tirsdag 28. februar 2017

Tora 9

Tora er ei snill godjente,,,,

God middag og masse godt i gebursdagsselskap til Tora i dag. 
Tenk 9 år allereie for ei flott og snill Stongfjorden-jente. 
Takk til Miriam og Håvard for ei kjekk stund.


søndag 26. februar 2017

Frå vinter til vår

Selfie Toreheia i dag

Vadet ved Krikavatnet

Yndestahøgeheia

Krikavatnet, Mangevatna og Skylefjellet, foto Yndestadhøgeheia


Vår i bakkane heime


Det er ofte stor skilnad på både vèr og temperatur frå fjord til fjell på denne tid. Ja, det er det no for så vidt alltid då, men kanskje legg ein best merke til det no på ettervinteren. For når sola varmar i bakkane heime, er det iskaldt på Toreheia. Som i dag. Når det er sagt vart det ein skikkeleg flott tur opp dit. I delvis skya vèr, litt sol og forholdsvis lite vind. 

Eg gjekk opp den vanlege ruta om Krikavatnet. Nei, eg prøvde meg ikkje over isen, men gjekk over vadet på vatnet. Det låg ein del snø oppover av variabel djupne og fastheit. Men det gjekk heilt fint å gå opp på berre føtene. Eg returnerte så via Yndestadhøgeheia (sjå videosnutt) der eg traff Rune H. Vi slo av nokre ord i lag. Deretter gjekk eg heim via Solheimstølen og Selda. God trimtur!  

søndag 19. februar 2017

Kakekalas

Einar og Kristin


I dag vart det kakekalas då vi var inviterte til kaffi i høve dåpen av Einar til Kristin Yndestad og Bjørn Klausen. Kjekt å treffe mange holmedølingar. Og eg kan forsikre alle at det var eit rikeleg utval av kaker, bollar, lefser etc etc som smakte godt. Bilda mine derimot vart heller av det elendige slaget. Med urein linse og mobil kan resultatet aldri bli bra. Men her er no 4 bilder likevel. 

I dag vart det ikkje fjelltur. Med skodde og nedbør valde eg det vekk. Så eg slappa av heime i staden og tok meg ein joggetur til Størdalen. Der møtte eg Olaug som hadde vore til kyrkja i høve ovannemnde, og sat på med henne heim igjen. Fin og avslappande søndag i det heller begredelege vèret. 

Mormor Magni med Einar
Einar og Bjørn


Magni, Einar og Ragnhild (oldemor)

lørdag 18. februar 2017

Tapt (go)stav

 Ved kanten før Ytrevågefjellet.
Flokeneset i bakgrunnen.

Foto Ytrevågefjellet Toreheia 1802017
(go)staven min bles utfor kanten
på høgre sida av skåra til Stavestranda

I dag gjekk eg opp frå Vågane til Ytrevågefjellet og vidare til Toreheia med retur heim på Yndestad. Det var lett regn, litt skodde og kulingkast oppe på fjellet, men fullstendig snøfritt. Litt is hist og pist. 

Det kan gå på utstyret laust i vèrharde fjell. Slikt må ein rekne med. Men det var i grunn litt toskje korleis eg tapte eine staven min i dag. For då eg stoppa og tok eit bilde ved den bratte skåra ned mot Stavestranda, tok vinden like godt tak i staven då eg miste den ned framfor føtene, og blas han lukst ut føre. Han segla så fint ut i inkje vetta...Å gå ned etter han i den delvis frosne skåra tok iallefall ikkje eg sjansen på. Då kunne eg ha sigla til Stavestranda.... 

På Toreheia var det sludd i lufta. Ein sur vind i tillegg gjorde forholda ufyselege. Så eg sprang like godt til Krikavatna i eitt renn, sjølv om det var delvis tele i bakken nedover. Det var egentleg så surt at eg ikke fekk meg til å byte klede, men kom meg der i frå. Og frå Krikavatna og heim gav eg på det eg kunne. 

Surt og vått, men bra trim. (go)stavar har eg tre av no. Og endå fleire har dei på butikken... Eg får sjå kva eg torer meg til med nede i (go)stav-skåra til sommaren...;-)
Vadet på Krikavatna i dag



onsdag 15. februar 2017

Gripande musikalsk oppleving


Kanskje den sterkaste musikalske oppleving i år er utgjevinga til 
Trees of Eternity og  
Hour of the Nightingale
 Songaren Aleah Stanbridge gjekk bort av kreft - 
berre 39 år gamal - før albumet vart gjeve ut.

Vedlagt liggYouTube-klippet av tittelmelodien med tekst.
Albumet er ein gripande hyllest til livet.
Det er tilgjengeleg på Spotify.


søndag 12. februar 2017

Morsdags-tur

Under toppen på Toreheia

Selfies Toreheia

Toreheia
Florø



Mor på Skylefjellet

Foto Toreheia Skylefjellet 120217


Som seg hør og bør var det fruen i huset som fekk bestemme turmål i dag sidan det var morsdag. Bestemme og bestemme fru Blom. Heime er nok Olaug primus motor uansett. Eg er ikkje verre på det enn at eg lett innrømmer dette. Det er fint å ha eit sterkt kvinnemenneske rundt seg som kan styre og stelle med det meste. Dei daglege detaljane i livet fiksar mor. Turmålet i dag vart difor på heimebane.  For å seie seg slik. Og ein tur på Toreheia seier eg aldri nei takk til. 

Men så mykje å skrive om er det egentleg. Vèret var det beste ein kan tru og håpe på ein februardag. Null snø, frosne myrar og stiar og null vind. Fantastisk rett og slett. Lett å ta seg fram og opp. Ja, i sola ved varden bytte vi klede og kosa oss med varm gløgg, smørbukk-karameller og nøtter. Rein nytelse. 

Etter eit bèl gjekk vi ned ryggen av fjellet på nordsida, og vestover til Skylefjellet. Flott å ta med denne toppen i same snuren. Deretter den herlege vandringa langs Mangevatna. Men sjølv om isen var trygg, både her og på Krikavatna, let eg av hensyn til mor i huset vere å gå over isen. Ja, for det var no trass alt morsdag i dag. 

I dag var isen trygg, men av hensyn til mor i huset heldt eg meg på land...


lørdag 11. februar 2017

Nydeleg februar

Soloppgong over Straumsnes

Litt av det enorme arbeidet
sherpaene frå Nepal har utført på
Smilderstien

Eg starta tidleg tur frå Ringstad i dag. Rett etter at det var lyst. Og gjekk opp skogsvegen og vidare opp den flotte hellelagde stien midtveges til Ringstadstølen. I det eg kom opp på stølen skein dei første solstrålane for dagen fram over himmelranda i søraust over Straumsnes. Reint nydeleg. Så bar det vidare opp dei bratte og beinfrosne bakkane til Dokka, og toppa ganske lett ut her

Det låg ein del is på den beinfrosne marka. Issvullane var òg mange. Desse gjekk det greitt å stige over eller gå utom. Men eg måtte stadig vere obs på at det kunne ligge is gøymt under fjorårsgraset. Kanskje var det difor eg ikkje fall omkast ein einaste gong i dag. 
  

Issvullar over Ringstadstølen


Hurtigruta gjekk gjennom Granesundet og passerte Askvoll i dag tidleg
Det vart ikke noko tak i sola på morgonen. Det låg att litt skyer i sør frå i går. Litt disig var det òg. Så noko knallbilete frå morgonstunda på Dokka vart det ikkje. Eit morgonbilete inn fjorden måtte no likevel til.

Dalsfjorden i morgonskrud

Veret såg klårare ut i vest og nord.
Her mot Stavenesodden og øyane i Florø.
Turen vidare gjekk ned frå Dokka den vanlege ruta til Nyksvatnet i Holmedal. Så vidare opp på vestsida av Moldura. Eg valde denne ruta i dag, og ikke beint opp den merka ura, sidan det låg ein del meir snø opp her. Den var knallhard. Det er dessutan ganske bratt opp på framsida. Vestsida var derimot heilt snøfri. Tidsmessig er det ikkje noko særleg skilnad på desse to rutene. 

I motsetnad til forrige helg var det nesten vindstille på Moldura i dag. Heilt utruleg midt i februar. Eg bytte dei sveittevåte kleda på overkroppen, og åt meg eit par skiver. Med varden som ryggstø. Kjempeflott altså.

Deretter gjekk turen ned på nordaust sida av fjellet, og til ruta vidare bort på Fanafjellet. På skuggesida i nord var elvane blitt til nokre gedigne issvullar. Eg fann likevel veg over partiet utan broddar. Og nådde bort att i sola på Fanafjellet. Men nokon vidare tur austover vart det ikkje. Eg var i grunn nøgd med dette. 5 timar i vinterfjellet i minusgrader var nok. Iallefall i dag. Eg gjekk difor ned att til Neset i Stongfjorden den vanleg ruta om Langedalen. 

Selfie ved Fanafjellet

Olaug og Sissel var på fjellet Eggane i Askvoll i dag. Dei skulle ta bilen min med heim att. No passa ikkje tidspunkta vår heilt godt så eg måtte gå asfalten heim via fjordbotnen. Men på den måten fekk eg no snakke med folk. Svenn først og Eikelandskarane deretter. Dei dreiv med vedlikehald av tak og naust. Så fekk eg no treffe folk på turen i dag òg. Kjekt.


Spegelblankt ut Stongfjorden i dag

tirsdag 7. februar 2017

Seglbåt i februar


Seglbåt i solnedgong
i februar
Gjev von om varmare tider
-  på jorda

mandag 6. februar 2017

Atter ein gong....



Atter ein syklus er omme.
 Solnedgongen kan igjen nytast frå stoveglaset heime.
 Rart kor tida går.
 Snart fær ho hin vegen.

søndag 5. februar 2017

Februar-glede

Størdalsstauren

Askvoll frå Moldura

  
Øyane i Flora frå Størdalsstauren


I dag gjekk eg ruta Neset/Fanafjellet/Moldura/Størdalsstauren/Neset. På godt merka sti opp frå Stongfjorden. 

Det var eit par grader kaldare enn i går. Sola uteblei og i høgda var det frose på. På Moldura er det no ganske isete og snøen som ligg er hard. Vinden er sjølvsagt kald når du kjem opp på toppane. Det er trass alt berre i begynnelsen på februar.

Elles var det ikkje eit liv å sjå før eg kom ned att bakkane mot fjorden. Då letta ei havørn 10 meter framfor meg. Flott og grasiøs fugl. Sikkert frå same paret som eg ser frå stovevindauget heime no og då. For utsikta sin del - sjekk foto. Flott tur!

lørdag 4. februar 2017

Nydeleg på Eitrenipa

Selfie på Eitrenipa i dag


Eg stakk tidleg avgarde på Eitrenipa i dag, og var allereie på plass oppe ved Markavatnet litt før kl 08. Det kjendest nesten ut som det var vår lufta. Med 4 plussgrader i lufta og stjerner på himmelen gjekk eg opp kraftvegen. 

Det var ikkje mykje vatn i Eitrefossen gitt. Berre ei lita sitle. Såvidt det rann ut av demningen ved lagunane. Medan fossen inn i lagunane rann friskt (sjå foto). Slik er livet. Pengar går framfor natur... Det er altfor få menneske som talar naturen si sak.... Men eg har heldigvis godt samvit! Til sjuande og sist er det det som tel. Ikkje pengar og makt. Det er eg hellig overbevist om.

Utløpet av lagunane med demningen

Sjå kva vatn som renn inn i lagunane vs det som renn ut til Eitrefossen...
Det bles ganske bra austavind innover nordsida av Leknesvatna. Kan vel ikke akkurat kalle vinden kald. Men vind er no vind. 

Oppe i den bratte skåra valde eg å ta på broddane. Det var både hard snø og nysnø. Men det var ingen problem med å ta seg opp på toppen. 

Utsikt frå skåra på vestsida opp. Leknesvatna nede mot høgre.
Utsikt mot Dale frå søndre toppen

Flott ustikt frå Eitrenipa mot nordvest og Florøkanten


Det bles endå meir på toppen. Sjølvsagt. Og det var såpass kaldt her oppe at eg skifta alt tyet på overkroppen. Å gå i sveittevåte klede på denne tid er ikkje noko særleg... 

Turen opp hadde nok kosta meg ein del. Nokon vidare tur bort på Nordre og Søndre Kringla var uaktuelt. Etter ein månad lungebetennelse i desember treng eg nok litt tid til å kome i  betre form. Eg gjekk difor ned Eitreskaret. 

Fjorårsgraset ned her var glatt. Ei blå skinke viser att av det. Elles var det delvis tele og våte steinar. Så eg tok meg god tid ned til Botnatjerna. Deretter gjekk eg ned den merka stien som held fram til Nipebu, men tok over myra før Krokavatnet, og gjekk austsida av vatnet til Svortevikstølen. 

Eitrenipa dukkar opp igjen halvveges inn over austsida av Krokavatnet. Kjekt å sjå attende...

Eg tok eit stopp under den flotte hellaren før Krokvassenden. Sola stod fint inn frå sør og varma. Herleg plass dette. Sommar som vinter. 

Flott under hellaren ved Krokavatnet

Utsikt ved hellaren
Svortevikstølen i dag
I enden av kraftvegen ved Grunnevatnet stod to stk Osland-karar og kappa ved. Furu som har lege att etter at kraftvegen vart bygd. Eg slo av nokre ord med karane før turen gjekk ned att til Markavatnet. 

Tilbake ved Markavatnet

Ja, ein skulle jo ikkje tru denne turen var i starten av februar. Reine vårløysinga med rennande smeltevatn ned etter Fossedalshengenipa. Og sola som varma i bakkane. I sanning ein kjempeflott tur i dag. 


Foto Eitrenipa 040217

fredag 3. februar 2017

Sol på Facebook





Eg har hatt nokre innlegg på Mountains in Askvoll på Facebook siste dagane om sola i Stongfjorden. For i februar er sola komen så langt nordover langs kysten at ho går i hav rett vest for bygda. Både i denne månaden og i mars skaper sola fantastisk flott lys inn fjorden. Bilda ovanfor vart nytta på Facebook.