![]() |
| Olaug, Sissel og meg på Moldura i ettermiddag Etter fullført stolpejakt i Askvoll og Fjaler (og Luster) og TiTur Dalsfjorden, er det framleis den vanlege fjelltrimmen å gå på i fjella i Askvoll. Den ligg ute heile året med nye postar kvar oktober. Så då er det kjekt å kunne vende tilbake til nokre av desse fjella ved høve. I ettermiddag gjekk såleis Olaug, Sissel og eg på Moldura. Den er ein såkalla 30 poengs topp denne sesongen. Og vi gjekk frå vassverket i Holmedal. Den vanlegaste ruta. I nydeleg vèr. Vindstille og varmt. Ja, varmt vart det oppe i bakkane mot Nykshytta. Og varmt resten av turen opp òg for den del. Så litt pausing og drikke måtte til. På toppen skya det til frå sør. Så vi sat ikkje så lenge. Sidan Olaug og Sissel ikkje hadde vore på TiTur posten på Kalderasnipa, og ville dit etter at vi var på Moldura, så skilde vi lag på toppen. Eg hadde nemleg sett bilen på Neset i Stongfjorden og gjekk heim att denne vegen i staden for til Holmedal. Så fekk eg litt "forandring i kosten". Eg har gått mykje frå Stongfjorden til Moldura opp gjennom åra. Men ganske lenge sidan no. Ein god del av vardane over tregrensa står framleis. Men ned lia frå Langedalen var det jammen alvorleg gjengrodd. Så eg greidde å blingse på stien eit par gonger. Tok meg då greitt inn att. Det er utruleg kor stiane gror til når dei ikkje blir nytta. Fin tur iallefall. Og eg reknar med damene er samde. Der Olaug har fått fullført TiTur Dalsfjorden for i år. Foto Moldura 270826 |
torsdag 27. august 2026
Varm fjelltrim
lørdag 22. august 2026
Nokre Facebook innlegg 2
mandag 17. august 2026
Nokre Facebook innlegg
| ||||
Eg har hatt ein serie Facebook innlegg i det siste om fjella i Askvoll. Diverse ruter og bildefilmar. Her er nokre linkar til desse.
Driveknolten
Fossedalshengenipa
Kringla Nordre og Søndre
Eitrenipa
Blåegga/Synste Stauren
lørdag 8. august 2026
Moldura
![]() |
| Frå toppen av Moldura med utsikt mot aust |
I dag held vi fram rundturen i Askvoll fjella. Og frå Dokka går vi til Moldura, 826 moh. Fjellet kan vel seiast å vere nabofjellet til Dokka i nord.
Som med Dokka er det fleire ruter opp. Mest nytta er frå vassverket i Holmedal og via dagsturhytta og opp ura. Ein ka jun under toppen gå opp frå vestsida og. Her kjem ein også opp hvis ein går via Størdalen i vest. Sjølv har eg nytta mest ruta frå Stavsnes i Stongfjorden i nord. Elles er det fint å gå frå Holmedal via Tveit/Hålandsstølen og Fagredalen frå aust. I dag er ruta via dagsturhytta merka. Dei andre berre sporadisk. Det er nydeleg utsikt i alle retningar frå Moldura. Frå gamalt av sa dei at du kunne sjå 7 prestegjeld. Sjå biletfilm frå kommentarfeltet. Eg har i denne serien valt haust og vinterbilder då det er finast lys på denne tid. Foto 1 frå toppen mot aust. Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet nærast. Foto 2 frå toppen mot vest etter solnedgang. Vi ser Atløy og Alden før det er heilt mørkt. |
fredag 7. august 2026
Dokka
| Morgonstemning: Utsikt til Straumsnes og Holmedal frå ranen på Dokka |
No har vi vore innom Alden, Atløy, dei 7 fjella kring Askvoll sentrum og Bakkefjellet. Med same utgangspunkt som sistnemnde kan vi, etter mange sitt syn, ta turen oppom kanskje det flottaste fjellet i kommunen - nemleg Dokka.
Frå vassverket i Holmedal er det tre ruter opp. Via ranen i aust, opp Grønene ved Vikastølen eller oppom dagsturhytta ved Nyksvatnet. Greie ruter å kombinere opp og ned. Ein fin tur elles er å gå via Ringstadstølen i sør eller Eidsfjorden i vest. Mange ruter med andre ord.
Stillbildeserie her
mandag 3. august 2026
Nære toppar rundt Askvoll sentrum
![]() |
| Ved Fismavatnet mellom Smørkletten og Jamneheiane |
![]() |
| Utsikt frå Blåfjellet nær Askvoll sentrum. Vi ser mot Lutelandet og Solund i sør. Sauesundet t.h. |
Frå Alden og Atløy set vi kursen over Granesundet og tek turen til dei næra toppane mot nord for Askvoll sentrum. Årleg 1.mai er det såkalla 7 fjellstur til desse fjella. Dei er Blåfjellet, Siktanuten/Eggene, Hjartåsen, Steinheia/Smørkletten, Jamneheiane, Kultingane og Fristadfjellet. Kjære toppar har fleire namn😎
Som frå dei andre fjella i kommunen er det nydeleg utsikt. Og dei nemnde turane kan du sjølvsagt gjere så lange du vil. Til dei fleste toppane er det gode stiar og godt merka ruter.
Bildefilm her:
Abonner på:
Innlegg (Atom)




