fredag 7. august 2026

Dokka

 

Morgonstemning: Utsikt til Straumsnes og Holmedal frå ranen på Dokka

No har vi vore innom Alden, Atløy, dei 7 fjella kring Askvoll sentrum og Bakkefjellet. Med same utgangspunkt som sistnemnde kan vi, etter mange sitt syn, ta turen oppom kanskje det flottaste fjellet i kommunen - nemleg Dokka.


Frå vassverket i Holmedal er det tre ruter opp. Via ranen i aust, opp Grønene ved Vikastølen eller oppom dagsturhytta ved Nyksvatnet. Greie ruter å kombinere opp og ned. Ein fin tur elles er å gå via Ringstadstølen i sør eller Eidsfjorden i vest. Mange ruter med andre ord. 

Stillbildeserie her

Ingen kommentarer: