppen er det fint å gå på dei andre fjella i dette området. Anten sørover til Kultingane og Fristadfjellet. Eller meir sørvest til Smørkletten (Steinheia), Hjartåsen, Eggene og Blåfjellet. Alt etter som kva tida og forma tilseier. Den vanlegaste 7 fjells-ruta er likevel den som ligg på ut.no og som går frå sjølve sentrum. Men her er det begge å velge og vrake i sentrumsnære toppar. Dei ligg her som perler på ei snor.  Sjå den nye bildeserien under. 

 



Ingen kommentarer: